Utgård, Flock, Skoghøy, Støle og Coward Domfelte hadde vore økonomidirektør i OVDS i tida frå 1995 og til 2002. I denne perioden var han med på å leggje tilrette for søknader om offentleg støtte til ferjedrifta, og ut frå det vart han domfelt for medverknad til bedrageri for tilskotsåra 1996-2002 der tapet og tapsfaren for det offentlege utgjorde 31-34 millionar kroner og 76,2 millionar kroner, og for forsøk på bedrageri for 2003 der tapet utgjorde 7,4 millionar kroner. Bedrageria skjedde ved bruk av doble rekneskapar, der OVDS laga eit endra rekneskap som vart presentert overfor tilskotsgivarane. Høgsterett viste til at det var tale om offentlege midlar til ferjedrift, og at systemet i stor grad var bygd på tillit. Slike system er sårbare, og det er nødvendig at brot på tilliten blir møtt med effektive sanksjonar. Det er også slik at ein her står overfor eit område der bruk av fengselsstraff mot dei ansvarlege personane må reknast å vere eit effektivt verkemiddel - meir verknadsfullt enn det som må reknast å gjelde ved mange andre typar av lovbrot. Straffa mot A måtte fastsetjast på sjølvstendig grunnlag, og utan at det vart lagt vekt på korleis straffutmålinga hadde vore for dei andre domfelte. Omfanget av bedrageri og forsøk på bedrageri var sentralt. A var i den aktuelle perioden finansdirektør i OVDS og hadde eit sjølvstendig ansvar for at han hadde delteke i handlingane. Sjølv om opplegget med doble rekneskapar hadde starta før han kom inn, hadde A utvikla verkty til å justere rekneskapa slik at dei ikkje skulle bli oppdaga, og han hadde gitt beskjed om kor store endringar som måtte gjerast. Ordninga med justerte rekneskapstal var sett i verk av tidlegare administrerande direktør, før A kom inn. Sjølv om det ikkje var reist tiltale mot administrerande direktør og styreleiar for dei åra domfellinga gjaldt, måtte det leggjast til grunn at A i alle fall trudde at desse visste kva som gjekk føre seg. Ved straffutmålinga for A måtte det ut frå det vere slik at det måtte leggjast til grunn at dei to toppleiarane var kjende med rekneskapsjusteringane og ønskte dei gjorde. Hovudansvaret for bedrageria låg under ein slik føresetnad hos den øvste leiinga. For ein mellomleiar måtte straffa setjast ein del lågare enn for ein toppleiar. Det hadde avgrensa vekt at handlingane ikkje var gjorde med tanke på eiga vinning. Høgsterett la ei viss vekt på at A hadde vedgått dei faktiske handlingane han var dømt for, sjølv om han hadde hatt synsmåtar på verknadene av handlingane. Tingretten hadde sett straffa til fengsel i 2 år og 6 månader, av dette 10 månader på vilkår. Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsle i 2 år og 6 månader, alt utan vilkår. Høgsterett sette straffa til fengsel i 2 år, alt utan vilkår.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmålinga for bedrageri ved utbetaling av offentleg tilskot til reiarlag som dreiv ferjedrift. Dei sentrale problemstillingane er dels straffenivået for slike handlingar reint allment, og særleg korleis domfelte si rolle skal vektleggjast.
(2)Statsadvokatane ved Økokrim sette 7. april 2004 A og fire andre som hadde eller hadde hatt leiande stillingar i Ofoten og Vesteraalens Dampskipsselskab ASA – OVDS – under tiltale som post I etter straffelova § 270 nr. 1, jf. § 271 om grovt bedrageri, som post II etter straffelova § 270 nr. 1, jf. § 271, jf. § 49 for forsøk på grovt bedrageri og som post III etter straffelova § 166 første og andre ledd for å ha gitt falsk forklaring til offentleg styresmakt der forklaringa var meint å tene som bevis.
(3)Salten tingrett gav 6. august 2004 dom som for A hadde slik slutning: ”4 a) A f. 00.00.59 frifinnes for overtredelse av straffelovens § 166 (tiltalens post III). 4 b) A f. 00.00.59 dømmes for overtredelse av straffelovens § 270 nr. 1, jfr. § 271 (syv tilfelle) og straffelovens § 270 nr. 1, jfr. § 271, jfr. § 49 (ett tilfelle), alt sammenholdt med straffelovens § 62, 1. ledd, til en straff av fengsel i 2 – to – år og 6 – seks – måneder. I medhold av straffelovens §§ 52–54 gjøres 10 – ti – måneder av straffen betinget med en prøvetid på 2 – to – år. 4 c) Saksomkostninger idømmes ikke.”
(4)A anka til Hålogaland lagmannsrett over bevisvurderinga og lovbruken under skuldspørsmålet for tiltalevedtaket post I og II og dessutan straffutmålinga. Anken vart nekta fremja med unntak for straffutmålingsanken. For denne vart bevisføringa avgrensa slik at ”... tingrettens fastsettelse av bedragerienes beløpsmessige omfang legges til grunn og er ikke gjenstand for fornyet prøving, ...”. A kravde vedtaket omgjort med omsyn til avgrensinga av bevisførselen under straffutmålinga. Subsidiært påkjærte han vedtaket. Lagmannsretten omgjorde ikkje, og ved orskurd HR-2004-02100-U frå Høgsteretts kjæremålsutval vart kjæremålet forkasta.
(5)Etter dette vart straffutmålingsanken behandla i Hålogaland lagmannsrett med grunnlag i vedtaket om avgrensing av bevisførselen for beløpet bedrageriet gjaldt. Lagmannsretten gav dom 25. februar 2005 med slik slutning for A: ”2. I Salten tingretts dom av 6. august 2004 mot A, født 00.00.1959, gjøres den endring at straffen settes til fengsel i 2 – to – år og 6 – seks – måneder.”
(6)A anka til Høgsterett over saksbehandlinga og straffutmålinga. Anken over saksbehandlinga gjaldt nektinga av å drøfte omfanget av bedrageriet. Høgsteretts kjæremålsutval tillet ikkje anken over saksbehandlinga fremja. Anken over straffutmålinga vart tillaten fremja, med unntak for bevisvurderinga for det beløpet bedrageriet gjaldt. Påtalemakta har ikkje motanka, men har i skranken gjort gjeldande at straffa bør setjast til fengsel i 3 år og 6 månader.
(7)Eg er komen til at anken bør takast til følgje og straffa setjast noko ned.
(8)A er utdanna siviløkonom. Han vart tilsett som controllar i OVDS frå 1. januar 1992. På dette tidspunktet var B administrerande direktør. B slutta i april 1995, og økonomidirektør C vart då i ein kortare periode konstituert som administrerande direktør. A tok over som økonomidirektør frå 19. mai 1995. Frå 22. november 1995 overtok tidlegare styremedlem E stillinga som administrerande direktør, og C vart då viseadministrerande direktør. C slutta hausten 1996, etter avdekking av manglande rapportering av ei valutasak. I heile perioden frå 1987 og til 1. august 2002 då han tok over som administrerande direktør var D styreformann.
(9)Når det gjeld dei omstenda domfellinga knyter seg til, byggjer eg på det som er lagt til grunn av tingrett og lagmannsrett.
(10)OVDS kjøpte i 1989/90 aksjane i Nordferjer AS, og dette selskapet vart fusjonert inn i OVDS. Frå dette tidspunktet fekk dermed OVDS ein omfattande aktivitet innanfor ordinær bilferjedrift. Fram til og med 1989 hadde det vore nytta ei salderingsordning for ferjedrifta, som innebar at selskapa fekk godkjent eit budsjett ved starten av driftsåret, og at dei så ved slutten av året fekk dekt underskota ut frå innsende rekneskapar. Tilskotsordninga vart endra frå 1990 av ved at det vart innført ei ordning med rammetilskot som vart gitt ut frå tidlegare års rekneskapar og budsjett for det komande året.
(11)Tingretten har omtala det som skjedde slik: ”Retten legger til grunn som ubestridt at OVDS i perioden 1993-2002 årlig sendte inn ferjeregnskaper for foregående år, som var regulerte og som de derfor visste ikke var korrekte. Utgiftsposter var økte og inntektsposter reduserte, slik at regnskapene viste større netto underskudd enn reelt. Internt ble benyttet et regneark i Excel, med kolonner for de korrekte regnskapstall fra internregnskapet, kolonner for fiktive endringer, og kolonner for nye summer. Tallene ble også lagt inn i selskapets regnskapssystem i en periode 13. Når selskapet sendte budsjett for kommende år, inneholdt det også kolonner med tidligere års regulerte regnskaper. Det er enighet om at ordningen ble initiert og regissert av administrerende direktør B i samarbeid med økonomisjef/økonomidirektør C.”
(12)Rekneskapane vart endra ved at det vart laga eit sett regulerte rekneskap for dei ulike ferjerutene, som var forskjellige frå dei korrekte. Dei innsende rekneskapane for ei namngitt ferje vart såleis endra ved at dei faktiske rekneskapstala vart gitt tillegg i drivstoffkostnadene, samtidig som det vart gjort endringar også i seglingsdata som viste kor mange km som var segla. Det vart også gjort endringar av andre postar.
(13)Under forhandlingane om tilskot frå staten og fylkeskommunen var desse rekneskapane ein del av forhandlingsgrunnlaget. Om dette er det sagt i lagmannsrettsdommen: ”De avgitte fergeregnskapene og de opplysninger som der ble gitt om bl.a. assuransekostnader, drivstofforbruk- og kostnader og mannskapskostnader m.v. for ferger og fergesamband, var en vesentlig del av det grunnlag som ble benyttet ved de årlige forhandlinger om tilskudd fra staten og fylkeskommunen til selskapets drift av riksveg- og fylkesvegferger. Hensikten med feilrapporteringene var rettsstridig å forlede staten og fylkeskommunen til å godta og deretter utbetale høyere tilskudd til Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskap ASA enn det resultatet av selskapets fergedrift reelt ga grunnlag for.”
(14)Om A si rolle i gjennomføringa av reguleringa av rekneskapane heiter det i tingrettsdommen: ”Selskapet fortsatte i de kommende år [etter 1990 med å regulere ferjeregnskapene. Instrukser om dette ble gitt fra økonomidirektør C til økonomisjef/ senere avdelingsdirektør F ved avdelingskontoret på Stokmarknes. Dette fortsatte også i As tid som økonomidirektør fra 1995. F tok etter hvert i bruk regneark for føring av ferjeregnskapene og ferjebudsjettene. Hun fikk hjelp av A til å utvikle formler. Når reguleringene i regnskapet var gjort på regnearket, ble de overført til ferjeregnskapsskjemaene. De ble også lagt inn i selskapets regnskapssystem i en periode 13.”
(15)A hadde hand om reguleringane av rekneskapane også etter at han hadde teke over stillinga som økonomidirektør. Reguleringane heldt fram til dei vart avslørte i 2002. A overtok som nemnt ansvaret for reguleringane og også for å leggje tilrette forhandlingane overfor vegstyresmaktene frå og med tilskotsåret 1996. Dei tidlegare rettane har vist til at dei feilrapporterte beløpa gradvis vart reduserte etter at han tok over. Før han tok over som økonomidirektør – tilskotsåra 1992–1995 – hadde beløpa gradvis auka frå vel 14 millionar kroner til nær 17 millionar kroner i året. For åra 1996 til 1998 låg beløpa på rundt 7 millionar kroner i året, før dei så steig til 10 og 11 millionar kroner i 1999 og 2000. For 2001 var beløpet på vel 7 millionar kroner.
(16)For A gjeld domfellinga frå og med tilskota for året 1996. Han hadde som før nemnt teke over som økonomidirektør i 1995. Domfellinga gjeld grovt bedrageri for åra 1996–2002, då ferjerekneskap for 1994–2000 vart nytta som grunnlag for forhandlingane. Tap og tapsfare for desse åra under eitt var 31–34 millionar kroner og 76,2 millionar kroner. A er også funnen skuldig i forsøk på grovt bedrageri for året 2003. Tapsfaren for dette året utgjorde 7,4 millionar kroner. Som det går fram av domsslutninga for tingretten, vart han frifunnen for tiltaleposten som gjaldt falsk forklaring til offentleg styresmakt.
(17)Eg går så over til ei nærare vurdering av straffutmålinga. Denne må skje utan grunnlag i praksis som direkte kan samanliknast, og eg vil derfor innleiingsvis seie litt allment om saka og om bruk av straff i saker som dette.
(18)Ferjetransport var i den aktuelle perioden basert på løyve etter samferdselslova. Samtidig tilsa det økonomiske resultatet for drifta av ferjerutene at det var nødvendig med offentlege tilskot. Frå 1990 av skjedde dette ved såkalla rammetilskot, som vart fastsette etter forhandlingar mellom ferjereiarlaga og vegstyresmaktene. Det har i saka vore diskusjon om kor sterkt forretningselementet var i desse forhandlingane, som skjedde med grunnlag i eit gitt ruteløyve. Det er tilstrekkeleg for meg å vise til at det var tale om – i alle fall i hovudsak – dei same rutene og dei same ferjene kvart år. Forhandlingane skulle skje med utgangspunkt i rekneskapstal og trafikkdata – som til dømes lengda på dei trafikkerte strekningane – for desse ferjerutene. I tillegg la selskapa fram budsjett for det året tilskotet skulle gjelde. Spesielt i denne saka er at selskapet, for å få den urette rekneskapen til å verke korrekt, hadde endra tala for utførte distansar. Dette vart gjort for å sikre at det skulle vere samsvar mellom det oppjusterte forbruket og drivstoff og dei strekningane ferjene hadde segla.
(19)Som lagmannsretten peikar på, var det i ein situasjon med forhandlingar slik at OVDS ved å leggje fram urette rekneskapar søkte å påverke omfanget på dei tilskota det offentlege gav til ferjedrifta. Det var inga automatisk kopling mellom rekneskapane og dei ekstra tilskota dei kunne vente å få frå staten. Dette har tingretten teke omsyn til ved å setje det faktiske tapet, og med det omfanget på fullført bedrageri, til 40–45 prosent av summen av feilrapporteringane.
(20)Ved sida av at det er tale om offentlege midlar til drift av ferjer drivne etter offentleg løyve, kjem det inn at det har vore tale om eit system bygd på tillit. Slike system er sårbare, og det er viktig at brot på dette blir møtt med effektive sanksjonar. Straff vil ikkje vere det einaste verkemiddelet her. Samtidig er det nok slik at ein står overfor eit område der bruk av fengselsstraff mot dei ansvarlege personane må reknast å vere eit effektivt verkemiddel – meir verknadsfullt enn det som må reknast å gjelde ved mange andre typar av lovbrot. Dette må gjelde sjølv om ein har effektive og merkande økonomiske sanksjonar mot det føretaket som har nytt godt av bedrageriet, i form av føretaksstraff, inndraging eller skadebot.
(21)Spørsmålet no er kva straff som skal fastsetjast for A . Eg viser då først til at det i tillegg til A, vart reist tiltale mot fire andre i leiande stilling i OVDS. Desse har fått rettskraftig dom i tingrett eller lagmannsrett. Når straffa for A no skal vurderast, vil det likevel måtte skje ei vurdering på sjølvstendig grunnlag, og utan at straffutmålinga for dei andre vil spele inn i mi vurdering.
(22)Eg har nemnt omfanget av bedrageri og forsøk på bedrageri som A er domfelt for. Det er eit sentralt utgangspunkt for vurderinga. A var i den aktuelle perioden finansdirektør i OVDS og hadde sjølvstendig ansvar for at han deltok i bedrageriet og bedrageriforsøket.
(23)Opplegget med doble rekneskapar hadde starta før han kom inn. Men A hadde også ei sentral rolle. Han utvikla verkty til å justere rekneskapstal, slik at endringane ikkje skulle bli oppdaga. Og frå han vart økonomidirektør, var det han som gav beskjed om kor store endringar som skulle gjerast.
(24)Ordninga med justerte rekneskapar var sett i verk av dåverande administrerande direktør B frå 1990 av. Også dåverande økonomidirektør, i ein periode viseadministrerande direktør, C, deltok i bedrageriet. A er dømt for handlingar frå og med tilskotsåret 1996, eller med andre ord for handlingar etter at han tok over som økonomidirektør i 1995. Det har ikkje vore reist tiltale mot D, som var styreformann i den aktuelle perioden, eller mot E, som var administrerande direktør. Tingretten har her uttala: ”Retten legger til grunn at de tiltalte ihvertfall trodde at D, E og andre visste om hva som foregikk og forventet at regnskapsreguleringene fortsatte. Det vil da si at straffen må utmåles som om alle administrerende direktører og deler av styret var kjent med forholdene.”
(25)Eg ser dette på same måten. Det inneber at det ved straffutmålinga for A må leggjast til grunn at administrerande direktør og styreleiar var kjende med rekneskapsjusteringane og ønskte slike gjorde. Hovudansvaret for bedrageria låg under ein slik føresetnad hos den øvste leiinga i føretaket. For ein mellomleiar må straffa då setjast ein del lågare enn for desse. Her ser eg som før nemnt, bort frå korleis tingretten reint faktisk vurderte dette for tidlegare administrerande direktør B.
(26)Handlingane vart ikkje gjorde med tanke på eiga vinning. Det har likevel avgrensa vekt i ei sak som dette.
(27)Som lagmannsretten legg eg ved den konkrete straffutmålinga vekt på at A, sjølv om han hadde synspunkt på verknadene av at rekneskapane var urette, fullt ut vedgjekk dei handlingane som domfellinga av han byggjer på.
(28)Tingretten sette straffa til fengsel i 2 år og 6 månader, av dette 10 månader på vilkår. Lagmannsretten sette straffa til fengsel i 2 år og 6 månader, alt utan vilkår. Eg er komen til at straffa bør setjast til fengsel i 2 år, men at det ikkje her er plass for å gi noko av straffa på vilkår.
(29)Eg røystar etter dette for slik D O M : I lagmannsrettsdommen blir gjort den endringa at straffa for A blir sett til fengsel i 2 – to – år.
(30)Dommer Flock: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(31)Dommer Skoghøy: Likeså.
(32)Dommer Støle: Likeså.
(33)Dommer Coward: Likeså.
(34)Etter røystinga sa Høgsterett slik