Utgård, Lund, Tjomsland, Stabel, Gjølstad Saka galdt spørsmålet om tap av førarrett til motorvogn ved domfelling for brot på straffelova § 162 første og andre ledd. A, som budde i X, vart kontakta av ein person i Y som hadde narkotika til sals. A reiste saman med ein kamerat, i bilen til denne, frå Sørlandet til Y for å gjennomføre kjøpet. Dei to skifta på å køyre. I Y fekk dei overlevert narkotikaen medan dei sat i bilen. Dei vart pågripne i det A skulle til å starte bilen. Stoffet viste seg å vere 927,2 gram stoffblanding som inneheldt 9 prosent amfetamin og 19 prosent metamfetamin. A vart domfelt for kjøp av narkotika. I lagmannsretten vart straffa sett til fengsel i to år og ti månader. Lagmannsretten kom til at det ikkje var grunnlag for tap av førarretten, til skilnad frå tingretten som hadde sagt dom på tap i to år. Etter vegtrafikklova § 33 nr. 1 første ledd kan førarretten fråtakast "dersom hensynet til trafikksikkerheten eller allmenne hensyn ellers krever det", og frå 1. januar 2004 er det domstolane som avgjer dette i same sak som straffespørsmålet. Høgsterett gjekk gjennom bakgrunnen for lovendringa i 2003. I handhevingsrundskriva frå 1992 og 2000 frå Justisdepartementet, var narkotikabrotsverk nemnt som ei type brotsverk der førarkortet kunne inndragast av allmenne omsyn. Det var samstundes stilt krav om "klar sammenheng" for inndraging. I klagesaker der narkotika var ført med bil frå utlandet og inn i landet her, vart det ikkje godteke inndraging der "bruken av bil ikke har representert annet enn et mer eller mindre tilfeldig valg av transportmiddel". Det vart opplyst at førarkortkontoret i Oslo politidistrikt berre hadde behandla få saker om tap av allmenne omsyn dei siste 10 år, og at ingen av desse hadde tilknyting til narkotikakriminalitet. Situasjonen synest å ha vore den same i Bergen. Sjølv om det kunne finnast nokre få slike saker, gav det ikkje grunnlag for å tale om nokon praksis av særleg omfang. Høgsterett stilte opp eit krav om kvalifisert samanheng mellom narkotikabrotsverket og bruken av bil for at det kan givast dom for tap av førarrett etter allmenne omsyn. Det kan ikkje vere nok at bil er brukt fordi det er praktisk. På den andre sida kunne det ikkje stillast opp noko krav om, og det var heller ikkje noko eigna kriterium, om bil blir brukt fordi det er nødvendig. I den konkrete vurderinga vart det vist til at bruken av privat bil her ikkje hadde vore noko sentralt element ved transaksjonen. Slik bruk skjer ved mange brotsverk, ikkje minst ulike typar vinningskriminalitet. I dette tilfellet representerte ikkje bruken av bil anna enn eit meir eller mindre tilfeldig val av transportmiddel. Anken vart etter dette samrøystes forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmål om tap av førarrett til motorvogn ved domfelling for brot på straffelova § 162 første og andre ledd.
(2)Kristiansand tingrett sa 23. juni 2005 dom som hadde slik domsslutning for A: ” 2 a) A, født 00.00.70, dømmes for: 1 – en – overtredelse av strl. § 162, 1. og 2. ledd. Gjerningstidspunkt: 7. oktober 2004 Straffen settes til: fengsel i 2 – to – år og 8 – åtte – måneder som fellesstraff med den uavsonede delen av Agder lagmannsretts dom av 05.08.03, jf. strl. § 61 og § 28 b), 2. ledd. Til fradrag går utholdt varetekt som pr. dato utgjør 287 – tohundreogåttisyv – dager, jf. strl. § 60. b) A dømmes til å tåle utvidet inndragning til fordel for statskassen med kr. 42.000,- – førtitotusen – , jf. strl. § 34 a), samt inndragning av en elektronisk vekt og en pesolavekt, samt 119 – etthundreognitten – patroner, jf. strl. § 37 b). c) A dømmes til å tåle tap av retten til å føre motorvogn for et tidsrom av 2 – to – år, jf. vegtrafikkloven § 33 nr. 1, jf. forskrift om tap av retten til å føre motorvogn m.v. § 2-6 nr. 3.”
(3)Etter fullstendig anke frå A sa Agder lagmannsrett dom 19. oktober 2005 med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1970, dømmes for en overtredelse av straffeloven § 162 første og annet ledd, til en straff av fengsel i 2 – to – år og 10 – ti – måneder, som fellesstraff med den uavsonede delen av Agder lagmannsrettes dom av 5. august 2003, jf. straffeloven § 28 b annet ledd. Til fradrag i straffen går utholdt varetekt i saken med 320 – trehundreogtyve – dager. 2. A dømmes til å tåle inndragning til fordel for statskassen med kr 42 000 – førtitotusen – jf. straffeloven § 34 a, samt slik som endelig fastsatt av tingretten inndragning av en elektronisk vekt og en pesolavekt, samt 119 patroner. 3. A frifinnes for kravet om tap av retten til å føre motorvogn.”
(4)Påtalemakta har anka til Høgsterett når det gjeld avgjerda om å frifinne for kravet om tap av retten til å føre motorvogn. Det er gjort gjeldande at allmenne omsyn tilseier at det må givast dom for tap av retten for alltid.
(5)Eg er komen til at anken ikkje kan føre fram.
(6)A, som bur i Mandal, vart kontakta av ein person i Askim som hadde eit parti amfetamin og metamfetamin til sals. A fekk ein kamerat, B, til å vere med på kjøp av partiet. Dei to reiste så i B sin bil frå Sørlandet til Askim for å gjennomføre handelen. Dei bytte på å køyre. I Askim fekk dei overlevert narkotikaen frå seljaren medan dei sat i bilen. Stoffet vart utveksla gjennom bilvindauget mot ein pose med pengar, for så å bli plassert på golvet bak førarsetet. Alle tre vart pågripne av politiet i det A skulle starte bilen. Stoffet viste seg å vere 927,2 gram stoffblanding som inneheldt 9 prosent amfetamin og 19 prosent metamfetamin.
(7)A er dømd for grovt narkotikabrotsverk for kjøpet. Ved lagmannsrettsdommen, som på dette punktet er rettskraftig, vart han dømd til ei fengselsstraff på to år og ti månader.
(8)Som det går fram av det eg har sagt tidlegare, kom lagmannsretten til at det ikkje var grunnlag for dom på tap av førarretten, til skilnad frå tingretten som hadde sagt dom på tap i to år.
(9)Etter lovendring ved lov 4. juli 2003 nr. 77, i kraft frå 1. januar 2004, har vegtrafikklova § 33 nr.1 første ledd slik ordlyd: ”Blir den som har førerett ilagt straff, kan det i samme dom eller forelegg fastsettes tap av retten til å føre førerkortpliktig motorvogn for en bestemt tid eller for alltid, dersom hensynet til trafikksikkerheten eller allmenne hensyn ellers krever det.”
(10)Alternativet med allmenne omsyn kom inn i motorvognlova av 1926 § 18 ved ei endringslov 21. juni 1935 nr. 4 og er vidareført i vegtrafikklova. Som det går fram av ordlyden, blir omsynet til trafikktryggleiken sett på som eit allment omsyn. Når eg i det vidare talar om allmenne omsyn, er det likevel allmenne omsyn i meir avgrensa meining – utanom omsynet til trafikktryggleiken – eg siktar til.
(11)I samband med at avgjerdene om tap av førarrett i tilknyting til strafflagde tilhøve vart overførde til domstolane, vart det teke inn ein heimel i vegtrafikklova § 33 nr. 1 femte ledd til å gi forskrift med nærare reglar ”om fastsetting av hvor lenge tap av førerett skal vare og om når det skal kreves ny førerprøve”. Forskriftsheimelen kan såleis ikkje nyttast til å regulere om det skal fastsetjast tap av førarretten eller ikkje. Men som eg kjem attende til kastar inndragingspraksis lys over forståinga av vilkåret om allmenne omsyn, og i den samanhengen vil det vere av interesse å sjå på både dei tidlegare handhevingsrundskriva og på nogjeldande forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv. av 19. desember 2003 nr. 1660.
(12)I Ot.prp. nr. 52 (2002-2003), som låg til grunn for lovendringa i 2003, er det sagt litt som har interesse for forståinga av allmenne omsyn, sjølv om det direkte tek sikte på utmålingspraksis. Det går fram av proposisjonen punkt 2.2 Hovedpunktene i høringsnotatet at siktemålet var ”at dagens praksis viderføres innenfor rammene av en ny ordning ...”., Og i punkt 12.1 som inneheld merknader til dei enkelte paragrafane, er det i merknaden til forskriftsheimelen i § 33 nr.1 femte ledd uttala at denne ”er nødvendig for å sikre at dagens inndragningspraksis, jf. Håndhevingsinstruksen, blir videreført selv om reaksjonen heretter skal fastsettes av domstolene”.
(13)Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) inneheld utsegner om kva brotsverk departementet tenkte seg kunne gi grunnlag for fråtaking av førarretten etter allmenne omsyn. I punkt 6.2.1 heiter det såleis mellom anna: ”Men etter bestemmelsen er det adgang til inndragning også når føring av motorvogn kan settes i tilstrekkelig klar sammenheng med annen kriminalitet, for eksempel voldtekt, ran eller narkotikaforbrytelser, jf. håndhevingsinstruksen punkt 3.2.6.”
(14)I den aktuelle handhevingsinstruksen av 11. desember 2000 var det eit punkt 3.2.6 Motorvogn benyttet ved andre straffbare handlinger – Allmenne hensyn. Det er her særskilt nemnt drap, valdtekt og andre seksuallovbrot, narkotikalovbrot, grov smugling, bilbrukstjuveri, tjuveri av bil, ran og tjuveri.
(15)Høgsteretts kjæremålsutval har i tidlegare praksis om beslag av førarkort lagt grunn at førarrett kan gå tapt ut frå ei vurdering av allmenne omsyn, også der det ikkje har kunne rettast innvendingar mot sjølve oppførselen i trafikken. Det kan som illustrasjon visast til Rt. 1972 side 701 som gjaldt grove tjuveri og bedrageri, Rt. 1994 side 923 der bruk av bil hadde vore eit heilt sentralt element i omfattande utnytting av mindreårige jenter med seksuelt føremål og endeleg Rt. 2000 side 2124 som gjaldt kjøp og transport av narkotika. Eg finn det ikkje nødvendig å ta standpunkt til om det å ha vore med i bilen utan å ha vore førar – til dømes under transport av narkotika – kan vere tilstrekkeleg, jf. her kjæremålsutvalet i Rt. 2000 side 2124.
(16)Som nemnt var det eit siktemål ved lovendringa i 2003 å føre vidare praksis slik denne hadde vore tidlegare. Ut frå dette er det av stor interesse kva som reint faktisk var praksis i narkotikasaker. Dei tidlegare handhevingsinstruksane har interesse her. Eg viser til punkt 3.2.6.5 i handhevingsinstruksen av 2000 som var likelydande med handhevingsinstruksen av 25. februar 1992 i det følgjande: ”Et vilkår for inndragning i ovennevnte kategorier må være at det var klar sammenheng mellom bruken av motorvogn og den straffbare handling. Inndragning av førerkort har flere ganger blitt opphevet etter klage i tilfelle hvor klageren er straffet for å ha smuglet narkotika fra utlandet og benyttet bil som transportmiddel, men hvor bruken av bil ikke har representert annet enn et mer eller mindre tilfeldig valg av transportmiddel.”
(17)Kravet om klar samanheng er også teke inn i tapsforskrifta gitt med heimel i § 33 nr. 1 femte ledd. I forskrifta § 2-6 heiter det mellom anna: ”Et vilkår for fastsettelse av tap av førerett etter denne bestemmelsen er at det er klar sammenheng mellom bruken av motorvogn og den straffbare handling.”
(18)Det er sparsamt med opplysningar om forvaltningspraksis i saker om allmenne omsyn fram til sakene vart overførte til domstolane frå 1. januar 2004. Oslo politidistrikt har likevel i brev 9. januar 2006 opplyst at dette politidistriktet hadde lite røynsle med inndraging ut frå allmenne omsyn ved andre strafflagde handlingar enn trafikkovertredingar. Det blir opplyst at førarkortkontoret berre behandla nokre få saker dei siste 10 åra, og at ingen av desse hadde tilknyting til narkotikabrotsverk. Ei sak, der avgjerda om inndraging av førarkortet ikkje vart påklaga, gjaldt bruk av bil til spritsmugling. Aktor har i skranken opplyst at han har vore i kontakt med Bergen politidistrikt, og at situasjonen synest å ha vore den same der som i Oslo.
(19)Det finst derimot eit vedtak som gjeld A. Han fekk 28. september 2001 ein dom frå Agder lagmannsrett på fengsel i tre år for brot på straffelova § 162 første og andre ledd, etter oppbevaring og transport av 15,84 kg hasj. Nord-Jarlsberg politidistrikt gjorde deretter 23. november 2001 vedtak om inndraging av førarkortet i tre år.
(20)Sjølv om det vil finnast andre vedtak frå før lovendringa, er det etter mitt syn ikkje grunnlag for å byggje på at det var tale om nokon praksis av særleg omfang i så måte. Det er heller ikkje opplyst noko om slik praksis etter lovendringa i 2003.
(21)Eg meiner det må stillast opp eit krav om kvalifisert samanheng mellom narkotikabrotsverket og bruken av bil for at det bør givast dom for tap på førarrett. Dette er slik eg oppfattar det, i samsvar med føresetnadene ved lovendringa i 2003 om vidareføring av praksis. Det kan ikkje vere nok at bil er brukt fordi dette har vore praktisk. Her kan eg også vise til omtalen i handhevingsrundskriva om praksis ved bruk til smugling frå utlandet. På den andre sida vil det vere for strengt å stille krav om at bruken av bil må ha vore nødvendig for å gjennomføre handlingane. Etter mitt syn vil det heller ikkje vere noko eigna kriterium om bruk av bil har vore nødvendig, eksempelvis fordi narkotikaen er henta på ein stad eller til ei tid der det ikkje er alternativ transport. Heller ikkje slik bruk vil etter mitt syn tilfredsstille vilkåret om allmenne omsyn, så lenge det er tale om ein meir allminneleg bruk av bilen som transportmiddel. Krav om ein kvalifisert samanheng, eller om at bruken av bil har vore ”et helt sentralt element” som lagt til grunn av kjæremålsutvalet i Rt. 1994 side 923, gir etter mitt syn betre haldepunkt ved vurderinga. Eitt døme på dette ved narkotika vil kunne vere omfattande bruk av bil til spreiingssal. Dette blir då på linje med bruk av bil til innbrotsturnéar. Når det ikkje er dokumentert at inndraging av førarkort eller tap av førarrett har vore nytta i nemnande grad, oppfattar eg nok også dette som eit uttrykk for at oppfatninga i praksis har vore at det ikkje er nokon automatikk i at visse typar lovbrot får slike følgjer, men at det er det er tale om nokså strenge krav.
(22)Brot på narkotikalovgivinga kan skje på mange måtar, med mange slag narkotika og med mange kvanta. Det må ut frå dette også gjennomførast ei konkret vurdering av alvoret i saka og av bruken av motorvogn. Dette ligg i kan-vurderinga i § 33 nr. 1 første ledd.
(23)Som det er understreka i fleire av avgjerdene frå kjæremålsutvalet, må det også vurderast om ei fråtaking står i eit rimeleg høve til brotsverket. Tap av førarretten kjem typisk i tillegg til ei lang fengselsstraff. Det vil kunne vere ei stor ulempe for rehabilitering etter ein dom å mangle førarrett for motorvogn.
(24)Eg går så over til den konkrete vurderinga i saka. For min del kan eg ikkje sjå at bruken av privat bil her har vore noko sentralt element ved transaksjonen. Bruk av bil var klart praktisk. Det er tilfelle ved svært mange brotsverk, ikkje minst mange typar vinningskriminalitet. I dette tilfellet er det likevel slik at bruken av bil ikkje har representert anna enn eit meir eller mindre tilfeldig val av transportmiddel. Slik vart dette vurdert også av lagmannsretten.
(25)Det talar mot A at han tidlegare har vore domfelt for narkotikakriminalitet. I tillegg til dommen frå 2001 som eg har nemnt, har han også ein dom frå Agder lagmannsrett av 8. august 2003 med ei straff på 250 timar samfunnsteneste, også denne dels for brot på straffelova § 162 første og andre ledd. Av desse var 145 timar avtente før ny kriminalitet. Så lenge dei grunnleggjande vilkåra i saka no om tilstrekkeleg tilknyting ikkje er oppfylte, kan eg ikkje sjå at dette kan endre standpunktet mitt. Dersom kravet til allmenne omsyn hadde vore oppfylt, ville tidlegare domfellingar derimot vore viktige for kan- vurderinga og også for fastsetjinga av tida for tap av førrarett.
(26)Etter dette er eg såleis komen til at anken bør forkastast.
(27)Eg røystar for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(28)Dommer Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(29)Dommer Tjomsland: Likeså.
(30)Dommer Stabel: Likeså.
(31)Dommer Gjølstad: Likeså.
(32)Etter røystinga sa Høgsterett denne O R S K U R D : Anken blir forkasta.