Dommarane: Utgård, Kaasen, Stabel, Flock, Lund Spørsmålet var om dommar Matningsdal var inhabil grunna utsegner han har kome med i boka Siktedes rett til å eksaminere vitner, som kom i 2007. Saka for Høgsterett gjeld straffesak mot A, som er gjenoppteken etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen kom til at det ved tidlegare behandling var gjort ein feil i samband med opplesing av politiforklaring frå ein medtiltalt. Høgsterett kom til at dommar Matningsdal ikkje skal vike sete. Det var vist til Rt. 2003 side 1094 med vidare tilvisingar. Straffeprosesslova § 122 gir mellom andre sambuarar rett til å nekte å gi politiforklaring. Saka gjeld no om det kan tillatast opplesing når eit vitne ikkje har vorte informert om retten til å nekte å forklare seg etter straffeprosesslova § 122, i ein situasjon der vitnet som sikta var gjort kjend med retten til å nekte å forklare seg. Høgsterett viste til at dommar Matningsdal i boka har uttala seg om ein situasjon som er svært lik den ankegrunnen som blir gjort gjeldande. Dette var likevel gjort på reint generelt grunnlag, og det er ikkje noko anna enn det Høgsterett tok stilling til i 2003-avgjerda.
(1)Dommar Utgård: Spørsmålet er om dommar Matningsdal er inhabil grunna utsegner han har kome med i boka Siktedes rett til å eksaminere vitner, som kom ut i 2007.
(2)A vart ved Oslo tingretts dom av 21. mars 2002 dømd til fengsel i 14 år. Domfellinga gjaldt i all hovudsak narkotikabrotsverk. Etter anke sette Borgarting lagmannsrett i dom av 23. mai 2003 straffa til fengsel i 11 år. A anka til Høgsterett, som tillet prøvd saksbehandlingsanken. Denne gjaldt spørsmålet om opplesing av politiforklaringa frå ein medtiltalt. Ved Høgsteretts orskurd 22. januar 2004, jf. Rt. 2004 side 97, vart saksbehandlingsanken forkasta. A klaga til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) som i dom av 9. november 2006 kom til at det i samband med opplesing av politiforklaring frå ein medtiltalt hadde skjedd eit brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 6 nr. 1 og 3.
(3)Gjenopptakingskommisjonen tok i avgjerd av 14. desember 2006 eit krav frå A om gjenopptaking til følgje. Saka vart deretter av Høgsteretts kjæremålsutval vist til ny behandling ved Eidsivating lagmannsrett, som 18. desember 2007 domfelte A for dei same tilhøva som tidlegare. Straffa vart sett til fengsel i 9 år og 6 månader.
(4)Dommen er anka til Høgsterett. Under saksbehandlingsanken er det gjort gjeldande at det var feil når to politiforklaringar frå A sin sambuar, B, vart tillatne lesne opp av Eidsivating lagmannsrett, og at denne feilen bør føre til at lagmannsrettsdommen blir oppheva.
(5)Dommar Matningsdal har i Siktedes rett til å eksaminere vitner fleire stader omtala Høgsteretts dom i ankesaka for A i Rt. 2004 side 97, og han har også omtala og kommentert EMD sin dom i saka.
(6)A har ved sin advokat gjort gjeldande at dommar Matningsdal er inhabil, jf. domstollova § 108. Det er for det første gjort gjeldande at dommar Matningsdal i boka har teke stilling til det konkrete saksbehandlingsspørsmålet, og at det skjedde på eit tidspunkt då det var klart at den aktuelle saka ville halde fram for norske domstolar. For det andre har dommar Matningsdal behandla spørsmålet i EMD-dommen med eit særleg engasjement. Særleg har han med styrke gjort gjeldande ei bestemt tolking av eit spørsmål som ikkje er rettskraftig avgjort og som no skal behandlast av Høgstrett.
(7)Det er sett fram slik påstand: ”Høyesterettsdommer Magnus Matningsdal viker sete i saken.”
(8)Påtalemakta har i hovudsak vist til det dommar Matningsdal har uttala.
(9)Dommar Matningsdal gav ei skriftleg fråsegn om habiltetsspørsmålet og har også møtt i retten for at advokatane skulle ha høve til å stille spørsmål. Han har rekna seg som habil i saka.
(10)Dommar Matningsdal har gått frå ved behandlinga av habilitetsspørsmålet. I staden er dommar Flock tilkalla, jf. domstollova § 116.
(11)Eg er komen til at dommar Matningsdal ikkje vik sete.
(12)Eg tek utgangspunkt i det som er uttala i Rt. 2003 side 1094 avsnitt 8, med vidare tilvising til Rt. 1983 side 490 og Rt. 2000 side 38: ”Jeg bemerker at ved avgjørelsen av det foreliggende habilitetsspørsmålet, er det klare utgangspunktet at en dommer ikke blir inhabil ved tidligere å ha skrevet eller uttalt seg om det rettsspørsmålet som på et senere tidspunkt kommer opp i en sak. Dette gjelder også der dommeren – som i vårt tilfelle – har inntatt et klart og forbeholdsløst standpunkt. Det er åpenbart nyttig at dommere har full anledning til å gi uttrykk for sitt faglige syn i bøker, artikler og foredrag. Habilitetsreglene bør ikke stenge for dette.”
(13)Det er for det første gjort gjeldande at dommar Matningsdal har teke stilling til om ein kan tillate opplesing når eit vitne ikkje har vorte informert om retten sin til å nekte å forklare seg etter straffeprosesslova § 122, i ein situasjon der vedkomande som sikta er gjort kjend med retten til å nekte å forklare seg. Det er rett at det spørsmålet dommar Matningsdal har uttala seg om er svært likt den ankegrunnen som blir gjort gjeldande. Eg kan likevel ikkje sjå at dommar Matningsdal har uttala seg anna enn på reint generelt grunnlag. Det er nettopp ein situasjon som er omfatta av det eg har gitt att frå avgjerda i 2003.
(14)Vidare er det gjort gjeldande at dommar Matningsdal er ugild fordi han har vist eit særleg engasjement i høve EMD sin dom i saka A mot Norge. Den diskusjonen synsmåten knyter seg til, gjeld spørsmålet om EMD si avgjerd har konsekvensar for den såkalla hovudbevislæra. Dette er ikkje spørsmålet i vår sak. Eg legg elles til at dommar Matningsdals framstilling rett nok har ein viss brodd mot andre forfattarar, men at denne først og fremst er ei analyse av rettsspørsmålet, som ikkje bør føre til ugildskap.
(15)Eg røystar for slikt V E D T A K : Dommar Matningsdal vik ikkje sete.
(16)Kst. dommer Kaasen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(17)Dommer Stabel: Likeså.
(18)Dommer Flock: Likeså.
(19)Dommer Lund: Likeså.
(20)Etter røystinga gjorde Høgsterett slikt V E D T A K : Dommar Matningsdal vik ikkje sete. Rett utskrift: