Dommarane: Utgård, Flock, Matningsdal, Indreberg, Gussgard Saka gjaldt spørsmålet om eigarar av seks gardsbruk har eigedomsrett eller berre bruksrett til særskilt matrikulerte setrar i Øyer statsallmenning. Ei av setrane – som tilhøyrde ein seterhavar i tidlegare Fåberg kommune – vart særskilt matrikulert av matrikkelkommisjonen i 1820-åra. Dei andre setrane vart overdregne frå ein seterrettshavar i allmenningen til ein annan i perioden 1853–1875. Ved desse overdragingane skjedde det ei skylddeling av overdragarane sine eigedommar, som alle var gardsbruk. Ved desse skylddelingane vart ein del av skatteskylda lagt til dei overdregne setrane, som alle fekk eige matrikkelnummer. Fleirtalet i lagmannsretten kom til at seterhavarane hadde vorte eigarar av den matrikulerte grunnen på setrane i medhald av tinglysingslova § 27, samanhalde med statens passivitet og det konkret rimelege. Høgsterett la til grunn at for alle setrane var det bruksretten – retten til ei konkret seter i allmenningen – som vart særskilt matrikulert på 1800-talet. Høgsterett kom til at det ikkje hadde skjedd ekstinksjon med grunnlag i tinglysingslova § 27. Når det ikkje kunne visast til at overdragaren var legitimert gjennom eit ugyldig dokument der rette eigar er part, var det ingen plass for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Heller ikkje var det grunnlag for analogisk bruk av tinglysingslova § 27. Det vart her vist til at Statskog – eller staten – ikkje hadde utstyrt nokon med legitimasjon, og at dette då ikkje var aktuelt. Heller ikkje var det grunnlag for ekstinktivt erverv på ulovfesta grunnlag, for erverv ut frå passivitet frå staten eller eventuelt erverv ut frå allminnelege rettsgrunnsetningar. Heller ikkje krav om eigarposisjon ut frå tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen førte fram. Statskog fekk såleis medhald i sin anke, slik at Statskog er eigar av grunnen til dei særskilte matrikulerte setrene. Det var ikkje tvist om bruksretten til setergrunnen eller om eigedomsretten til seterhusa.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om eigarar av seks gardsbruk har eigedomsrett eller berre bruksrett til særskilt matrikulerte setrar i Øyer statsallmenning.
(2)Øyer statsallmenning i Øyer kommune er på om lag 430 000 dekar. Det er opplyst at det er rundt 250 setrar i allmenningen.
(3)Av desse setrane har 36 vore særskilt matrikulerte. Det inneber at dei har – eller fram til nyleg hadde – eige gards- og bruksnummer, som berre omfatta setra i allmenningen. Dei private partane i saka har alle i dag slik særskilt matrikulert seter. For Erik Andreas Skaarseth, som er eigar av eigedom i tidlegare Fåberg kommune, no Lillehammer, gjeld dette Graven seter, som etter opplysningar frå Statsarkivet vart særskilt skyldsett og matrikulert av matrikkelkommisjonen i 1820-åra. På dette tidspunktet var setra i bruk av Skaarseths rettsforgjengar, utan at det ligg føre nærare opplysningar i saka om når og korleis dette først skjedde. For dei andre private partane gjeld saka setrar som rettsforgjengarane deira erverva frå andre som hadde seter med grunnlag i allmenningsrett. I samband med overdraginga skjedde det ei skylddeling av overdragarane sine eigedommar, som alle var gardsbruk. Ved desse skylddelingane vart ein del av skatteskylda lagt til setrane, som då også fekk eigne matrikkelnummer. Alle desse skylddelingane skjedde i perioden 1853–1875.
(4)Etter innføringa av delingslova i 1980 tok Øyer kommune i 1984 opp spørsmålet om registreringa av setrane i GAB (Statens offisielle grunneigedoms-, adresse- og bygningsregister), mellom anna med dei som hadde særskilt matrikulerte setrar. Mottakarane fekk også spørsmål om dei gjorde gjeldande at eigedommane var sjølveigareigedommar. Skogforvaltninga gav i 1988 tilbod til innehavarane av særskilt matrikulerte setrar om å dekkje kostnadene med å samanføye matrikkelnummeret med det til statsallmenningen. Deretter skjedde det ikkje noko meir før Statskog SF – som no hadde overteke som heimelshavar til statsallmenningane – i brev 18. juni 2003 til seterhavarane tok opp spørsmålet om grunnboksheimelen til setergrunnen. Ei rad heimelshavarar svarte ikkje på brevet eller dei gav til kjenne at dei ikkje var viljuge til å overføre heimelen til Statskog SF. Statskog tok deretter rettslege skritt mot dei som hadde 17 av dei særskilt matrikulerte setrane. – Under saksførebuinga godtok åtte av seterhavarane Statskogs krav om eigedomsrett til setergrunnen.
(5)Sør-Gudbrandsdal tingrett sa dom 16. januar 2007 med slik domsslutning: ”I. 1. Grunnen på seter, gnr. 2, bnr. 5-6 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 2. Grunnen på seter i Øyer statsallmenning, matrikulert under gnr. 3, bnr. 9 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 3. Grunnen på seter, gnr. 6, bnr. 5 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 6. Grunnen på seter, gnr. 39, bnr. 2 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 7. Grunnen på seter, gnr. 41, bnr. 4 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 10. Grunnen på seter, gnr. 67, bnr. 2 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 13. Grunnen på seter, gnr. 85, bnr. 1 i Øyer er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 14. Grunnen på seter, gnr. 86, bnr. 1 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. 15. Grunnen på seter, tidligere gnr. 88, bnr. 2, nå matrikulert under gnr. 100, bnr. 14 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning. II. Arne Henning Nordby og Inger-Marit Nordby, Anne Lise Nordlien og Jan Erik Nordlien, Jens Holme, Andreas Høvren, Gunnhild Haugen Eikerol og Harald Dag Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth, Knut Einar Solberg og Ole Tande dømmes til hver for seg å erstatte Statskog SF sakens omkostninger med kr. 10.644,- – kroner titusensekshundreogførtifire – med tillegg av 9 % forsinkelsesrente fra 14 – fjorten – dager fra dommens forkynnelse til betaling skjer.”
(6)For tre av setrane vart dommen ikkje anka. Eidsivating lagmannsrett sa dom 1. juli 2008 med slik domsslutning: ”1. Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande frifinnes. 2. I saksomkostninger for lagmannsretten betaler Statskog SF til Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande 267.289 – tohundreogsekstisyvtusentohundreogåttini – kroner innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av dommen. 3. I saksomkostninger for tingretten betaler Statskog SF til Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande 118.034,80 – etthundreogattentusenogtrettifire 80/100 – kroner innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av dommen.”
(7)Det var dissens i lagmannsretten, i det ein av dei tre lagdommarane røysta for å forkaste anken. Fleirtalet kom til at seterhavarane hadde vorte eigarar av den matrikulerte grunnen på setrane i medhald av reglane i tinglysingslova § 27, samanhalde med statens passivitet og det konkret rimelege.
(8)For tingrett og lagmannsrett hadde seterhavarane gjort gjeldande at Statskog ikkje hadde oppfylt bevisbyrda med omsyn til at området i ”kjend” tid har vore statsallmenning. Både tingretten og ein samrøystes lagmannsrett kom til at slikt allmenningsbevis var ført. Seterhavarane gjorde dernest gjeldande at setrane i si tid var selde som eigedom, når kongen gjennomførte sal av gardsbruk, særleg på 1700-talet. Også for eigedommar der det ikkje kunne visast til kongeskøyte, vart det gjort gjeldande at det var presumsjon for slike sal. Verken dette eller ein synsmåte om alders tids bruk eller alternativt hevd førte fram. På desse punkta har seterhavarane ikkje anka til Høgsterett.
(9)For Høgsterett står saka elles i hovudsak i same stilling som for dei tidlegare rettane, med den endring at det som ny synsmåte blir gjort gjeldande at eigedomsrett for seterhavarane også følgjer av tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
(10)Ankeparten, Statskog SF, har særleg halde fram:
(11)Det er for Høgsterett ikkje tvist om at området er og har vore statsallmenning. Og i ein allmenning er allmenningseigaren eigar av grunnen, men då slik at dei som har setrar eig bygningane på setrane og har bruksrett i kraft av allmenningsretten til grunnen til setrane.
(12)Det er ikkje grunnlag for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Prinsipalt kan dette grunnast på at skøyta på setrane må forståast slik at det var ein bruksrett som vart overdregen. Stort sett var det tale om overdraging av setrane saman med garden. Subsidiært blir det gjort gjeldande at det ikkje kan skje ekstinksjon fordi det ikkje låg føre noko ugyldig dokument, slik dette må forståast i tinglysingslova § 27. Det er ikkje i noko tilfelle plass for å nytte tinglysingslova § 27 analogisk. I tillegg kjem at seterhavarane ikkje var i god tru. Dei har såleis vore kjende med området sin karakter av statsallmenning, og at seterretten då er ein bruksrett.
(13)Seterhavarane kan heller ikkje vinne fram med ulovfesta ekstinksjon. For ulovfesta ekstinksjon, og ikkje minst i allmenning, må det gjelde vesentleg strengare krav til rettsoverskriding enn t.d. for hevdserverv. Seterhavarane har her ikkje gjort investeringar, og allmenningseigaren har heller ikkje medverka på nokon måte som kan ha gitt seterhavarane tilskuv til å tru at dei var grunneigarar. Tvert om har statens representantar påtala bruk i strid med bruksretten til setrane. Rettslege disposisjonar frå seterhavarane tyder ikkje på at dei har meint å vere grunneigarar, og det skal under alle omstende særs mykje til for at slike disposisjonar skal ha vekt.
(14)Staten har heller ikkje på nokon måte vist passivitet, og i alle fall ikkje på ein måte som kan gi grunnlag for rettserverv for seterhavarane.
(15)Det er uklart kva seterhavarane legg i synsmåten om erverv av eigedomsrett etter allminnelege rettsgrunnsetningar, og det er vanskeleg å sjå at dette kan ha nokon plass i rettssystemet. Dei reelle omsyna er i realiteten dei same som ved dei andre ervervsmåtane seterhavarane har gjort gjeldande.
(16)Tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 (P1-1) til EMK kan heller ikkje gi grunnlag for overføring av eigedomsrett. Denne artikkelen er til vern om eigedomsrett. Og det er ingen som har gjort innvendingar mot den retten seterhavarane har til setrane i kraft av sin allmenningsrett. Den formelle posisjonen som heimelshavar i grunnboka er ikkje uttrykk for eigedomsrett, og kan heller ikkje gje grunnlag for vern av ein grunneigedomsrett gjennom synsmåtar om rettkomen forventing (”legitimate expectations”).
(17)Statskog SF har sett fram slik påstand: ”1. Tingrettens dom punkt I, underpunkt 1, 3, 7, 10, 13 og 15, og tingrettens dom punkt II, stadfestes. 2. Staten v/Statskog SF tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesterett.”
(18)Ankemotpartane, Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande, har særleg halde fram:
(19)Sjølv om dommane i dei tidlegare rettane er godtekne når det gjeld statusen av området som er Øyer statsallmenning, har det ikkje direkte føringar for vurderinga av eigedomsretten til dei enkelte setrane. Til dømes vart ikkje statusen på setrane drøfta av Gudbrandsdalskommisjonen, som gav si tilråding i 1884. Og kommisjonen rådde også staten til å gå til sak for å få avklara statusen til heile området. Det må i alle tilfelle vere eit grunnleggjande utgangspunkt for vurderinga av dei ulike synsmåtane at seterhavarane gjennom 150 år og meir har hatt grunnboksheimelen til setrane, og at dei har basert seg på dette i mange ulike samanhengar.
(20)Seterhavarane må såleis kunne ekstingvere eigedomsretten til setrane med heimel i tinglysingslova § 27. Grunnboksheimel gir til vanleg uttrykk for grunneigedomsrett. Og etter tinglysingslova § 27 blir ein godtruande ervervar eigar. Når det i § 27 er tale om ”ugyldig” dokument, kan omgrepet ikkje tolkast for snevert. Det er ikkje berre avtalesituasjonen det kan gjelde. Hovudomsynet bak føresegna er å skape ei sikker omsetning, og det slår like godt til i vår situasjon som der det i snever forstand er eit ugyldig dokument. Statskog – tidlegare staten – kunne dessutan som grunneigar nytta tinglysingslova § 38 a, tidlegare § 39, for å ordne opp heimelsspørsmålet.
(21)Det må under alle omstende vere plass for å nytte tinglysingslova § 27 analogisk. Omsyna er dei same som i tilfelle der det elles skjer analogisk bruk, så som ved proforma og ved spørsmål om heimelen for ektefellar. Ein slik bruk har også ei viss støtte i juridisk teori.
(22)Seterhavarane har behandla eigedommane som sine. Det må i denne situasjonen også vere plass for ulovfesta ekstinksjon. Statskog – tidlegare staten – har vore klar over at seterhavarane har hatt grunnboksheimel og også meint å vere grunneigarar, og burde ha teke opp spørsmålet i alle fall etter ca. 1880.
(23)I denne situasjonen, med ein gjennomgåande passivitet med å få korrigert ei urett matrikulering frå slutten av 1800-talet, er dette ein passivitet av ein karakter som må vere rettsstiftande. Spesielt gav eit rundskriv frå Finansdepartementet frå 1887, der departementet bad om at praksisen med særskilte skyldsetjingar vart stoppa som uheimla, grunn for staten til å rydde opp. Når staten først tok dette opp i 1984, vart det så ein ny stillstand frå 1988 til 2003.
(24)Også allminnelege rettsgrunnsetningar tilseier at seterhavarane er grunneigarar. Det er eit stort rom for variasjon i det praktiske rettslivet, og det må nærast ut frå eit syn på kva som er rimeleg, kunne leggjast vekt på at seterhavarane har eit langvarig og festna tilhøve til setrane. Samtidig har setrane skifta karakter ved at ordinært seterbruk er redusert, og det er større grunn enn tidlegare for at dei som har setrane skal ha eigedomsrett til grunnen. For Statskog som allmenningseigar spelar det lita rolle om setra er undergitt eigedomsrett, i det ein bruksrett på allmenningsrettsleg grunnlag er svært omfattande. Også eit synspunkt om rettkomne forventingar må spele inn.
(25)Også P1-1 vil kunne kome inn, mykje ut frå same argumentasjonen som for dei andre synsmåtane. Seterhavarane har formell heimel, og i realiteten eigedomsrett, som då må ha vern.
(26)Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande har sett fram slik påstand: ”1. Anken forkastes. 2. Ankemotpartene tilkjennes saksomkostninger for Høyesterett.”
(27)Eg er komen til at anken fører fram.
(28)Innleiingsvis skal eg seie litt om bakgrunnen for at ein del setrar i allmenning er særskilt matrikulerte og såleis har eigne gards- og bruksnummer. I matrikkellova av 17. august 1818 vart det gitt føresegner om ein ny matrikkel. Etter § 2 skulle denne matrikkelen berre ha ”een Benævnelse for Skatte-Skylden”, og det var ”Skyld-Daler”. Matrikkelen var på dette tidspunktet ei opplisting over skyldnaden som låg på dei faste eigedommane til å svare skatt. Etter § 28 første ledd i lova skulle det ved fastsetjing av skylda takast omsyn mellom anna til ”Brugsret i Alminding”. Ved lov av 6. juni 1863 vart det fastsett at det skulle givast ein ny revidert matrikkel, men det var dei same prinsippa som skulle leggjast til grunn, såleis gjaldt nemnde § 28 framleis.
(29)Bruksrett i allmenning skulle såleis vektleggjast ved matrikuleringa av gardsbruket, som til vanleg var skyldobjekt. Og som påpeika av G.P. Schult i ein artikkel innteken i Rt. 1915 side 218, hadde retten til særskilt opptekne setrar gjerne vore viktigare skyldobjekt enn den abstrakte allmenningsretten. Med andre ord: Der bruksretten innebar bruksrett til ei særleg god seter, gav det seg ekstra utslag i skylda på gardsbruket som hadde allmenningsretten.
(30)I ikkje liten grad vart setrar overførte frå ein allmenningsrettshavar til ein annan, jf. mellom anna rundskriv frå Finansdepartementet 19. september 1887. Skylda – skatteskylda – skulle då følgje setra. Det kunne ha vore gjort ved at skylda på det gardsbruket som overtok bruken av setra, vart auka tilsvarande som skylda vart redusert på gardsbruket som gav frå seg setra. I praksis var det ofte slik at det vart fastsett ei særleg skyld på setra, som så gjekk til frådrag i skylda på det overdragande bruket. I staden for å auke skylda på det mottakande bruket, synest det ofte å ha vore slik at setra fekk eit eige matrikkelnummer og ei eiga skatteskyld. I det nemnde rundskrivet bad departementet om at det for framtida ikkje skulle skje særskilt matrikulering, men reduksjon av skylda på overdragande gardsbruk og auke på skylda på det mottakande. Som det går fram av det eg sa innleiingsvis, gjeld vår sak særskilde matrikuleringar som i tid skjedde før 1887.
(31)Med unntak av setra til ein av partane må det leggjast til grunn at særskilt matrikulering har funne stad i samband med slik overdraging mellom allmenningsbrukshavarar av rett til oppteken seter i Øyer statsallmenning. Setra til eigaren av Lysgård i tidlegare Fåberg kommune, Erik Andreas Skaarseth, synest å ha vorte særskilt matrikulert ved opprettinga av matrikkelen i samsvar med lova av 1818. Karakteren av seterretten for Lysgård er ikkje nærare prosedert i saka, men eg nemner at Høgsterett i avgjerda i Rt. 1982 side 1575 la til grunn at allmenningsretten i Øyer for seterhavarar frå Ringsaker kommune var ein avgrensa allmenningsrett som berre gjaldt seterretten. For alle setrane var det bruksretten – retten til ei konkret seter i allmenningen – som vart særskilt matrikulert på 1800-talet.
(32)Eg går så over til å sjå på spørsmålet om ekstinksjon med grunnlag i tinglysingslova § 27.
(33)For meg er det ikkje nødvendig å gå inn på statens prinsipale synsmåte med mellom anna gjennomgang av heimelsdokument for dei ulike matrikkelnummera. Det er nemleg etter mitt syn klart at det – som staten subsidiært har argumentert med – ligg føre ein situasjon som er utanfor verkeområdet for tinglysingslova § 27.
(34)Denne føresegna gir grunnboka positivt truverde for dei som har handla i tillit til eit ”ugyldig dokument”. I så fall blir rette eigar sin rett ekstingvert. Men når det blir tala om at føresegna gjeld ”ugyldig dokument”, inneber det samstundes at ein ervervar må ha handla i tillit til eit ugyldig dokument mellom rette eigar og overdragar for at det skal skje ein ekstinksjon. Det må altså vere tale om ”privatrettslig ugyldighet”, jf. Falkanger og Falkanger, Tingsrett, 2007, side 554.
(35)Når det ikkje kan visast til at overdragaren var legitimert gjennom eit ugyldig dokument der rette eigar var part, er det ingen plass for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Rette eigar har her ikkje utstyrt heimelshavar med noko dokument som kan gi grunnlag for legitimasjon. Staten, no Statskog, som allmenningseigar var såleis ikkje med på å utforme skylddelinga.
(36)Det er her også grunn til å minne om at det ikkje skjedde nokon feil ved skylddelingane på 1800-talet. Setrane skulle tilleggjast matrikkelskyld, og det vart valt ein metode som på det tidspunktet vart rekna for tenleg i så måte. Ved denne matrikuleringa vart bruksretten til setra skilt ut som skatteobjekt, og det er dette som seinare er overdrege. Retten er såleis ein bruksrett, og det er det seterhavarane har fått overført. I NOU 1982: 17 Ny tinglysningslov side 159 er det uttala om dette: ”Tinglysingsutvalget antar at man får best sammenheng i systemet dersom man legger til grunn at utk. § 28 [§ 27 i lova] ikke omfatter tilfelle hvor det er tvist om hvilken rett som er overført mellom partene. Utvalget stiller dermed på linje de tilfelle hvor det er tvist om hvilket omfang eiendommen har, og de hvor tvisten gjelder rettighetens omfang.”
(37)Eg legg til at den faktiske situasjonen i vår sak har sterke likskapstrekk med den som låg føre i Rt. 1982 side 694. Tilhøvet til tinglysingslova § 27 vart der ikkje teke opp av den private parten. Også elles har det vore mange tvistar om eigedomsrett til setrar i allmenning for domstolane. Det er illustrerande at berre i ei av desse sakene er tinglysingslova § 27 så vidt nemnt i den samanheng som no blir behandla.
(38)Etter mitt syn er det ut frå dette sikkert grunnlag for å konkludere at det her ikkje kan skje ekstinksjon etter tinglysingslova § 27.
(39)Etter mitt syn er det her ikkje grunnlag for analogisk bruk av tinglysingslova § 27. Grunneigaren – no Statskog – har ikkje utstyrt nokon med legitimasjon. Dette skil seg frå situasjonane der det har lege føre eit proforma heimelstilhøve eller der det mellom ektemakar har vore nytta heimel som ikkje har vore dekkjande for det reelle eigartilhøvet. Sjølv om dette ikkje er ugyldige dokument, jf. ordlyden i § 27, er heimelshavaren i slike høve av rette eigar – eller med godtaking av denne – utstyrt med ein legitimasjon som det er rimeleg at ein ervervar bør kunne byggje på. Framgangsmåten med særskilt skyldsetjing var – som før nemnt – både vanleg og lovleg den gongen det skjedde særskilde matrikuleringar. Det som kjem inn, er at ved tinglysingslova av 1935 vart tinglysingsordninga heilt omforma, sjølv om dei gamle matriklane over skatteskyld vart nytta som utgangspunkt for definering av eigedommane. Som påpeika i NOU 1982: 17 i det eg nett siterte, er det, der matrikkeleininga gjeld bruksrett og ikkje full grunneigedomsrett, tale om eit tilhøve som bør få same løysing som der det er gitt urette opplysningar t.d. om areal. Det kan ikkje vere tale om la det føre til ekstinksjon etter analogisk bruk av tinglysingslova § 27.
(40)Det er i rettspraksis lagt til grunn at det i særleg høve kan skje ekstinksjon av grunneigedomsrett på ulovfesta grunnlag, jf. særleg dommane i Rt. 1986 side 1210, Rt. 1992 side 352 og Rt. 2000 side 604. Eg nøyer meg med å vise til at seterhavarane ikkje har gjort gjeldande at dei har investert i setereigedommane, og går elles ikkje nærare inn på vilkåra for ulovfesta ekstinktivt erverv, i det denne synsmåten då klart ikkje kan føre fram.
(41)Seterhavarane har gjort gjeldande at både passivitet og ulovfesta rettsgrunnsetningar kan gjere at dei får grunneigedomsrett til setrane. Som eg tidlegare har nemnt, har staten og Statskog handheva eigedomsretten til Øyer statsallmenning i svært lang tid. Det er ikkje vist til konkrete disposisjonar der det kunne vere grunnlag for allmenningseigaren til å gripe inn. Eg kan ikkje heilt sjå kva som skulle vere innhaldet i ein regel om erverv ut frå alminnelege rettsgrunnsetningar. Eg er også litt usikker på kva rom det vil vere for passivitet som rettsgrunnlag i ei sak av denne karakteren. Dette går eg ikkje nærare inn på, i det omstenda i saka her klart gjer dette unødvendig.
(42)Tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til EMK gjeld vern om eigedom. Ankemotpartane har, som eg har gjort greie for tidlegare, bruksrett til særskilt oppteken seter i statsallmenning som sin ”eigedom” etter P1-1. Denne retten til særskilt oppteken seter er i behald, og bruken blir verken fråteken seterhavarane eller regulert gjennom dette søksmålet. Ankemotpartane blir også for sine setrar behandla likt med alle andre som har setrar i Øyer statsallmenning, med same opphav og som byggjer på det same rettsgrunnlaget.
(43)Slik eg ser det, vil ein eventuell dom på grunneigedomsrett med grunnlag i P1-1 tvert om ta frå Statskog eigedomsrett og flytte den over til andre. Dette kan ikkje føre fram. Det er tilstrekkeleg å vise til at det ikkje kan sjåast at ankemotpartane på nokon måte eller på noko tidspunkt har handla ut frå at dei skulle ha noka anna rettsstilling enn andre seterhavarar i allmenningen. Dei har såleis ikkje i noko tilfelle ein posisjon som må vurderast ut frå prinsippet om at posisjonen ut frå ei rettkomen forventing også kan vere verna i særlege situasjonar.
(44)Anken har ført fram. Etter mitt syn må Statskog tilkjennast sakskostnader for alle rettar. Saka har ikkje reist tvil for Høgsterett på noko punkt, og det ligg heller ikkje føre andre grunnlag for å frita ankemotpartane for kostnadsansvaret. Etter mitt syn må ankemotpartane også dekkje sakskostnadene for lagmannsrett og tingrett, i det eg ikkje kan leggje til grunn at behandlinga av synsmåtar som ikkje er gjorde gjeldande for Høgsterett, gir grunnlag for ei anna vurdering. Sakskostnadene for lagmannsrett og Høgsterett blir fastsette i samsvar med oppgåve til i alt 240 497 kroner. For lagmannsretten blir kostnadene sette til 91 277 kroner, der 86 400 kroner er salær og resten utlegg, og for Høgsterett til 149 220 kroner der 105 600 kroner er salær og resten utlegg.
(45)Eg røystar for slik D O M : 1. Tingrettens dom punkt I, underpunkt 1, 3, 7, 10, 13 og 15, og tingrettens dom punkt II, blir stadfesta. 2. I sakskostnader for lagmannsrett og Høgsterett betaler Arne Henning og Inger- Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande ein for alle og alle for ein, 240 497 – tohundreogførtitusenfirehundreognittisju – kroner til Statskog SF innan 2 – to – veker frå forkynninga av denne dommen.
(46)Dommer Flock: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(47)Dommer Matningsdal: Likeså.
(48)Dommer Indreberg: Likeså.
(49)Dommer Gussgard: Likeså.
(50)Etter røystinga sa Høgsterett slik