Utgård, Stang Lund, Flock, Kaasen og justitiarius Schei Saka gjaldt spørsmålet om det skulle givast forvaring etter domfelling mellom anna for eldspåsetjing som lett kunne føre til tap av menneskeliv, jf. straffelova § 148 første ledd første straffalternativ. Det sentrale ved vurderinga var ei handlingsrekkje kvelden og natta 24. til 25. april 2004. Han tende då på fem stader, først to gonger - i vaskekjellaren og litt seinare i eiga leilegheit - i huset der han budde. Deretter blotta han seg for ein kvinneleg tilsett i ein kiosk. Han tende også på noko rusk i ein kjellar, der elden slokna fordi den ikkje kom i kontakt med anna brennbart materiale. Seinare tende han på i ein kjellar i eit hus, der ein person låg og sov. Endeleg tende han på under eit tilbygd inngangsparti i eit hus der det var fleire husvære, og der det vart gjort store materielle skadar, men der det under tvil var lagt til grunn at det ikkje hadde vore fare for tap av menneskeliv. - Domfellinga gjaldt også eit skadeverk ved øydelegging av inventar på eit psykiatrisk senter ein månad tidlegare. Tingretten hadde gitt dom på forvaring med ei tidsramme på fire år og ei minstetid på to år. Lagmannsretten kom under dissens til at det ikkje var grunn til forvaring og fastsette ei straff av fengsel i tre år og seks månader. Høgsterett forkasta anken frå påtalemakta. Det var ikkje tvilsamt at den dømde var funnen skuldig i eit alvorleg brotsverk, jf. straffelova § 39 c nr.1, og at vilkåra for bruk av forvaring så langt var oppfylte. Spørsmålet var då om det var tilstrekkeleg kvalifisert og reell fare for nye strafflagde handlingar. Høgsterett kom til at det ikkje var tilfelle. Den dømde, som er fødd i 1964, hadde tre dommar for vinningskriminalitet av mindre omfang, men det var på 1980-talet. Han hadde dessutan ein dom på fengsel i 30 dagar på vilkår for truslar - i 2001 - mot ein pleiar. Sett i lys av at han hadde hatt psykiske problem og alkoholproblem sidan han var ganske ung, og at han alt i 1993 hadde fått ein diagnose som langt på veg samsvara med den han fekk no, gav dette ikkje tilstrekkeleg grunnlag til forvaring. Høgsterett viste også til at den lange fengselsstraffa i seg sjølv kunne redusere bruken for å nytte forvaring, og at behovet for forvaring må vurderast mot det maksimale samfunnsvernet bruk av tidsfastsett straff kan gi. Les heile avgjerda
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om det skal givast dom for forvaring etter domfelling mellom anna for eldspåsetjing som lett kunne føre til tap av menneskeliv, jf. straffelova § 148 første ledd første straffalternativ.
(2)I straffesak mot A gav Nordmøre tingrett 12. januar 2005 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1964, dømmes for overtredelse av - straffeloven § 148, første ledd, første straffalternativ - straffeloven § 292, første ledd jfr. § 291 (4 forhold), - straffeloven § 291, annet ledd, jfr. første ledd (2 forhold) og - straffeloven § 201 bokstav b sammenholdt med straffeloven § 62, første ledd og § 63, annet ledd, til forvaring etter straffeloven § 39 c med en tidsramme på 4 –fire– år og en minstetid på 2 –to– år. I tidsrammen og minstetiden fragår 265 – tohundredeogsekstifem– dager for utholdt varetekt. 2. A frifinnes etter post I b i tiltalebeslutning av 10. november 2004. 3. A dømmes til innen14 –fjorten– dager fra dommen er forkynt å betale erstatning til a. Gjensidige Nor Forsikring med kr. 44.574 – førtifiretusenfemhundredogsyttifire. b. If Skadeforsikring NUF med kr. 985.000 –nihundredogåttifemtusen-.”
(3)A anka til Frostating lagmannsrett og gjorde gjeldande at det ikkje var grunnlag for dom på forvaring. Lagmannsretten gav 3. mai 2005 dom med slik domsslutning: ”I tingrettens dom gjøres den endring at straffen settes til fengsel i 3 – tre – år og 6 – seks – måneder som en fellesstraff med Nordmøre tingretts dom av 27. oktober 2003, jf. straffeloven §§ 54 nr. 3, 62 første ledd og 63 annet ledd. I straffen fragår 377 – trehundredeogsyttisyv – dager for utholdt varetekt, jf. straffeloven § 60 første ledd.”
(4)Det var dissens i lagmannsretten. Eit mindretal, rettsformannen og to meddommarar, røysta for at anken frå A skulle forkastast.
(5)Påtalemakta har anka til Høgsterett. Det er gjort gjeldande at det skulle vore gitt dom på forvaring etter straffelova § 39 c. Tidsramma bør setjast til fire år. Den dømde har sete i varetekt i 553 dagar. Det er derfor ikkje sett fram påstand om særskilt fastsetjing av minstetid, då forvaringa må stå ved lag minst eitt år etter rettskraftig dom, jf. straffelova § 39 f femte ledd. Forsvararen har påstått anken forkasta.
(6)Eg er komen til at anken må forkastast.
(7)A er domfelt for i alt sju strafflagde handlingar. Eg skal starte med å gå gjennom kva han er funnen skuldig i.
(8)Den første handlinga skjedde 4. mars 2004 på X psykiatriske senter i Y. A knuste 10 vindaugsruter og ein del møblar, skada golvbelegget og tømde eit brannslokkingsapparat utover eit rom og i lufteanlegget. Kostnadene ved denne skaden var rundt 100 000 kroner. A vart her domfelt for grovt skadeverk.
(9)Dei vidare handlingane skjedde alle kvelden og natta mellom 24. og 25. april 2004. Den dømde sov ut over føremiddagen den 24. Han har forklart at han drakk eit par halvlitrar med øl til frukost, og at han også tok ein del tablettar. Han gjekk deretter ut på byen på fånyttes leit etter B, som ikkje hadde levert attende ein del lånt PC-utstyr, og som han av den grunn var sint på. A kom attende til leilegheita si i ----- gate 0 på ettermiddagen. Frå om lag klokka 1850 og til ein halv time over midnatt tende han på eld fem stader. Samla skade ved desse handlingane var på rundt 930 000 kroner.
(10)Handlingsrekkja starta då A om lag klokka 1850 gjekk ned i kjellaren i det kommunale bustadhuset i -----gate 0 der han budde, og tende på ei ytterjakke av nylon som hang i ei klessnor i vaskerommet. Brannen sløkte av seg sjølv. C, som budde i huset, oppdaga røykutvikling, og brannvesenet vart varsla. Skadane var etter måten små. A vart for denne posten domfelt for skadeverk.
(11)Litt seinare kom den dømde attende til leilegheita si i ----- gate 0. Han samla saman noko papir som han la på golvet, dynka papiret med etterbarberingsvatn og tende på. Han la så ei dyne ved sida av bålet og forlét leilegheita. Brannen utvikla seg slik at det brann i ein vegg og flammane stakk ut av huset i ei lengde på ca. 50 cm då brannvesenet kom og sløkte. Inventaret vart totalskadd, og det vart også skader på innvendige veggar og på kjøkkeninnreiinga. På dette tidspunktet var det berre C som var til stades i oppgangen, og som oppdaga brannen. A vart her funnen skuldig i grovt skadeverk.
(12)Litt seinare på kvelden, om lag klokka 2340, gjekk den dømde inn i ein kiosk, der han blotta seg overfor ein kvinneleg tilsett, samtidig som han onanerte. For dette er han domfelt for seksuelt krenkjande åtferd.
(13)Ein gong denne kvelden eller natta gjekk A inn i kjellaren i ----- gate 0 og tende på noko pappemballasje og papir. Elden kom ikkje i kontakt med anna brennbart materiale og døydde ut. Skadane vart små. For dette vart han domfelt for skadeverk.
(14)A gjekk litt før midnatt vidare mot ----- gate 0 som er ein del av eit trehuskompleks oppført i bindingsverk i to etasjar over ein kjellar. Det er 5 leilegheiter i denne oppgangen. Han gjekk inn i kjellaren der det er ei leilegheit, og tende opp tre stader. Elden spreidde seg i vegg ein av stadene. D låg og sov i leilegheita i kjellaren. D hadde sett mobiltelefonen på vekking fordi han skulle hente sambuaren som var på jobb. Då han kom ut i gangen, var denne fylt med røyk, og det var vanskeleg å sjå noko. Han fekk fjerna glør frå ei pappøskje. D fekk tilkalla brannvesenet. Det brann framleis i ein panelt vegg i kjellaren då brannvesenet kom. Dei fjerna panelet og fekk sløkt brannen.
(15)For denne handlinga vart A domfelt for grovt skadeverk. Men alvorlegare er det at han vart domfelt for brot på straffelova § 148 første ledd første straffalternativ, med grunnlag i at brannen lett kunne ha ført til tap av menneskeliv. Brannen skjedde rundt midtnatt i ein bygard med fleire bueiningar. Det var nærliggjande for domfelte at på denne tida kunne det vere fleire personar som hadde gått til sengs, og at nokon av dei lett kunne omkome som følgje av brannstiftinga.
(16)Den siste handlinga gjaldt påtenning i ---- gate 0. Dette er ein vertikaltdelt tomannsbustad i to etasjar med kjellar og loft, oppført med berande konstruksjonar i tre og med ståande bordkledning utvendig. I eine enden er det eit påbygg som utgjer tak for eit inngangsparti til nokre hyblar i kjellaren. A tende på ein del brennbart materiale under dette tilbygget. Det tok fyr, og det vart gjort omfattande skader på denne bygningen. Sjølv om det var personar til stades i bygningen, kom tingretten under tvil til at risikoen for tap av menneskeliv ikkje var nærliggjande. For denne delen av tiltalen vart A derfor domfelt for grovt skadeverk, men frifunnen etter straffelova § 148 første straffalternativ.
(17)Den dømde vart pågripen like ved denne bustaden. Blodprøve teken klokka 0140 viste eit alkoholinnhald i blodet på 1,21 promille. Blodprøva viste også inntak av diazepam, N-desmetylddiazepam, klornazepam og Nitrazepam.
(18)Eg skal så gå over til ei vurdering av om vilkåra for forvaring er oppfylte. Etter straffelova § 39 c er det grunnleggjande vilkåret at ”en tidsbestemt straff ikke anses tilstrekkelig til å verne samfunnet”. Dei nærare vilkåra følgjer av to punkt, og det er nr. 1 som gjeld for saka no. Etter dette må domfellinga for det første gjelde visse nærare opprekna typar alvorlege brotsverk – mellom dei eldspåsetjing. Når den dømde er funnen skuldig i brot på straffelova § 148 første ledd første straffalternativ, er det ikkje tvilsamt at vilkåret om alvorsgrad er oppfylt. Men for det andre er det fastsett nærare krav til fare i § 39 c nr. 1: ”I tillegg må det antas å være en nærliggende fare for at lovbryteren på nytt vil begå en slik forbrytelse. Ved farevurderingen skal det legges vekt på den begåtte forbrytelsen eller forsøket sammenholdt særlig med lovbryterens atferd og sosiale og personlige funksjonsevne. Det skal særlig legges vekt på om lovbryteren tidligere har begått eller forsøkt å begå en forbrytelse som nevnt i første punktum.”
(19)I fleire avgjerder er dette omtala slik at det må vere tale om ein kvalifisert fare for nye alvorlege brotsverk, og at denne faren på domstidspunktet må vurderast som reell, jf. her seinast Rt. 2005 side 941 avsnitt 26, Rt. 2005 side 301 avsnitt 13 og Rt. 2005 side 289 avsnitt 19. I eit tilfelle der ein domfelt er og i ein lang tidsperiode har vore varetektsfengla, må vurderinga skje ut frå ei hypotetisk vurdering av situasjonen om vedkomande hadde vorte sett fri på domstidspunktet. Det må då også – slik mindretalet i lagmannsretten peikar på i den påanka avgjerda – takast omsyn til at domfelte i ein slik situasjon fort ville kunne kome ut av kontroll. Den praktiske situasjonen er elles at ein dømd svært ofte, dersom det ikkje blir gitt dom på forvaring, må rekne med ei lang fengselsstraff. Denne lange fengselsstraffa vil i seg sjølv kunne redusere behovet for bruk av forvaring, då det ofte vil vere slik at ho vil vere tilstrekkeleg til å verne samfunnet, sjå innleiingssetninga i § 39 c, jf. Rt. 2004 side 209 avsnitt 21.
(20)Eg går så attende til dei nærare vilkåra i § 39 c nr. 1.
(21)Etter siste punktum skal det særleg leggjast vekt på tidlegare alvorlege brotsverk. A, som er fødd i 1964, har tre dommar frå 1980-talet. Desse gjaldt alle mindre vinningsbrotsverk, og han fekk to gonger dom på straff på fengsel på vilkår og ein gong på fengsel i 120 dagar, av dette 75 dagar utan vilkår. Han har etter dette ein dom frå 2003 for brot på straffelova § 227 med ei straff av fengsel i 30 dagar på vilkår. Dommen gjaldt truslar sette fram mot ein pleiar på ein psykiatrisk institusjon, som den dømde var ”sint på”. Ingen av dommane gjeld brotsverk av det slaget som reglane om forvaring tek sikte på. Samla sett må det kunne seiast at A, før dei aktuelle episodane, i liten grad er domfelt for strafflagde handlingar, sett i lys av at han har hatt psykiske problem og rusproblem sidan han var ganske ung.
(22)Når det gjeld dei personlege eigenskapane til A, nemner eg at A vart rettspsykiatrisk undersøkt i høve saka om truslar. Han har også no vore underkasta rettspsykiatrisk undersøking, jf. straffelova § 39 d andre ledd. Ved ankebehandlinga for lagmannsretten gav psykiatarane Børre Husebø og John Olav Roaldset ei fråsegn, datert 11. april 2005, som er ei oppdatering av fråsegna for tingretten, datert 2. juli 2004. I samandraget i fråsegna for tingretten er det mellom anna sagt litt om sjukehistoria: ”Allerede i 1993 ble han innlagt til sitt første av en rekke opphold ved psykiatrisk avdeling Z. Han har i tiden 1993 og frem til april 2004 vært innlagt vel 7 ganger og han har også flere opphold ved flere psykiatriske senter.”
(23)Han fekk følgjande diagnose: ”1. F 60.3 ustabil personlighetsforstyrrelse, 2. F 60.9 uspesifisert personlighetsforstyrrelse og De sakkyndige er noe usikker på om observanden også har begynt å utvikle en manio depressiv lidelse (atypisk bipolar affektiv lidelse), imidlertid vil dette ikke føre til noen endringer av våre konklusjoner.”
(24)Det går fram av inntak i journalen at den dømde første gong var innlagt julaftan 1993. Han fekk då diagnosen F 60.3 emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Det vart ikkje påvist psykotiske symptom, som var mistenkt ved innlegginga.
(25)Ved vurderinga i høve lagmannsrettsbehandlinga uttala dei sakkunnige: ”Observandens atferd er som normalt forventet ut fra kjønn og alder. Han virker relfektert og kontrollert. Stemningsleiet er under hele samtalen stabilt og normalt, og han gir heller ikke uttrykk for symptomer eller plager som kan gi mistanke om depresjon. Dette er endret fra tilstanden under den rettspsykiatriske observasjonen, der han fremstod betydelig mer deprimert og desillusjonert, og uten tanker om en framtid utenfor institusjon. Det kommer ikke fram vrangforestillinger, sansebedrag, tankeforstyrrelser eller hallusinasjoner. Sammenliknet med tidligere undersøkelser er observanden mer i likevekt og mindre anspent og engstelig. Som ved tidligere observasjoner virker han normalt begavet. Helhetsinntrykket er at han fremstår mer likevektig, med mer selvtillit og som mindre deprimert og mindre pessimistisk og desillusjonert, enn ved tidligere observasjoner.”
(26)Og i den samla vurderinga heiter det: ”Observanden fremstår etter et knapt år i fengsel som mindre deprimert og oppgitt enn ved forrige observasjon. …. I institusjon, eller andre steder som skjermer ham for stress i form av konflikter, nedvurdering og motgang er han ikke noen farlig mann, men hans lave toleranse for motgang og stress og det at han fra tid til annen fremdeles ruser seg gir et tydelig risikoscenarie. Observanden har ingen kriminell identitet eller ønske om dette, men om han overlates til seg selv, kommer i risikosituasjoner som tidligere angitt, og inntar rusmidler, vil vi måtte konkludere med middels til høy gjentakelsesfare som i erklæringen av 2.7.04.”
(27)Eg ser at det kan vere ein viss tvil ved korleis den dømde må vurderast ut frå situasjonen dersom han vart sett fri no. Det er ikkje utan vekt at han då fort kan bli utsett for risikoar som fører til at han gjer seg skuldig i nye alvorlege brotsverk. I dette tilfellet er det likevel ein person som har levd i eit slikt risikofelt over svært mange år, og der det berre denne eine kvelden og natta har skjedd alvorlege brotsverk. Det må seiast å vere tilfeldig at det berre ved ei av eldspåsetjingane oppsto fare for tap av menneskeliv, men det er likevel slik at det berre er denne kvelden og natta at han har gjort seg skuldig i handlingar av så alvorleg karakter. Skadeverket vel ein månad tidlegare, og også truslane i 2001, kan etter mi meining ikkje trekkjast inn ved avgjerda.
(28)Mi meining er såleis at det her ikkje er tilstrekkeleg kvalifisert og reell fare for nye strafflagde handlingar til at det bør givast dom på forvaring. Eg treng då ikkje å gå inn på spørsmålet om omsynet til samfunnsvernet i tilfelle ville ha kravd at det vart nytta forvaring. Eg minner likevel, som framheva i dommen i Rt. 2004 side 209 avsnitt 21, om at er det maksimale samfunnsvernet som den tidsfastsette straffa kan gi, som skal vurderast opp mot vernet ved forvaring.
(29)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(30)Dommer Stang Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(31)Dommer Flock: Likeså.
(32)Kst. dommer Kaasen: Likeså.
(33)Justitiarius Schei: Likeså.
(34)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.