Dommarane: Utgård, Stang Lund, Matningsdal, Endresen, Gussgard Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt. Straffa var av tingretten sett til fengsel i 4 år og av lagmannsretten til fengsel i to år og åtte månader. Påtalemakta hadde anka til skjerping av straffa. A var domfelt for to valdtekter i tilknyting til avslutning av kjærasteforhold. Han hadde innleia eit forhold, også seksuelt, med den krenkte sommaren 2002. Forholdet varte også medan han frå desember 2003 sona den vilkårslause delen av ein dom frå februar 2003 for seksuell omgang med to jenter under fjorten år. Soninga vart avslutta i juli 2004, og den krenkte i saka no ville då avslutte forholdet. Han hadde vanskeleg for å akseptere det, og ønskte dei skulle møtast. Dei hadde frivillig samleie ein eller to gonger før han 13. september tiltvang seg samleie. Dei møttest så 7. oktober for å setje sluttstrek for forholdet. I lagmannsrettsdommen er det uttala at ho følte seg trygg på han og framleis var glad i han, og at dei la seg på senga hans og at ho der tillet at han heldt rundt henne og strauk henne. Han tiltvang seg igjen samleie. Dommen frå februar 2003 gjaldt domfelling for samleie og samleieliknande handlingar med to jenter som på gjerningstidspunktet var 12 år og 10 månader og 12 år og 11 månader gamle. Straffa var der sett til fengsel i to år og seks månader, av dette eitt år og seks månader på vilkår. Soninga var avslutta 22. juli 2004, slik at valdtektene skjedde kort tid etter at han kom ut av fengselet. Høgsterett tok anken frå påtalemakta til følgje. Det vart vist til det faktiske grunnlaget i lagmannsrettens dom. Samtidig var det her tale om handlingar som var gjorde i prøvetida for vilkårsdelen av dommen frå 2003, som også gjaldt alvorlege seksualbrotsverk. Straffa no skulle utmålast som fellesstraff for dei to valdtektene og for resttida på fengsel i eitt år og seks månader. Ut frå dette fastsette Høgsterett straffa til fengsel i tre år og ni månader.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling etter domfelling for valdtekt.
(2)Hålogaland lagmannsrett sa 1. november 2006 dom med slik slutning: ”1. A født 24. januar 1983 dømmes for - overtredelse av straffeloven § 192 første ledd bokstav a jf annet ledd bokstav a og tredje ledd bokstav c, sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd og § 64 første ledd - og medtatt den betingede del av straff idømt ved Trondenes tingretts dom av 12. februar 2003 og reststraff etter løslatelsen på prøve 22. juli 2004, jf straffeloven § 54 nr 3 og fengselsloven § 41 til en straff av fengsel i 2 – to – år og 8 – åtte – måneder. Til fradrag kommer 3 – tre – dager for utholdt varetekt. 2. A betaler til B kr 100.000 – etthundretusenkroner – innen to uker fra forkynnelsen av dommen.”
(3)Dommen vart sagt under dissens idet to av dommarane, ein av dei juridiske og ein av lagrettemedlemmene, røysta for ei straff av fengsel i tre år. Saka vart i lagmannsretten behandla med lagrette, etter fullstendig anke frå A over Trondenes tingretts dom 10. mars 2006. Tingretten hadde utmålt straffa til fengsel i fire år.
(4)Påtalemakta har anka lagmannsrettens dom til Høgsterett. Anken gjeld straffutmålinga.
(5)Eg er komen til at anken må takast til følgje.
(6)A er 24 år gammal. Han vart sommaren 2002 kjend med den krenkte, B, og dei innleia eit seksuelt forhold 4. juli 2002. Det faste forholdet varte til august 2004, også medan A frå desember 2003 sona den vilkårslause delen av dom 12. februar 2003 for seksuell omgang med to jenter under fjorten år. Soninga vart avslutta i juli 2004, og B ville då avslutte forholdet. Han hadde vanskeleg for å akseptere dette og kontakta henne stadig på mobiltelefon med ønskje om møte og forsoning.
(7)Om valdtektene heiter det i lagmannsrettsdommen: ”I perioden etter bruddet i august og frem til 13. september 2004 hadde de frivillig samleie på hans værelse i søsterens sokkelleilighet, en eller to ganger, før hendelsen 13. september. Hun kom da hjem til ham for å diskutere en endelig avslutning av forholdet. Diskusjonen fant sted sittende på enkeltsengen på rommet hans, og endte med at han tiltvang seg samleie mot hennes vilje. Hun ble overrasket og sterkt rystet av dette overgrepet, og dro til sykehus for undersøkelse og anmeldelse, uten å klare å gjennomføre dette. Henvendelsene fra ham fortsatte, nå fulle av anger. De møttes en gang i hennes bil, før hun lot seg overtale til å komme hjem til ham 7. oktober 2004, også denne gang for å sette endelig sluttstrek for forholdet. Hun følge seg trygg på at han ikke ville begå overgrep igjen og la seg på sengen hans og tillot at han holdt rundt henne og strøk henne. Hun var fortsatt glad i ham og ønsket den varme og trygghet han kunne gi. Han gjennomførte på nytt samleie mot hennes vilje. Begge samleiene skjedde uten bruk av kondom og med sædavgang i skjeden. – Denne gangen oppsøkte fornærmede straks en god venn og fikk hjelp til å anmelde og la seg undersøke.”
(8)Ved straffutmålinga la lagmannsretten, tre juridiske dommarar og fire meddommarar frå lagretten, til grunn følgjande: ”Seksuell kontakt krever gjensidig aksept mellom voksne. Det var ikke tilfelle ved de to samleiene, og grensene for straffbare overgrep er overskredet. Volds- og trusselanvendelsen var ikke grov, og overgrepene skjedde i en vanskelig bruddfase i et langvarig seksuelt kjærlighetsforhold. Lovforarbeider og rettspraksis slår fast at det som generelt utgangspunkt bør vises forsiktighet med å tillegge tidligere samliv vekt i formildende retning. Det vises til Rt 2002 s. 1701, særlig side 1703. I lys av det samlede saksforhold og de konkrete hendelsene som kort er beskrevet, finner lagmannsretten likevel i denne saken grunnlag for å plassere de to voldtektene i nedre skikt av det straffbare etter straffeloven § 192 første ledd bokstav a jf. annet ledd bokstav a.”
(9)Det er ikkje gitt faktiske opplysningar i saka som gir grunnlag for å setje til sides det som den samla lagmannsretten har gitt som faktisk grunnlag for straffutmålinga og som er framkome på grunnlag av parts- og vitneforklaringar. Eg understrekar likevel det spesielt alvorlege i at domfelte har gjort seg skuldig i to tilfelle av valdtekt, noko som må ha følgjer ved straffutmålinga.
(10)I denne saka er det sentralt ved straffutmålinga at domfelte tidlegare hadde gjort seg skuldig i alvorlege seksualbrotsverk. Eg har alt kort nemnt ein dom av 12. februar 2003. Dette er ein dom frå Trondenes tingrett, der A vart dømt til ei straff av fengsel i to år og seks månader, av dette eitt år og seks månader på vilkår, for samleie og samleieliknande handlingar med to jenter som på gjerningstidspunktet var 12 år og 10 månader og 12 år og 11 månader gamle. A var 18 ½ år då desse handlingane fann stad. Det vart i dommen fastsett ei prøvetid på to år, og valdtektene fann såleis stad i prøvetida. A hadde gjort ferdig soninga av den vilkårslause delen av straffa 22. juli 2004, slik at valdtektene også fann stad kort tid etter at han kom ut av fengselet.
(11)Domfelte vart prøvelauslaten med prøvetid til 1. desember 2004. Det vart gjort tiltalevedtak 5. august 2005. Dette var meir enn seks månader etter utgangen av prøvetida, jf. straffegjennomføringslova § 45, jf. § 42 siste ledd. Reglane om fullføring av resttid i straffegjennomføringslova kjem såleis ikkje til bruk i saka no.
(12)Det er likevel tale om handlingar som er gjorde i prøvetida for vilkårsdelen av dommen frå 2003, som også gjaldt alvorlege seksualbrotsverk. Straffa no skal derfor utmålast som fellesstraff for dei to valdtektene han blir domfelt for og med resttida på fengsel i eitt år og seks månader av dommen frå 2003, jf. straffelova § 54 nr. 3. I denne situasjonen meiner eg at straffa må setjast vesentleg høgare enn det lagmannsretten har gjort. Etter mitt syn bør straffa setjast til fengsel i tre år og ni månader.
(13)Den fastsette straffa er ei særskilt straff i høve til eit førelegg av 1. mai 2005 etter vegtrafikklova.
(14)Domfelte har krav på varetektsfrådrag med tre dagar.
(15)Lagmannsrettens avgjerd av det borgarlege rettskravet er ikkje påanka.
(16)Det bør utformast ny fullstendig domsslutning for straffspørsmålet.
(17)Eg røystar etter dette for slik D O M : A, fødd 24. januar 1983, blir dømd for to brot på straffelova § 192 første ledd bokstav a, jf. andre ledd bokstav a, jf. tredje ledd bokstav c, jf. straffelova §§ 62 første ledd og 64 første ledd, til ei straff av fengsel i 3 – tre – år og 9 – ni – månader. Til frådrag i straffa går 3 – tre – dagar for uthalden varetekt. Straffa blir fastsett som særskilt straff i høve til førelegg av 1. mai 2005, og som fellesstraff med vilkårsdelen av Trondenes tingretts dom av 12. februar 2003, jf. straffelova § 54 nr. 3.
(18)Dommer Stang Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(19)Dommer Matningsdal: Likeså.
(20)Dommer Endresen: Likeså.
(21)Dommer Gussgard: Likeså.
(22)Etter røystinga sa Høgsterett slik