Hovudspørsmålet i saka var om dagane i rettsferien går inn i ankefristen på ein månad eller om desse dagane kjem i tillegg. Ankeutvalet i Høgsterett slutta seg til lagmannsretten som hadde kome til at dagane i rettsferien kjem i tillegg til den vanlege ankefristen på ein månad. Domstollova § 140 vart endra i samband med den nye tvistelova. Etter endringa fastset § 140 andre ledd at fristar for prosesshandlingar som er nødvendige for å hindre fraværsavgjerder ikkje løper i rettsferiane. Oversitjing av ankefristen blir rekna som fråvær etter tvistelova § 16-7 første ledd bokstav d, og ei avgjerd om å avvise anken på grunn av fråvær må reknast som ei fråværsavgjerd. Utvalet la til grunn den løysinga som følgjer av ordlyden i domstollova § 140, sett i samanheng med føresegna om fråvær i tvistelova. Det vart vist til at det er avgjerande at brukarar kan fastslå innhaldet av reglane gjennom å lese lovteksten utan å gå inn på lovførearbeid eller rettspraksis. Det må vera opp til lovgivar å endre lova.
(1)Saka gjeld spørsmålet om ankefristen løper i rettsferien.
(2)Elisenberg Eiendomsmegling AS (EEAS) gjekk til søksmål mot Per Danielsen ved stemning 30. august 2006, med påstand om at Danielsen gjennom utsegner til pressa var skadebotansvarleg for det tapet EEAS vart påført ved at Postbanken Eiendomsmegling AS heva franchiseavtale med EEAS.
(3)Oslo tingrett sa 11. mars 2008 dom der Per Danielsen vart frifunnen og tilkjend sakskostnader. Også partshjelparen – forsikringsselskapet AIG Europe – vart tilkjend sakskostnader.
(4)EEAS anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Per Danielsen, påsto anken avvist som for seint framsett, alternativt nekta fremja. Førebuande dommar avgjorde 27. mai 2008 at det ikkje var grunn til å nekte anken fremja etter tvistelova § 29-13.
(5)Borgarting lagmannsrett sa orskurd 2. juli 2008 med slik slutning: ”Anken fremmes.”
(6)Per Danielsen har anka orskurden til Høgsterett. Det er særleg halde fram:
(7)Avgjerande er når anken blir postlagd. Anken kom inn til retten 21. april, og må då ha vore postlagd 20. april. Poststempelet, som ikkje er heilt tydeleg, tyder også på det. Ein e-post datert 18. april omtalar anken, men har ikkje anken som vedlegg. Under alle omstende viser ikkje e-posten anna enn at det låg føre eit utkast. Med utgangspunkt i at ankefristen starta 17. mars, vart det etter dette anka for seint. Anken må derfor avvisast.
(8)Endringa i domstollova § 140 har ikkje medført noka endring i rettstilstanden. Ankefristen skal framleis løpe i rettsferien. Lagmannsrettens lovtolking er såleis feil når det er lagt til grunn at dagane i rettsferiane kjem i tillegg til den vanlege ankefristen på ein månad.
(9)Det er sett fram slik påstand: ”1. Saken avvises. 2. Elisenberg Eiendomsmegling AS og Odd Kalsnes dømmes in solidum til å betale Per Danielsens saksomkostninger for lagmannsretten og Høyesteretts ankeutvalg.”
(10)Elisenberg Eiendomsmegling AS har teke til motmæle og har særleg halde fram:
(11)Lagmannsretten har korrekt lagt til grunn at anken er postlagt 17. april 2008. Dette går fram av den framlagde e-posten datert 18. april. Anken var såleis gitt innanfor den vanlege ankefristen på ein månad.
(12)I dette tilfellet kjem dagane i rettsferien i tillegg til den ordinære ankefristen. Det blir vist til grunngivinga hos lagmannsretten, som er dekkjande.
(13)Det er sett fram slik påstand: ”Prinsipalt: Anken nektes fremmet. Subsidiært: Anken over bevisbedømmelsen nektes fremmet. I begge tilfeller: Per Danielsen dømmes til å betale Elisenberg Eiendomsmegling AS sakens omkostninger for lagmannsrett og Høyesteretts ankeutvalg med til sammen kr 24 000,- med tillegg av merverdiavgift og lovlig rente fra forfall til betaling rettmessig skjer.”
(14)Høgsteretts ankeutval viser til at det er tale om ein anke over ei avgjerd frå lagmannsretten som første instans, og at utvalet då har full kompetanse.
(15)Hovudspørsmålet i anken er om dagane i rettsferiane går inn i ankefristen på ein månad eller om desse dagane kjem i tillegg. I 2008 var rettsferien i påska frå og med 15. til og med 24. mars.
(16)Ankeutvalet ser spørsmålet i hovudsak på same måten som lagmannsretten. Det heiter i lagmannsrettsorskurden mellom anna: ”Ankefristen er en måned, jf. tvisteloven § 29-5. Anke etter fristen regnes som fravær, jf. § 16-7 første ledd bokstav d. Etter § 16-9 første ledd medfører fravær at retten må avvise saken med mindre det er grunnlag for å gi oppfriskning. … Lagmannsretten finner … at anken er rettidig. Endringer i domstolloven og tvisteloven medfører nemlig at ankefristen må anses for å løpe fra 25. mars. Domstolloven § 140 ble endret ved lov 26. januar 2007 nr. 88 i samband med nye regler i tvisteloven. Etter endringen fastsetter § 140 annet ledd at frister for prosesshandlinger som er nødvendige for å avverge fraværsavgjørelser ikke løper i rettsferien. Som nemvnt regnes oversittelse av ankefristen som fravær etter tvisteloven § 16-7 første ledd bokstav d, og en avgjørelse om å avvise anken på grunn av fravær må anses som en fraværsavgjørelse. Forarbeidene til tvisteloven tyder på at det ikke har vært tilsiktet å endre loven slik at ankefristen ikke løper i rettsferien. …”
(17)Ankeutvalet går ikkje inn på det nærare innhaldet i førearbeida. Det er her tale om sentrale reglar både for profesjonelle og ikkje-profesjonelle brukarar, der det er avgjerande at reglane kan fastslåast gjennom å lese lovteksten og ikkje gå inn på lovførearbeid eller rettspraksis. På same måte som lagmannsretten legg derfor ankeutvalet avgjerande vekt på ordlyden i lova.
(18)Det må vere opp til lovgivar eventuelt å endre lova, dersom ankefristen skal løpe i rettsferiane.
(19)Ankefristen gjekk etter dette ut 25. april 2008, og anken var gitt innanfor ankefristen. Utvalet treng då ikkje gå inn på den konkrete vurderinga av når det vart anka.
(20)Anken må etter dette forkastast. Saka har reist eit prinsipielt rettsspørsmål der lovførearbeida til tvistelova synest å peike på ei anna løysing enn lovteksten. Det blir etter dette ikkje tilkjent sakskostnader verken for lagmannsretten eller Høgsterett, jf. tvistelova § 20-2 tredje ledd.
(21)Orskurden er samrøystes.