Dommarane Utgård, Tønder, Falkanger, Møse, Schei
Spørsmålet i saka var om lagmannsretten under ankesiling, jf. straffeprosesslova § 321 andre ledd, hadde gått ut over rammene for ei slik avgjerd.
Høgsterett viste til at lagmannsretten i sitt silingsvedtak la vekt på moment som hadde vore framme i tingretten, og som tingretten hadde lagt vekt på. Men tingretten hadde omtala ein del moment som ”indisier”, og eitt bevis – det såkalla blodbeviset – som ”avgjørende”. Lagmannsretten forkasta blodbeviset, og bygde opp si eiga grunngiving, basert på dei momenta som tingretten hadde vurderet som indisium. Desse vart dermed tillagde ei vekt i totaltvurderinga som tingretten ikkje hadde funne grunnlag for.
Lagmannsretten hadde då fråvike det biletet som tingretten hadde bygd opp ut frå direkte bevisføring. Når lagmannsretten, ut frå dokumenta, såg bort frå det avgjerande beviset for tingretten, og i staden etablerte eit nytt grunnlag for domfelling, hadde lagmannsretten kryssa ei grense for kva som var overprøving av tingrettsdommen, jf. Rt. 2008 side 1764 avsnitt 51. Ei slik sjølvstendig oppbygging av eit nytt grunnlag for domfelling, innebar ei ny prøving av bevisa under skuldspørsmålet, som ligg utanfor det som etter systemet i straffeprosesslova er ei overprøving av den påanka avgjerda.
(1)Dommar Utgård: Spørsmålet i saka er om lagmannsretten under ankesiling, jf. straffeprosesslova § 321 andre ledd, har gått ut over rammene for ei slik avgjerd.
(2)A vart 16. oktober 2009 sett under tiltale ved Nedre Telemark tingrett for brot på vegtrafikklova § 31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd. Grunnlaget var følgjande: ”Søndag 7. desember 2008 kl. 03.02 i -----veien i X, førte han varebil Opel Vivaro med kjennemerke ------- til tross for at han var påvirket av alkohol i det blodprøve tatt av ham samme dag kl 0355 viste en alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,72 promille.”
(3)Spørsmålet i tingretten var om det var ført tilstrekkeleg bevis for at A hadde vore førar av bilen ved det aktuelle tidspunktet.
(4)Ved dom 19. november 2009 frå Nedre Telemark tingrett vart A funnen skuldig i samsvar med tiltalen og dømd til ei straff av fengsel i 30 dagar. Han vart også dømd til å betale bot og til tap av retten til å føre motorvogn. Bilen vart vrak, og forsikringsselskapet fekk medhald i krav på skadebot for det tapet selskapet var påført.
(5)Den domfelte anka til Agder lagmannsrett over skuldspørsmålet, subsidiært straffutmålinga. I vedtak 14. januar 2010 vart anken nekta fremja.
(6)Han har anka nektingsvedtaket til Høgsterett. Anken er av Høgsteretts ankeutval vist til avgjerd av Høgsterett i avdeling med fem dommarar, jf. domstollova § 5 første ledd andre punktum.
(7)Eg er komen til at anken fører fram. Kompetansen for Høgsterett i avdeling i denne saka er den same som for ankeutvalet og er etter straffeprosesslova § 321 sjette ledd avgrensa til å gjelde prøving av saksbehandlinga. Inn under dette går også om det i avgjerda er utøvd eit forsvarleg skjønn, jf. Rt. 2008 side 1128.
(8)Bakgrunnen for saka er at den aktuelle bilen sklei sidelengs inn mot ein fjellknaus, og at den tiltala då vart skadd og bilen totalskadd. Spørsmålet i tingretten var om han hadde køyrt bilen eller vore passasjer. Retten gjekk inn på nokre konkrete moment, som at den tiltala hadde disponert bilen, at det ikkje var kome fram noko som tyda på at det hadde vore andre enn den tiltala i bilen, og at det var gitt ei rimeleg forklaring på at førarkortet til ein arbeidskollega av den tiltala var funne i bilen. Retten gjekk også inn på dei skadane den tiltala hadde fått som følgje av hendinga. Dernest gjekk retten inn på det som i saka har vore omtala som blodsporet: ”Tiltaltes blod er funnet i bilen. Det er blod på rattet og førersetet, uten at dette bekrefter at tiltalte har kjørt bilen. Imidlertid er det blodsprut i taket, på solskjermen og på frontruten på førersiden. Merkene ligger under hverandre på linje, litt til venstre for rattet. Blodet på frontruten er analysert og stammer fra tiltalte, og retten legger til grunn at hele linjen med blodsprut kommer fra tiltalte, sannsynligvis fra kuttet i bakhodet. Sammen med de øvrige indisiene, blir dette beviset avgjørende for rettens konklusjon om at tiltalte har kjørt bilen på ulykkestidspunktet. Tiltaltes blod ville ikke kunne kommet dit på den måten hvis han var passasjer og bare klatret ut av bilen over førersetet.”
(9)Lagmannsretten starta drøftinga med å vurdere blodsporet. Om dette heitte det i vedtaket: ”Forsvareren har pekt på at det nevnte blodsporet i taket og på frontruten, utgjør en strek i bilens lengderetning. Det anføres at dersom denne blodstreken skal utgjøre et bevis for at tiltalte satt i førersetet på ulykkestidspunktet, er dette lite forenlig med den kraftige sidebevegelse som tingretten ellers legger til grunn vedrørende selve sammenstøtet. Lagmannsretten er enig med forsvareren i dette, og i at blodavsettingen må ha en annen forklaring enn å komme fra tiltaltes hodebevegelse som følge av kreftene og treghetsmomentene som umiddelbart ble utløst ved sammenstøtet. Dette blir likevel ikke utslagsgivende for ankebehandlingen. Lagmannsretten finner at tingretten uansett har hatt fyldestgjørende bevismessig grunnlag for å kjenne A skyldig etter tiltalen.”
(10)Lagmannsretten gjekk så gjennom dei omstenda som tingretten hadde vore inne på, og uttala: ”Selv om man etter lagmannsrettens syn ikke kan, som tingretten, legge stor vekt på blodsporet som et mer avgjørende bevis, kan lagmannsretten likevel ikke se at det hersker noen rimelig tvil om tiltaltes skyld, og finner det klart at skyldanken ikke kan føre frem.”
(11)Spørsmålet i saka er, som nemnt innleiingsvis, om lagmannsretten ved si avgjerd har gått ut over dei rammene som gjeld for ei silingsavgjerd etter straffeprosesslova § 321 andre ledd. Ut frå prosedyren frå aktor vil eg seie at lagmannsretten ikkje i dette tilfellet har gitt ei ekstra utførleg grunngiving, der det er eit overtalig moment i vurderinga. Lagmannsretten har gjennomført ei brei overprøving, der det er etablert eit nytt grunnlag for domfelling.
(12)Før eg vurderer lagmannsrettens vedtak, vil eg seie litt om dei rettslege synsmåtane som må liggje til grunn for denne.
(13)I storkammeravgjerda i Rt. 2008 side 1764 avsnitt 51 uttala Høgsterett følgjande om silingsvedtak etter straffeprosesslova § 321 andre ledd: ”Selv om silingsbehandlingen finner sted uten ordinært rettsmøte med muntlige partsforhandlinger og umiddelbar bevisføring, bygger loven på den klare forutsetning at også denne behandlingsformen skal gi en reell overprøving av tingrettens dom med bakgrunn i det som anføres i anken.”
(14)Det er ikkje nødvendig i saka no å gå nærare inn på bruken av politidokument og anna materiale frå etterforskinga. Eg nøyer meg med å vise til Rt. 2009 side 1590 avsnitt 20 der det er uttala: ”Til dette vil jeg generelt bemerke at lagmannsretten ved ankeprøving bør være varsom med å vektlegge forhold som tingretten etter umiddelbar bevisførsel og kontradiksjon ikke har bygget på, jf. Høyesteretts kjæremålsutvalgs uttalelse i avsnitt 41 i Rt. 2004 side 425.”
(15)Det må også nemnast at lagmannsretten etter straffeprosesslova § 322 første ledd nr. 3 og § 333 første ledd på visse vilkår kan endre dommen utan ankeforhandling, men at dette berre kan skje der bevisa under skuldspørsmålet ikkje skal prøvast.
(16)Eg går så over til den konkrete vurderinga i saka. Som det går fram av det eg har sitert frå dommane i tingretten og lagmannsretten, har lagmannsretten lagt vekt på moment som også var framme i tingretten, og som tingretten la vekt på. Men avgjerda var bygd opp annleis. Tingretten omtala ein del bevis som ”indisier” og blodbeviset som saman med desse indisia var ”avgjørende”. Lagmannsretten forkasta blodbeviset og bygde opp si eigen grunngiving, basert på dei same momenta som tingretten hadde vurdert som indisium, men tilla dei altså ei vekt i totalvurderinga som tingretten ikkje hadde funne grunnlag for.
(17)Lagmannsretten har såleis her fråvike det biletet som tingretten bygde opp ut frå direkte bevisføring. Når lagmannsretten, ut frå dokumenta, ser bort frå det avgjerande beviset for tingretten og i staden etablerer eit nytt grunnlag for domfelling, har lagmannsretten etter mitt syn kryssa ei grense for kva som er ei overprøving av tingrettsdommen, jf. det siterte frå Rt. 2008 side 1764 avsnitt 51. Ei sjølvstendig oppbygging av eit nytt grunnlag for domfelling inneber ei ny prøving av bevisa under skuldspørsmålet, som må liggje utanfor det som etter systemet i straffeprosesslova er ei overprøving av den påanka avgjerda, jf. her også §§ 322 og 333.
(18)Ved si vurdering hadde lagmannsretten heller ikkje kunnskap om i kva grad politiforklaringar var utdjupa, nyanserte eller endra i retten, og heller ikkje om det kom fram noko nytt i tilknyting til dokumentbevis eller eventuelt tekniske bevis. Det er då også eit spørsmål om behandlinga i lagmannsretten har vore forsvarleg. Ut frå det eg elles er komen til, går eg ikkje nærare inn på dette.
(19)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Lagmannsrettens vedtak blir oppheva.
(20)Dommer Tønder: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(21)Dommer Falkanger: Likeså.
(22)Dommer Møse: Likeså.
(23)Justitiarius Schei: Likeså.
(24)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Lagmannsrettens vedtak blir oppheva. Rett utskrift: