Dommarar: Utgård, Skoghøy, Lund, Coward og justitiarius Schei På ein fest der det deltok mange ungdommar, kom A i verbal konfrontasjon med ein annan av deltakarane, B. Dei to gjekk frå kvarandre utan at det skjedde noko meir. Litt seinare på kvelden stengde A døra for den andre, som då skulle forlate festen. Ein tredje heiv ein feiekost mot A, som ikkje vart treft. A fann seg ei glasflaske, som var knust og hadde utstikkande, spisse kantar. På dette tidspunktet hadde B kosten i handa, utan å gjere noko med den. A slo så flaska mot halsen til Lie, som fekk eit rift i venstre hovudpulsåre og ei kraftig bløding. B vart køyrd til sjukehus, der han vart i to dagar. Han vart sjukmeld i tre veker. Den krenkte kunne ha døydd om han ikkje raskt kom under medisinsk behandling. Som følgje av stikket, fekk han ein skade på stemmebandet, som skapar vanskar når han skal snakke mykje. A vart funnen skuldig for brot på straffelova § 231 første straffalternativ, jf. § 232, både i tingrett og lagmannsrett. Det vart lagt til grunn at den dømde forsettleg hadde påført den krenkte "betydelig Skade" og at det var nytta særleg farleg reiskap. Straffa var i tingretten sett til fengsel i to år og ni månader, av dette ni månader på vilkår. I lagmannsretten sette fleirtalet - meddommarane - straffa til fengsel i tre år, og av dette eitt år og seks månader på vilkår. Mindretalet - fagdommarane - kom til same resultatet som tingretten. Høgsterett viste til at det her var ei svært alvorleg handling. Fleirtalet - tre dommarar - kom likevel til at det burde givast dom på fengsel i to år og ni månader, der ni månader er på vilkår, slik tingretten og mindretalet i lagmannsretten hadde kome til. Det vart særleg vist til at den dømde som hadde diagnosen ADHD, hadde mista resepten for medisinar mot lidinga, og ikkje hadde kunne få ny for den same perioden. Han var ikkje tidlegare domfelt, og det låg ikkje føre opplysningar om at han tidlegare hadde vore valdeleg eller hadde vore oppfatta som kranglete eller konfliktskapande. Mindretalet - to dommarar - meinte at straffa burde setjast til fengsel i to år og seks månader, og at det ikkje var grunnlag for å gi nokon del på vilkår. Det vart uttala at det i seg sjølv var problematisk å leggje vekt på ADHD-lidinga ved straffutmåling. Den dømde var dessutan klar over at han mangla vanlege medisinar, men drakk likevel store mengder alkohol.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling etter domfelling for brot på straffelova § 231 første straffalternativ, jf. § 232.
(2)Kristiansand tingrett sa 12. oktober 2005 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 0.0.1986, dømmes for 1 – en – overtredelse av straffelovens § 231, første straffalternativ, jf. § 232, til en straff av fengsel i 2 – to – år og 9 – ni – måneder, hvorav fullbyrdelsen av 9 – ni – måneder utstår i medhold av straffelovens §§ 52–54 med en prøvetid på 2 – to – år. Til fradrag i den ubetingede delen kommer 3 – tre – dager for utholdt varetektsfengsel, jf. straffelovens § 60. 2. A dømmes til innen 2 – to – uker fra dommens forkynnelse å betale oppreisning til B med kr. 75.000 – kronersyttifemtusen. 3. A frifinnes for kravene om ménerstatning og erstatning for yrkesvalghemming. 4. Saksomkostninger idømmes ikke.”
(3)Den dømde anka til Agder lagmannsrett over skuldspørsmålet. Han vart funnen skuldig av lagretten, og lagmannsretten sa deretter dom 23. februar 2006 med slik domsslutning: ”A, født 0.0.1986, dømmes for overtredelse av straffeloven § 231 første straffalternativ, jf straffeloven § 232, til en straff av fengsel i 3 – tre – år, hvorav fullbyrdelsen av 1 1/2 år – ettårogseksmåneder – gjøres betinget med en prøvetid på 3 – tre – år, jf straffeloven §§ 52–54. Til fradrag i den ubetingede delen kommer 3 – tre – dager for utholdt varetekt, jf straffeloven § 60.”
(4)Det var dissens i lagmannsretten. Straffa vart fastsett i samsvar med synet til fleirtalet, dei fire meddommarane. Mindretalet, dei tre fagdommarane, meinte straffa burde setjast til fengsel i to år og ni månader – av dette ni månader på vilkår – slik tingretten hadde kome til.
(5)Påtalemakta har anka til Høgsterett over straffutmålinga. Det er gjort gjeldande at straffa burde vore fastsett til fengsel i tre år utan vilkår. For det tilfelle at Høgsterett likevel skulle kome til at noko av straffa bør givast på vilkår, har påtalemakta halde fram at det ikkje bør gjerast for minstestraffa i § 231 på fengsel i to år.
(6)Eg er komen til at anken fører fram.
(7)Sjølv om lagmannsretten delte seg i vurderinga under sjølve straffutmålinga, har han gitt ei felles framstilling av det faktum som er lagt til grunn. Innanfor svaret frå lagretten og ut frå bevisførselen for lagmannsretten, vart det lagt til grunn den hendingsgangen som tingretten bygde på.
(8)Natt til søndag 20. februar 2005 var ein god del ungdommar på fest i eit bustadhus i X. Den dømde, A, var der saman med ein del han kjende. Også den krenkte, B, var der saman med fleire han kjende. Både A og B hadde drukke ganske mykje alkohol. A uttala i tingretten at han hadde drukke cider og ei halvflaske sprit og at han ”blacket helt ut”, og B at han vart ”full”.
(9)A og B var heilt ukjende med kvarandre frå tidlegare. Det oppstod likevel ein verbal konfrontasjon mellom dei. I tingrettsdommen heiter det at det var ”uklart hva denne dreide seg om, men fornærmede forklarte i retten at de stod på kjøkkenet og ’sa stygge ting til hverandre’”. Det er uklart korleis dette starta. Konfrontasjonen utvikla seg ikkje vidare, og dei to gjekk frå kvarandre.
(10)Då den krenkte og nokre andre litt seinare skulle forlate huset, sto den dømde midt i døropninga og nekta å flytte seg. Ein av dei som var saman med den krenkte, kasta då ein feiekost med avbrote skaft mot den dømde, som ikkje vart treft.
(11)Den dømde gjekk deretter inn i huset, og prøvde fånyttes å finne nokon som kunne ”hjelpe ham”. Han fann seg i staden ei glasflaske, som var knust og hadde utstikkande, spisse kantar. Denne flaska tok han med seg til den delen av huset der den krenkte då var. Ved straffutmålinga er det lagt til grunn at den krenkte på dette tidspunktet kan ha hatt den før omtala feiekosten i handa, men at han ikkje gjorde noko utfall med den.
(12)Det heiter vidare i tingrettsdommen: ”Straks tiltalte var kommet ganske nær fornærmede slo han i et slag den knuste flasken mot fornærmedes hals, … . Slaget medførte at det oppstod rift i fornærmedes venstre halspulsåre og en kraftig blødning. … Etter kuttet sank fornærmede i bakken, og tilstedeværende satte straks i gang førstehjelp; bl.a. holdt en av dem på kuttet for å hindre at fornærmede forblødde. Fornærmede hadde pustebesvær og ”forsvant liksom”, … . Ambulanse ble raskt kontaktet. Imens tok andre på stedet hånd om tiltalte og forsøkte å holde ham fast. Han var imidlertid svært sint og ustyrlig, og skrek bl.a. at han skulle drepe alle, … .”
(13)Den krenkte vart køyrd til sjukehus, der han vart utskriven 22. februar 2005. Han var sjukmeld i tre veker.
(14)Som før nemnt, vart A av lagretten funnen skuldig i brot på straffelova § 231 første straffalternativ. Det inneber at det er lagt til grunn at han forsettleg har påført den krenkte "betydelig Skade paa Legeme”. Lagretten svara også ja på at knust flaske var særleg farleg reiskap, jf. straffelova § 232.
(15)Lagmannsretten har uttala at det ”kan ikke legges til grunn at tiltaltes handling skjedde uprovosert”. Eg har omtala tilhøvet mellom den dømde og den krenkte og kan for min del ikkje sjå at det skjedde noko som kan karakteriserast som ein provokasjon frå den krenkte. Det må også gjelde i ein breiare straffutmålingssamanheng.
(16)Ved straffutmålinga må det leggjast vekt på at den dømde er funnen skuldig i svært alvorleg valdsutøving, med ein livstrugande skade der den krenkte kunne døydd om han ikkje raskt hadde kome under medisinsk behandling. Som tingretten uttala ”beror [det] på små marginer og tilfeldigheter at ikke utfallet ble helt fatalt”.
(17)Den krenkte er påført skadar. I tingrettsdommen er det vist til fråsegn 14. april 2005 frå seksjonsoverlege Eivind Stenehjem. Det heiter der mellom anna: ”Stikkskaden mot venstre side av halsen 22.02.2005 førte til blødninger og var potensielt livstruende. Den forårsaket skade på den venstre stemmebåndsnerven og lammelse av venstre stemmebånd, enten som følge av stikket i seg selv, eller som følge av nødvendige livreddende inngrep etter stikkskaden. … Hvis nerven ikke ble kutttet av flasken pasienten ble stukket med, vil skaden skyldes trykk mot nerven under operasjonen. I så fall er det en viss mulighet for at stemmebåndslammelsen kan gå over etter hvert. Lammelsen gjør at stemmen er blitt hes og noe svakere.”
(18)Overlege Torkjel Farstad har i ei seinare fråsegn av 19. januar 2006 uttala: ”1. Han har fortsatt total lammelse av venstre del av strupen nå 11 måneder etter skaden påført med den avkuttede flaske. Idet der ikke er tegn til bedring så langt vil jeg nå anse det som sannsynlig at skaden blir permanent og skyldes avkutting av aktuelle nerve grunnet flaskeskaden heller enn at årsaken er trykkskade på nerven skjedd under operasjonen som før nevnt. Det er dog nok ennå for tidlig og med 100 % sikkerhet kunne slå fast at skaden på nerven er permanent. Personlig tror jeg nok at så er tilfelle, men endelig visshet om dette har man vel først når det er gått 1 ½ – 2 år anslagsvis.”
(19)Det går fram av det eg har sagt at domfellinga gjeld ei svært alvorleg handling, som lett kunne fått meir alvorlege følgjer enn ho fekk. Den krenkte har fått redusert sin livskvalitet, og det må nok no reknast som så godt som sikkert at det er på varig basis.
(20)Tingretten og lagmannsretten – både fleirtalet og mindretalet – har gitt dom der fengselsstraffa delvis har vore på vilkår. Den dømde var 19 år på handlingstida, og alderen tilseier då ikkje dom på vilkår for eit så alvorleg tilhøve. At han ikkje tidlegare var domfelt eller bøtelagt ut over ei bot for brot på vegtrafikklova § 17, kan heller ikkje spele inn ved ei slik handling.
(21)Den dømde har gjennom fleire år hatt diagnosen ADHD og fått medisinar for det. På gjerningstidspunktet hadde han mista resepten på nødvendige medisinar, men han hadde fått beskjed om at han ikkje kunne få ny for den perioden den tapte resepten gjaldt. Lagmannsretten har lagt til grunn at han i den perioden han var utan medisinering, var ”mer urolig, rastløs og i ulike situasjoner mer preget av sin ADHD-lidelse, enn når han ble medisinert”. Etter mitt syn er det i seg sjølv problematisk å leggje vekt på ei slik liding ved straffutmåling. Den dømde var dessutan klar over at han mangla vanlege medisinar, men han drakk likevel store mengder alkohol. I ein slik situasjon kan eg for min del ikkje sjå at det kan vere grunnlag for å gi delar av dommen på vilkår.
(22)Straffelova § 231 har ei minstestraff på fengsel i 2 år. I dette tilfellet gjeld domfellinga også straffelova § 232. Etter mitt syn tilseier ei vurdering av det objektive alvoret i handlinga og av dei subjektive omstenda at straffa bør vere noko over minstestraffa. Eg meiner etter dette at straffa bør setjast til fengsel i to år og seks månader.
(23)Då eg etter rådslåinga veit at eg er i mindretal, formar eg ikkje utkast til konklusjon.
(24)Dommer Skoghøy: I likhet med tingretten og lagmannsretten er jeg kommet til at en del av straffen bør gjøres betinget.
(25)Som førstvoterende har redegjort for, er den handling A er dømt for, objektivt sett meget grov. Når jeg er kommet til at en del av straffen bør gjøres betinget, er det på grunn av de spesielle omstendigheter i saken.
(26)Domfelte er en umoden 19-åring, som ikke tidligere er domfelt eller bøtelagt. Han har en ADHD-lidelse som han gjennom flere år har vært under medisinering for. Både tingretten og lagmannsretten har lagt til grunn at han i januar 2005 på grunn av flytting hadde mistet medisinresepten. Han hadde forsøkt å få ny resept, men fått opplyst at han ikke kunne få det før gyldighetsperioden for den tapte resepten var utløpt. Han hadde derfor – uten at han kan klandres for det – vært uten medisinering den siste måneden før den straffbare handling ble begått. Som følge av dette var han blitt mer urolig, rastløs og preget av sin ADHD-lidelse enn når han var medisinert, og lagmannsretten har lagt til grunn at dette – i kombinasjon med den betydelige alkoholpåvirkning den aktuelle kvelden og den forutgående uoverensstemmelse med fornærmede – har bidratt til at han handlet som han gjorde. Det foreligger ingen opplysninger om at han tidligere har opptrådt voldelig eller vært oppfattet som kranglete eller konfliktskapende.
(27)På denne bakgrunn finner jeg – på samme måte som tingretten og lagmannsrettens mindretall – at straffen passende kan settes til fengsel i to år og ni måneder, hvorav ni måneder gjøres betinget. Etter straffeloven § 53 nr. 1 andre ledd skal prøvetiden for en betinget dom ”i alminnelighet være to år”. I motsetning til lagmannsretten ser jeg ikke tilstrekkelig grunn til å fravike denne hovedregelen.
(28)Jeg stemmer for denne
(29)Dommer Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med annenvoterende, dommer Skoghøy.
(30)Dommer Coward: Likeså.
(31)Justitiarius Schei: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Utgård.
(32)Etter stemmegivningen avsa Høyesterett denne