Dommarane: Utgård, Bruzelius, Stang Lund, Flock, Gussgard Saka gjaldt spørsmål om inndraging av bil som var brukt ved tjuveri, jf. straffelova § 35 andre ledd. A stal 7. november 2006 tre båtmotorar frå ein båtopplagsplass i X. Dei to kraftigaste motorane var store og tunge. Verdien på motorane var vurdert til ca. 130 000 kroner. Det vart nytta ein bil under tjuveriet, som var gjort med sikte på å frakte motorane til A sitt heimland, Y. A vart domfelt for tjuveriet av Larvik tingrett, som sette straffa til fengsel i fem månader, av dette vart 60 dagar gitt på vilkår. I tillegg vart det fastsett at bilen skulle inndragast i medhald av straffelova § 35. Agder lagmannsrett forkasta anke frå domfelte. For Høgsterett gjaldt spørsmålet inndraging av bilen. Domfelte sjølv meinte bilen hadde ein verdi på 30 000 kroner i Y. Høgsterett la til grunn som eit grovt skjønn at bilen, som er britisk registrert, vil ha ein verdi av same storleik her i landet. Høgsterett forkasta anken over inndraginga. Det vart vist til at det var tale om ei planlagd handling der bruk av bil var heilt avgjerande. Det var ikkje tale om eit meir eller mindre tilfeldig transportmiddel. Verdien på bilen samanhalde med verdien på det som var stole, var då ikkje til hinder for inndraging, sjølv om det må vere ei grense der inndraging står i mishøve til brotsverket. Det kunne ikkje spele inn at verdien av bilen vil utgjere om lag ei årsinntekt i Y, medan verdien berre svarar til ein mindre del av ei årsinntekt i Noreg. Det vart her også vist til at det er eit aukande problem med tjuveri gjorde av personar som kjem frå utlandet og som fraktar tjuvgodset med seg.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmål om inndraging av bil som var brukt ved tjuveri, jf. straffelova § 35 andre ledd.
(2)Larvik tingrett sa 14. november 2006 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1975, dømmes for overtredelse av straffeloven § 257 jf. 258 til en straff av fengsel i 5 – fem – måneder. Fullbyrdelsen av 60 – seksti – dager av straffen utsettes i medhold av straffeloven §§ 52-54 med en prøvetid på 2 – to – år. 2. Varetekt kommer til fradrag med 10 – ti – dager i den ubetingede delen av straffen. 3. I medhold av straffeloven § 35 inndras en VW Passat 1.9TD 1996 modell, kjennetegn 0000 000.”
(3)A anka dommen til Agder lagmannsrett. Anken gjaldt straffutmålinga og inndraginga. Ved orskurd 5. januar 2007 forkasta lagmannsretten anken.
(4)Orskurden er anka vidare til Høgsterett. Anken rettar seg berre mot inndraginga av køyretyet.
(5)Eg er komen til at anken ikkje kan føre fram.
(6)Domfelte kom til Noreg eit par dagar før han natt til 7. november 2006 stal påhengsmotorar frå ein båtopplagsplass i Tjølling. Han har forklart at han og ein kamerat kom til Noreg for å søkje arbeid, og at han då skulle få hjelp hos ein person som han kjende førenamnet på, men som han ikkje veit kvar bur. I tingretten forklarte A at han først planla tjuveriet, og at han og ein annan deretter skaffa seg verkty og så utførte tjuveriet den påfølgjande natta. Planen var etter forklaringa å ta båtmotorane til Litauen for å omsetje dei der. A vart pågripen i Noreg med motorane i bagasjerommet på stasjonsvogna.
(7)Det var tale om tre påhengsmotorar, ein på 115 hk, ein på 60 hk og ein på 9,9 hk. Særleg dei to kraftigaste motorane var store og tunge. Dei tidlegare rettane har lagt til grunn at verdien på motorane til saman var ca. 130 000 kroner.
(8)For lagmannsretten gjorde A gjeldande at bilen, som er britisk registrert, i Litauen har ein verdi på ca. 3 500 euro eller rundt 30 000 norske kroner. Ein slik bil, ferdig registrert, vil nok ha ein høgare verdi her i landet. Aktor for lagmannsretten meinte verdien var dryge 50 000 kroner. Ein eventuell kjøpar her i landet må gjere frådrag for avgifter som følgjer med innførsel. Det kan ut frå det vere eit grovt skjønn at bilen – slik den er registrert – har ein verdi her i landet av same storleik som den har i Litauen.
(9)Det er på det reine, og er heller ikkje omtvista, at det er heimel for inndraging i straffelova § 35 andre ledd. Forsvararen har gjort gjeldande at det ikkje bør skje inndraging, då inndraging vil stå i eit mishøve til handlinga. Det er halde fram at bilen i Litauen vil ha ein verdi som svarar til ei heil årsløn.
(10)Når det gjeld spørsmålet om inndraging bør skje, viser eg først til at det var tale om ei planlagd handling der bruk av bil var heilt avgjerande. Siktemålet var også å nytte bilen til å transportere dei tre motorane ut av landet.
(11)Det var tale om ganske store og tunge motorar, og bruk av bil var heilt nødvendig for å kunne gjennomføre tjuveriet, slik at det ikkje var tale om eit meir eller mindre tilfeldig transportmiddel.
(12)Når bilen såleis vart nytta som reiskap for gjennomføring av planlagde tjuveri, kan eg ikkje sjå at det kan vere til hinder for inndraging at bilen var verdt om lag ein femdel av verdien på det som vart stole. Sjølv om det klart må vere ei grense der inndraging står i mishøve til brotsverket, kan eg ikkje sjå at ein her er nær denne grensa. Ut frå dette er det heller ikkje nokon grunn til å vurdere delvis inndraging.
(13)Eg kan heller ikkje sjå at det kan spele inn at verdien på bilen i Litauen vil utgjere om lag ei årsinntekt, medan verdien berre svarar til ein mindre del av ei årsinntekt i Noreg. Utviklinga har vist at det er eit aukande problem at det blir gjort tjuveri av personar som kjem frå utlandet og som fraktar tjuvgodset med seg. I ein slik situasjon ville det gi eit heilt feil signal om det ut frå skilnader på verdiar i Noreg og i Litauen blir reagert mildare mot A enn det ville vore gjort mot ein person busett i Noreg og som gjorde seg skuldig i same handling.
(14)I vurderinga av om det skal skje inndraging, vil det vere aktuelt å ta omsyn til utmålinga av sjølve straffa for forgåinga. Etter mitt syn er ikkje straffa her fastsett på ein måte som tilseier ei endra vurdering i inndragingsspørsmålet.
(15)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(16)Dommer Bruzelius: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(17)Dommer Stang Lund: Likeså.
(18)Dommer Flock: Likeså.
(19)Dommer Gussgard: Likeså.
(20)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta. Rett utskrift: