Dommarar: Utgård, Indreberg, Stabel, Rieber-Mohn og Schei Brot på tilvisingar under soning av samfunnsstraff. Fullføring av subsidiær fengselsstraff. A var dømd til 150 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 8 månader. Subsidiær fengselsstraff var sett til 5 månader. Gjennomføringstida starta med kartleggingssamtale ved friomsorgskontor 22. august 2005. Etter eit godkjent avbrot i gjennomføringstida gjekk denne ut 8. mai 2006. Ved vedtak 5. mai 2006 vart gjennomføringa avbroten, og det vart litt etter sett fram kravsmål om dom for at den gjenståande høvesvise delen av den subsidiære fengselsstraffa på ti dagar – 15 dagar minus fem dagar for varetekt – skulle fullførast. Både tingrett og lagmannsrett kom til at fullføring skulle skje, og Høgsterett forkasta anken frå domfelte. Det vart vist til det viktige i å ha konsekvente reaksjonar mot brot på tilvisingar og vilkår for gjennomføring av samfunnsstraff. Om så ikkje er tilfelle, vil det på sikt sikt kunne føre til at samfunnsstraff ikkje får den legitimitet ordninga skal ha, og som gjer at denne straffarten blir eit alternativ til fengsel utan vilkår. Dersom brot er bagatellmessige eller det elles framstår som lite rimeleg eller tenleg med soning av subsidiær fengselsstraff, kan det vere grunn til å nytte heimelen i lova til å forlengje gjennomføringstida. Høgsterett la til grunn at domfelte hadde gjort seg skuldig i klare brot på tilvisingane for avtening. Det var då ikkje noko alternativ til soning av den alternative fengselsstraffa.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om soning av resttid av subsidiær fengselsstraff etter brot på tilvisingane for gjennomføring av samfunnsstraff.
(2)Hedmarken tingrett sa 3. august 2006 dom med slik slutning: ”A, f. 00.00.1984 skal avsone resttid subsidiær fengselsstraff etter Larvik tingretts dom av 10. juni 2005 med 10 – ti – dager.”
(3)Ved orskurd 13. desember 2006 forkasta Eidsivating lagmannsrett domfeltes anke.
(4)A har anka lagmannsrettens avgjerd til Høgsterett og gjort gjeldande at han burde fått høve til å fullføre straffa som samfunnsstraff.
(5)Eg er komen til at anken må forkastast.
(6)I straffegjennomføringslova § 54 er det fastsett at domfelte skal gjennomføre samfunnsstraffa etter nærare tilvising frå kriminalomsorga. Der domfelte forsettleg eller aktlaust set seg ut over tilvisingane, kan kriminalomsorga påleggje domfelte å møte til innskjerpingssamtale, jf. straffegjennomføringslova § 58. Bryt domfelte deretter krava, kan kriminalomsorga sende saka over til retten, med kravsmål om heil eller delvis fullføring av den subsidiære fengselsstraffa, jf. straffelova § 28b. Av straffelova § 28b følgjer det at retten då kan fastsetje at heile eller delar av den subsidiære fengselsstraffa skal fullførast. Ved omgjeringa skal retten ta omsyn til samfunnsstraff som allereie er gjennomført. Retten kan i staden for slik fullføring forlengje gjennomføringstida med opp til seks månader.
(7)Det er i saka no ikkje tvilsamt eller omtvista at grunnvilkåra er til stades for at retten kan fastsetje at den subsidiære fengselsstraffa skal sonast. Etter endring av straffelova § 28b ved lov 20. mai 2005 nr. 28, i kraft frå 1. januar 2006, er det eit kan-skjønn for retten om den subsidiære fengselsstraffa må sonast eller om det eventuelt kan skje ei lenging av gjennomføringstida med opp til seks månader. Før lovendringa mangla retten kompetanse til på skjønnsmessig grunnlag ikkje å ta omgjeringskravet til følgje.
(8)Av Ot.prp. nr. 90 (2003-2004) side 302 går det fram at denne endringa vart gjort for å ”etablere en ordning som innebærer at domstolene ikke tvinges til uprøvet å legge kriminalomsorgens skjønn til grunn for sin avgjørelse.” Samtidig som det annan stad i proposisjonen blir understreka at kriminalomsorga er ei fagstyresmakt med betydeleg erfaring som er særleg skikka til å vurdere vilkårsbrot, blir det på side 302 uttala at retten ikkje bør vere bunden til å omgjere ved bagatellmessige vilkårsbrot eller der retten av andre årsaker meiner at omgjering framstår som lite rimeleg eller tenleg. I stor grad er det såleis tale om å flytte avgjerdsmakt og å sikre rett til domstolsprøving, og ikkje ei endring av dei materielle reglane for bruk av soning som ved tilvisings- eller vilkårsbrot for samfunnsstraffa, jf. også merknadene frå fleirtalet i justiskomiteen i Innst.O. nr. 72 (2004- 2005) side 77.
(9)Etter mitt syn bør det i samsvar med førearbeida leggjast til grunn at det framleis skal vere hovudregelen at brot på regelverket for samfunnsstraff skal føre til at den subsidiære fengselsstraffa må sonast. I proposisjonen er det uttala: ”Det er viktig at både lovbrytere, andre aktører i strafferettspleien og allmennheten for øvrig har tillit til at vilkårsbrudd møtes med konsekvente og effektive reaksjoner. Dette er avgjørende for å opprettholde samfunnsstraffens troverdighet som et reelt straffalternativ. Dersom det igjen gjøres til et vilkår for omgjøring at den domfelte « alvorlig » har brutt forutsetningene for samfunnsstraffen, kan dette bli oppfattet som et signal om en generell heving av terskelen for å reagere mot vilkårsbrudd. Departementet ønsker ikke å sende ut et slikt signal.”
(10)I forlenginga av dette understrekar eg det viktige i å ha konsekvente reaksjonar mot brot på tilvisingar og vilkår for gjennomføring av samfunnsstraff. Om så ikkje er tilfelle, vil det på sikt kunne føre til at samfunnsstraff ikkje får den legitimitet ordninga skal ha, og som gjer at denne straffarten blir eit alternativ til fengsel utan vilkår. Dersom brot er bagatellmessige eller det elles framstår som lite rimeleg eller tenleg med soning av subsidiær fengselsstraff, kan det vere grunn til å nytte heimelen i lova til å forlengje gjennomføringstida.
(11)Eg går så over til å sjå på dei nærare omstenda i saka. A vart ved Larvik tingretts dom av 10. juni 2005 dømd til 150 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 8 månader. Subsidiær fengselsstraff vart sett til 5 månader. Gjennomføringstida starta ved kartleggingssamtale ved Vestfold friomsorgskontor 22. august 2005. Etter flytting vart ansvaret for gjennomføringa av samfunnsstraffa overført til Hedmark og Oppland friomsorgskontor. Det kan nemnast at domfelte både i Vestfold og i Hedmark har arbeidd på pizzarestaurant.
(12)Ut frå velferdsgrunnar fekk A godkjent eit avbrot i gjennomføringstida, som derfor gjekk ut 8. mai 2006. Ved vedtak av 5. mai 2006 avbraut Hedmark og Oppland friomsorgskontor gjennomføringa av straffa, jf. straffegjennomføringslova § 58 tredje ledd. Det vart sendt rapport til Kriminalomsorga region nordaust, som i brev 10. juli 2006 sende kravsmål om dom for at den gjenståande høvesvise delen – 15 dagar minus fem dagar varetaktsfrådrag – skulle fullførast i samsvar med den subsidiære fengselsstraffa.
(13)Den direkte grunnen til avbrytinga var at domfelte 3. mai 2006 ikkje møtte til samfunnsnyttig teneste klokka 0830. Han ringde friomsorgskontoret klokka 0930 og sa at han hadde forsove seg og at det ikkje var mogleg for han å kome seg til avteningsstaden. Då han fekk tilbod om transport avslo han dette. Tingretten har protokollert følgjande forklaring frå domfelte om dei nærare omstenda ved det manglande frammøtet: ”Domfelte forklarer at han forut for samfunnsstraffgjennomføringen denne dagen hadde jobbet svært mye og at han derfor var veldig sliten før han skulle gjøre samfunnsnyttig tjeneste. Han ringte derfor Kriminalomsorgen og sa at han ikke klarte 6 timer tjeneste denne dagen i tillegg til at han skulle på sitt vanlige arbeid etter det.”
(14)Av forklaringa går det fram at arbeidsgivar ikkje var gjort kjend med dommen.
(15)Før det manglande frammøtet 3. mai 2006 var det også andre brot på tilvisingane for gjennomføringa av samfunnsstraffa frå domfelte. - Han møtte ikkje til individuell samtale 7. november 2005 klokka 1200. Domfelte ringde og sa han hadde forsove seg. Friomsorga gav ingen reaksjon på dette brotet. - Han møtte ikkje til samfunnsnyttig teneste 15. desember 2005 klokka 0800 - 1400. Då friomsorga ringde, sa domfelte at han hadde forsove seg. Han vart ved dette høvet tildelt munnleg åtvaring. - Han gav ikkje beskjed då han ikkje møtte til individuell samtale 18. januar 2006. Dagen etterpå ringde han og sa han hadde hatt omgangssjuke. Han sa samstundes at han skulle kome innom med legeerklæring same dagen. Legeerklæringa vart først levert den 1. februar 2006. Det vart ikkje gitt nokon reaksjon på desse brota. - Han møtte ikkje til individuell samtale 16. februar 2006 klokka 1000, men møtte først på kontoret klokka 1230 og forklarte at han hadde forsove seg. Domfelte vart innkalla til innskjerpingssamtale, som vart halden 22. februar 2006. - Den 28. april 2006 er det skrive følgjande i journalen: ”AKJ møtte presis. Han hadde ikke med seg arbeidslista for neste uke fordi denne i følge ham selv ikke er utarbeidet ennå. Jeg sa at han MÅ ha den med på tirsdag, fordi han har igjen tiden fra tirsdag 02.05.06. til mandag 08.05.06 til å gjennomføre de siste 20 timene.”
(16)Samla sett inneber dette at domfelte gjorde seg skuldig i klare brot på tilvisingane for avteningane. Manglande frammøte 3. mai 2006 var alvorleg, og når dette blir sett saman med andre brot på tilvisningar, kan eg ikkje sjå at det her er noko alternativ til soning av den subsidiære fengselsstraffa. Som det går fram av det siste sitatet, hadde domfelte kome i ein situasjon der det var kort tid igjen til å gjennomføre den avsluttande delen av samfunnsstraffa. I denne situasjonen hadde han ei særleg plikt til å syte for at han gjennomførte tilvist teneste.
(17)Ut frå dette har eg funne det klart at anken må forkastast.
(18)Eg røystar då for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(19)Dommer Indreberg: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(20)Dommer Stabel: Likeså.
(21)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(22)Justitiarius Schei: Likeså.
(23)Etter røystinga sa Høgsterett denne O R S K U R D : Anken blir forkasta. Rett utskrift: