Dommarar: Utgård, Tjomslad, Bruzelius, Sverdrup, Gjølstad Det var innbrotstjuveri i einebustaden til ekteparet A og B. Etter varsel til forsikringsselskapet kom det ein takstkonsulent til huset, og dei viste han då ei liste som inneheldt eit stort tal gjenstandar. Han fekk ikkje med seg lista men bad om at det vart sendt inn vanleg skadeoppgåve. Slik oppgåve kom nokre veker seinare, og ho inneheldt ca. 110 færre gjenstandar vurderte til å ha ein samla verdi på 110 000 kroner. Det vart lagt til grunn at den siste lista var korrekt, og tiltalen mot ektefellane bygde på differansen i verdiar i dei to listene. Høgsterett kom til at uttrykket ”oppgir til erstatning” må forståast slik at det er tilstrekkeleg at det er meldt frå til forsikringsselskapet. Det er ikkje krav om at dette må ha skjedd skriftleg eller på annan formalisert måte. Ei munnleg melding er nok. Om det er sagt i ei oppgåve at ho er førebels, gjer ikkje det at det ikkje er tale om ei oppgåve. Avgrensinga i verkeområdet ligg i kravet til forsett og vinningsføremål. Lagmannsretten hadde ut frå dette ikkje tolka lova feil. Når det gjaldt innhaldet i domsgrunnane, kunne det ikkje stillast krav om at det var skjedd ei nærare vurdering enn den som var gjort av lagmannsretten. Det var gjort frådrag på 30 000 kroner for å vere sikker på at det var teke tilstrekkeleg omsyn til gjenstandar som uforsettleg hadde kome med på den første lista. Det var gjort ytterlegare frådrag med 12 300 kroner av andre grunnar. Domfellinga gjaldt såleis 67 700 kroner. Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 30 dagar for begge. Høgsterett kom til at det var grunnlag for å gi dom på samfunnsstraff. Det vart vist til at det etter praksis, jf. Rt. 2004 side 1379, kan nyttast samfunnsstraff ved forsikringsbedrageri. I saka no hadde dei domfelte teke bort risikoen for tap for forsikringsselskapet ved den endelege oppgåva som vart sendt, og som er lagt til grunn å vere korrekt. Lagmannsretten la til grunn at endringa skjedde fordi dei domfelte angra seg og ønskte å rette opp det heile. Straffa for begge dei tiltalte vart etter dette sett til samfunnsstraff i 60 timar, subsidiært 60 dagars fengsel, og med ei gjennomføringstid på 120 dagar.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld anke over dom for forsikringsbedrageri, jf. straffelova § 272 første ledd andre punktum.
(2)Tønsberg tingrett sa dom 21. november 2005 med slik slutning: ”1. A, født 0.0.65 dømmes for 1 overtredelse av straffeloven § 272 første ledd. Forholdet er begått i perioden 27. – 30. mars 2005. Straffen settes til ubetinget fengsel i 45 – førtifem – dager. 2. B, født 0.0.67 dømmes for 1 overtredelse av straffeloven § 272 første ledd. Forholdet er begått i perioden 27. – 30. mars 2005. Straffen settes til samfunnsstraff i 45 – førtifem – timer, subsidiært fengsel i 45 – førtifem – dager med en gjennomføringstid på 120 – etthundreogtjue – dager. 3. Saksomkostninger idømmes ikke i forhold til noen av de tiltalte.”
(3)Etter behandling av fullstendig anke frå dei domfelte sa Agder lagmannsretts dom 28. april 2006 med slik slutning: ”1. A, født 0.0.65, dømmes for en overtredelse av straffeloven § 272 første ledd til en straff av ubetinget fengsel i 30 – tretti – dager. 2. B, født 0.0.67, dømmes for en overtredelse av straffeloven § 272 første ledd til en straff av ubetinget fengsel i 30 – tretti – dager.”
(4)Både A og B har anka til Høgsterett. Ankane gjeld lovbruken, saksbehandlinga – domsgrunnane – og straffutmålinga.
(5)Eg er komen til at ankane over lovbruk og saksbehandling ikkje kan føre fram, men at ankane over straffutmålinga bør takast til følgje. Ved vurderingane er det etter mitt syn ikkje på noko punkt grunn til å skilje mellom dei to domfelte.
(6)Gjerningsomtalen i tiltalevedtaket mot A har slik ordlyd: ”Grunnlag er følgende forhold eller medvirkning til dette: 27. mars 2005 og i de nærmeste dagene etter dette i X, etter at han hadde hatt innbrudd i sin bolig, oppgav han i samarbeid med sin ektefelle til takskonsulent Knut Heibø i If forsikring og til politiet at det var stjålet minst 110 gjenstander mer enn det som var riktig. Gjenstandene hadde en samlet verdi på minst 111.000 kroner og ble oppgitt som stjålet for å få utbetalt forsikring for dette.”
(7)Det vart teke ut tilsvarande tiltale mot ektefellen.
(8)I påska 2005 var det innbrotstjuveri i einebustaden til ekteparet A/B, og det vart borte mange gjenstandar. Ekteparet oppdaga innbrotet då dei kom heim søndag 27. mars. Dei kontakta straks politiet, som kom til stades. Politiet opplyste at dei ikkje hadde skjema eller liknande til å fylle ut, men gav ektefellane det rådet å føre opp det som var sakna, på eit vanleg papirark. Dei vart bedne om å levere politiet ei førebels oppstilling så snart som råd.
(9)A tok same dag også kontakt med forsikringssselskapet. Ein eller to dagar seinare ringte ein representant for selskapet, takstkonsulent Knut Heibø, og det vart avtala at han skulle kome på synfaring 30. mars. Om det som skjedde vidare, heiter det i lagmannsrettsdommen: ”Takstmannen kom, etter avtale, hjem til de tiltalte 30.03.2005, tidlig på ettermidagen. De hadde da en håndskrevet liste over stjålne gjenstander klar. Listen var betegnet som foreløpig, angivelig fordi den ikke var fullstendig. Takstmannen fikk ikke utlevert listen, men fikk se gjennom den. Han noterte en del fra listen, men så snart at listen var svært omfattende og at det ikke ville være hensiktsmessig å skrive av hele listen. Det ville heller ikke være mulig å foreta noen avtale om oppgjør umiddelbart med utgangspunkt i listen. Det ble besluttet at de tiltalte skulle innlevere skriftlig skadeoppgave. De tiltalte dro deretter til politiet og leverte inn listen.”
(10)A og B leverte 24. april 2005 ei skadeliste til forsikringsselskapet. Denne lista inneheldt ca. 110 færre gjenstandar enn den lista som ektefellane hadde vist takstkonsulenten og også levert til politiet. Verdien av desse utgjorde etter selskapet si vurdering 110 000 kroner. Det er denne differansen i verdiar mellom det oppførte på dei to listene som har danna grunnlaget for tiltalen.
(11)Lagmannsretten kom til at handlinga objektivt sett var eit brot på det aktuelle alternativet – ”oppgir til erstatning en gjenstand som --- ikke er til eller som ikke er skadet” – i straffelova § 272 første ledd.
(12)Om lovtolkinga uttalte lagmannsretten: ”Forbrytelsen er, etter lagmannsrettens oppfatning, fullbyrdet når det, i tyveritilfeller, er meldt fra til forsikringsselskapet at en gjenstand er borte. En slik melding vil etter omstendighetene kunne være muntlig. Det er, i dette tilfellet, ikke nødvendig for lagmannsretten å ta stilling til, om melding til politiet om hva som er borte, er nok til at fullbyrdet forbrytelse foreligger.”
(13)Spørsmålet er om lagmannsretten har forstått uttrykket ”oppgir til erstatning” rett. Etter mitt syn har han det. Det må vere tilstrekkeleg for at noko skal vere oppgitt, at det er meldt frå om det til forsikringsselskapet. I lova er det ikkje stilt krav om at dette skal skje skriftleg eller på nokon anna formalisert måte, og då må det også gå inn under dette at ei melding blir gitt munnleg.
(14)At dette må vere slik, går også fram dersom ein ser på føremålet med reglane. Ein telefonbeskjed til forsikringsselskapet om at bagasjen er borte på ei reise i utlandet eller om at ein bil er stolen, må innebere at ein person ”oppgir” at det har skjedd eit skadetilfelle. Ei slik oppgåve eller melding vil klart kunne ha konsekvensar i det minste ved at det skjer delutbetaling frå forsikringsselskapet. Om det er sagt i ei oppgåve at ho er førebels, gjer ikkje det at det ikkje er tale om ei oppgåve til forsikringsselskapet. Avgrensinga av verkeområdet ligg i at det er krav om at ei handling som objektivt sett inneber overtreding av reglane, også må vere forsettleg og ha vinning som føremål.
(15)I saka her la lagmannsretten til grunn at desse subjektive vilkåra var oppfylte. Eg legg til at brotsverket var fullført i og med at gjenstandane var oppgitte til selskapet. Det var då ikkje tale om tilbaketreden frå forsøk, jf. straffelova § 50, når det seinare vart sendt inn korrekte oppgåver.
(16)Lagmannsrettens bevisresultat om at det vart gitt urette oppgåver kan ikkje overprøvast av Høgsterett. Etter dette kan anken over rettsbruken ikkje føre fram.
(17)Eg går så over til å sjå på anken over saksbehandlinga, som gjeld spørsmålet om domsgrunnane er mangelfulle når det gjeld omfanget av brotsverket. Lagmannsretten tok – som tingretten – utgangspunkt i skilnaden mellom verdien av gjenstandane på lista vist takstkonsulenten og verdien på gjenstandane i den endelege skadeoppgåva. Det vart deretter gjort skjønsmessige reduksjonar. Av tingrettens dom, som lagmannsretten har vist til, går det fram at det var tale om ca. 110 gjenstandar. Det er av lagmannsretten, som av tingretten, gjort eit frådrag med 30 000 kroner for å vere sikker på ikkje å gjere dei tiltalte urett. I tillegg gav lagmannsretten ytterlegare frådrag grunna at nokre gjenstandar var oppgitt med annan kvalitet enn det som var rett. Omfanget av brotsverket vart etter dette redusert med ytterlegare 12 300 kroner. Etter mitt syn kan det ikkje i ein slik situasjonen stillast krav til spesifikasjon av korleis retten har vurdert handlemåten i høve til kvar einskild gjenstand. Eg har ikkje innvendingar mot lagmannsrettens metode med ei samla vurdering, der det er lagt til grunn at frådraget måtte gjerast for at retten skulle vere sikker på at det var gjort tilstrekkeleg frådrag for mogelege uforsettlege feil ved den første lista hos dei domfelte.
(18)Dei domfelte har også anka over straffutmålinga. Lagmannsretten har kome til at dei urette oppgåvene gjaldt ein verdi på 67 700 kroner. Dette må etter fast praksis som utgangspunkt føre til ei straff av fengsel utan vilkår, jf. særleg Rt. 2004 side 1379 og Rt. 2004 side 1384. Almennpreventive omsyn tilseier ein streng reaksjon når det blir avdekt svindel på eit område der lovbrot er vanskelege å avdekkje, og der dei samstundes inneber eit stort samfunnsproblem.
(19)Eg er likevel komen til at det er grunnlag for å gi dom på samfunnsstraff. Sjølv om tilhøva var litt annleis i den saka, viser avgjerda i Rt. 2004 side 1379 at dette er ein reaksjon som kan nyttast ved saker av dette slaget. Domfelte hadde der angra og tok tilbake forsikringskravet før ho kjende til mistanken for forsikringsbedrageri. I avsnitt 12 er det utsegner av interesse for vår sak: ”Derved kommer bestemmelsen om straffnedsettelse i straffeloven § 59 første ledd til anvendelse. Forsikringsbedragerier er ofte vanskelige å avdekke, og en slik omstendighet bør etter min mening gi en klar uttelling ved straffutmålingen.”
(20)I saka no gjeld tiltalen skilnaden mellom oppgåva som vart vist til takstkonsulenten, og den endelege oppgåva som vart sendt selskapet nokre veker seinare. Denne siste er lagt til grunn å vere korrekt. Risikoen for tap for forsikringsselskapet vart då teken bort. Lagmannsretten bygde på følgjande som grunn til endringane: ”Lagmannsretten ser at det kan være noe usikkert hva som bevirket disse endringene, men legger, i de tiltaltes favør, til grunn at dette skjedde fordi de tiltalte angret seg og ønsket å rette det hele opp.”
(21)Denne vurderinga har eg ikkje grunnlag for å overprøve. Straffelova § 59 første ledd vil med det kome inn ved straffutmålinga. Under tilvising til dette og til omfanget av forsikringsbedrageriet, meiner eg då at det kan nyttast samfunnsstraff. Straffa kan passande setjast til samfunnsstraff i 60 timar. Gjennomføringstida bør setjast til 120 dagar og den subsidiære fengselsstraffa til 60 dagar.
(22)Eg røystar for slik D O M : 1. I lagmannsrettsdommen for A blir gjort den endringa at straffa blir sett til samfunnsstraff i 60 – seksti – timar, jf. straffelova § 28 a. Gjennomføringstida blir sett til 120 – eitthundreogtjue – dagar. Den subsidiære fengselsstraffa blir sett til 60 – seksti – dagar. 2. I lagmannsrettsdommen for B blir gjort den endringa at straffa blir sett til samfunnsstraff i 60 – seksti – timar, jf. straffelova § 28 a. Gjennomføringstida blir sett til 120 – eitthundreogtjue – dagar. Den subsidiære fengselsstraffa blir sett til 60 – seksti – dagar.
(23)Dommer Tjomsland: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(24)Dommer Bruzelius: Likeså.
(25)Kst. dommer Sverdrup: Likeså.
(26)Dommer Gjølstad: Likeså.
(27)Etter røystinga sa Høgsterett slik