Dommarane: Utgård, Indreberg, Endresen, Skoghøy, Gjølstad Saka gjaldt spørsmålet om samværsrett for far til ei dotter på ni år som far aldri har budd saman med. B vart hausten 1997 gravid utan at ho hadde noko fast eller definert forhold til barnefaren A. Sommaren og hausten 1999 hadde A samvær med dottera 6–8 gonger med om lag 2–3 timar kvar gong. Etter krav frå B fann samværa stad hos mor til A, som B på dette tidspunktet hadde kontakt med. A ønskte etter kvart å ha samvær med dottera utan slikt tilsyn. Foreldra vart ikkje samde om noka slik ordning. A har ikkje hatt samvær med dottera sidan 10. oktober 1999. A har seinare ved ulike høve kontakta B, med sikte på å oppnå samvær. Ho har gitt uttrykk for at ho ikkje er i stand til å tole belastningane ved samvær. Høgsterett kom til at A skal ha rett til samvær. Det må til vanleg reknast med at det er til det beste for barnet å ha samvær også med ein far eller ei mor som barnet ikkje har budd saman med. Det skal ganske tungtvegande grunnar til for å nekte slikt samvær. Motsetnader mellom foreldre, engsting for barnet og liknande skal til vanleg ikkje hindre samvær. Dottera var her interessert i samvær med far og også med halvsøstera. Far har etablert ein trygg og roleg familiesituasjon med ordna arbeids- og butilhøve. Det var ingen omstende på far si side som skapte problem. Lagmannsretten la til grunn at mors negative haldning til samvær hadde samanheng med enkelte personlegdomstrekk hos henne. Rettssaka hadde forsterka helseproblema. Ei gjennomføring av samvær ville innebere stor belastning for henne og kunne føre til at omsorgsevna vart klart redusert. For Høgsterett var det oppnemnt to psykologspesialistar som sakkunnige. Dei tilrådde samvær ut frå omsynet til dottera. Dei uttala at mor har ei personlegdomsfungering prega av sterk grad av mistenksomheit og psykisk utstabilitet i sine rollemønster. Den underliggjande psykologiske faktor var forankra i henna personlegdomstrekk og ville før eller seinare gitt samværsnekt som resultat. Dei uttala at det var vanskeleg å seie på førehand om samvær mellom far og barn reint faktisk ville forverre mors helse. Høgsterett uttala at det ikkje utan vidare kunne leggjast til grunn at gjennomføring av samvær ville føre til forverra helsetilstand for mor med følgjer for omsorgsevna. Det var i alle fall spørsmål om kor stor vekt omsynet til mor skulle ha. Dottera hadde gått inn i ei omsorgsrolle for mor, og var i ein problematisk situasjon. Det var eit sterkt behov for at ho får høve til samvær med far og hans familie, som det måtte leggjast til grunn er ein alminneleg og velfungerande familie. Høgsterett gav rett for far til samvær frå 1. august 2007. Etter ei kort opptrapping, vart det fastsett nærare omfang av samvær frå 24. august 2007. Det vart fastsett samvær anna kvar helg, og dessutan samvær i anna kvar haust-, vinter- og påskeferie, anten jule- eller nyttårshelga og dessutan med i alt fire veker kvar sommarferie.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om samværsrett for far til ei dotter på ni år som far aldri har budd saman med.
(2)B vart hausten 1997 gravid utan at ho og barnefaren A hadde noko fast eller definert forhold. Under svangerskapet skreiv B brev til A og opplyste at han skulle bli far. B fødde 4. juni 1998 dottera C. A var i tvil om han var barnefar. Etter DNA-analyse og stemning frå trygdekontoret vedkjende han seg farskapet.
(3)Sommaren og hausten 1999 hadde A samvær med C 6–8 gonger på om lag 2–3 timar kvar gong. Etter krav frå B fann samværa stad hos mor til A, som B på dette tidspunktet hadde kontakt med. Farmor hadde oppsøkt sjukehuset for å helse på mor og barn rett etter fødselen, og ho hadde vore invitert til namnedag. Farmor hadde også passa C ved eit par høve.
(4)A ønskte etterkvart å ha samvær utan tilsyn. B kontakta familiekontoret i X for å få hjelp til å etablere ei samværsordning. Ho stilte krav til ei slik ordning og viste til at ho måtte føle seg trygg på at dottera hadde det bra under samvær. Partane vart ikkje einige om noka ordning. A har ikkje hatt samvær med C sidan 10. oktober 1999.
(5)A har ved ulike høve kontakta B, med sikte på å oppnå samvær med C. Han har også prøvd å levere fødselsdags- og julepresangar til dottera. Alle forsøk på kontakt har vorte avviste av B. Ho har gitt uttrykk for at ho ikkje er i stand til å tole belastningane ved slike samvær.
(6)B er i dag 43 år gammal. Ho har 1-årig grunnkurs i teknisk teikning. Ho var ikkje i arbeid frå 1998, då dottera vart fødd, til ho i 2004 tok til først i full, så i halv stilling. Frå midten av 2006 har ho vore først delvis og seinare heilt sjukmeld. Ho og dottera har budd åleine i alle år. Dei bur i dag i leigeleilegheit i X.
(7)A er 44 år gammal. Han slutta skolen etter første året på vidaregåande og har seinare vore i arbeid. I dag er han distribusjonsleiar. Han er gift. Ekteparet har ei dotter fødd i 2000. Kona har dessutan ein son på 13 år som bur hos dei. Familien bur i eige hus i Y nær X.
(8)I mai 2004 sende A brev til B der han gjentok ønskjet om samvær med C. Mekling vart halde hausten 2004 ved familievernkontoret i X. Det vart halde separate meklingsmøte etter krav frå B. Meklinga førte ikkje fram.
(9)Ved stemning 31. mai 2005 til Drammen tingrett kravde A samvær fastsett etter rettens skjønn og delt foreldreansvar. Under saksførebuande rettsmøte 7. november 2005 vart partane samde om å prøve å kome fram til ei minneleg ordning med hjelp av psykolog Ellen Nedberg. Verken under dei utanrettslege forhandlingane eller i nytt saksførebuande rettsmøte 21. desember 2005 klarte partane å kome fram til semje. A utvida deretter påstanden til prinsipalt å gjelde krav om å bli tilkjent den daglege omsorga for C.
(10)Psykolog Nedberg som hadde vore med under saksførebuinga, gav med samtykke frå partane forklaring som sakkunnig under hovudforhandlinga.
(11)Drammen tingrett sa 1. mai 2006 dom med slik domsslutning: ”1. A og B skal ha felles foreldreansvar for C født 04.06.1998. 2. B tilkjennes den daglige omsorgen for C. 3. A skal ha vanlig samværsrett med C jf. barneloven § 43, 2 ledd. Samværsordningen trer i kraft straks. 4. Hver av partene bærer sine saksomkostninger.”
(12)B anka dommen til Borgarting lagmannsrett og gjorde gjeldande at ho åleine skulle ha foreldreansvaret, og at A ikkje skulle ha samvær med C. A motanka med påstand om at C skulle bu fast hos han.
(13)Også for lagmannsretten forklara psykolog Nedberg seg som sakkunnig. Borgarting lagmannsrett sa dom 22. november 2006 med slik domsslutning: ”1. B skal alene ha foreldreansvaret for C, født 6. juni 1998. 2. C skal bo fast hos B. 3. A skal for tiden ikke ha rett til samvær med C. 4. Partene bærer hver sine saksomkostninger for tingretten og lagmannsretten. 5. Partene dekker hver halvparten av utgiftene til den rettsoppnevnte sakkyndige, spesialist i klinisk psykologi Ellen Nedberg.”
(14)A anka dommen til Høgsterett. Prinsipalt gjaldt anken saksbehandlingsfeil grunna manglande oppnemning av sakkunnig. Subsidiært gjaldt anken foreldreansvar og kven barnet skal bu hos og atter subsidiært samværsrett. Høgsteretts kjæremålsutval har nekta anken fremja, med unntak av anken over avgjerda om samvær.
(15)For Høgsterett er det oppnemnt to sakkunnige, spesialistar i klinisk psykologi Jon Ståle Gjesdal Henriksen og Katrin Koch. Dei har kome med ei utførleg sakkunnig erklæring og har dessutan begge svara på spørsmål i Høgsterett.
(16)Ankeparten, A, har særleg halde fram:
(17)Lagmannsretten har nytta lova feil, i det kravet i lova er at avgjerda skal rette seg etter det som er ”best for barnet”. Då kan det ikkje leggjast hovudvekt på omsynet til mor og hennar helse. Det er også ein feil at det ikkje i tilstrekkeleg grad har vore lagt vekt på barnet si meining.
(18)I dette tilfellet vil samvær reint faktisk vere til beste for barnet. Faren og hans familie vil kunne tilføre C mykje. C ønskjer også å ha samvær med dei.
(19)Det kan ikkje leggjast til grunn at mors helse blir vesentleg dårlegare ved samvær. Mor sine psykiske problem er kroniske, og dei blir ikkje vesentleg betre om gjennomføring av samvær blir utsett. Derimot er det slik at barnet kan bli skadelidande om samvær ikkje blir sett i verk no. Det bør derfor ikkje utsetjast å starte samvær nokre år, slik lagmannsretten kom til.
(20)Det kan vere aktuelt med ein kort oppstartperiode der C blir kjend med far og hans familie, men deretter bør det ganske fort gå over til ei vanleg samværsordning. Dei sakkunnige har skissert eit opplegg som bør nyttast.
(21)A har sett fram slik påstand: ”1. A skal ha rett til følgende samvær med datteren C: - annenhver helg fra fredag etter skole til mandag før skole. Barnet hentes og bringes til skolen. - helgesamværet skal iverksettes etter en opptrappingsplan fastsatt etter rettens skjønn. - feriesamvær skal være annenhver juleferie og nyttårsferie med bytte tredje juledag kl. 13:00. Første gang julen 2007. - fra 2008 annenhver vinterferie, annenhver påskeferie, og fire ukers sommerferie fordelt på to perioder à to uker, samt annenhver høstferie. 2. A/det offentlige tilkjennes samværssakens omkostninger for alle instanser.”
(22)Ankemotparten, B, har særleg halde fram:
(23)Lagmannsrettsdommen er korrekt, både i grunngiving og i resultat. Det er i tilstrekkeleg grad teke omsyn til C sitt ønskje og behov.
(24)Som lagt til grunn av lagmannsretten vil mors helse bli dårlegare dersom det blir etablert samvær. Gjennomføring av samvær vil såleis i seg sjølv vere ei stor belastning for mor si helse. Dette må vere relevant fordi mor ved dårlegare helsetilstand får mindre omsorgsevne. På dette viset blir omsynet til mor også omsynet til barnets beste.
(25)Tvisten om samvær har også skapt vanskar for mor når det gjeld å etablere seg i arbeidslivet. Mor prøver i dag å kome i arbeid etter langt fråver, og samvær vil kunne forstyrre denne prosessen. For dottera er det viktig at mor får etablert seg skikkeleg i arbeidslivet, og indirekte vil samvær derfor vere til skade også her.
(26)Far handla kritikkverdig ved at han ikkje i første omgang aksepterte å vere far, og han var lenge lite interessert i å ha samvær. Han har også handla kritikkverdig, og skapt auka konfliktnivå, ved at han under denne saka har sett fram krav om at C skal bu fast hos han. Både det som skjedde då C vart fødd og det som har skjedd seinare, dannar eit viktig bakteppe for at mor har vanskar med å akseptere samvær for far.
(27)B har sett fram slik påstand: ”1. Lagmannsrettens dom punkt 3 stadfestes. 2. A dømmes til å betale sakens omkostninger for tingrett og lagmannsrett til B, og til det offentlige for Høyesterett. Subsidiært: A dømmes til å betale sakens omkostninger for motanken til B. I alle tilfeller: B tilpliktes ikke å betale saksomkostninger til A.”
(28)Eg er komen til at anken fører fram.
(29)Avgjerd om samværsrett skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet, jf. barnelova § 48 første ledd. Prinsippet om rett for barnet til samvær med begge foreldra er slått fast i barnelova § 42 første ledd. Av barnelova § 43 første ledd følgjer at den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, i utgangspunktet har rett til samvær med barnet. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten fastsetje at det ikkje skal vere samvær, jf. § 43 første ledd tredje punktum.
(30)Eg vil vise til to dommar frå Høgsterett som er av særleg interesse for spørsmåla i vår sak. Den første er dommen i Rt. 1995 side 946, der far fekk rett til samvær med ei seks år gammal dotter som han aldri hadde budd saman med. Det er der mellom anna uttala: ”Etter mitt syn må det være riktig å bygge på en formodning om at det er til barnets beste å ha samvær også med en far eller mor som barnet ikke har bodd sammen med. Men det må samtidig alltid vurderes konkret om det foreligger forhold som fører til en annen konklusjon.”
(31)Den andre dommen eg vil vise til, er Rt. 1996 side 888, der det reint generelt er understreka at det skal ganske tungvegande grunnar til for å nekte samvær mellom ein forelder og eit barn. Det er uttala at motvilje mot samvær hos den barnet bur saman med, grunna på motsetnadar mellom foreldra, engsting for barnet eller liknande i utgangspunktet ikkje vil hindre samværsrett. Det er understreka at domstolane ikkje kan bøye av for eventuell motvilje, og at det må krevjast at begge partar rettar seg etter ein endeleg dom i saka.
(32)Som det går fram av det eg akkurat har sagt, må det leggjast til grunn at det er til barnets beste å ha samvær også med ein far eller ei mor som barnet ikkje har budd saman med. Det er likevel slik at dette ikkje kan gjelde heilt unntaksfritt. Det kan vere omstende ved ein forelder som gjer det utilrådeleg å gi vedkomande samvær. Og omstende hos den barnet bur fast hos, kan ha slik karakter og alvorsgrad at dei må slå gjennom i høve til utgangspunktet om rett til samvær.
(33)I saka no er det ingen omstende på far si side som skaper problem i så måte. Han har etablert ein trygg og roleg familiesituasjon med ordna arbeids- og butilhøve.
(34)C har gitt uttrykk for at ho er interessert i samvær med far, og at ho også gjerne vil møte halvsøstra. Som ein følgje av at mormor har hatt kontakt med farmor, har mor også kutta all kontakt med si eiga mor – mormor – med den følgje at C i dag ikkje har kontakt med slekt verken på mors- eller farssida. C sjølv er oppteken av å få etablert kontakt med far og hans familie, som i tillegg til kjernefamilien også omfattar mellom anna besteforeldre.
(35)Kritikken frå mor mot far har dels gått på handlemåte og handlingar rundt svangerskapet, særleg at far ikkje utan vidare vedkjende seg farskap. Det er også innvendingar som går på situasjonen rundt avslutninga av samværet då C var 1–2 år. Dette er omstende som det i dag ikkje er grunn til å gå inn på.
(36)To avsnitt i lagmannsrettsdommen viser kva som var grunnen til at far ikkje fekk samvær. Etter mitt syn set desse avsnitta også fokus på det som er dei grunnleggjande spørsmåla i saka. Avsnitta lyder slik: ”Mors negative holdning til fars krav om samvær har, som nevnt, sammenheng med enkelte personlighetstrekk hos henne. Rettssaken har forsterket hennes helseproblemer. I den nåværende situasjon vil gjennomføring av samvær innebære en betydelig belastning for henne og kunne føre til at omsorgsevnen blir klart redusert. Dersom mor får rom i forhold til krav om samvær m.v. i anslagsvis minst halvannet års tid, er det sannsynlig at helsetilstanden blir bedre. Samtidig vil hun da kunne få etablert seg fast i arbeidslivet. Det fremstår videre som ønskelig at hun samtidig får bistand med sikte på å takle at C i fremtiden har samvær med far. Når spørsmålet om samvær kommer opp på nytt, er det ønskelig å vurdere mulighet for at det i en overgangsperiode er tilsyn under samværene, og at mor får støtte til å takle en slik ny situasjon. ”
(37)Dei oppnemnde sakkunnige for Høgsterett, psykologspesialistane Jon Ståle Gjesdal Henriksen og Katrin Koch, har som nemnt skrive ei utførleg erklæring, og dei har tilrådd samvær ut frå omsynet til C. Dei har også omtala personlegdomstrekk hos mor. I erklæringa er det såleis uttala følgjande: ”Det er de sakkyndiges vurdering at mor i dag har en personlighetsfungering preget av en forhøyet grad av mistenksomhet og psykisk ustabilitet i sine reaksjonsmønstre. Mor viser i sin fungering trekk av å ha et stort mellommenneskelig kontrollbehov, irrasjonelle reaksjoner på ytre forhold, rigiditet i tenkning og kverulering i kommunikasjon. …. … Den underliggende psykologiske faktor ser derimot ut til å være forankret i personlighetstrekk hos mor som før eller siden ville gitt samværsnekt som resultat. Det er de sakkyndiges vurdering at mor virker å ha tillagt far diskvalifiserende personlighetsegenskaper og krenkende handlinger som det ikke synes å være grunnlag for i virkeligheten.”
(38)I rapporten er det også referert til at mors psykoterapeut, psykolog Britt Wenche Pedersen, som under to behandlingar har sett Depressiv tilpasningsreaksjon som trygderefusjonsdiagnose.
(39)Dei sakkunnige har utdjupa situasjonen for mor, og uttala at dei finn det sannsynleg at mors avvikande personlegdomsfungering truleg verkar inn på alle livsområde der mor opplever interessekonflikt og problem med meistring. Dei uttalar også at det er vanskeleg å seie på førehand om samvær mellom far og barn reint faktisk vil forverre mors helse.
(40)Slik eg forstår dette, kan det ikkje utan vidare leggjast til grunn at gjennomføring av samvær i seg sjølv vil føre til forverra helsetilstand til mor med følgjer for omsorgsevna. Eg vil også leggje til at saka tvillaust har vore ei stor belastning for mor, og at det vil kunne gi grunnlag for ein betre situasjon når det no er avgjort at dottera skal bu fast hos mor samtidig med at spørsmålet om samværsrett blir avgjort og omfanget fastsett.
(41)Det er i alle tilfelle spørsmål om kor stor vekt mor sine vanskar med samvær kan ha, når premissen er at dottera skal bu fast hos mor. Eg viser her til opplysningane i saka om at dottera har gått inn i ei form for omsorgsrolle for mor. C har såleis hatt eit fråver frå skolen som i første klasse var på 45 dagar og 28 timar og som også seinare har vore svært omfattande. C har fortalt til læraren at ho står opp dei dagane ho ikkje kjem på skolen eller kjem for seint, men at ho ikkje kjem på skolen fordi mor er sjuk.
(42)Situasjonen i dag er klart problematisk for C, sjølv om opplysningane om henne går ut på at ho klarer seg bra og er flink og godt tilpassa på skolen. Det er i alle fall eit sterkt behov for at ho får høve til samvær med far og hans familie, som det må leggjast til grunn er ein alminneleg og velfungerande familie.
(43)Ei samværsordning bør setjast i verk relativt raskt, med ein kort oppstartfase der far og dotter kan bli kjende med kvarandre før det blir vanleg samvær. Det må fastsetjast ein detaljert plan for samvær. Ved utforminga byggjer eg i hovudsak på den tilrådinga dei sakkunnige har gitt.
(44)A må på vanleg måte hente dottera for samvær. Det er ikkje grunnlag for å fastsetje noka form for tilsyn.
(45)Sjølv om avgjerda ikkje har gitt grunn til tvil, har saka hatt eit visst prinsipielt tilsnitt og reist slike spørsmål at partane bør dekkje eigne sakskostnader. Begge partane har elles hatt fri sakførsel for Høgsterett. Det er ikkje grunn til å endre sakskostnadsavgjerda for dei tidlegare rettane. Det er det heller ikkje for motanken frå A i lagmannsretten, sjølv om lagmannsretten der har vist til tvistemålslova § 172 og ikkje til § 180 første ledd.
(46)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. A har rett til samvær med dottera C, fødd 4. juni 1998, frå 1. august 2007 som fastsett i denne dommen. 2. Det skal vere rett til slikt samvær i ein tilvenningsperiode: - Onsdag 1. august 2007 klokka 16 – 19. - Onsdag 8. august 2007 klokka 16 – 19. - Søndag 12. august 2007 klokka 14 – 18. - Laurdag 18. august 2007 klokka 16 til søndag 19. august 2007 klokka 16. 3. Det skal vere rett til slikt samvær som fast ordning: - Frå fredag etter skoletid til måndag til skoletid anna kvar helg, første gong med start fredag 24. august 2007. - Frå jule- og nyttårsferien 2007–2008 skiftevis anna kvar jule- eller nyttårsferie, frå skolen sluttar til skolen startar, med skifte 3. juledag klokka 13. Samværet første jule- og nyttårshelg skal gjelde nyttårshelga, og skal starte 27. desember 2007 klokka 13. - Anna kvar vinterferie, frå skoleslutt fredag før ferien til skolestart første dag etter ferien, første gong i 2008. - Anna kvar påskeferie, frå skoleslutt fredag før påskeferien til skolestart første dag etter ferien, første gong i 2009. - Anna kvar haustferie, frå skoleslutt fredag før haustferien til skolestart første dag etter ferien, første gong i 2009. - Fire veker kvar sommarferie. Samværet skal veksle mellom å vere dei to første heile vekene i skoleferien, deretter skal det vere opphald i to veker, før det igjen er to heile veker samvær; alternativt skal det vere to heile veker utan samvær, dernest to veker med samvær, så to veker utan samvær før det igjen blir to veker med samvær. Samværa startar og sluttar laurdag klokka 12. I 2008 skal samværet starte første heile veka i skoleferien. - Er det ikkje skole på ein dag der samværet skal starte, tek samværet til klokka 15. Er det ikkje skole på ein dag der samværet skal slutte, tek samværet slutt klokka 09. 4. Lagmannsrettens avgjerd i sakskostnadsspørsmålet blir stadfesta. Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.
(47)Dommer Indreberg: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(48)Dommer Endresen: Likeså.
(49)Dommer Skoghøy: Likeså.
(50)Dommer Gjølstad: Likeså.
(51)Etter røystinga sa Høgsterett slik