Utgård, Kaasen, Stabel, Rieber-Mohn og justitiarius Schei A fekk besøk av ein kamerat som hadde med seg 13,14 gram hasj. Det vart røykt hasj, utan at det kunne leggjast til grunn at det vart gjort av A. Etter ei stund gjekk dei to på pub, og hasjen vart liggjande på eit bord i huset til A til dei to kom igjen frå puben seinare på kvelden. Kameraten la seg til å sove. Politiet vart tilkalla av A som meinte nokon hadde kome på besøk, men A vedgjekk at det ikkje var korrekt. Hasjen vart då funnen på bordet. Kameraten sov tungt og let seg ikkje vekkje. Sjølv om stoffet var teke med inn i huset av kameraten, hadde A godteke at stoffet vart liggjande der i dei timane dei to var på pub. Det var i det minste medverknad til oppbevaring når A var med på dette. Medverkinga heldt også fram når stoffet vart liggjande på bordet etter at dei kom frå puben. Det var her ikkje tale om at ein gjest hadde med seg stoff under eit kortare besøk, men om at A medverka til å stille huset sitt til rådvelde for oppbevaring. Det vart vist til ein viss likskap med tilhøvet i Rt. 2001 side 1671. Ut frå dette var A med rette domfelt for medverknad til oppbevaring av hasj. Dommen har også omtale av kravet til domsgrunnar når det gjeld bevisresultatet. Les heile avgjerda
(1)Dommar Utgård: Hovudspørsmålet i saka er korleis ”oppbevarer” i straffelova § 162 skal forståast. I tillegg er det spørsmål som gjeld krava til domsgrunnar.
(2)Østfold politidistrikt tok 19. april 2004 ut tiltale mot A der gjerningsomtalen var: ”Mandag 9. februar 2004, ca. kl. 01:46, i Ekevika i Hvaler, oppbevarte han ca. 13,14 gram hasjisj, eller medvirket til dette.”
(3)Ved Fredrikstad tingretts dom 13. september 2004 vart A domfelt i samsvar med tiltalevedtaket. Domsslutninga lyder slik: ”1. A, f. 00.00.53, dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 første ledd til en straff av fengsel i 14 – fjorten – dager, som i medhold av strl §§ 52–54 gjøres betinget med en prøvetid på 2 – to – år, samt til å betale en bot stor kroner 5 000 – femtusenkroner00/100, subsidiært fengsel i 10 – ti – dager. 2. A dømmes til å betale staten saksomkostninger med 2 000 – totusen – kroner.”
(4)Domfelte anka til Borgarting lagmannsrett over bevisvurderinga over skuldspørsmålet. Anken førte ikkje fram, og lagmannsretten sa dom 26. mai 2005 med slik domsslutning: ”1. A født 00.00.1953 dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 første ledd til en straff av fengsel i 14 – fjorten – dager som i medhold av straffeloven §§ 52– 54 gjøres betinget med en prøvetid på 2 – to – år samt til å betale en bot på 5 000 – femtusen – kroner, subsidiært fengsel i 10 – ti – dager. 2. A dømmes til å betale saksomkostninger til staten for tingrett og lagmannsrett med 5 000 – femtusen – kroner.”
(5)Ein meddommar dissenterte og meinte at det ikkje var ført tilstrekkeleg bevis for straffeskuld.
(6)A har anka dommen til Høgsterett. Anken gjeld prinsipalt lovbruken, subsidiært domsgrunnane i høve til lovbruken og i høve til bevisresultatet.
(7)Eg er komen til at anken ikkje kan føre fram.
(8)Som nemnt gjaldt anken til lagmannsretten bevisvurderinga under skuldspørsmålet. Sjølv om lagmannsretten kom til same resultatet som tingretten, var grunngivinga ei anna. Lagmannsretten har ut frå dette ikkje vist til tingretten sine domsgrunnar. Ved vurderinga av dei spørsmåla som er reiste i anken, må eg etter dette heilt ut byggje på domsgrunnane hos lagmannsretten.
(9)Eg startar med omstenda rundt saka. B kom 8. februar 2004 på ettermiddagen på besøk til A, som har eit hus i Ekevika i Hvaler. Dei to drakk øl og såg på fjernsyn. Etter kvart tok dei drosje til ein pub på Skjærhalden, der dei var til rundt midnatt. Dei tok då drosje heim til A. Der fann dei ikkje nøkkelen i snøen, og tok seg inn ved å knuse eit vindauge.
(10)Om natta ringde A til politiet og bad om hjelp. Han opplyste at han var oppsøkt av to personar som trua han. Då politiet kom var A i bustaden saman med B. Sistnemnde sov tungt på eit soverom og let seg ikkje vekkje av tenestemennene. Det vart under besøket klarlagt at det var A sjølv som saman med B hadde knust vindauget.
(11)Polititenestemennene fann under oppdraget ein pose med hasj på eit bord i stova. På ei hylle under bordet låg det ei saks med brent tupp og ei maispipe.
(12)Både A og B vart sikta for oppbevaring av stoffet. Saka mot B vart seinare lagt bort grunna bevisstillinga.
(13)Når det gjeld vurderinga av om dei objektive og dei subjektive vilkåra for domfelling var til stades, gir eg att det den samla lagmannsretten og fleirtalet uttala: ”Lagmannsretten bemerker at det er på det rene at det objektive gjerningsinnhold etter straffebestemmelsen foreligger i og med at hasjisjen ble funnet på bopel hjemme hos A. Spørsmålet er om A kjente til at B hadde hatt med seg stoffet. Både A og B har forandret forklaring etter tingrettens behandling av saken. Som det fremgår over forklarte A at stoffet var helt ukjent for ham og at han antok at B måtte ha tatt frem dette da de kom fra puben mens A selv var på toalettet. Ved behandlingen av det subjektive gjerningsinnhold har retten delt seg i et flertall og et mindretall. Flertallet, fagdommerne og meddommerne Borge, Forsang og Kjeve, finner det hevet over enhver rimelig og fornuftig tvil at A kjente til at B hadde hatt med seg hasjisjen til huset og at han var klar over at stoffet ble liggende der. Polititjenestemennene fant pakken fullt synlig på bordet. Flertallet finner det utelukket at A ikke har kjent til dette. Når A ikke hadde gjort forsøk på å skjule utstyret før han ringte politiet har det etter lagmannsrettens oppfatning sammenheng med det forhold at han etter egen forklaring var ganske beruset. Det vises i den forbindelse til at B forklarte at de forlot puben fordi A ble nektet videre servering. I samtale med politimennene som kom den natten sa han først at de ukjente mennene hadde tatt seg inn gjennom vindusruten. Det ble deretter klart for tjenestemennene at det var tiltalte selv og B som hadde knust ruten. Etter polititjenestemennenes forklaring legger lagmannsretten til grunn at A virket beruset og forvirret. Lagmannsrettens flertall viser også til at saksen med den brente tuppen tilhørte A.” ... ”A blir i samsvar med flertallets oppfatning å domfelle etter tiltalebeslutningen for medvirkning til oppbevaring av 13,14 gram hasjisj jf straffeloven § 162 første ledd.”
(14)Før eg går inn på lagmannsretten si tolking av omgrepet oppbevaring, minner eg om at det her var tale om beslag av eit kvantum på 13,14 gram hasj, som utgjer eit større tal brukardosar. Dette er klart meir enn det som kan reknast å vere til eigen bruk på heilt kort sikt. Tilhøvet er då med rette ført inn under straffelova § 162 første ledd som oppbevaring og ikkje vurdert berre som innehaving – ”besittelse”, der straffeheimelen er i legemiddellova § 24 første ledd.
(15)Eg går så over til å sjå på innhaldet i domsgrunnane. Som det går fram av det eg har gitt att frå lagmannsrettsdommen, vart A domfelt for medverknad til oppbevaring. Lagmannsretten kan synest å leggje avgjerande vekt på at hasjen vart funnen i bustaden til A. Dette er ein for enkel måte å avgjere spørsmålet om oppbevaring på, og det er uheldig at lagmannsretten kan synest å avgrense det objektive innhaldet i straffebodet til ei slik rein konstatering utan å trekkje inn også andre element.
(16)Det må likevel takast omsyn til det som lagmannsretten uttalar elles i dommen. Fleirtalet i lagmannsretten la til grunn – under omtalen av det subjektive straffvilkåret – omstende som utfyller det som vart sagt under omtalen av det objektive. Særleg viser eg til at det er sagt at ”A kjente til at B hadde hatt med seg hasjisjen til huset og at han var klar over at stoffet ble liggende der”. Lese i samanheng med andre delar av premissane, må det forståast slik at stoffet vart liggjande i det minste frå dei to ut på kvelden drog på pub, og til politiet kom og fann stoffet. Dette var A også kjend med. Etter mi meining viser dette at det er lagt til grunn eit faktum som gjer at A vart domfelt med rette.
(17)Sjølv om stoffet var teke med inn i huset av B, godtok A at det vart liggjande der i timane dei to var på pub. Og det var i det minste medverknad til oppbevaring når A var med på dette. I denne situasjonen heldt medverkinga til oppbevaring fram når stoffet vart liggjande på bordet etter at dei kom frå puben. Ved dette let A huset sitt tene som oppbevaringsplass for stoffet. Det er såleis ikkje tale om at ein gjest har med seg stoff under eit kortare besøk, men om at A har medverka ved å stille huset sitt til rådvelde for oppbevaring. Til ein viss grad er det her ein parallell med tilhøvet i Rt. 2001 side 1671, ved at det kjem noko til.
(18)Domfelte har også gjort gjeldande at domsgrunnane ikkje gjer tilstrekkeleg greie for hovudpunkta i bevisvurderinga, jf. straffeprosesslova § 40 femte ledd. Det er ikkje meininga at retten skal gå i detalj når det gjeld det som er vektlagt i ei bevisvurdering. Når det til dømes gjeld det at det vart funne hasj, er dette omstende som er så klare at det ikkje krev nærare omtale. Og når det gjeld spørsmålet om kva A visste, har A og B forklara seg ulikt og også endra forklaring etter at tingretten behandla saka. I ein slik situasjon vil ein domstol svært ofte måte avgrense seg til å seie kva den finn bevist.
(19)Eg kan etter dette ikkje sjå at anken kan føre fram på dette punktet.
(20)Det inneber at mitt syn er at anken må forkastast.
(21)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(22)Kst. dommer Kaasen: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(23)Dommer Stabel: Likeså.
(24)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(25)Justitiarius Schei: Likeså.
(26)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.