(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling i ei sak der det dominerande tilhøvet er tjuveri av postsendingar.
(2)Trondenes tingrett sa 29. november 2005 dom der slutninga punkt 1 og 2 hadde slik ordlyd: ”1. A, født 0.0.1973, dømmes for overtredelse av straffelovens § 257, straffelovens § 227 første straffealternativ, straffelovens § 291 første ledd, jf. annet ledd, vegtrafikklovens § 31 første ledd, jf. § 4 jf. trafikkreglenes § 7 nr. 2 og vegtrafikklovens § 31 første ledd, jf. § 24 første ledd første punktum alt sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd og § 63 annet ledd til fengsel i 1 – ett – år. Varetekt kommer til fradrag med 6 – seks – dager, jf. straffeloven § 60 første ledd. 2. B, født 0.0.1977, dømmes for overtredelse av straffeloven § 257 og straffeloven § 291 første ledd, jf. annet ledd alt sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd til en straff av fengsel i 11 – elleve – måneder. Varetekt kommer til fradrag med 6 – seks – dager, jf. straffeloven § 60 første ledd.”
(3)Det vart i tillegg gitt dom for skadebot og inndraging mot begge dei domfelte og for tap av førarrett for A.
(4)Etter anke frå A og B over straffutmålinga sa Hålogaland lagmannsrett dom 24. mars 2006 med slik slutning: ”I tingrettens dom gjøres følgende endringer: 1. Straffen for B settes til fengsel i 6 – seks – måneder, hvorav fullbyrdelsen av 90 – nitti – dager utsettes med en prøvetid på 2 – to – år. I den ubetingete del av straffen fragår 6 – seks – dager for utholdt varetekt. 2. Straffen for A settes til fengsel i 8 – åtte – måneder, hvorav 120 – etthundreogtjue – dager gjøres betinget med en prøvetid på 2 – to – år. I den ubetingete del av straffen fragår 6 – seks – dager for utholdt varetekt.”
(5)Påtalemakta har anka til Høgsterett over straffutmålinga. Forsvararen for A har under ankeforhandlingane gjort gjeldande at straffa, i alle fall for ein stor del, bør givast som samfunnsstraff.
(6)Eg er komen til at anken må takast til følgje, og at det ikkje er grunnlag for samfunnsstraff for domfelte A. Før eg går inn på dei ulike handlingane, nemner eg at B og A var sambuarar i tida for dei strafflagde tilhøva.
(7)Både B og A er dømde etter straffelova § 257 for tjuveri av postsendingar. Tjuveria, der dei var saman med ein tredje person, skjedde frå postkasser i Harstad og Kvæfjord i perioden januar til april 2004. Handlingane er vurderte som eitt samanhengande strafflagt tilhøve. I tingrettsdommen er tilhøva omtala slik: ”Tyveriene startet en gang de tiltalte og C var ute og kjørte bil. De så en pakke som stakk opp av en postkasse og tok denne pakken. Etter dette kjørte de rundt i A sin bil og så etter slike pakker. De kjørte på forskjellige tider av døgnet, både natt og dag. I noen perioder kjørte de hver dag, mens det noen ganger gikk flere dager mellom hver tur. (…) Etter hvert sjekket de også andre postkasser enn de det stakk pakker opp av. Videre tok de annen post enn pakker, og noen ganger tok de all posten som lå i postkassene. Etter hvert fant de både minibankkort og tilhørende pin-koder. Retten viser til politiforklaring til C og legger til grunn at de etter å ha funnet et minibankkort senere dro tilbake til den samme postkassen for å se om det pin-koden ble ettersendt. Ved hjelp av minibankkort med kode fikk de ut ca kr. 20.000 fra diverse minibanker. Det ble videre foretatt noen mindre varekjøp. Det er ikke ført bevis for hvilke og hvor mange postkasser de tiltalte har tatt post fra. A uttalte at det sikkert var noen hundre postkasser. B mente det var over hundre, men ville ikke anslå det nærmere. Det foreligger anmeldelser fra ca 180 personer for dette forholdet og retten mener dette gir uttrykk for omfanget av tyveriet.”
(8)Begge dei to dømde er også funne skuldige i brot på straffelova § 291 første ledd, jf. andre ledd. I mai 2005 tende dei på ei hytte som brann ned. Lagmannsretten har lagt til grunn at det var tale om ei eldre hytte som var i dårleg forfatning, med minimal verdi. Hytta sto open og var ikkje i bruk.
(9)A er i tillegg funnen skuldig etter straffelova § 227 første straffalternativ for å ha sendt ei tekstmelding med ein trussel til D. Tekstmeldinga tok utgangspunkt i at A meinte at D hadde eit seksuelt forhold til B. Trusselen vart følgd opp ved at A fire dagar seinare knuste alle vindauga på to bilar. A trudde begge bilane tilhøyrde D, i det han då ikkje var klar over at den eine tilhøyrde broren til D.
(10)Domfellinga av A omfattar også brot på vikepliktreglane og køyring utan førarkort i januar og juni 2004.
(11)Eg går no over til å sjå på straffutmålinga. Det dominerande tilhøvet er tjuveriet av postsendingar. Som før nemnt er dette av dei tidlegare rettane vurdert som eitt samanhengande tilhøve, noko eg er einig i. Tjuveriet er vurdert som vanleg tjuveri, jf. straffelova § 257. Etter mitt syn er det her tale om eit så omfattande og samfunnsskadeleg tjuveri at tilhøvet klart må gå inn under straffelova § 258 om grovt tjuveri. Dette spørsmålet er teke opp med aktor og med forsvararane, som alle har sagt seg einig i at det er tale om grovt tjuveri. Det bør ut frå dette gjerast endring i subsumsjonen for denne handlinga frå straffelova § 257 til straffelova § 258, jf. §257, jf. straffeprosesslova § 342 andre ledd nr. 1.
(12)Som eg nett nemnde, er det tale om eit omfattande og samfunnsskadeleg tjuveri. Tjuveriet hadde eit uvanleg stort omfang. Det er i dei tidlegare dommane lagt til grunn at dei dømde oppsøkte 180 postkasser. Aktor har umotsagd opplyst at politiet gjorde beslag av i alt ca. 700 postsendingar. Det vart teke pakkar frå postkassane, og det vart også teke følgjebrev som gav grunnlag for henting av pakkar. Ved funn av bankkort oppsøkte dei postkassane seinare for å sikre seg brev med pin-kode. I tillegg tok dei brevpost av ulik karakter. Samla vinning vurdert ut frå pålagd plikt til å betale skadebot er ikkje meir enn vel enn ca. tjue tusen kroner, men dette er likevel berre ei side ved handlingane.
(13)Tjuveri – ikkje minst systematisk tjuveri – av postsendingar er dessutan krenkjande på fleire vis. Eg har nemnt direkte former for økonomisk tap. Tjuveria vil også kunne føre til ulempe og tap ved at personar ikkje mottek rekningar og offentlege dokument. I tillegg – og det er vel så viktig – inneber slike brevtjuveri krenking av privatlivet. Det vil kunne vere brev mellom private som inneheld personlege opplysingar. Og ikkje minst sender det offentlege materiale av ulik karakter i vanleg brev. Det kan til dømes vere tale om rettsdokument, likningsdokument, brev om sosiale tilhøve og helseopplysningar. Ut frå dette inneber brevtjuveri ei alvorleg integritetskrenking, ved sida av følgjer av meir økonomisk karakter. I tillegg til dette kjem at systemet med opne postkassar er avhengig av at desse blir respekterte.
(14)Begge dei dømde er også funne skuldige i eitt tilfelle av skadeverk. Ut frå det som er lagt til grunn i dei tidlegare dommane, var det tale om ei hytte av liten verdi og der nedbrenninga ikkje innebar fare av nokon karakter. Eg viser her til at lagmannsretten har uttala at det ”dreide seg om et relativt ubetydelig forhold, som alene neppe ville medført annen reaksjon enn bot”. Aktor for Høgsterett har ikkje argumentert mot denne vurderinga.
(15)A er også funnen skuldig i andre lovbrot. Det eine gjeld trusell, som etter sitt innhald var ein drapstrussel. Som nemnt gjorde A nokre dagar etter skadeverk på to bilar. Samla sett er dette eit alvorleg tilhøve. Eg viser til Rt. 2005 side 1067, som gjeld eit tilfelle av liknande karakter. Den saka gjaldt truslar som nok var meir alvorlege, og som også vart sette fram meir direkte overfor den krenkte, enn i vår sak. Saka gir likevel ei viss rettleiing, når eg om litt skal gi uttrykk for mitt syn på høveleg samla straff.
(16)Brot på reglane om vikeplikt og køyring utan førarkort har i dette tilfellet mindre å seie for straffutmålinga. Dette er tilhøve som isolert ville ha vorte avgjorde med bot.
(17)Forsvararane har gjort gjeldande at det bør takast omsyn til at begge har tilstått. I lagmannsrettsdommen er det uttala at tilhøvet ”ble tilslutt avslørt og begge de domfelte tilsto da overfor politiet”. Det var 180 personar som melde tjuveri av postsendingar til politiet. Straffedommen er bygd på dette, og på at det vart beslaglagt post hos B og A og i A sin bil. I tingretten uttala A at tjuveria sikkert gjaldt nokre hundre postkassar, medan B meinte det var over hundre utan å kunne seie det nærare. For min del kan eg ikkje sjå at ein her står overfor nokon situasjon der det er grunnlag for nemnande frådrag for tilståing, sjølv om tilståinga kanskje kan ha gjort sjølve domstolsbehandlinga noko enklare enn det som elles ville ha vore tilfelle.
(18)Eg kan heller ikkje sjå at det kan ha vekt at det har teke noko tid frå det vart avslørt at A og B hadde gjort seg skuldig i posttjuveri og til endeleg dom. Det måtte ta noko tid å få klarlagt nærare omfang i ei sak som dette.
(19)A er dømd og botlagt tidlegare, men for tilhøve som ikkje kan samanliknast med det grove tjuveriet og trusselen. Eg legg ikkje nemnande vekt på desse førestraffene.
(20)Etter mitt syn er det i ei slik sak og med den alvorsgraden ho har, ikkje rom for å ta omsyn til personlege tilhøve hos dei dømde. Av same grunn er det heller ikkje grunnlag for samfunnsstraff.
(21)Det finst ikkje praksis frå Høgsterett som gir rettleiing for straffutmålinga i denne saka. Etter mi meining bør straffa setjast til fengsel i eitt år for A og til fengsel i 10 månader for B. Skilnaden har samanheng med at dommen mot A gjeld også andre tilhøve enn dei han var saman med B om. For dei tilhøva dei to var saman om, kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for å vurdere straffverdet ulikt for dei. I motsetning til lagmannsretten meiner eg at det ikkje er grunnlag for å gi nokon del av straffa på vilkår.
(22)Eg røystar etter dette for slik D O M: 1. I tingrettsdommen, punkta 1 og 2, skal tilvisinga til straffelova § 257 endrast til å vere til straffelova § 258, jf. § 257. 2. I lagmannsrettsdommen blir gjort den endringa at straffa for B blir sett til fengsel i 10 – ti – månader med frådrag for 6 – seks – dagar for varetekt, og at straffa for A blir sett til fengsel i 1 – eitt – år med frådrag for 6 – seks – dagar for varetekt.
(23)Dommer Flock: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(24)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(25)Dommer Stabel: Likeså.
(26)Dommer Tjomsland: Likeså.
(27)Etter røystinga sa Høgsterett slik