Dommarane: Utgård, Kaasen, Tønder, Coward, Schei Valdtekt til seksuell omgang med sovande person, incest og krenkjande seksuell åtferd. Straffutmåling. Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang med sovande person, incest og krenkjande seksuell åtferd. A hadde samværsrett med dottera. Han var dømd for å ha onanert i påsyn av henne, på stova i leilegheita si der begge sov under samværa, frå dottera var ca. 15 til ho var 17 år. Han var også dømd for valdtekt til seksuell omfang med sovande person. Dette skjedde då han masserte dottera og deretter – etter at ho hadde sovna – gnei henne 15 – 20 gonger over kjønnsorganet hennar og også hadde fingrar inne i skjeden hennar. Høgsterett la i straffutmålinga vekt på at domfelte ved onaneringa hadde seksualisert samværet mellom dei to. Det var også ein seksualisert veremåte som var grunnlaget for valdtekta til seksuell omgang. Desse handlingane representerte alvorlege tillitsbrot frå faren overfor dottera, i og med at det hadde skjedd frå ein som skulle verne henne og i og med at dette hadde skjedd i det som under samværa også var hennar heim.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang med sovande person, incest og krenkjande seksuell åtferd.
(2)Oslo tingrett sa dom 9. november 2007 med slik domsslutning: ”1. A, født 28.09.1965, frifinnes for post I og III b i tiltalebeslutningen av 20.09.07 og for tilleggstiltalebeslutningen av 01.11.07. 2. A dømmes for overtredelse av straffeloven § 192, 1. ledd litra b, straffeloven § 197 og straffeloven § 201 litra b), jfr. straffeloven § 62, 1 ledd, til fengsel i et – 1 – år og ni – 9 – måneder. 3. A dømmes til å betale oppreisning til B med hundretusen – 100 000 – kroner. Beløpet forfaller til betaling 2 – to – uker fra dommens forkynnelse.”
(3)Den dømde anka over straffutmålinga til Borgarting lagmannsrett, som ved orskurd 25. februar 2008 forkasta anken. Han har anka vidare til Høgsterett over straffutmålinga.
(4)Eg er komen til at anken bør takast til følgje og straffa setjast noko ned.
(5)A er far til den krenkte i saka, B. Ho er fødd i 1988. A var gift med mor hennar frå 1988 til 1994, og familien budde då utanfor X. Etter skilsmissa flytta han til Y. Etter at han ei tid ikkje hadde noko særleg samvær med dottera, endra det seg slik at han fekk meir samvær med henne. Ho kom til Y, der ho var saman med han og også overnatta i leilegheita hans.
(6)Gjennom domfellinga for brot på straffelova § 201 bokstav b er A funnen skuldig i ”over en periode på 2 år fra 2004 frem til februar 2006, gjentatte ganger å ha blottlagt penis og onanert seg selv” i påsyn av den krenkte. Dette skjedde i leilegheita hans i Y. Lagmannsretten har slutta seg til tingsrettsdommen når det gjeld dei nærare omstenda ved handlingane, og eg viser til det tingretten uttala: ”For hovedtiltalens post IV erkjente tiltalte straffeskyld. Han forklarte for retten at han, fordi han så seg nødt til å benytte sitt soverom til å tørke klær, sov i stuen, også når fornærmede var på besøk i hans leilighet. Han forklarte at han da ved noen anledninger hadde onanert mens han var utildekket slik at fornærmede kunne se. Han forklarte at han gjorde dette fordi han trodde at det kunne hjelpe mot sterk hodepine, og at han enten gjorde det sent eller tidlig, og at han trodde at fornærmede sov og derfor ikke så det. Fornærmede forklarte at hun gjentatte ganger så at tiltalte lå uten dyne og onanerte. Hun lukket øynene og snudde seg fordi hun ikke ville se dette. Hun visste ikke om tiltalte så at hun var våken.”
(7)Domfellinga etter straffelova § 192 første ledd bokstav b og straffelova § 197 gjeld tilhøve som fann stad i den dømde si leilegheit 12. februar 2006. Også her viser eg til tingrettsdommen, og gir att det mest sentrale: ”I grove trekk forklarte tiltalte at de begge var nakne og at fornærmede bad ham om å klø seg på ryggen. Han hadde da sett at hun hadde tørr hud på ryggen, og derfor spurt om han skulle smøre henne med en lotion. Dette hadde hun svart ja til. Han hadde begynt med å smøre ryggen hennes, og deretter andre steder. ... Hun forklarte at hun hadde sagt ja til å bli massert, men hun hadde ikke tørr hud. Mens han holdt på må hun ha sovnet. Hun våknet av at hun kjente at hans fingre strøk på og inne i sitt kjønnsorgan, og at hun – da hun forstod hva som skjedde – satte seg brått opp, og at han da hadde holdt opp. Hun forklarte at hun var sikker på at hun sov; hun ville aldri ha innlatt seg på noe slikt ellers. Hun var også sikker på at hun hadde kjent hans fingre inne i sin skjede. I og med at hun sovnet visste hun ikke hvor lenge han hadde holdt på. På grunnlag av hennes forklaring for retten, og tiltaltes forklaring for retten sett i sammenheng med hans forklaring for politiet, finner retten å kunne legge til grunn som bevist ut over rimelig tvil at tiltalte den angjeldende natt berørte fornærmedes kjønnsorgan flere ganger, i alle fall 15 – 20 ganger, og at han under denne berøringen også har hatt sine fingre inne i hennes skjede. På grunnlag av fornærmedes forklaring for retten finner retten på samme måte å kunne legge til grunn at fornærmede sov mens overgrepet fant sted, slik at hun var ute av stand til å motsette seg handlingen. Det er på det rene at tiltalte handlet med forsett.”
(8)Den alvorlegaste handlinga i saka var overgrepet mot dottera medan ho sov. Men dette må sjåast i samanheng med onaneringa i påsyn av dottera som skjedde gjentekne gonger over ein toårsperiode – frå ho var ca. 15 til ho var 17 år. Då det hende, hadde ho samvær med faren i leilegheita – som skulle vere ein heim også for henne. På dette viset seksualiserte faren samværet mellom dei to, i staden for å byggje opp eit normalt familietilhøve.
(9)Det var også ei seksualisert form for veremåte som var utgangspunktet for handlingane 12. februar 2006. Hendingane då kan såleis ikkje sjåast som tilfeldige, men må vurderast i samanheng med faren sine overskridingar av vanlege grenser mellom far og dotter dei to føregåande åra.
(10)Den seksuelle omgangen var i seg sjølv alvorleg. Faren gnei handa fram og tilbake over kjønnsorganet hennar medan ho sov, i alle fall 15 – 20 gonger, og han hadde under denne berøringa fingrar inne i skjeden hennar. At det skjedde inntrenging i skjeden, må ved eit tilhøve som dette vere straffskjerpande, sjølv om det ikkje endrar subsumsjonen. Men i tillegg kjem det særs alvorlege ved at det skjedde i ein nær familierelasjon. Eg sluttar meg til det lagmannsretten uttala: ”Ved fastsettelsen av den konkrete straffen legger lagmannsretten vekt på følgende momenter. For det første er det tale om et grovt overgrep. Dette forsterkes av at overgriperen er fornærmedes far. Foreldre forventes å beskytte og verne sine barn, ikke forgå seg mot dem. Videre kommer at overgrepet er skjedd i farens bolig, som må anses som fornærmedes hjem i de periodene annenhver uke hun hadde samvær med faren der. Som tingretten fremhever, utgjør overgrepet et grovt tillitsbrudd fordi det skjedde på et sted hvor fornærmede skulle kunne føle seg trygg på at noe slikt ikke kunne skje, og fordi det ble foretatt av en person som hun burde kunne stole på.”
(11)Ei handling som dette vil regelmessig innebere store vanskar for den krenkte. Som påpeika i Rt. 2004 side 1035 avsnitt 13 skal straffa for valdtekt ta utgangspunkt i skaderisikoen som ”best avspeiles i overgrepets grovhet. På denne bakgrunn er det som regel ikke avgjørende for straffutmålingen om overgrepet har fått større eller mindre konsekvenser, og det er spesielt når det har fått alvorligere konsekvenser enn det aktuelle overgrepet normalt skulle tilsi at skadevirkningene kan ha selvstendig betydning.” Lagmannsretten har vist til vanskane overgrepa har ført til, og eg kan ikkje sjå at det er tale om omstende som ligg utanfor det som følgjer av den objektive karakteren av overgrepet.
(12)I formildande lei bør det leggjast ei viss vekt på at den tiltala eit stykke på veg vedgjekk dei tilhøva han er domfelt for, jf. straffelova § 59 andre ledd. Samstundes må det i skjerpande lei takast omsyn til at den dømde heilt grunnlaust har klandra den krenkte for det som skjedde.
(13)Saka gav grunn til etterforskingssteg som måtte ta noko tid, og eg kan ut frå det ikkje sjå at det kan rettast nemnande innvendingar mot tidsbruken. Eg legg til at tiltalevedtak vart gjort 20. september 2007, med tilleggstiltalevedtak 1. november 2007, slik at saka ikkje har teke lang tid i domstolane.
(14)Det er ikkje rettspraksis som gir grunnlag for direkte samanlikning med saka no. Avgjerdene i Rt. 2004 side 23 og Rt. 2004 side 1035, som rett nok begge gjaldt anke frå domfelte, har likevel til ein viss grad gitt rettleiing.
(15)Straffa må fastsetjast etter ei samla vurdering, der utmålinga må skje på grunnlag av det eg har gjort greie for. Etter mitt syn kan straffa høveleg setjast til fengsel i eitt år og seks månader. Det er då teke omsyn til at det i dei seinare åra har skjedd ein generell auke i straffnivået for seksualbrotsverk.
(16)Eg røystar etter dette for slik D O M : I tingrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 1 – eitt – år og 6 – seks – månader.
(17)Kst. dommer Kaasen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(18)Dommer Tønder: Likeså.
(19)Dommer Coward: Likeså.
(20)Justitiarius Schei: Likeså.
(21)Etter røystinga sa Høgsterett slik