Dommarane: Utgård, Stabel, Falkanger, Endresen, Tjomsland Hovudspørsmålet i saka gjaldt utmåling av straff etter lekamskrenking og lekamsskading og etter uforsvarleg køyring med bil. I tillegg var det spørsmål om utmåling av oppreising til offer for lekamskrenkinga. Det var tale om handlingar ved tre ulike høve. Den første fann stad om natta under ein fest i den dømde, A, si leilegheit. Ein festdeltakar ”yppa” til bråk med A, som då slo til vedkomande med ei flaske. Festdeltakaren vart gjennom fleire slag påført kutt både i panne, kinn og hake. A vart for dette funnen skuldig i brot på straffelova § 229, jf. § 232. Den andre handlinga skjedde også ei natt under ein privat fest. B som var slått ned av ein annan festdeltakar enn den dømde, låg heilt stille, medvitslaus eller i alle fall heilt urørleg, på golvet. A kom til og trampa eller stampa éin gong hardt på magen til B. Det viste seg at ”hovudgangen” til bukspyrtkjertelen då vart riven av, noko som gjorde det nødvendig å fjerne halve kjertelen. Som ein følgje av dette måtte også milten fjernast. Tingretten hadde kome til at det ikkje låg føre sannsynlegforsett for skadefølgje, jf. straffelova § 43, og handlinga gjekk då ikkje inn under straffelova § 229. Det vart derimot lagt til grunn at handlinga vart ramma av straffelova § 228 om lekamskrenking, og at det var påført stor smerte slik at andre ledd første straffalternativ kom til bruk. Den tredje handlinga vart omtala som villmannskøyring. Dette skjedde i alkoholpåverka tilstand. Høgsterett sette straffa til fengsel i 9 månader ut frå ei samla vurdering. Det vart vist til at det ikkje kunne leggjast vekt på skadefølgjen – betydleg skade – ved trakket på magen til B når A ikkje var domfelt for dette, jf. Rt. 2007 side 37. Det kunne derimot leggjast vekt på farepotensialet ved ei slik handling. Det hadde ei viss vekt at A etter å ha vorte diagnostisert med og fått medisinar mot ADHD-lidinga, hadde kome i fast arbeid og også fått orden på privatlivet. Dei tidlegare rettane hadde utmålt oppreising for ikkje-økonomisk skade til B til 70 000 kroner. Høgsterett viste til at skuldkravet i skadebotlova § 3-5 går på sjølve handlinga. Skadefølgja er etter denne regelen omfatta der ho er pårekneleg, og det var situasjonen her. Ved utmålinga kom det inn at fjerninga av milten inneber ei varig svekking av immunforsvaret, med sjanse for alvorlege konsekvensar seinare. På dette punktet vart den dømde sin anke etter dette forkasta.
(1)Dommar Utgård: Hovudspørsmålet i saka gjeld utmåling av straff etter lekamskrenking og lekamsskading og etter uforsvarleg køyring med bil. I tillegg er det spørsmål om utmåling av oppreising til offer for lekamskrenkinga.
(2)Larvik tingrett sa 6. juli 2006 dom med slik slutning: ”1. A, f. 00.00.87, dømmes for overtredelse av strl. § 229, 1. str.alt., strl. § 228, 2. ledd, strl. § 182, 1. ledd, 2. str.alt., vegtrafikkl. § 31, 1. ledd, jfr. § 3, vegtrafikkl. § 31, 1. – 3. ledd, jfr. § 22, 1. ledd, vegtrafikkl. § 31, 1. ledd, jfr. § 24, 1. ledd, 1. pkt., vegtrafikkl. § 31, 1. ledd, jfr. § 10, 1. ledd, vegtrafikkl. § 31, 1. ledd, jfr. § 5, 1. ledd, jfr. 2. ledd, jfr. skiltforskriftens § 8, vegrafikkl. § 31, 1. ledd, jfr. § 17, 1. ledd og bilansvarsl. § 20, alt sammenholdt med strl. § 62, 1. ledd og § 63, 2. ledd, til en straff av fengsel i 2 – to – år. Til fradrag i straffen går 53 – femtitre – dagers utholdt varetektsfengsel. Dommen er en fellesstraff med den betingede del av Larvik tingretts dom av 18.05.05. 2. A, f. 00.00.87, dømmes i medhold av forskrift av 19.12.03 § 4-1, jfr. § 3-2 og § 3-3, til tap av retten til å erverve førerkort for et tidsrom av 3 – tre – år regnet fra 20.05.06. 3. A, f. 00.00.87, dømmes til innen 14 – fjorten – dager fra denne doms forkynning å betale erstatning til B med kr. 235. 4. A, f. 00.00.87, dømmes til innen 14 – fjorten – dager fra denne doms forkynning å betale erstatning til - C med kr. 29.650 - D og E med kr. 12.840 - Lågen Bolig AS med kr. 14.400 - Asbjørn Næss Transport AS med kr. 6.557 5. A, f. 00.00.87, dømmes til innen 14 – fjorten – dager etter denne doms forkynning å betale oppreisning til C med kr. 70.000. 6. Alle erstatningskrav nevnt i punktene 3 – 5 tilkommer lovens forsinkelsesrente, pt. 9,5 %, fra forfall og til betaling skjer.”
(3)A anka dommen til Agder lagmannsrett. Anken gjaldt reaksjonsfastsetjinga, medrekna tapet av retten til å få førarrett til førarkortpliktig motorvogn og dessutan fastsetjinga av oppreisingssum til C. Med unntak av spørsmålet om tap av retten til å få førarrett, vart anken vist til behandling i lagmannsretten.
(4)Agder lagmannsrett sa dom 13. oktober 2006 med slik slutning: ”1. I tingrettens dom, domsslutningen punkt 1, gjøres den endring at straffen settes til fengsel i 1 – ett – år og 2 – to – måneder. Til fradrag i straffen går 53 – femtitre – dager for utholdt varetekt. Dommen er en fellesstraff med den betingede del av Larvik tingretts dom av 18. mai 2005. 2. A, født 00.00.1987, dømmes til tap av retten til å erverve førerkort for et tidsrom av 3 – tre – år regnet fra 20. mai 2006. 3. Tingrettens dom vedrørende oppreisningskravet, domsslutningen punkt 5, stadfestes.”
(5)Domfelte har anka vidare til Høgsterett over straffutmåling og over utmåling av oppreising. I tillegg har forsvararen utanom anken gjort gjeldande at det ligg føre feil lovbruk når det i høve til krenkinga av C er lagt til grunn å liggje føre ”betydelig smerte” etter straffelova § 228 andre ledd første straffalternativ. Aktor for Høgsterett har sett fram påstand om at straffa vert sett til fengsel i eitt år.
(6)Eg er komen til at anken over straffutmålinga bør takast til følgje og straffa setjast noko ned, men at anken over utmåling av oppreising må forkastast.
(7)Domfellinga gjeld handlingar til tre ulike tidspunkt, frå oktober 2005 til mai 2006. Eg skal behandle desse i tidsrekkefølgje. Som det gjekk fram av omtalen av dommane i saka, vart skuldspørsmålet avgjort i tingretten. Den faktiske omtalen av handlingane byggjer derfor i hovudsak på det som vart lagt til grunn der.
(8)Den første handlinga skjedd natt til søndag 23. oktober 2005 då det var fest i domfelte si leilegheit. Det var drukke store mengder alkohol om kvelden og natta. Tingretten har lagt til grunn at den krenkte ved dette høvet, B, ”under festen yppet til bråk med tiltalte, og fortsatte med dette også etter at tiltalte hadde bedt ham om å slutte”. B vart påført kutt både i panne, kinn og hake av domfelte. Retten fann domfelte skuldig i å ha påført skaden ved fleire slag med ei flaske. Det vart lagt til grunn at flaske brukt på dette viset må reknast som ”særlig farlig redskap”. A vart funnen skuldig i samsvar med tiltalevedtaket, som innebar brot på straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232. Det er såleis eit reint mistak når tingretten ikkje viste til straffelova § 232 i domsslutninga.
(9)Den neste handlinga skjedde natt til 30. desember 2005, då domfelte var på fest hos ein kamerat. Den krenkte, C, hadde vorte liggjande i ei snøfonn, etter at han hadde vorte slått ned inne i huset av ein annan enn domfelte A. Det kom til ein festdeltakar som hadde kunnskapar i førstehjelp, og han konkluderte med at C var medvitslaus. Den krenkte vart dregen inn i huset. Der fekk han eit teppe over seg, i det han skalv. Ein tredje person la ei pute under hovudet på den krenkte, og slo deretter denne i ansiktet med knytt hand. Den krenkte starta då å blø frå open munn. Vedkomande med kunnskapar i førstehjelp sette seg deretter på huk ved sida av den krenkte og prøvde å ta seg av han. Den krenkte låg på dette tidspunktet heilt stille på golvet. Domfelte kom på dette tidspunktet forbi der C låg. Tingretten har lagt til grunn at ”tiltalte … tråkket/stampet fornærmede, C, én gang hardt i mageregionen”.
(10)Som ein følgje av dette fekk C rive av ”hovudgangen” i bukspyttkjertelen, noko som gjorde det nødvendig å fjerne halve kjertelen. Milten vart ikkje skadd, men av omsyn til samanhengen mellom den skadde delen av bukspyttkjertelen og milten vart også den sistnemnde fjerna. Dette vart gjort ut frå faren for etterfølgjande komplikasjonar.
(11)Tingretten kom til at sjølve trakket var gjort forsettleg. Derimot la tingretten til grunn at det ikkje låg føre sannsynlegforsett for skadefølgje, jf. straffelova § 43. Ut frå dette kunne handlinga ikkje bli ramma av straffelova § 229 om lekamsskading. Tingretten la til grunn at handlinga vart ramma av straffelova § 228, og at vilkåra i straffelova § 43 var til stades når det gjaldt at den krenkte var påført stor smerte. Det vart også lagt til grunn at straffelova § 232 kjem til bruk og i den samanhengen heiter det at det var ”en særs brutal, rå og uprovosert handling som ble foretatt overfor et totalt forsvarsløst menneske”.
(12)Den tredje handlinga gjeld brot på trafikklovgivinga. I tiltalevedtaket post II som gjeld brot på vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 3, er dette omtala slik: ”Natt til lørdag 20. mai 2006 ca kl. 0610 i Larvik kjørte han en VW Golf GTI personbil DE 00000 påsatt falske kjennetegn LS 00000 uten å være tilstrekkelig hensynsfull, aktpågivende og varsom, idet han ved Borgejordet og ved Sletta kjørte på gangstien og kjørte gjennom en bom som ga etter og fikk skader i festene. I ---veien holdt han en hastighet av minst 80 km/t i 50 km-sonen, og mistet kontroll over bilen og skrenset over i motgående kjørefelt og opp på fortauet hvor den snurret rundt. Han fortsatte Frostvedtveien og inn i Hoffsgate hvor han mistet kontroll over kjøretøyet og kjørte inn i en trafokiosk. Det oppsto store materielle skader og personskader på ham selv og to passasjerer.”
(13)I tillegg kjem at domfelte køyrde med promille og at han ikkje hadde førarkort.
(14)I mi vurdering skal eg starte med å sjå på det som er gjort gjeldande utanom anken. Forsvararen har her gjort gjeldande at tingrettens domsgrunnar når det gjeld krenkinga av C, viser at det ikkje ligg føre ”betydelig Smerte” og at vilkåra for å nytte § 228 andre ledd derfor ikkje er til stades. Eg er ikkje einig i dette. Tingretten byggjer på den krenkte si forklaring der han sa at ”tråkket på magen førte til store smerter, og han ”knøt seg sammen””. Den krenkte kom til sjukehuset der han i første omgang vart køyrt heim, trass i at han ”hadde slike smerter at han ikke kunne stå alene”. Retten har så sjølv uttala at handlinga påførte den krenkte ”varige, betydelige skader, langt sykeleie og sterke smerter gjennom lengere tid”. Det heiter også at den krenkte så ”vel før, som i den første tiden etter operasjonen, hadde … konstante, sterke smerter”. Den krenkte låg på Ullevål universitetssykehus i 14 dagar og deretter 3–4 dagar på sentralsjukehuset i Tønsberg.
(15)Ut frå dette kan eg ikkje sjå at det er tvilsamt at det her var slik ”betydelig Smerte” som gjer at handlinga går inn under straffelova § 228 andre ledd. Synsmåten om feil lovbruk kan såleis ikkje føre fram.
(16)Eg går så over til å sjå på straffutmålinga. Det har skjedd handlingar ved tre ulike episodar, som kvar for seg tilseier bruk av fengsel utan vilkår som straff.
(17)Den første av handlingane gjaldt brot på straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232, ved at domfelte brukte flaske som slagvåpen. Eg viser til det eg har sagt tidlegare om kva som skjedde.
(18)Den andre handlinga, der domfelte trampa eller stampa på magen til C, er det derimot grunn til å seie litt meir om. Domfellinga gjaldt som før nemnt straffelova § 228 andre ledd første straffalternativ, jf. § 232. Dette alternativet omfattar ”Skade paa Legeme eller Helbred eller betydelig Smerte”. Tingretten la til grunn at det låg føre ”betydelig Smerte”. Det kan derimot ikkje leggjast vekt på følgjene i den grad det måtte vere slik at dei ville innebere at ”Skaden er betydelig”, jf. straffelova § 228 andre ledd andre straffalternativ. Det er dette som er problemstillinga her. Om så skulle vere tilfelle, kan det ikkje leggjast vekt på at skaden var betydeleg innanfor den ordinære strafferamma, der domfelte er funnen skuldig etter same ledd første straffalternativ. Her viser eg til Rt. 2007 side 37, særleg avsnitta 12 og 13.
(19)Det er då slik at straffa må utmålast på grunnlag av første straffalternativet i § 228 andre ledd, og at det heller ikkje er høve til ved straffutmålinga å ta omsyn til at den påførte skaden var betydeleg. Dette er ein konsekvens av at Høgsterett ikkje kan prøve skuldspørsmålet.
(20)Ved straffutmålinga må det då leggjast til grunn at handlinga førte til betydeleg smerte. I tillegg må det leggjast til grunn at ei slik handling – eit hardt trakk på magen på ein liggjande medvitslaus eller sterkt rusa person – har eit stort farepotensiale, jf. her også Rt. 2007 side 37 avsnitt 10. Handlinga skjedde under graverande omstende mot ein forsvarslaus person utan nokon som helst grunn, og ho går såleis klart inn under straffelova § 232. Det er likevel ein konsekvens av den forståinga av følgjeprinsippet som er lagt til grunn i Rt. 2007 side 37, at straffa for dette tilhøvet må bli noko lågare enn om straffelova § 43 hadde kome til bruk i høve til skaden.
(21)Forgåinga etter vegtrafikklova måtte, som før nemnt, også åleine føre til straff av fengsel utan vilkår.
(22)Det skal no utmålast ei fellesstraff med vilkårsdelen på fengsel i 15 dagar av Larvik tingretts dom av 18. mai 2005. Dommen var på fengsel i alt 30 dagar for brot på straffelova § 229 første straffalternativ.
(23)Domfelte er diagnostisert til å ha ei ADHD-liding. Det må leggjast til grunn at domfelte – utan at han kunne lastast for det – var utan medisinar ved dei to valdshandlingane. Han må likevel ha vore klar over det, og drakk likevel store mengder alkohol, slik at dette momentet i seg sjølv har avgrensa vekt. Under villmannskøyringa med bil hadde han teke ADHD-medisinar.
(24)Det er ei anna side ved behandlinga med ADHD-medisinar som er av større interesse. I 2004 skreiv As primærlege eit brev til den lokale psykiatriske poliklinikken. Legen skreiv at sosialkontoret la til grunn at A, som då budde åleine og var utan jobb, hadde lite struktur på livet sitt, og at han av medisinske grunnar også ville ha vanskeleg for å skaffe seg arbeid. Sosialkontoret og legen var einige om at å ta saka vidare til A-etat og trygdekontor. Legen bad om at A var utgreidd med tanke på ADHD og at han eventuelt fekk behandling. Dette førte til diagnose og til behandling gjennom medisinering. A er no i ordinært, fast arbeid, og han er også etablert med sambuar. Ho har eitt barn som han tek del i den praktiske omsorga for. – A er ikkje registrert med nye strafflagde handlingar etter dei som saka no gjeld.
(25)Eg er på bakgrunn av dei omstenda eg til no har gjort greie for, komen til at den utmålte straffa er noko for streng, og meiner at ei høveleg straff vil vere fengsel i 9 månader. Sjølv om det har vore ei positiv utvikling hos domfelte, kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for samfunnsstraff i denne situasjonen.
(26)Eg går så over til å vurdere spørsmålet om oppreising. Anken gjeld pålegging av oppreising til C med 70 000 kroner.
(27)Oppreisingskravet har heimel i skadebotlova § 3-5. Det er ikkje tvil om at skuldkravet – forsett eller grov aktløyse – er oppfylt. Dette skuldkravet går på sjølve handlinga, jf. til dømes Rt. 1999 side 887. Skadefølgja vil etter vanlege skadebotprinsipp vere omfatta der ho er pårekneleg. Til liks med dei tidlegare rettane legg eg til grunn at den skaden C vart påført, er pårekneleg. At eit slikt trakk får alvorlege følgjer, må klart liggje innanfor det ein utøvar må sjå på som innanfor det som det må reknast med.
(28)Ved utmålinga av oppreising viser eg til det eg tidlegare har sagt om skaden. I tillegg, og det må ha stor vekt ved utmålinga, kjem at C som følgje av handlinga har fått eit varig svekt immunforsvar. Av sakkunnig rapport frå overlege Hans-Olaf Johannessen datert 17. februar 2006 går det fram at miltfjerninga inneber eit livsvarig nedsett immunforsvar, særleg mot visse typar innkapsla bakteriar, og at slike infeksjonar kan vere livsfarlege overfor personar som har fått fjerna milten. Den sakkunnige har vurdert det til at det generelt ligg føre ein 5 prosent livtidssjanse for livstruande infeksjonssjukdommar grunna miltfjerning. Det er også ein viss auka risiko for seinare sukkersjuke. Dei påførte skadane vil såleis ha livslang innverknad på livskvaliteten hos C.
(29)Fastsetjinga av summen i oppreising må bli skjønnsmessig. Som dei tidlegare rettane meiner eg 70 000 kroner er passande.
(30)Det er nokre feil i tingrettens domsslutning, og eg finn det derfor tenleg å utforme ei ny domsslutning for straffespørsmålet.
(31)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. A, fødd 00.00.1985, blir dømd for brot på straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232, straffelova § 228 andre ledd første straffalternativ, jf. § 232, straffelova< § 182 første ledd andre straffalternativ, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 3, vegtrafikklova § 31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 24 første ledd første punktum, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 10 første ledd, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 5 første ledd, jf. andre ledd, jf. skiltforskriftene § 8, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 17 første ledd og bilansvarslova § 20, alt samanhalde med straffelova § 62 første ledd, § 63 andre ledd og § 61, til ei straff av fengsel i 9 – ni – månader. Dommen er ei fellesstraff med vilkårsdelen av Larvik tingretts dom av 18. mai 2005, jf. straffelova § 54 nr. 3. Til frådrag i straffa går 53 – femtitre – dagar for uthalden varetekt. 2. Anken over utmålinga av oppreising til C blir forkasta.
(32)Dommer Stabel: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(33)Kst. dommer Falkanger: Likeså.
(34)Dommer Endresen: Likeså.
(35)Dommer Tjomsland: Likeså.
(36)Etter røystinga sa Høgsterett slik