Dommarane: Utgård, Indreberg, Øie, Matningsdal, Gussgard Rett til uføreytingar etter folketrygdlova kapittel 12. Bruk av nye omstende i høve til tidspunktet for behandling i Trygderetten. Prøvingsintensitet. Saka gjaldt overprøving av orskurd frå Trygderetten, der vedtak om å avslå krav om uføreyting etter folketrygdlova kapittel 12 vart avslått. I folketrygdlova § 12-5 er det fastsett at ”med mindre åpenbare grunner tilsier at attføring ikke er hensiktsmessig, kan ytelser etter dette kapitlet bare gis dersom vedkommende har gjennomført eller har forsøkt å gjennomføre et individuelt og hensiktsmessig attføringsopplegg uten at inntektsevnen er bedret”. Høgsterett viste til at vedtak om rett til slike ytingar er heilt lovbundne. Skjønna som ligg til grunn for vedtaka, er såleis rettsbruksskjønn. Domstolane kan då etter lov om Trygderetten § 23 første ledd prøve også dette skjønnet. Lagmannsretten hadde ved prøvinga ikkje trekt noko avgjerande skilje mellom opplysningar som låg føre for Trygderetten og opplysningar som kunne seiast å vere nye. Høgsterett uttala at dette var feil, og at det avgjerande måtte vere det faktum som låg føre for det aktuelle organet på vedtaktstidspunktet. Det er likevel eit visst høve til å ta omsyn til seinare bevis som kastar lys over dette faktumet. Høgsterett uttala at sjølv om det var tale om rettsbruksskjønn også ved prøvinga av vilkåra i § 12-5, er det tale om faglege spørsmål innanfor attføring og medisin. Det for er slike spørsmål likevel rett å vere varsame med å overprøve Trygderetten. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for å seie at Trygderetten hadde handla feil her, og la til grunn det vanlege prinsippet for prøvingsintensitet. Høgsterett såg ved prøvinga bort frå eit par nye omstende som lagmannsretten hadde bygd på. Det var etter dette ikkje grunn til å oppheve Trygderettens avgjerd, når retten hadde kome til at det skulle prøvast attføring før det eventuelt var grunnlag for å gi medhald i kravet om uføreytingar.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld overprøving av orskurd frå Trygderetten der vedtak om å avslå krav om uføreyting (tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon) etter folketrygdlova kapittel 12 vart stadfesta. Hovudspørsmålet gjeld bruk av nye opplysningar eller omstende ved domstolsprøvinga samanlikna med dei som låg føre ved behandlinga i Trygderetten.
(2)A er fødd i 1946. Han er utdanna cand. mag. og var frå 1970 til 2001 tilsett i skuleverket. Han sa opp stillinga si i 2001. Etter at han slutta, selde han alt han eigde og la ut på ei rundreise i utlandet. Dei siste åra har han dels budd på Bali og dels i Noreg. Han har frå 2005 vore gift med ei kvinne frå Bali.
(3)A sette 30. mai 2005 fram krav om uføreyting. I legeerklæringa frå fastlegen, lege Tormod Lønnerød, vart det vist til massive somatiske og psykiske lidingar, medrekna alkoholmisbruk. Det vart uttala at tidlegare diagnosar frå behandlande legar var mellom anna KOLS/emfysem, asbestrelaterte skadar, hypertensjon, etylmisbruk, prostatitt og ryggsmertar. Fastlegen vurderte søkjaren som fullstendig varig arbeidsufør, og gav uttrykk for at det ikkje tente til noko å presse han inn i noka form for attføring.
(4)Kristiansand trygdekontor bad om ei vurdering frå rådgivande lege. Ho uttala 22. juni 2005 at ho meinte det var ei restarbeidsevne som burde kunne nyttast i helsetilpassa arbeid, og at han ikkje var prøvd behandla for alkoholproblemet sitt.
(5)Trygdekontoret avslo søknaden i vedtak 29. juli 2005. Grunngivinga var at A ikkje fylte vilkåret i folketrygdlova § 12-5 om å ha gått gjennom tenleg behandling, og at han ikkje varig hadde tapt minst halvparten av arbeids- og inntektsevna si grunna sjukdom, skade eller lyte.
(6)A påklaga vedtaket. Fylkestrygdekontora i Agder og Telemark, Klage- og ankeeininga, avd. Vest-Agder, stadfesta 9. november 2005 vedtaket til trygdekontoret. I klagevedtaket var grunngivinga at A ikkje var forsøkt behandla for alkoholproblemet sitt. Ut frå dette vart det ikkje på dette tidspunktet teke stilling til spørsmålet om varig tap av inntektsevne.
(7)A anka 15. desember 2005 vedtaket til Trygderetten. Samtidig tok han etter tilvising frå lege Lønnerød kontakt med spesialist i psykiatri, overlege Karsten Nordal ved Ruspoliklinikken ved Sørlandet sykehus. Overlege Nordal sende legeerklæring 12. januar 2006, der det gjekk fram at A vart vurdert til å vere heilt arbeidsufør, men at funksjonsevna kunne betrast noko etter behandling for alkoholavhengigheit. Nordal svarte nektande på om pasienten ville kunne ta opp att det tidlegare arbeidet eller ta anna arbeid, og svarte også nei på eit spørsmål om behandlinga kunne reknast å føre til betring av arbeidsevna. Til slutt vart det uttala: ”Pas. er innstilt på totalavhold til bruk av rusmidler i behandlingsperioden. Sykdomsbildet er ikke fullstendig utredet etter bare en samtale. Jeg vil tilråde rehabiliteringspenger i behandlingstiden og ny vurdering om ca. 4 mndr.”
(8)Ved vedtak av Kristiansand trygdekontor 3. februar 2006 fekk A rehabiliteringspengar etter ein uføregrad på 100 prosent frå 15. desember 2005, som var dagen for tilvising frå lege Lønnerød. A vart rekna for å vere under aktiv behandling frå denne dagen.
(9)Klage- og ankeeininga sende 8. februar 2006 saka over til Trygderetten. Det vart samstundes gjort greie for behandlinga ved Ruspoliklinikken og for vedtaket om rehabiliteringspengar.
(10)A la fram supplerande helseopplysningar før vedtaket i Trygderetten. Såleis vart det lagt fram ei spesialisterklæring av 30. mars 2006 frå overlege Jostein Rostrup ved Lungemedisinsk poliklinikk ved Sørlandet sykehus, der A hadde vore for undersøking for KOLS. Det heitte der: ”Pasienten har en meget lett grad av KOLS. Han har imidlertid en angstproblematikk og denne kombinasjonen er ikke gunstig. I tillegg har han et tobakksforbruk og et alkoholoverforbruk som riktignok for øyeblikket er under kontroll. Ervervsmessig er nok situasjonen problematisk, men isolert sett utifra hans KOLS alene, er den medisinske uføregrad ikke opp mot 50 %. Egen lege bør dog vurdere kombinasjonen av flere forhold i forhold til hans medisinske og ervervsmessige uføregrad.”
(11)Likeins vart det lagt fram ei erklæring frå lege Lønnerød, der det mellom anna vart vist til angst med depresjon og langvarige rusproblem.
(12)Trygdekontoret gjorde 8. september 2006 vedtak om å stoppe utbetalinga av rehabiliteringspengar. Trygdekontoret grunngav vedtaket med at det er eit vilkår for betaling av slik yting frå folketrygda at medlemmen oppheld seg i Noreg, og at A i strid med avtale ikkje hadde returnert til Noreg for behandling etter sommarferien.
(13)Trygderetten avgjorde saka 22. september 2006 i orskurd med slik slutning: ”1. Klage- og ankeenhetens vedtak av 9. november 2005 stadfestes. 2. Saksomkostninger tilkjennes ikke.”
(14)A reiste sak ved Agder lagmannsrett til prøving av Trygderettens orskurd. Lagmannsretten sa dom 20. februar 2007 med slik domsslutning: ”1. Trygderettens kjennelse oppheves. 2. I saksomkostninger for lagmannsretten betaler Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av dommen, 48 957 – førtiåttetusennihundreogfemtisyv – kroner med tillegg av alminnelig forsinkelsesrente fra forfall, til A.”
(15)Staten har anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett. Anken gjeld rettsbruken og bevisvurderinga. For Høgsterett er det lagt fram skriftlege erklæringar frå A og frå legane Nordal og Lønnerød. Lege Lønnerød har også sendt over dokumentasjonar frå andre om helsetilhøve og attføring. Saka står i det vesentlege i same stilling for Høgsterett som ho gjorde for lagmannsretten.
(16)Ankeparten, Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet, har særleg halde fram:
(17)Det sentrale spørsmålet i saka er kva skjeringstidspunkt som skal leggjast til grunn for prøvinga. Dette må vere det same som det Trygderetten har lagt til grunn. Det er ikkje rett når lagmannsretten har gitt uttrykk for at domstolane har høve til å leggje vekt på nye rettsfakta. Lagmannsretten har med det gått ut over sin kompetanse og bort frå ein tradisjonell kontroll av om vedtaket er gyldig. Trygderettens vedtak var korrekt på det tidspunktet det vart gjort. Om det seinare har skjedd ei utvikling, må vere irrelevant for prøvinga.
(18)Domstolane må også vere atterhaldne med å overprøve Trygderettens vurderingar av medisinsk- og trygdefaglege spørsmål, sjølv om det her er tale om vedtak der domstolane har kompetanse til å prøve alle sider ved vedtaka.
(19)Lagmannsretten har stilt for små krav når han har funne at det er openbert at det ikkje er tenleg med attføring. Det må også her byggjast på situasjonen slik han var på tidspunktet for avgjerd i Trygderetten.
(20)Sjølv om Trygderetten ikkje var merksam på at A ikkje lenger mottok rehabiliteringspengar, kan det ikkje vere ein feil som kan ha hatt noko å seie for Trygderettens orskurd. Og om det skulle prøvast rehabilitering og attføring samstundes eller ikkje, var eit reint praktisk spørsmål. Det var i alle tilfelle rimeleg først å behandle for alkoholproblema før attføring vart prøvd.
(21)Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett fram slik påstand: ”1. Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet frifinnes. 2. Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesterett med tillegg av lovens rente fra forfall til betaling skjer.”
(22)Ankemotparten, A, har særleg halde fram:
(23)Trygderettens orskurd er ugyldig grunna tilvertingsmanglar. Når det er lagt feil faktum til grunn på eit så viktig punkt som i spørsmålet om betaling av rehabiliteringspengar, må det føre til at vedtaket blir ugyldig. Feilen må reknast å ha prega heile vedtaket.
(24)Det må også vere rett når lagmannsretten i prøvinga om vilkåra for uføreytingar var til stades, ikkje trekte noko avgjerande skilje mellom opplysningar som låg føre for Trygderetten og opplysningar som må seiast å vere nye. Synsmåtane frå staten på at det låg føre tre nye omstende – rettsfakta – i saka, og at desse ligg etter Trygderettens avgjerd, kan ikkje vere rette. Det er i realiteten ikkje tale om nye omstende, men om bevis som knyter seg til det som var framme for Trygderetten. Slike må det kunne takast omsyn til ved domstolsprøvinga.
(25)Saka gjeld eit lovbunde vedtak, der skjønnet er eit rettsbruksskjønn. Sjølv om det nok kan vere slik at domstolane i slike saker bør vere varsame i overprøvinga, representerer det inga absolutt grense for den faktiske og konkrete prøvinga av saka. Spesielt må det vere slik at når det – som her – er vist til feil og manglar ved saksbehandlinga, og når det dessutan gjeld eit viktig velferdsspørsmål, er det større grunn til at domstolskontrollen er djuptgåande. I tillegg til feil faktum med omsyn til rehabiliteringspengar, har Trygderetten ikkje drøfta tilhøvet til hovudprinsippet etter eit rundskriv frå Rikstrygdeverket, der det er sagt at rehabilitering og attføring som utgangspunkt skal skje parallelt.
(26)Lagmannsretten vurderte etter dette saka rett når han kom til at det etter bevisføringa kunne leggjast til grunn at inntektsevna hadde falle bort i sin heilskap, og at det også var openbert at det ikkje var grunnlag for å krevje at attføring skulle vere prøvd. Det var ikkje då – og er heller ikkje no – noko som gir grunnlag for å trekkje konklusjonane frå overlege Nordal og lege Lønnerød i tvil.
(27)A har sett fram slik påstand: ”1. Agder lagmannsretts dom av 20. februar 2007 stadfestes. 2. A tilkjennes sakens omkostninger for Høyesterett med kr 4.125,- med tillegg av lovens rente fra forfall til betaling skjer.”
(28)Eg er komen til at anken må føre fram.
(29)Saka gjeld – som eg nemnde innleiingsvis – overprøving av orskurd frå Trygderetten, der vedtak om å avslå krav frå A om uføreyting vart stadfesta. Vedtaka om rett til uføreytingar er heilt ut lovbundne. Dei skjønna som ligg til grunn for vedtaka, er rettsbruksskjønn.
(30)I lov av 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten § 23 første ledd heiter det: ”Domstolene kan prøve lovligheten av Trygderettens kjennelser.”
(31)Det er såleis her tale om ein legalitetskontroll av vedtak gjorde av forvaltninga.
(32)Det er eit grunnleggjande spørsmål i saka kva faktum som skal leggjast til grunn. Lagmannsretten uttala om dette: ” Argumentasjonsmønsteret i disse sakene tilsier at Høyesterett på grunnlag av en selvstendig bevisbedømmelse prøver om lovens vilkår for den aktuelle trygdeytelse er oppfylt, uten at det trekkes noe avgjørende skille mellom opplysninger som forelå for Trygderetten og opplysninger som kan sies å være nye. … Det følger av dette at man ikke fra den omstendighet at domstolene opphever Trygderettens kjennelse, kan utlede at avgjørelsen nødvendigvis var uriktig i den stilling saken ble presentert for Trygderetten.”
(33)Eg er ikkje einig i det lagmannsretten her har gitt uttrykk for. Etter mitt syn må utgangspunktet for prøving av om vedtak i trygdesaker er gyldige, vere faktum slik det låg føre for det aktuelle organet på vedtakstidspunktet. Dette er også det alminnelege utgangspunktet i forvaltningsretten, jf. her også avgjerd frå Høgsteretts kjæremålsutval innteken i Rt. 2003 side 460. Det kan godt seiast at dette nettopp er ein følgje av at domstolane skal stå for kontroll av forvaltningsvedtak.
(34)Etter rettspraksis er det likevel eit visst høve til å kome med bevis som kastar lys over den faktiske situasjonen på vedtakstidspunktet.
(35)Det kan tenkjast å liggje føre faktiske feil i Trygderettens avgjerd som kan tilskrivast at Trygderetten har forsømt si plikt til å syte for forsvarleg opplysning av saka, jf. trygderettslova § 15 første ledd. Om så er tilfelle, vil det vere ein saksbehandlingsfeil som etter omstenda kan føre til oppheving av Trygderettens orskurd.
(36)Det sentrale spørsmålet som er til prøving i saka no, er om Trygderetten hadde grunnlag for å la vere å gi uføreytingar før det var prøvd attføring.
(37)Kravet i folketrygdlova § 12-5 er at ”med mindre åpenbare grunner tilsier at attføring ikke er hensiktsmessig, kan ytelser etter dette kapitlet bare gis dersom vedkommende har gjennomført eller har forsøkt å gjennomføre et individuelt og hensiktsmessig attføringsopplegg uten at inntektsevnen er bedret”. Dette strenge kravet kom inn i folketrygdlova med verknad frå 1. januar 2005. I Ot.prp. nr. 9 (2004-2005) på side 17 er det uttala om endringa: ”Arbeidslivet skal ha plass til alle som kan og vil arbeide. Regjeringa ynskjer at personar med nedsett funksjonsevne i størst mogleg grad skal kunne halde fram med eller komme i arbeid, og nytte sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet. Alle som på grunn av sjukdom har behov for hjelp til å komme attende i arbeid eller få innpass i arbeidslivet har både rett og plikt til å prøve å gjennomføre tenlege attføringstiltak. Departementet meiner at det bør skje ei generell skjerping av kravet om at ein skal freiste attføring før ei uføreyting vert gitt, ikkje berre i høve til spesielle diagnose- eller aldersgrupper. Attføring skal prøvast i alle saker, med mindre det er openbert at det ikkje er tenleg. ”
(38)I avgjerda frå Trygderetten er det uttala: ”Hans utdanning og erfaring i skoleverket skulle tilsi at han ved hjelp av NAV lokalt bør forsøkes attført til et meningsfylt arbeid etter at behandlingen er avsluttet. Siden hans utdanning muliggjør fysisk lett arbeid skulle alderen ikke være noe hinder for å komme i arbeid.”
(39)Spørsmålet om openberre grunnar tilseier at attføring ikkje er tenleg, kan klart nok prøvast fullt ut av domstolane. Men sjølv om det er tale om rettsbruksskjønn også i høve til desse kriteria, er det tale om faglege spørsmål innanfor attføring og medisin. I alle fall når det gjeld eit spørsmål som dette og der temaet er slike faglege vurderingar, meiner eg det er rett av domstolane å vere varsame med å overprøve Trygderetten.
(40)Også lagmannsretten tok dette som eit alminneleg utgangspunkt, men kom likevel til at det i denne saka ikkje var nødvendig å vere spesielt atterhaldne ved overprøvinga av Trygderettens vedtak. Dette vart grunngitt med to feil ved behandlinga hos Trygderetten.
(41)Det første av desse gjekk på at det i avgjerda frå Trygderetten er ein faktisk feil. Trygderetten la, i samsvar med oversendingsbrevet frå Klage- og ankeeininga, til grunn at A mottok rehabiliteringspengar. Trygderetten vart ikkje orientert om at trygdekontoret 8. september 2006 stoppa utbetalinga av desse. Om følgjene av dette heiter det i lagmannsrettsdommen: ”Dersom Trygderetten hadde vært kjent med at rehabiliteringspengene var stanset, slik at As økonomiske situasjon igjen var prekær, ville Trygderetten hatt en helt annen foranledning til å behandle spørsmålet inngående. Under disse omstendigheter finner lagmannsretten ikke at det er nødvendig å utvise spesiell tilbakeholdenhet ved overprøvingen av Trygderettens vedtak.”
(42)Sjølv om Trygderetten ikkje kunne lastast for dette, må det leggjast til grunn at det objektivt sett var tale om ein saksbehandlingsfeil når retten her ikkje var gjort kjent med stoppen av utbetalinga. Det er likevel vanskeleg å sjå at A ville ha kome i noka gunstigare stilling med omsyn til om attføring skulle prøvast dersom trygdekontoret hadde opplyst om stansen og om grunnlaget for denne. Det er for meg såleis ikkje råd å sjå at det er nokon feil her som tilseier at domstolsprøvinga skal skje på anna vis enn det som elles vil vere tilfelle. Ut frå ankemotparten sine synsmåtar for Høgsterett, vil eg også uttale at feilen klart ikkje kan ha hatt nokon innverknad på Trygderettens avgjerd.
(43)Den andre feilen som lagamannsretten her viste til, var at det ikkje var forsøkt parallell behandling og rehabilitering. I rundskriv til folketrygdlova § 12-5 Hensiktsmessig behandling og attføring, utarbeidd av Rikstrygdeverket, Arbeids- og rehabiliteringsdivisjonen, endra 17. mars 2005, er det uttala at behandling og yrkesretta attføring i dei fleste tilfella bør kunne skje parallelt. Det lagmannsretten her bygde på, knyter seg såleis ikkje til vilkåra i folketrygdlova § 12-5, men til praktiseringa av tilvisingar i eit rundskriv. Det er ikkje bunde opp av vilkår i lova om at det skal vere parallellitet, men er ei praktisk tilvising av framgangsmåtar. Det er såleis ikkje spørsmål om eit rettsbruksskjønn i dette spørsmålet. Trygdestyresmaktene hadde valt å la A bli behandla for alkoholoverforbruk før det vart spørsmål om attføring. Eg kan ikkje sjå at det er gjort gjeldande konkrete innvendingar som tilseier at dette kan vere noko ugyldig vedtak i seg sjølv, eller at det på nokon måte kan kritiserast. Heller ikkje på dette punktet er det då noko som eventuelt kunne gi grunnlag for ikkje å vere atterhalden ved overprøving av dei medisinsk- og attføringsfaglege sidene ved avgjerder hos Trygderetten.
(44)Eg går så over til den konkrete prøvinga av avgjerda i Trygderetten.
(45)Ved denne prøvinga ser eg bort frå opplysningane for lagmannsretten frå overlege Nordal om at behandlinga av alkoholoverforbruket hausten 2006 var gjennomført med positivt resultat. Eg ser også bort frå opplysningane om at A hadde hatt eit opphald på Distriktspsykiatrisk Senter i desember 2006. Dette er nye omstende som ikkje kan omsyntakast ved overprøvinga. Eg viser elles til det eg tidlegare har sagt om kva som skal liggje til grunn for prøvinga.
(46)Trygderetten la i si avgjerd vekt på at A er velutdanna, og at han slutta i tidlegare arbeid av andre grunnar enn helsegrunnar. I avgjerda vart det ikkje avgrensa til attføring til same type arbeid som han hadde hatt tidlegare. Som det går fram av det eg siterte frå Ot.prp. nr. 9 (2004-2005), må det leggjast til grunn at det er strenge vilkår for at attføring ikkje skal prøvast. Opplegget prøvinga skal skje i høve til, skal vere ”individuelt og hensiktsmessig”. Og det skal vere ”åpenbare grunner” til at attføring ikkje er ”hensiktsmessig”. Rettsbruksskjønna knyter seg såleis i stor grad til medisinsk- og attføringsfaglege spørsmål. Det er etter mitt syn ikkje grunnlag for å setje den medisinsk- og attføringsfaglege vurderinga hos Trygderetten til sides i dette spørsmålet.
(47)Anken har ført fram. Saka har reist spørsmål av prinsipiell interesse, og eg meiner derfor at sakskostnader likevel ikkje bør tilkjennast.
(48)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet blir frifunnen. 2. Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.
(49)Dommer Indreberg: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(50)Dommer Øie: Likeså.
(51)Dommer Matningsdal: Likeså.
(52)Dommer Gussgard: Likeså.
(53)Etter røystinga sa Høgsterett slik