Utgård, Øie, Støle, Skoghøy og Matningsdal A vart sikta for seksuell omgang med ei fosterdotter, jf. straffelova § 195 første ledd første straffalternativ. Han vart sett i arrest over natta, og heimen hans vart ransaka. Han vart avhøyrt ved eit seinare høve. Eit halvt år etter siktinga vedtok statsadvokaten å leggje bort saka etter bevisstillinga. A klaga til Riksadvokaten over at saka ikkje var lagd bort som ikkje noko strafflagt tilhøve. Fosterdottera klaga over at saka var lagd bort. Ingen av klagene vart tekne til følgje. Sunnhordland tingrett tilkjende 796 787 kroner i skadebot og 75 000 kroner i oppreising til A. Påtalemakta påkjærte til Gulating lagmannsrett, som frifann staten. Høgsterett behandla kjæremålet, og oppheva avgjerda frå lagmannsretten. Lagmannsretten hadde ved si avgjerd lagt til grunn at vedtak om bortlegging ikkje var omfatta av omgrepet forfølginga i straffeprosesslova § 444. Høgsterett uttala at det var feil lovbruk, og at forfølginga varer ved til saka er endeleg avgjort. Det vart mellom anna vist til forståinga av straffeprosesslova § 438, som regulerer ansvaret for sakskostnader. Høgsterett uttala samstundes at ei frifinning eller bortlegging kan grunngivast med bevistvil. Ei slik frifinning eller bortlegging vil ikkje i seg sjølv utløyse eit krav på skadebot. Det kan likevel ikkje sjåast bort frå at det likevel kan vere valda skade ved måten ei sak er avslutta på, noko lagmannsretten synest å ha sett bort frå. I tillegg var det uklart om lagmannsretten hadde lagt til grunn tilleggsvilkår, ut over at vedkomande var sikta, for at forfølginga skulle vere omfatta. Lagmannsretten hadde såleis mellom anna lagt vekt på at det var tale om "adekvate skritt som det var nødvendig å ta" og at det ikkje var "grunnlag for å bygge på annet enn at de er gjennomført på en hensynsfull måte". Også avgjerda av spørsmålet om oppreising vart oppheva. Det vart her mellom anna vist til at då lagmannsretten synest å ha oppfatta omgrepet forfølginga noko for smalt, kunne det ikkje sjåast bort frå at dette også hadde smitta over på forståinga av § 446. Dågjeldande § 446 gav berre heimel for oppreising når vilkåra etter § 444-445 var oppfylte. Krava var sette fram før endringa av §§ 444-446 vart iverksett frå 1. januar 2004. Høgsterett uttala at lovendringa ikkje hadde innverknad på dei spørsmåla saka reiste.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmål om skadebot og oppreising etter reglane i straffeprosesslova §§ 444-446 etter at saka vart lagd bort etter bevisstillinga. Hovudspørsmålet er om sjølve bortleggingsvedtaket er omfatta av omgrepet ”forfølgingen” i straffeprosesslova § 444.
(2)A vart 18. desember 2002 teken inn til avhøyr. Under avhøyret vart han pågripen og sikta for seksuell omgang med fosterdottera B, fødd 29. januar 1987, jf. straffelova § 195 første ledd første straffalternativ. Same dagen vart det gjennomført ransaking av bustaden til familien, og det vart gjort ein del beslag. Etter avslutta avhøyr og ei natt i arrest vart han sett fri 19. desember 2002, og han har ikkje seinare hatt fridomstap. A vart avhøyrt også ved eit seinare høve. Politiet fremja kravsmål om rettsleg avhøyr av B, men trekte det seinare attende.
(3)Den 20. juni 2003 vedtok Rogaland statsadvokatembete å leggje bort saka etter bevisstillinga. Både A og B påklaga vedtaket. A gjorde gjeldande at saka skulle vore lagt bort på det grunnlaget at det ikkje låg føre noko strafflagt tilhøve. B gjorde gjeldande at det var grunnlag for å ta ut tiltale. Riksadvokaten tok ikkje nokon av klagene til følgje.
(4)A sette 3. desember 2003 fram krav om skadebot og oppreising etter urettkomen forfølging. Også ektemaken, C, og to av døtrene, D og E, sette fram krav. E fråfall kravet før behandlinga i tingretten.
(5)Sunnhordland tingrett gav 14. mai 2004 orskurd med slik slutning: ”1. Staten ved Justisdepartementet betaler i erstatning 796.787 – sjuhundreognittisekstusensjuhundreogåttisju – kroner til A innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne kjennelsen. 2. Staten ved Justisdepartementet betaler i oppreisning 75.000 – syttifemtusen – kroner til A innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne kjennelsen. 3. Staten ved Justisdepartementet betaler i erstatning 30.000 – trettitusen – kroner til C og D innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne kjennelsen. 4. Fra de fastsatte oppfyllelsesfristene påløper den alminnelige forsinkelsesrente etter forsinkelsesrentelovens § 3 første ledd første punktum til betaling skjer.”
(6)Påtalemakta påkjærte orskurden til Gulating lagmannsrett. Kjæremålet vart seinare fråfalle i høve til ektemaken C og dottera D. Den 5. april 2005 gav Gulating lagmannsrett, etter munnlege forhandlingar, orskurd med slik slutning: ”Staten v/Justisdepartementet frifinnes.”
(7)A har påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval. Kjæremålsutvalet har avgjort at kjæremålet skal behandlast i avdeling, og justitiarius at det skal vere partsforhandlingar etter reglane for ankesaker, jf. høgsterettslova § 6 andre ledd.
(8)Eg er komen til at kjæremålet må føre fram, og at lagmannsrettens orskurd må opphevast grunna mangelfulle avgjerdsgrunnar.
(9)Det er tale om eit vidare kjæremål, der Høgsterett berre kan prøve saksbehandling og generell lovtolking hos lagmannsretten, jf. straffeprosesslova § 388. For kravet om skadebot rettar kjæremålet seg prinsipalt mot lovtolkinga, subsidiært mot avgjerdsgrunnane. Når det gjeld kravet om oppreising, er det gjort gjeldande at avgjerdsgrunnane er mangelfulle. Høgsterett har såleis kompetanse til å prøve kjæremålet.
(10)Innleiingsvis peikar eg på at kravsmålet om skadebot og oppreising vart sett fram 3. desember 2003. Det inneber at det er lova slik ho var før endringslov av 10. januar 2003 til straffeprosesslova kapittel 31 vart sett i kraft 1. januar 2004, som skal nyttast. Kjæremålet knyter seg til innleiinga i straffeprosesslova § 444 første ledd første setning, der det heitte: ”Blir en siktet frifunnet eller forfølgingen mot ham innstilt, har han krav på erstatning av staten for skade som han har lidt ved forfølgingen, ... .”
(11)Dette er formulert litt annleis i nogjeldande § 444 første ledd, men eg kan ikkje sjå at lovendringa har innverknad på akkurat dei spørsmåla som er oppe ved behandlinga av kjæremålet. Eg går ikkje inn på verknadene elles av lovendringa.
(12)Hovudemnet for kjæremålet er lovtolkinga etter straffeprosesslova § 444. Etter lova slik ho var før 1. januar 2004, hadde ein sikta når forfølginga vart innstilt, på nærare vilkår krav på skadebot av staten for den skade han har lide ”ved forfølgingen”. Straffeprosesslova kapittel 31 har overskrifta ”Erstatning i anledning av forfølging”, og det må kunne leggjast til grunn at løysinga er den same også for dei andre paragrafane i kapitlet som etter § 444. Spørsmålet er så kva som ligg inn under omgrepet forfølginga.
(13)Etter lovteksten i § 444 gjeld føresegna når nokon er sikta. For at ein person skal kome inn under føresegna, må han såleis ha fått status som sikta. Det er også slik at det at ein person er sikta, gjer at saka må avsluttast ved avgjerd i retten eller eventuelt ved at forfølginga blir innstilt, jf. lovteksten i § 444. Uttrykket sikta gir såleis både eit vilkår for bruk av § 444 og eit startpunkt for kva som er ei forfølging.
(14)Spørsmålet er så kor lenge forfølginga varer etter reglane i § 444. Slik eg ser dette, må forfølginga vare til saka er endeleg avslutta. Dette kan dels seiast å følgje av systemet i straffeprosesslova, der ein person er sikta til saka mot han er endeleg avgjort, ved bortlegging eller ved rettskraftig dom, jf. Andenæs, Norsk straffeprosess, Bind 1, 2000, side 62. Ein sikta vil ikkje vere ferdig med ei sak før denne er endeleg avslutta. Eit bortleggingsvedtak eller ein frifinnande dom kan bli endra gjennom avgjerd frå overordna instans. Det er lite naturleg å seie at den som møter i retten i ei straffesak eller som får ein dom, ikkje gjer dette som deler av ei strafferettsleg forfølging.
(15)Det kan her også visast til straffeprosesslova § 438 som gjeld spørsmålet om sakskostnader der ei ”offentlig forfølging” ender med frifinning. Det følgjer klart av denne føresegna at ho også regulerer sakskostnadsansvaret for den dommen som avsluttar saka.
(16)Etter mitt syn må det i høve til dei aktuelle paragrafane leggjast til grunn at forfølginga varer ved til saka er endeleg avslutta, gjennom endeleg vedtak om innstilling eller gjennom endeleg rettsleg avgjerd. Så lenge har den sikta eit rimeleg grunnlag for vern, og så lenge må til dømes sakskostnadsansvaret etter § 438 gjelde.
(17)Det eg her har sagt, inneber at ein frifinnande dom eller eit bortleggingsvedtak går inn under den tid forfølginga varer etter § 444. Lova er endra for kravsmål som er sette fram etter 1. januar 2004, der kravet om å sannsynleggjere uskuld er teke bort. Etter praksis i Høgsterett gjeld dette også for krav sette fram før 1. januar 2004, jf. Rt. 2003 side 251. Eg finn grunn til å understreke at forståinga av omgrepet forfølging, samanhalde med den nye rettstilstanden, ikkje inneber at ein frifinnande dom i seg sjølv vil utløyse eit krav på skadebot ut frå måten frifinninga er grunngitt på. Ei frifinning grunna bevistvil vil ikkje vere i strid med uskuldpresumsjonen i Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 2, og det vil heller ikkje ei bortlegging med slik grunngiving vere. Det er også i samsvar med hevdvunnen rettstradisjon i vårt land at ei frifinning kan grunngivast med tvil. Dette er motstykket til kravet om at ingen skal dømmast dersom det kan reisast rimeleg tvil – fornuftig og ikkje berre teoretisk tvil – ved om ein sikta er skuldig. Det må då også vere slik at ei frifinning eller ei bortlegging ut frå tvil ikkje i seg sjølv vil utløyse eit krav på skadebot.
(18)Eg går så over til den nærare vurderinga av kjæremålet. Slik eg ser det, er avgjerdsgrunnane hos lagmannsretten uklare.
(19)For det første ser eg det som uklart korleis lagmannsretten har sett på kva som ligg i omgrepet forfølginga. Spesielt viser eg til denne utsegna: ”Slik lagmannsretten forstår de aktuelle bestemmelser, må det være riktig å bygge på at kravet om at skaden må være voldt ved ”forfølgningen” skal fortolkes slik kjærende part gjør. I henleggelsesbeslutningen ligger således ikke annet enn det som ellers ville fulgt av en dom, og selv om det er en dom som avslutter saken, er det de skadegjørende forhold ved forfølgningen som i tilfelle kan utløse erstatningsansvar. Lagmannsretten tilføyer at selv om området for erstatningsansvaret er videre etter § 445 enn etter § 444, er grunnvilkåret, skaden må være voldt ved forfølgningen, fortsatt det samme. …”
(20)Det synest som om lagmannsretten her har sett bort frå at ein skade kan vere valda ved måten ei sak er avslutta på, ved ein dom eller eit bortleggingsvedtak, fordi dette ikkje er ein del av forfølginga. Som eg har gjort greie for, er dette i tilfelle feil lovforståing.
(21)Det er for meg også uklart om lagmannsretten har lagt til grunn at det blir stilt tilleggsvilkår for at forfølginga skal vere omfatta, ut over det at vedkomande er sikta. Det er såleis uttala i avgjerda: ”Kjæremotparten har forklart at slik forholdene lå an, kom ikke anmeldelsen som noen overraskelse på ham, etter at piken hadde fortalt ”historier” i forkant som det var nødvendig å følge opp. Og når avhøret varte så lenge som ni timer, hadde dette, etter det han har forklart, bl.a. sammenheng med at han selv hadde mye han ønsket å forklare seg om. Verken dette eller det forhold at kjæremotparten ble holdt i arrest til ut på dagen neste dag, kan etter lagmannsrettens oppfatning utløse noe erstatningsansvar. Det var således tale om adekvate skritt som det var nødvendig å ta, og det er ikke grunnlag for å bygge på annet enn at de er gjennomført på en hensynsfull måte.”
(22)Eg peikar på at det her ikkje er krav i lova om at eit eventuelt tap ved forfølginga skal vere valda på ein spesiell måte eller ved spesielle steg. Dersom lagmannsretten her har lagt inn tilleggskrav ut over at det skal ligge føre ei sikting, er det feil lovbruk.
(23)Men det eg her har sitert, viser at det ikkje er opplagt at det er dette lagmannsretten har meint. Det kan også vere at lagmannsretten har bygd på at forfølginga har skjedd på ein varsam måte, og at ho derfor ikkje har vore årsak til skadar. Denne formuleringa, til liks med andre formuleringar hos lagmannsretten, kan også tenkjast å vere meint som ein del av ei bevisvurdering for om det var årsakssamanheng mellom forfølginga og tapet.
(24)For meg er det uklart om lagmannsretten har avgjort saka på ei slik årsaksvurdering, og der det i tilfelle ikkje har hatt innverknad at sjølve bortlegginga ikkje har vore sett på som ein del av forfølginga. Ut frå dette må lagmannsrettens orskurd opphevast grunna mangelfulle avgjerdsgrunnar, når det gjeld kravet om erstatning.
(25)Lagmannsretten kom til at det heller ikkje var grunnlag for kravet om oppreising, jf. straffeprosesslova § 446. Kjæreparten har gjort gjeldande at avgjerdsgrunnane her er mangelfulle.
(26)Lagmannsretten har vist til at dågjeldande § 446 berre gav heimel for oppreising der vilkåra for skadebot etter §§ 444–445 var oppfylte. Det er då noko uklart kvifor lagmannsretten, med sitt resultat for skadebot, går vidare i drøftinga. Då lagmannsretten synest å ha oppfatta omgrepet forfølginga i § 444 noko snevert, kan det ikkje sjåast bort frå at også vurderingstemaet etter § 446 har vorte noko for smalt. Det kan dessutan synest som lagmannsretten i denne drøftinga ikkje går nærare inn på vilkåra for oppreising, men i staden ser på utmålinga. Det blir såleis i det vidare vist til avgjerdene i Rt. 2003 side 1690 og Rt. 1995 side 1131, som begge gjaldt utmålingsspørsmål.
(27)Ut frå dette er eg komen til at lagmannsrettens orskurd må opphevast på grunn av mangelfulle avgjerdsgrunnar også når det gjeld spørsmålet om tilkjenning av oppreising.
(28)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Lagmannsrettens orskurd blir oppheva.
(29)Dommer Øie: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(30)Dommar Støle: Det same.
(31)Dommer Skoghøy: Likeså.
(32)Dommer Matningsdal: Likeså.
(33)Etter røystinga gav Høgsterett slik O R S K U R D : Lagmannsrettens orskurd blir oppheva. Rett utskrift: