Dommarane: Utgård, Skoghøy, Lund, Gussgard, Schei Saka gjaldt straffutmåling og fastsetjing av tid for tap av førarrett etter domfelling for forsettleg påkøyrsle med bil av annan bil i fart, jf. straffelova § 291 første ledd, jf. andre ledd og vegtrafikklova § 31 jf. § 3. As køyrde gjennom Svartdalstunnelen i Oslo i ein liten bil – ein Volkswagen Vento personbil. Han køyrde svært sakte. Føraren av bilen bak – ein stor personbil av merket Mitsubishi Pajero – køyrde nær opp til Ventoen og blinka med langlysa. Då bilane var komne inn i sørgåande Ekebergtunnelen, som har to køyrebaner, køyrde Pajeroen forbi. Denne bilen vart liggjande i høgre køyrefelt i ei fart av 60–70 km i timen. As la seg i venstre køyrefelt, køyrde opp på sida av den andre bilen, sakna farta og køyrde rett inn i sida på den. Ventoen snurra rundt og gjekk i tunnelveggen på venstre side og deretter på høgre side. Påkøyrsla kom svært overraskande på føraren av Pajeroen, men den relativt store bilen kom ikkje ut av kontroll. Pajeroen vart påført skade for 34 718 kroner medan Ventoen vart totalskadd. Høgsterett viste til at påkøyringa skjedde forsettleg, med sikte på å valde skade, og at det også er eit særleg skadepotensiale ved påkøyrsle i ein tunnel. As hadde sett eige og andre sine liv i fare, og det var tilfeldig at handlinga ikkje førte til langt større skader. Begge dei tidlegare rettane hadde gitt vilkårsdom – tingretten på 90 dagar og lagmannsretten på 45 dagars fengsel. Dette var grunngitt med den tida som hadde gått frå handlinga til domfellinga. Påkøyrsla fann stad 24. januar 2005, og etterforskinga var ferdig 6. januar 2006. Det skjedde så i realiteten ikkje noko i ein periode på rundt 10 månader, fram til tiltalevedtak 1. november 2006. Høgsterett kom til at dette ikkje var nok til at det heilt ut kunne nyttast fengsel på vilkår i ei så alvorleg sak. Straffa vart etter dette sett til fengsel i 60 dagar, og av dette halvparten på vilkår. Tapsperioden for retten til å føre motorvogn vart sett til 15 månader. Hovudgrunnlaget for fastsetjinga av tida var den trafikkfarlege handlemåten, jf. forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv. § 2-5. Det vart vist til at politiet hadde levert tilbake førarkortet 16. februar 2006, utan å be om at beslaget vart prøvd av retten, jf. same forskrift § 8-3 sjette ledd.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling og fastsetjinga av tid for tap av førarrett etter domfelling for forsettleg påkøyrsle med bil av annan bil i fart, jf. straffelova § 291 første ledd jf. andre ledd og vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 3.
(2)Oslo tingrett sa 9. februar 2007 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1963, dømmes for overtredelse av straffeloven § 291, 1. ledd, jfr. 2. ledd og vegtrafikkloven § 31, 1. ledd, jfr. § 3, sammenholdt med straffeloven § 62, til fengsel i 90 dager som gjøres betinget med 2 års prøvetid, se straffeloven §§ 52-54. Varetekt kommer til fradrag med 2 dager om den betingende fengselsstraffen må sones. 2. A fradømmes førerretten for 1 år. Det gjøres fradrag for den tiden han har vært fratatt førerretten. Han pålegges å avlegge delvis (praktisk) ny førerprøve for å gjenerverve førerretten. 3. A dømmes til å betale erstatning med kr. 34 718,- til B innen 2 uker etter at dommen er forkynt. 4. A dømmes til å betale saksomkostninger med kr. 3000,-.”
(3)Påtalemakta anka til Borgarting lagmannsrett over utmålinga av straffa og over fastsetjinga av tida for tap av førarretten. Tingrettens dom vart ståande med den endringa at lagmannsretten reduserte tida for vilkårsdommen frå 90 til 45 dagars fengsel.
(4)Påtalemakta har anka vidare til Høgsterett. Anken gjeld dei same spørsmåla som for lagmannsretten.
(5)Eg er komen til at anken må takast til følgje.
(6)Innleiingsvis vil eg seie litt om dei faktiske omstenda i saka med grunnlag i dommane frå tingretten og lagmannsretten. Domfelte, A, kom 24. desember 2005 ca. klokka 11.30 køyrande frå Ryenkrysset i Oslo gjennom Svartdalstunnelen som munnar ut i Ekebergtunnelen. Han hadde ein liten bil, ein Volkswagen Vento personbil. B kom køyrande bak domfelte i ein Mitsubishi Pajero personbil, som er ein stor bil – ein såkalla SUV. Det er lagt til grunn at A køyrde svært sakte. B la seg med sin bil tett bak bilen til domfelte og blinka med fjernlysa. På denne strekninga er det berre eitt felt i Svartdalstunnelen, i samband med at denne går over i Ekebergtunnelen. Etter at bilane hadde kome inn i sørgåande tunnel av Ekebergtunnelen som har to køyrefelt i tillegg til påkøyringsfeltet, køyrde B forbi bilen til domfelte. Han la seg i høgre køyrefelt med bilen sin. B heldt då ei fart på 60–70 km i timen. Fartsgrensa på staden var 70 km i timen.
(7)Domfelte køyrde så – i venstre køyrefelt – opp på sida av Pajeroen, sakna farta og køyrde rett inn i Pajeroen på førarsida. Ventoen snurra rundt og gjekk mot tunnelveggen på venstre side før bilen gjekk i tunnelveggen på høgre side. Det som skjedde, kom svært overraskande på B, men hans relativt store bil kom ikkje ut av kontroll. Bilen hans vart påført skade for 34 718 kroner. Ventoen vart totalskadd.
(8)Tingretten kom til at påkøyrsla skjedde forsettleg, og at handlinga er brot på straffelova § 291 første ledd og vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 3. Ved straffutmålinga er det det forsettlege brotet på vegtrafikklova § 3 som veg tyngst, noko også dei tidlegare rettane har bygd på.
(9)Det må leggjast til grunn at påkøyringa skjedde med sikte på å valde skade. Forsettleg skadevalding ved bruk av motorvogn på anna motorvogn i fart er ei svært alvorleg handling. I tillegg kjem at påkøyrsla skjedde i ein tunnel, med det særlege farepotensialet dette medfører. Som framheva av tingretten sette A eige og andre sine liv i fare, og det var tilfeldig at handlinga ikkje førte til langt større skadar.
(10)Det er lite støtte i tidlegare rettspraksis når straffa no skal utmålast. Det kan likevel ikkje vere tvilsamt at det må nyttast ei straff på fengsel utan vilkår for forsettleg brot på vegtrafikklova § 3 på dette viset. Ved straffutmålinga må også skadeverket vektleggjast, sjølv om dette vil ha mindre innverknad på straffutmålinga.
(11)Når lagmannsretten gav dom på fengselsstraff på vilkår, var dette grunngitt med tida som hadde gått frå handling til dom. Som før nemnt skjedde påkøyrsla 24. desember 2005. Saka var ferdig etterforska 6. januar 2006, med avhøyr av begge involverte, eitt vitne og med skadetakst. Siktinga mot A er datert 28. juli 2006 og tiltalevedtaket 1. november 2006. Det var såleis i realiteten ikkje framdrift i saka i ein periode på rundt 10 månader. Sjølv om samla tid fram til endeleg dom ikkje er ekstraordinært lang, må slik unødvendig sein behandling av ei oversiktleg sak få konsekvensar for straffutmålinga.
(12)Det kan etter mitt syn trass i dette ikkje forsvarast heilt ut å nytte fengsel på vilkår i ei sak med denne alvorsgraden. Etter mitt syn vil ei straff av fengsel i 60 dagar, og av dette halvparten på vilkår, vere høveleg.
(13)Førarkortet vart beslaglagt 24. desember 2005. A samtykte ikkje i beslag av førarkortet, og det vart levert tilbake 16. februar 2006.
(14)Brotet på vegtrafikklova § 3 er dominerande i høve til fastsetjinga av perioden for tap av førarretten, jf. forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv. av 19. desember 2003 – tapsforskrifta – § 2-5. Ei så grov handling som den aktuelle, som innebar stor risiko for personar, tilseier ein lang tapsperiode, jf. det innleiande avsnittet i paragrafen. Etter mitt syn har bruken av bilen til strafflagde handlingar – skadeverk – ikkje så mykje å seie når det gjeld tap av førarretten. Tapsforskrifta § 2-6 vil likevel ha ei viss vekt ved fastsetjinga av tapsperioden.
(15)Tapsforskrifta § 1-4 andre ledd seier at det ved fastsetjinga av tapsperioden skal leggjast vekt på om vedkomande har hatt førarkortet i lengre tid etter handlingstidspunktet, dersom han ikkje kan lastast for at førarkortet ikkje har vore beslaglagt. Dette er situasjonen her. Då A fekk førarkortet attende 16. februar 2006, bad politiet ikkje om at beslaget vart prøvd av retten. Som nemnt gjekk det lang tid før det vart reist tiltale og til spørsmålet om tap av førarretten med det vart teke opp.
(16)Under desse omstenda meiner eg at perioden for tap av førarretten bør kunne setjast så lågt som til 15 månader. Meir enn 12 av desse månadene må tilskrivast trafikale tilhøve, og A må då gå opp til full førarprøve før han kan få førarretten attende, jf. Tapsforskrifta § 8-3 sjette ledd.
(17)Eg røystar etter dette for slik D O M : I lagmannsrettsdommen blir det gjort følgjande endringar: 1. Straffa blir sett til fengsel i 60 – seksti – dagar, og slik at fullføringa av 30 – tretti – dagar av fengselsstraffa blir utsett med ei prøvetid på 2 – to – år, jf. straffelova §§ 52 til 54. 2. Perioden for tap av retten til å føre motorvogn blir sett til 15 – femten – månader. 3. A må gå opp til full ny førarprøve som vilkår for å få att retten til å føre motorvogn, jf. forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv. § 8-3 sjette ledd.
(18)Dommer Skoghøy: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(19)Dommer Lund: Likeså.
(20)Dommer Gussgard: Likeså.
(21)Justitiarius Schei: Likeså.
(22)Etter røystinga sa Høgsterett slik