Dommarane: Utgård, Falkanger, Endresen, Bruzelius, Gjølstad Utmåling av oppreising til krenkt. Hovudspørsmålet i saka var om det skulle givast dom på forvaring overfor ein 22 år gammal ikkje tidlegare straffedømd mann, etter domfelling for fire tilfelle av valdtekt, eller om det skulle nyttast tidsfastsett straff. Det var også spørsmål om utmålingsprinsippa for oppreising for eit tilfelle av valdtekt som skjedde i 1999. Høgsterett kom til at det måtte nyttast ei tidsfastsett straff på fengsel i fem år, som var det same som tingretten hadde kome til – likevel slik at han der var domfelt for ytterlegare ei valdtekt eller i alt fem valdtekter. Lagmannsretten hadde under dissens frå ein lagdommar fastsett straffa til forvaring med ei tidsramme på seks år og ei minstetid på fire år. Ut frå ein gjennomgang av handlingane og ut frå personundersøking og fråsegn frå rettsoppnemnde sakkunnige, vart det uttala at det var vanskeleg å seie anna enn at det var fare for gjentaking, om ein tenkte seg at den dømde vart sett fri på domstidspunktet. Samtidig vart det vist til at domfelte ikkje tidlegare hadde fått straffereaksjonar og at det var tale om ein ung person i denne samanheng. Vurderinga av tilbakefallsfaren vil vere meir usikker til yngre lovbrytarar det er tale om. Vurderinga på dette punktet var ikkje tvillaus. Bruk av forvaring måtte målast opp mot ei tidsfastsett straff, som her måtte vere fengsel i fem år. Om det var nødvendig med bruk av forvaring ut frå omsynet til samfunnsvernet, måtte vurderast ut frå situasjonen ved soning av fengselsstraffa utan prøvelauslating. Det vart då vist til at domfelte var relativt ung på handlingstidspunktet – mellom 20 og 21 år ved dei siste handlingane. I praksis har det vore ei viss varsemd med å nytte forvaring overfor slike unge lovbrytarar. Han har heller tidlegare ikkje fått den korreksjonen som ligg i bruken av fengselsstraff. I lys av dette var det i det minste slik tvil om det var tilstrekkeleg grunnlag for å nytte forvaring, at denne tvilen måtte slå gjennom. Straffa vart ut frå dette sett til fengsel i fem år. Anken over utmåling av oppreising til 75 000 kroner for ei valdtekt i 1999 kunne ikkje føre fram, sjølv om nivået på oppreising fastsett i 1999 var lågare enn dette. Det vart vist til at det har skjedd ei gradvis endring i straffenivået for valdtekt dei seinare åra. Dette skjedde også før lovendring i 2000, og det bygde på ei endra oppfatning av skadeverknadene av valdtekt. Det må då også vere høve til ei justering av utmålingane. Endringane hadde dels også samanheng med endringar i pengeverdien.
(1)Dommar Utgård: Hovudspørsmålet i saka er om det skal givast dom på forvaring overfor ein 22 år gammal ikkje tidlegare straffedømd mann, etter domfelling for fire tilfelle av valdtekt eller om det skal nyttast tidsfastsett straff. Det er også spørsmål om utmålingsprinsippa for oppreising for eit tilfelle av valdtekt som skjedde i 1999.
(2)Haugesund tingrett sa 7. juli 2006 dom med slik domsslutning: ”A, født 07.07.1984, dømmes for overtredelse av strl. § 192 første og annet ledd, strl. § 200 første ledd, strl. § 222 første ledd første straffalternativ, strl. § 228 første, jf annet ledd og strl. § 257, jf § 258 til fengsel i 3 – tre – år og 6 – seks – måneder, jf. straffeloven § 62 og § 63 annet ledd. Varetekt kommer til fradrag med 20 – tjue – dager. A, f. 07.07.1984 dømmes til, innen 2 – to – uker fra dommens forkynnelse å betale slik oppreisning: a) kr. 100.000,- – etthundretusen – til B. b) kr. 100.000,- – etthundretusen – til C. c) kr. 100.000,- – etthundretusen – til D.”
(3)Det vart så reist ny tiltale for andre tilhøve. Ut frå denne tiltalen sa Haugesund tingrett dom 30. november 2006 med denne domsslutninga: ”I A, født 07.07.1984, dømmes for: 1 overtredelse av: Strl § 192, 1. ledd, 2. straffealternativ (slik bestemmelsen lød før 25. august 2000) 1 overtredelse av: Strl § 192, 1. ledd, litra a, jfr. 2. ledd, litra a Gjerningstidspunkt: 26. november 1999 og 14. desember 2005. Straffen settes til: Fengsel i 1 – ett – år og 6 – seks – måneder. Dette som en særskilt dom i forhold til Haugesund tingretts dom av 7. juli 2006. Straffeutmålingsbestemmelsene i strl. § 62 og § 64 er gitt anvendelse ved straffeutmålingen. Til fradrag i straffen går 3 – tre – dager for utholdt varetektsarrest. II A, født 07.07.1984 dømmes til å betale oppreisningserstatning til E med kr. 100.000,- – kroneretthundretusen – og F med kr. 50.000,- – kronerfemtitusen –. Beløpene forfaller til betaling 14 dager etter dommens forkynnelse.”
(4)A anka til lagmannsretten over bevisvurderinga under skuldspørsmålet for begge dommane, men avgrensa til enkelte tiltalepostar. Ankane vart viste til ankebehandling og sameina til felles behandling.
(5)Gulating lagmannsrett sa 19. januar 2007 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 7. juli 1984, dømmes for overtredelse av straffeloven § 192 første ledd annet straffalternativ og straffeloven § 192 første ledd bokstav a) og b), jf. annet ledd bokstav a), samt de forhold som er rettskraftig avgjort ved Haugesund tingretts dom 7. juli 2006 til forvaring i medhold av straffeloven § 39 c nr. 1, med en tidsramme på 6 – seks – år, og en minstetid på 4 – fire – år, jf. straffeloven § 39e første og annet ledd. I tidsrammen og minstetiden gjøres et fradrag på 23 – tjuetre – dager for utholdt varetekt. 2. A frifinnes for ett tilfelle av overtredelse av straffeloven § 192 første ledd jf. annet ledd. 3. A betaler i oppreisningserstatning til B 100 000 – etthundretusen – kroner. 4. A betaler i oppreisningserstatning til C 125 000 – etthundreogtjuefemtusenkroner –. 5. A betaler i oppreisningserstatning til D 50 000 – femtitusen – kroner. 6. A betaler i oppreisningserstatning til E 100 000 – etthundretusen – kroner. 7. A betaler i oppreisningserstatning til F 75 000 – syttifemtusen – kroner.”
(6)Ein dommar dissenterte og røysta for at straffa vart sett til fengsel i 5 år.
(7)A har anka til Høgsterett og gjer gjeldande at det skulle vore nytta tidsfastsett straff og ikkje forvaring. Han har også anka over utmålinga av oppreisinga til F.
(8)Eg er under sterk tvil komen til at anken i forvaringssspørsmålet bør takast til følgje, men at anken bør forkastast når det gjeld utmåling av oppreising.
(9)Eg startar med anken over fastsetjing av forvaring som straff.
(10)Etter straffelova § 39c er det grunnleggjande vilkåret for forvaring at ei tidsfastsett straff ikkje blir rekna å vere tilstrekkeleg til å verne samfunnet. Dei nærare vilkåra følgjer av alternative nr., og det er nr. 1 som gjeld for saka no. Etter dette må domfellinga for det første gjelde visse nærare opprekna typar alvorlege brotsverk, mellom dei seksualbrotsverk. Men det er også stilt særskilde krav til fare i § 39c nr. 1: ”I tillegg må det antas å være en nærliggende fare for at lovbryteren på nytt vil begå en slik forbrytelse. Ved farevurderingen skal det legges vekt på den begåtte forbrytelsen eller forsøket sammenholdt særlig med lovbryterens atferd og sosiale og personlige funksjonsevne. Det skal særlig legges vekt på om lovbryteren tidligere har begått eller forsøkt å begå en forbrytelse som nevnt i første punktum.”
(11)Hovudspørsmåla som eg skal sjå på, er først om det er nærliggjande fare, slik dette er regulert i det nett siterte, og dernest blir det spørsmål om tidsfastsett straff i tilfelle må reknast å vere tilstrekkeleg til å verne samfunnet.
(12)Ved farevurderinga må det takast utgangspunkt i det A er dømd for og i hans personlegdom og hans sosiale funksjonsevne. Eg startar med det han no er domfelt for. Som det då går fram av dei siterte domskonklusjonane, er A dømd for fleire alvorlege brotsverk – i hovudsak seksualbrotsverk.
(13)Den 26. november 1999, då domfelte var 15 år, var han på ungdomsfest hos ein skolekamerat. Der var også ei jamgammal jente frå klassa, F. Det vart drukke alkohol. Ut på kvelden vart ho med domfelte til ei hytte eit par hundre meter frå huset, der han hadde sagt til henne at det var meir å drikke. Då dei kom inn i hytta fekk han henne til å gå opp på ein trong hems, der han la seg over henne og trekte buksa hennar ned over knea. Han tok deretter ut ein tampong ho hadde grunna menstruasjon, og valdtok henne medan han heldt henne fast. Den krenkte gjorde heile tida motstand, og klarte til slutt å sparke han slik at han måtte avslutte før sædavgang. Ho klarte deretter å kome seg bort.
(14)Mot slutten av 2003 vart domfelte kjend med C. I lagmannsrettsdommen er det uttala at begge var i drift den aktuelle perioden, utan skolegang eller arbeid, og med ein kvardag prega av rusmisbruk og festing. Ein gong denne vinteren – etter at dei hadde vore på fest – overnatta C hos domfelte. Etter at ho var komen i djup søvn, trekte domfelte ned buksa hennar og hadde samleie med henne. Ho vakna etterkvart. Han avslutta då samleiet utan å ha hatt sædavgang. Den krenkte hadde ikkje hatt samleie tidlegare.
(15)Natt til 11. november 2004 var domfelte på besøk hos B, der det også var fleire, og der alle etterkvart vart rusa. Ho vart dårleg og la seg til å sove med kleda på. Han la seg avkledd i senga hennar og tok etter ei stund også av henne kleda. Han starta samleie med henne medan ho sov. Ho vakna og bad han halde opp. Han heldt henne fast og avslutta først samleiet då ho klarte å dytte han av seg.
(16)Om ettermiddagen 14. desember 2005 tok domfelte med seg E på køyretur. Han hadde vorte kjend med henne dagen før. Køyreturen enda på ein ganske øyde stad med liten trafikk. Ho avviste der seksuelle tilnærmingar. Han heldt henne så på fanget, før han løfta og dytta henne over i baksetet, der han gjennomførte samleie. Ho gjorde den motstanden ho klarte. Han hadde sædavgang i skjeden hennar.
(17)Som det går fram av dette gjeld domfellinga såleis fire tilfelle av valdtekt, jf. straffelova § 192 første og andre ledd. For domfellinga i høve til F for handlinga i 1999 er domfellinga bygd på ordlyden i § 192 første ledd andre straffalternativ slik denne var før lovendringa i 2000. For desse fire postane vart skuldspørsmålet avgjort i lagmannsretten. Som det går fram av domsslutninga frå lagmannsretten, vart A der frifunnen for eitt tilfelle av valdtekt, men for same tilhøve pålagd å betale oppreising til den krenkte.
(18)I tillegg er det nokre postar der skuldspørsmålet vart endeleg avgjorde av tingretten. Domfelte vart der funnen skuldig i ein gong i mars 2005 å ha teipa C på armar, kne og anklar og å ha kyssa henne på brysta medan ho prøvde å kome seg laus. Han prøvde også å trekkje ned buksa hennar for å ta på kjønnsorganet. Domfelte er vidare funnen skuldig i ein gong i juli 2005 å ha teke på brysta til G mot viljen hennar – samtidig som han reint fysisk hindra henne frå å kome ut av rommet der dei var. Domfelte vart også funnen skuldig i eit tilfelle av grovt tjuveri, jf. straffelova § 257, jf. § 258, og ei lekamskrenking med skadefølgje, jf. straffelova § 228 første ledd, jf. andre ledd.
(19)Domfelte er botlagd fire gonger. Det er tale om to bøter for trafikkforgåingar, ei for heleri og ei for brot på legemiddellova. Desse bøtene har ikkje relevans for vurderinga no.
(20)Det sentrale ved forvaringsvurderinga så langt det gjeld strafflagde handlingar, er såleis dei tilhøva han no er dømd for. Det er tale om handlingar over ein lang tidsperiode, og det er tale om fleire alvorlege handlingar. Dei grovaste og også dei som var mest planlagde var etter mitt syn den første og den siste valdtekta. I tillegg kjem at tilhøva i mars og i juli 2005 er med på å kaste lys over domfelte sin mangel på respekt for kvinner og for det lovverket som skal verne den enkelte sin råderett over eigen seksualitet. I tillegg til at det er tale om mange handlingar, er det tale om handlingar som starta medan den dømde var ganske ung, og som gir uttrykk for eit mønster i hans handlemåte. Dette mønsteret vil vere eit viktig element når tilbakefallsfaren skal vurderast.
(21)Den domfelte si sosiale og personlege funksjonsevne utanom dei aktuelle handlingane, vil også kaste lys over tilbakefallsfaren. Eg viser her først til personundersøkinga. Det går fram av denne at den dømde hadde problem i skolen, og at han ikkje har fullført vidaregåande utdanning. Han har hatt omfattande problem med rus. Domfelte blir karakterisert som umogen,
(22)For dei tidlegare rettane vart det lagt fram ei fråsegn frå oppnemnde sakkunnige, psykiater Michael Setsaas og psykolog, dr. philos Jim Aage Nøttestad. Fråsegna vart ajourført for lagmannsretten, og dei to stod fast ved konklusjonane etter å følgd forhandlingane der. Det vart konkludert med følgjande diagnosar: ”F60.2 Dyssosial personlighetsforstyrrelse F70.0 Lett psykisk utviklingshemning F19.2 Psykiske lidelser og adferdsfortyrrelser som skyldes bruk av multiple stoffer eller andre psykoaktive stoffer, avhengighetssyndrom, for tiden på vedlikeholdsbehandling (kontrollert avhengighet).”
(23)I tilknyting til den første diagnosen heiter det i fråsegna: ”De sakkyndige legger til grunn ... at observanden over flere år har oppvist dyssosial adferd og gjentatte ganger har vært i konflikt med samfunnet. Han er tidligere straffedømt og er nu funnet skyldig i fire voldtekter med adferdspreget vold, trusler og tvang over et langt tidsrom. Han fremstår bagatelliserende, ansvarsfraskrivende og projiserende med manglende empati. Observandens forhold til kvinner, for det meste yngre enn ham selv, og evne til å knytte til seg forhold samt tendens til promiskuøs adferd bærer preg av manipulative trekk overfor noen av kvinnene som for de sakkyndige fremstår sårbar og til dels med psykiske plager på tidspunktet for handlingene.”
(24)Domfelte er ikkje tidlegare ”straffedømt”, jf. det eg har sagt tidlegare. Eg er også noko tvilande til det faktiske grunnlaget når det er sagt at han over fleire år ”har vært i konflikt med samfunnet”. At han har utvist dyssosial åtferd kan derimot ikkje vere tvilsamt. Sjølve diagnostiseringa går eg ikkje nærare inn på, jf. her elles Rt. 2004 side 209 avsnitt 17.
(25)Når det gjeld dei kliniske faktorane, la dei sakkunnige til grunn at den dømde fungerer marginalt og svarande til psykisk utviklingshemming, grensande til normalområdet. Dei uttala vidare: ”Observanden anses følgelig fortsatt å ville fungere noe marginalt, herunder gjelder dette også i parforhold, sosiale relasjoner, arbeidsforhold, seksuelle forhold og med et redusert ord- og begrepsapparat med tendens til konkret tenkning. Manglende forståelse og tolkning av andres behov, verbale uttrykk og kroppssprog antas å utgjøre et hinder for god samhandling med andre mennesker. Hans personlighetsforstyrrelse, psykiske utviklingshemning og marginale funksjon antas å utgjøre en risikofaktor for fremtidig rusmisbruk.”
(26)Noko seinare i utgreiinga er det så uttala: ”Observandens lidelser er av kronisk og vedvarende karakter uten potensiale til særlig bedring over tid og så vel hans psykiske utviklingshemning som alvorlige personlighetsforstyrrelse anses som klare risikofaktorer for fremtidig seksualisert voldsadferd. Et gjennomgående trekk ved observandens beskrivelse av den seksuelle aktiviteten han har bedrevet er en bagatellisering, ansvarsfraskrivelse, projisering, manipulering og minimalisering av egen deltagelse og dermed en minimalisering av eget ansvar for det som er skjedd. Han beskriver seg selv som et passivt objekt for det handlende subjekts, kvinnenes handlinger.”
(27)Opplysningane som kjem fram i personundersøkinga og i fråsegna frå dei sakkunnige blir saman med dei tilhøva domfellinga gjeld, grunnlaget når det så skal vurderast om det er nærliggjande fare for at A vil gjere alvorleg brotsverk på ny. Domfelte er som nemnt, funnen skuldig i fire alvorlege seksualbrotsverk over ein periode på vel 6 år. I tillegg kjem dei to andre handlingane som eg har omtala. Fråsegna frå dei sakkunnige gir uttrykk for at A har ei sosial tilpassing og ei personleg fungeringsevne som gir grunn til stor uro for kva som vidare vil kunne skje.
(28)Når det gjeld risikoen for gjentaking, er det samtidig slik at lovføresegna i § 39c nr. 1 inneber at det særleg skal leggjast vekt på om den dømde tidlegare har gjort eller prøvd å gjere eit slikt brotsverk. Det er då tale om tidlegare domfellingar, jf. Rt. 2006 side 641 avsnitt 10. Ved ei totalvurdering av gjentakingsfaren er handlingar innanfor same sak derimot relevante. Det er såleis ikkje noko til hinder for at det kan nyttast forvaring alt ved første domfelling. Her viser eg også til Rt. 2006 side 1033, der det i avsnitt 15 mellom anna heiter: ”Dersom domfelte tidligere er dømt for en alvorlig forbrytelse, ligger terskelen med hensyn til de objektive holdepunkter for gjentakelsesfare ikke så høyt som når det skal idømmes forvaring på grunnlag av den første alvorlig forbrytelse, jf. Rt. 2004 side 1952 avsnitt 22 og Rt. 2004 side 209 avsnittene 15 og 16 med henvisning til Ot.prp. nr. 46 (2000-2001) side 31.”
(29)Samtidig viser eg her til at den dømde ikkje tidlegare har fått alvorlege straffereaksjonar, sjølv om han rett nok var varetektsfengsla eit par veker sommaren 2005, før den siste valdtekta. Det er også tale om ein ung person når det gjeld spørsmålet om bruk av forvaring, der det er vanskeleg å vere sikker. Som påpeika i Straffelovkommisjonens delutgreiing VII, NOU 2002: 4 side 253 vil vurderinga av tilbakefallsfaren vere meir usikker til yngre lovbrytarar det er tale om. Sjølv om det blir teke omsyn til dette, synest eg det likevel er vanskeleg å seie anna enn at det ligg føre fare for gjentaking, om ein tenkjer seg at den dømde vart sett fri i dag. Og det er situasjonen på domstidspunktet som her er avgjerande. Vurderinga på dette punktet er likevel ikkje tvillaus.
(30)Spørsmålet er så om bruk av forvaring er nødvendig av omsyn til samfunnsvernet eller om det vil vere tilstrekkeleg med tidsfastsett straff. Tingretten sette straffa til fengsel i tre år og seks månader i den første dommen og fastsette deretter eit tillegg på eitt år og seks månader ved den andre dommen. I lagmannsretten vart han frifunnen for ein tiltalepost som gjaldt valdtekt, der han var domfelt i tingretten. Fleirtalet i lagmannsretten har uttala at fengselsstraffa burde vere mellom fire og fem år, medan mindretalet meinte straffa burde vere fengsel i fem år.
(31)Etter mitt syn bør forvaring vurderast opp mot ei straff av fengsel i fem år. Det er tale om fire valdtekter og tillegg også to andre seksualbrotsverk. Ei av valdtektene skjedde etter at domfelte hadde fått den åtvaringa som ligg i at han var varetektsfengsla. I tillegg kjem domfellinga for grovt tjuveri og for lekamskrenking med skadefølgje. Når det gjeld valdtektene, nemner eg at den første skjedde i 1999, på eit tidspunkt då domfelte berre var 15 år, og før lovendringa i 2000 som innebar straffeskjerping. Dei andre handlingane skjedde over ca. tre år, frå rundt årsskiftet 2002/2003 og til desember 2005. Straffutmålinga byggjer på ei samla vurdering av handlingane.
(32)Avgjerda av om det er nødvendig med bruk av forvaring, skal byggje på at fengselsstraffa blir sona fullt ut. Det er det maksimale samfunnsvern som den tidsfastsette straffa kan gi, som skal vurderast opp mot det vernet som forvaring vil medføre. Ved denne samanlikninga må det leggjast til grunn at prøvelauslating etter den aktuelle alternative fengselsstraffa ikkje finn stad, jf. straffegjennomføringslova § 42 femte ledd. Om dette viser eg som døme til Rt. 2006 side 309 avsnitt 41. Bruk av forvaring må såleis vurderast opp mot ei straff av fengsel i fem år. Når det gjeld om forvaring er nødvendig, er det etter mitt syn særleg to omstende som må vurderast. A er ikkje straffedømd tidlegare, og han var dessutan relativt ung på handlingstidspunktet – mellom 20 og 21 år ved dei siste handlingane.
(33)Den dømde har såleis ikkje fått den korreksjonen som ligg i bruken av fengselsstraff tidlegare, sjølv om han som nemnt var varetektsfengsla eit par veker sommaren 2005. Eg har vanskeleg for å leggje til grunn at ei såpass lang fengselsstraff er utan verknad, og då særleg overfor ein ung og tidlegare utstraffa. I praksis er det også lagt til grunn ei viss varsemd med å nytte forvaring overfor relativt unge lovbrytarar, jf. såleis Rt. 2002 side 1677 og Rt. 2006 side 641. For Høgsterett er det også opplyst at han vil kunne ha tilgang til tilsvarande behandlingsopplegg under soning av fengselsstraff som han vil ha under forvaring.
(34)Eg har funne avgjerda vanskeleg. Når ung alder blir kombinert med at domfelte ikkje tidlegare er straffa, meiner eg at det i det minste er slik tvil om det er tilstrekkeleg grunn til forvaring, at dette bør slå gjennom.
(35)Eg meiner såleis at straffa bør setjast til fengsel i fem år. Til frådrag kjem 144 dagar for varetekt.
(36)A har også anka over utmålinga av oppreising i høve til valdtekta mot F 26. november 1999. Den krenkte fekk 75 000 kroner. Han har vist til at nivået den gongen var monaleg lågare enn i dag, og at ein høveleg sum ut frå nivået i 1999 bør vere 40 000 kroner. Det er gjort gjeldande at det er ei form for tilbakeverknad når eit nytt nivå blir brukt også for eldre handlingar.
(37)Som før nemnt kan anken her ikkje føre fram. Det har ikkje skjedd endring i lovføresegner om oppreising i den aktuelle perioden. Etter mitt syn kan det ikkje vere til hinder for ei utvikling i utmålingspraksis. Til jamføring kan det visast til at det har skjedd gradvis endring i straffenivået for valdtekt i den seinare tid, særleg frå 1994. Det skjedde også før lovendringa i 2000, og bygde på ei endra oppfatning av skadeverknadene av valdtekt. Tilsvarande må det vere høve til endring av nivået for oppreising. Endringane har dels også samanheng med endringar i pengeverdien.
(38)Det må også vere høve til ei viss standardisering av utmålinga for å unngå at det blir nødvendig med konkret bevisførsel. Slik standardisering må også kunne skje utan omsyn til om handlingane ligg nær i tid eller ligg noko lenger tilbake.
(39)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. I lagmannsrettens dom, domsslutninga punkt 1, blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 5 – fem – år, med frådrag på 144 – eitthundreogførtifire – dagar for uthalden varetekt. 2. Anken over lagmannsrettsdommen når det gjeld oppreising til F, blir forkasta.
(40)Kst. dommer Falkanger: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(41)Dommer Endresen: Likeså.
(42)Dommer Bruzelius: Likeså.
(43)Dommer Gjølstad: Likeså.
(44)Etter røystinga sa Høgsterett slik