Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling der dei alvorlegaste tilhøva gjaldt erverv og oppbevaring av 700 gram hasj og køyring i påverka tilstand. Hovudspørsmålet i saka var om det skulle givast dom på samfunnsstraff. A er 32 år gammal, miljøarbeidar i ein institusjon og sambuar. Han fekk i 2000 dom på fengsel på vilkår og bot for køyring i påverka tilstand. I 2004 fekk han ein delvis samfunnsstraffdom på 250 timar og fengselsstraff på 21 dagar for grovt narkotikabrotsverk. Hasjen var oppgitt å vere kjøpt til eigen bruk, men Høgsterett viste til den spreiingsfaren som ligg føre ut frå kvantumet. Påverknadsgraden av narkotiske stoff under køyringa var vurdert å svare til den som følgjer av ein blodalkoholkonsentrasjon på 1,0 promille. Høgsterett uttala at handlingane – førstraffene omsyntekne – som utgangspunkt ville gitt ei straff på mellom 5 og 6 månaders fengsel utan vilkår. Tilståingane som gjaldt erverv og oppbevaring av hasjen hadde ein viss innverknad, slik at utgangspunktet for vurderinga av tida for samfunnsstraff ville vere fengsel i fem månader. Det kunne ikkje stengje for å vurdere bruken av samfunnsstraff at A relativt nyleg hadde vore domfelt, og også gjennomført samfunnsstraff og sona fengsel, for nokså liknade tilhøve. Det vart vist til at domfelte hadde misbrukt hasj sidan han var 17 år. Det måtte leggjast til grunn at domfelte også no var i ein rehabiliteringssituasjon. Det vart også vist til at samfunnsstraffa kunne støtte opp under rehabiliteringa gjennom det innhaldet straffa har, mellom anna ved deltaking i rusprogram, og at det også var viktig at gjennomføringa av straffa kunne skje parallelt med jobb. Høgsterett fastsette etter dette straffa til samfunnsstraff med 120 timar. Ut frå alvoret i saka og ut frå at A tidlegare var domfelt for køyring i rusa tilstand, vart det i tillegg fastsett ei fengselsstraff på 30 dagar. Ei bot på 10 000 kroner vart ståande.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling etter domfelling der dei alvorlegaste tilhøva gjaldt erverv og oppbevaring av 700 gram hasj og køyring i påverka tilstand. Hovudspørsmålet er om det skal givast dom på samfunnsstraff.
(2)Tønsberg tingrett sa 16. juni 2008 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 03.08.1976, frifinnes for post I c. 2. A, født 03.08.1976, dømmes for overtredelse av fem overtredelser av straffeloven § 162 første ledd, en overtredelse av vegtrafikkloven § 31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd, to overtredelser av legemiddelloven § 31 annet ledd, jf. § 24 første ledd til fengsel i 6 – seks – måneder, samt til å betale en bot på kr 10 000,- – kronertitusen 00/100 – subsidiært 15 – femten – dager i fengsel. Til fradrag for utholdt varetekt kommer 5 – fem – dager. Straffeloven § 59 andre ledd, § 62 første ledd og § 63 andre ledd er gitt anvendelse. De straffbare handlingene fant sted i perioden 12.04.2007 – 04.10.2007. 3. A, født 03.08.1976, fradømmes retten til å føre førerkortpliktig motorvogn i 20 – tjue – måneder fra dommen er rettskraftig med fradrag for faktisk beslagstid fra 12.04.2007. Det kreves full, ny førerprøve som vilkår for gjenerverv av førerretten. 4. Saksomkostninger idømmes ikke.”
(3)Frifinninga i post I c var i samsvar med påstand frå møtande aktor. Domfelte hadde vedgått alle tilhøva han vart domfelt for med unntak for køyring i påverka tilstand. Han anka til lagmannsretten over bevisvurderinga under skuldspørsmålet for denne posten og over straffutmålinga. Agder lagmannsrett nekta bevisanken fremja, men tilviste anken over straffutmålinga. Ved dom 12. september 2008 forkasta lagmannsretten anken.
(4)Domfelte har anka til Høgsterett over straffutmålinga. Det er gjort gjeldande at det bør givast dom på samfunnsstraff. Den fastsette straffa er under alle omstende etter domfelte sitt syn for streng, eventuelt også som utgangspunkt for utmålinga av samfunnsstraffa.
(5)Eg er komen til at anken bør takast til følgje, og at det bør givast dom på delvis samfunnsstraff.
(6)A er 32 år gammal og har dei to siste åra vore miljøarbeidar ved ein privat institusjon. Han er sambuar og bur i leigd bustad.
(7)A er tidlegare domfelt to gonger. Første gongen var i august 2000 då han vart dømd til fengsel på vilkår og bot for mellom anna køyring i påverka tilstand. Deretter fekk han i oktober 2004 ein delvis samfunnsstraffdom på 250 timar med gjennomføringstid og subsidiær fengselsstraff på 9 månader for grovt narkotikabrotsverk. Fengselsstraffa han fekk i tillegg var på 21 dagar. Samfunnsstraffa var fullført i februar 2006 og fengselsstraffa i august same året.
(8)Domfelte er no av tingretten funnen skuldig i fem tiltalepunkt som gjeld brot på straffelova § 162 første ledd. Alvorlegast er kjøp og oppbevaring av om lag 700 gram hasj i april 2007. Den aktuelle dagen kjøpte han hasjen av ein ukjend person i X og vart pågripen av politiet på veg heim og med stoffet i bilen. Domfellinga gjeld også køyring i påverka tilstand under transporten. Ved straffutmålinga la lagmannsretten – som tingretten – for køyringa til grunn at domfelte hadde ein påverknadsgrad av narkotiske stoff svarande til den som vil følgje av ein blodalkoholkonsentrasjon på 1,0 promille.
(9)Før eg går nærare inn på bruken av samfunnsstraff, er det nødvendig å sjå på kva straffenivå det må takast utgangspunkt i.
(10)Som før nemnt er kjøp og oppbevaring av om lag 700 gram hasj og køyring i rusa tilstand dei alvorlegaste tilhøva, og dei som vil vere dominerande ved straffutmålinga. Eg skal kort nemne nokre dommar som kan gi ei viss rettleiing for nivået. Først viser eg til Rt. 2004 side 759, der erverv og omsetning av 8,2 kg hasj saman med innehav av ei avsaga hagle, vart vurdert å gi ei straff på fengsel i 3 år før straffkorrigering for tilståing. Domfelte hadde ikkje førstraffer som var relevante ved straffutmålinga. Fastsetjinga innebar ei varsam nedjustering av straffenivået for kvantum som det omhandla. Rt. 2004 side 774 gjaldt domfelling for oppbevaring av 1850 gram hasj som var planlagt selt. Fleirtalet meinte dette i utgangspunkt burde føre til ei straff av fengsel i ti månader og viste mellom anna til den forsiktige nedjusteringa av straffenivået i avgjerda i Rt. 2004 side 759. I saka omhandla i Rt. 2004 side 774 hadde domfelte seks tidlegare dommar, i det vesentlege for mindre alvorlege narkotikaforgåingar og vinningskriminalitet. Endeleg viser eg til dommen i Rt. 2006 side 1096, der dei dominerande tilhøva var oppbevaring av 988 gram hasj og dessutan sal av andre kvantum hasj på i alt 1500-1750 gram. Det vart lagt til grunn at straffa før frådrag ville ha vore på rundt eitt år og tre månader. Domfelte var tidlegare ustraffa.
(11)Etter mitt syn er det i saka no naturleg å leggje til grunn som utgangspunkt at handlingane A er domfelt for, førstraffene omsyntekne, ville gitt ei straff på mellom fem og seks månaders fengsel utan vilkår. I det ligg ei vidareføring av den varsame justeringa av straffenivået også for kvantum som dette. – Sjølv om domfelte har forklara at hasjen ikkje skulle seljast vidare, må det ved straffutmålinga ut frå kvantumet byggjast på at det låg føre ein monaleg fare for spreiing.
(12)Det må ved straffutmålinga også takast omsyn til at domfelte hadde tilstått erverv og oppbevaring av hasjen. Etter mitt syn tilseier prosessøkonomiske omsyn – ikkje minst når ein ser samla på behandlinga av straffesaker hos politi, påtalemakt og domstolar – at det gjennomgåande blir lagt vekt også på tilståingar der bevissituasjonen er relativt avklara før tilståingane. Dei som blir sikta – og forsvararane – bør også i slike situasjonar kunne byggje på at tilståingar har innverknad på straffutmålinga. Men prosessøkonomiske omsyn er ikkje åleine til å grunngi straffedifferanse for like situasjonar med og utan tilståing. Som uttala i Rt. 2005 side 314 avsnitt 17 må det også ha ”ei viss vekt ved vurderinga at ein person vedstår seg det han har gjort, og med det gir eit grunnlag både for ein reaksjon frå samfunnet og for at han kan kome vidare for eigen del”. Denne synsmåten får likevel mindre gjennomslag i saka no enn han kunne hatt om domfelte hadde kome med ei fullstendig tilståing. Som før nemnt vedgjekk domfelte ikkje køyringa i rusa tilstand. Etter dette legg eg til grunn eit utgangspunkt på fengsel i fem månader ved fastsetjinga av samfunnsstraffa.
(13)Eg har alt sagt at eg går inn for delvis samfunnsstraffdom. Det talar mot dette at domfelte tidlegare har fått ein slik dom, der straffa dessutan vart fullført så seint som om lag eitt år før dei nye handlingane. Etter mitt syn kan det ikkje vere avgjerande. Domfelte har etter det opplyste misbrukt hasj sidan han var 17 år. Ved den førre dommen på samfunnsstraff vart det lagt til grunn at han var i ein rehabiliteringssituasjon. Eg kan ikkje sjå at det han no er domfelt for, er av ein slik karakter at det må stengje for ny dom på samfunnsstraff.
(14)Spørsmålet er så om domfelte no er i ein rehabiliteringssituasjon. Eg nøyer meg her med å vise til personundersøking 6. juni 2008 og tilleggsrapport 1. desember 2008 frå Vestfold friomsorgskontor, der dette er lagt til grunn. Rapportane tilrår bruk av samfunnsstraff. Eg siterer det siste avsnittet i konklusjonen i tilleggsrapporten: ”Som det også framgår av personundersøkelsen av 06.06.08, er samfunnsstraff en egnet reaksjonsform for å støtte siktedes positive utvikling. Siktede har også tidligere vist at han mestrer denne typen soning ved at han har gjennomført en tidligere samfunnsstraff uten brudd på vilkår. Psykologbehandling og deltakelse i rusprogrammet ”Mitt Valg” er fortsatt aktuelle deler i gjennomføringen av en evt. slik straff. Siden hovedbegrunnelsen for en samfunnsstraff er viktigheten av at siktede kan beholde sitt arbeid, vil det ved en evt. samfunnsstraff være ønskelig med en lang gjennomføringstid i forhold til antall timer.”
(15)Samfunnsstraff vil såleis her kunne støtte opp under rehabiliteringa gjennom det innhaldet straffa har, mellom anna ved deltaking i rusprogram, og det er også viktig at gjennomføringa av straffa kan skje parallelt med jobb. Som det går fram av det siterte, vil tiltak for rusmeistring også kunne vere ein del av samfunnsstraffa. Det må også kome inn ved vurderinga at det ikkje bør vere for stort spenn mellom straffenivået i ordinære saker og saker der det blir gitt dom på fengsel på vilkår av deltaking i narkotikaprogram etter den særskilte prøveordninga for dette.
(16)Etter dette meiner eg at det bør givast dom på samfunnsstraff på 120 timar med ei gjennomføringstid på sju månader og med ei subsidiær fengselsstraff på fire månader. I tillegg bør det, ut frå alvoret i saka og omsynteke at A tidlegare er domfelt for køyring i rusa tilstand, givast ei straff på fengsel utan vilkår på 30 dagar. Den fastsette bota på 10 000 kroner blir ståande.
(17)Eg røystar etter dette for slik D O M : I tingrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til samfunnsstraff med 120 – eitthundreogtjue – timar, med ei gjennomføringstid på 7 – sju – månader og med ei subsidiær fengselsstraff på 4 – fire – månader, og i tillegg fengsel i 30 – tretti – dagar, med eit frådrag for uthalden varetekt med 5 – fem – dagar.
(18)Dommer Bårdsen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(19)Dommer Øie: Likeså.
(20)Dommer Bruzelius: Likeså.
(21)Dommer Lund: Likeså.
(22)Etter røystinga sa Høgsterett slik