Utgård, Tjomsland, Stang Lund, Øie, Gjølstad Saka gjaldt overprøving av avgjerd i Trygderetten. I denne avgjerda hadde Trygderetten ved forenkla orskurd forkasta ei anke frå Tor Øverland. Han hadde uføretrygd der virkningstidspunktet var sett til september 1997, som var tidspunktet for sjukmelding som direkte førte over i uføretrygd. Etter hans syn skulle uføretidspunktet vore ført tilbake til februar 1994, som var innleiinga til ein periode på om lag eitt og eit halvt år med sjukmelding og attføring. Frå oktober 1995 hadde han så vore i ordinært arbeid, men meinte at dette i realiteten var bedriftsintern attføring. På grunn av relativt høg lønn dei tre siste åra før 1994, ville slik tilbakeføring av uføretidspunktet gi høgare pensjon enn om uføretidspunktet skulle vere 1997. Lagmannsretten kom under dissens til at uføretidspunktet måtte setjast tilbake til 1994. Denne dommen vart av Rikstrygdeverket anka til Høgsterett. Etter folketrygdlova § 12-10 første ledd er uføretidspunktet "det tidspunkt da et medlem fikk sin inntektsevne/arbeidsevne varig nedsatt med minst halvparten". I folketrygdlova § 12-7 er det nærare fastsett kva som må til for at inntektsevna skal vere nedsett med minst halvparten. Høgsterett kom til at det - i samsvar med ordlyden - rettsleg sett må vere avgjerande når inntektsevna er nedsett med minst halvparten. Dette kan ha følgjer for kva som er uføretidspunkt i tilfelle der den faktiske inntekta blir halden oppe trass i sjukdommen, men der dette skjer som følgje av hjelp frå arbeidskameratar eller velvilje frå arbeidsgivaren. Ein regel i folketrygdlova § 12-7 andre ledd tredje punktum om at det skal takast omsyn til "all inntekt", tek ut frå lovhistoria sikte på situasjonen for sjølvstendige næringsdrivande og gjeld ikkje for arbeidstakarar. Dette standpunktet var i samsvar med det synet Rikstrygdeverket sjølv hadde hatt fram til 1992, rett etter at det nye § 12-7 andre ledd tredje punktum hadde kome inn i lova. Men dette nye punktumet innebar ikkje ei endring her, og det gjorde heller ikkje den nye folketrygdlova. Praksis frå Trygderetten har også vore i samsvar med det synet Høgsterett her kom til. Høgsterett gav såleis Øverland medhald i lovforståinga. Når det gjaldt den konkrete vurderinga, kom Høgsterett til at 1997 likevel måtte bli ståande som uføretidspunkt. Øverland hadde vore rekna som frisk nok til å gå tilbake til arbeidet hausten 1995. Det var ikkje tvilsamt at han deretter hadde hatt støtte frå arbeidskameratane og at arbeidsgivaren hadde følgt han opp på ein god måte. Men det var ikkje dekning i bevisa for at Øverland, etter at han kom tilbake i arbeidet, ikkje kunne yte minst halvparten av arbeidsinnsatsen jamført med situasjonen før han vart sjuk i 1994. Anken frå Rikstrygdeverket førte etter dette fram.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmål om fastsetjing av uføretidspunkt, jf. folketrygdlova § 12-10.
(2)A er fødd 0.0.1949. Han vart i 1975 tilsett i ei trelastbedrift i Seljord. Bedrifta heiter i dag X AS og er ei avdeling av eit større trelastfirma. A var i mange år arbeidsformann ved bedrifta. Grunna omorganisering var det før han vart sjukmeldt i februar 1994 avtala at han skulle gå over til å arbeide i hovudsak som truckførar med lågare inntekt enn det han hadde hatt som arbeidsformann.
(3)A har gjennom åra hatt ulike helseplager. Mellom anna har han nedsett høyrsel, og han har dessutan ofte vore plaga med øyresus og svimmelheit. Han har også hatt angstproblem og hjartenevrose. I februar 1994 fekk A hjernebløding og vart innlagd og operert ved Rikshospitalet. Han vart sjukmeld frå 12. februar 1994. Etter det opplyste fekk han ikkje openberre organiske skadefølgjer av hjerneblødinga, men i tida etterpå var han deprimert og passiv. Eit opphald på eit arbeidstreningssenter sommaren 1994 måtte avsluttast då panikkangst gjorde det uråd for han å ta del i aktivitetane der. A skulle i staden følgjast opp av psykiater.
(4)Både trygdekontoret, arbeidsgivaren, A sjølv og legen hans var einige om at målsetjinga var at A skulle inn i arbeidslivet igjen etter hjerneblødinga, men at det var eit klart behov for attføring og arbeidstrening. I eit såkalla basismøte mellom dei involverte på trygdekontoret i august 1994 vart det konkludert med at arbeidsgivaren og A saman skulle kome med framlegg til eit opplegg for arbeidstrening og tilrettelagt arbeid. A fekk etter ein sjukmeldingsperiode godkjent 100 prosent attføringspengar. Det vart i denne tida prøvd arbeidstrening og fleksibel oppstart. Dette viste seg likevel vanskeleg å få til, og attføringsperioden vart lengd. Arbeidsgivaren skreiv så 30. mai 1995 til trygdekontoret og viste til at A hadde hatt arbeidstrening ved bedrifta sidan august 1994. Deretter heiter det: ”Etter vår mening og erfaring synes det som at det går bedre for A i hans arbeidssituasjon.”
(5)I vedtak av 16. august 1995 frå Arbeidskontoret vart det gitt attføring også for september 1995 og slik at A deretter skulle gå over til å arbeide full tid. Omtrent samtidig var A til kontroll ved Notodden sjukehus for hjarteproblema. I notat av 25. august 1995 frå ein overlege der heiter det at A ”beskriver sin livssituasjon som vesentlig bedret i forhold til et år tilbake”. Samtidig går det fram at A omtalar intense smerter i venstre side av brystet, ved hjartet, men at også dette har vorte betre enn tidlegare.
(6)Frå oktober 1995 vart trygde- og attføringssaka avslutta, og A kom i vanleg arbeid med ordinær lønn frå X AS. Lagmannsretten omtalar den følgjande tida slik: ”I perioden deretter kan man av legejournaler se at han redegjør for at svimmelhetsanfallene er blitt bedre, se journal av 10. mai 1996. I desember 1996 er han igjen til kontroll ved Notodden sykehus. Det fremgår av skriv datert 14. desember 1996 fra overlege Lid at A beskrev sine hjerteproblemer som uforandret. Det fremgår videre at han fortsatt hadde brystsmerter av dramatisk karakter, dog slik at dette ikke var fremtredende når han arbeidet tungt. Det sies videre at det virket som A ”har en forholdsvis markert angsttilstand med innslag av panikkangst.” ”
(7)Den 13. mars 1997 vart A lagt inn ved Notodden sjukehus etter eit akutt svimmelheitsanfall på arbeidsplassen. Han hadde store vanskar med å stå på føtene. Anfallet varte eit par timar. Han hadde samtidig kraftig angst. Nokre dagar etterpå vart han skriven ut frå sjukehuset.
(8)Den 3. september 1997 vart A så sjukmeld med ein sjukdomsstilstand som vart omtala som ”svimmelhetssyndrom/angst”. Den 10. desember 1997 skreiv lege Øystein Svendsen i Seljord at A på dette tidspunktet ikkje hadde noka restarbeidsevne og at han ikkje var frisk nok til å prøve seg på attføring, heller ikkje bedriftsintern. Sjukehistoria vart omtala, og det gjekk fram av denne at A hausten 1997 hadde lidd av øyresus og svimmelheit. Han klarte i følgje legen ikkje å rette fokuset bort frå dei somatiske lidingane sine og hadde angst for alvorleg sjukdom.
(9)Etter dette var det på ny diskusjon i basisgruppa, såleis mellom anna i eit møte 13. januar 1998. Her vart det opplyst at A fekk anfall på arbeidsplassen når det vart ”mange ting å passe på”. Han sjølv meinte han måtte ha litt meir tid før han kunne starte i arbeid igjen. Den 6. april 1998 vart det halde eit nytt møte i basisgruppa. A gav uttrykk for at det var hans mål å kome i arbeid igjen, men at han ikkje trudde at den tidlegare jobben var aktuell. Arbeidsgivaren uttala at A hadde vore i bedrifta i 22 år, og at ein primært ønskte han tilbake i jobb. Men no hadde ”alt” vorte databasert, og A klarte ikkje dette.
(10)Den 3. juli 1998 søkte A om uførepensjon. Lege Svendsen gav 28. september 1998 ei erklæring der han støtta dette. Han uttala også at As svimmelheit og øyresus syntest å ha vorte forverra siste året, noko som igjen utløyste angst og forventingsangst. Rådgivande lege skreiv så 10. november 1998 til Seljord trygdekontor at A var varig ufør til eitkvart yrke. Attføring hadde vore diskutert, men dette var ikkje lenger realistisk. Han uttala at A hadde vorte stadig dårlegare. Den 21. september 1998 vedtok fylkestrygdekontoret i Telemark at A skulle få 100 prosent uførepensjon med verknad frå august 1998. Uføretidspunktet vart sett til september 1997.
(11)Advokat Henrik Grønhaug skreiv 25. november 2002 på vegner av A til Seljord trygdekontor om fastsetjinga av uføretidspunktet. Han meinte at uføretidspunktet etter folketrygdlova § 12-10 skulle setjast attende til februar 1994. Det vart halde fram at A etter dette tidspunkt ikkje hadde hatt reell arbeidsevne, og at A i perioden 1995-97 hadde vore under det som måtte reknast som bedriftsintern attføring.
(12)Kravet frå A er av trygdestyresmaktene behandla som oppattaking av saka om fastsetjing av uføretidspunkt. Fylkestrygdekontoret fann ikkje å kunne endre tidspunktet. Vedtaket vart 2. september 2003 av A anka inn for Trygderetten. Fylkestrygdekontoret viste til at A var heilt friskmeld og fungerte i stillinga frå 1. oktober 1995 til sjukmeldinga i september 1997. Etter bedriftsintern attføring mottok han såleis ordinær lønn i nesten to år før ny sjukmelding. Ut frå dette kunne fylkestrygdekontoret ikkje sjå at As inntektsevne vart redusert med minst 50 prosent før i september 1997. Det vart også lagt vekt på at behandlande lege hadde omtala forverring av helseplagene frå 1997. Fylkestrygdekontoret sette fram påstand om at vedtaket til fylkestrygdekontoret vart stadfesta.
(13)Trygderetten gav orskurd 12. desember 2003. Under rettens merknader heiter det: ”Etter trygderettsloven § 21 tredje ledd kan grunngiving av kjennelsen unnlates dersom retten enstemmig finner det klart at anken ikke kan føre fram, og avgjørelsen ikke antas å få betydning utenfor den foreliggende sak. Det skal framgå av en slik avgjørelse at saken er vurdert i Trygderetten og at rettens medlemmer er enige om utfallet. Retten skal i slike tilfelle settes med tre medlemmer, ikke to som ellers er hovedregelen. Retten har gått gjennom sakens dokumenter og har merket seg partenes anførsler. Vurdert mot de aktuelle bestemmelser finner retten det enstemmig klart at anken ikke kan føre fram. Avgjørelsen antas ikke å få betydning utenfor den foreliggende sak. Vilkårene for å unnlate grunngiving er til stede. Retten vil likevel bemerke at den i det alt vesentlige slutter seg til den begrunnelse fylkestrygdekontoret har gitt i oversendelsesbrevet. For retten har det særlig vært avgjørende at A i perioden september 1995 til september 1997 har vært i full stilling på tross av sine medisinske problemer i denne perioden. Retten vil også tilføye at dersom det fremkommer opplysninger på et senere tidspunkt som kan være av betydning for saken kan nytt krav fremsettes. Anken har etter dette ikke ført fram, og det påankede vedtaket blir å stadfeste.”
(14)A tok 23. januar 2004 ut søksmål ved Agder lagmannsrett for overprøving av Trygderettens avgjerd, jf. trygderettslova § 23 første og andre ledd. Lagmannsretten gav 16. november 2004, under dissens to mot ein, dom med slik domsslutning: ”1. Trygderettens kjennelse av 12. desember 2003 er ugyldig. 2. I saksomkostninger betaler Staten v/Rikstrygdeverket til A 74.546 – syttifiretusenfemhundreogførtiseks – kroner innen 2 – to – uker fra forkynnelse av dommen, med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra oppfyllelsesfristen.”
(15)Staten v/Rikstrygdeverket har påanka lagmannsrettens dom. Som nytt materiale er lagt fram nokre fråsegner frå personar A arbeidde saman med og ei fråsegn frå ein rådgivar i Rikstrygdeverket. Saka står for Høgsterett i same stilling som for lagmannsretten.
(16)Ankeparten, staten v/Rikstrygdeverket, har særleg halde fram:
(17)A stod i full stilling frå oktober 1995 til september 1997 og mottok full løn. Etter folketrygdlova § 12-10, jf. § 12-7, kan uføretidspunktet då ikkje setjast tidlegare enn til september 1997 då A vart sjukmeld. Det var først på dette tidspunktet at A fekk inntektsevna varig nedsett med minst halvparten, jf. folketrygdlova § 12-10 første ledd. Denne føresegna må sjåast i samanheng med folketrygdlova § 12-7, som gjeld uføregraden. Standpunktet om uføretidspunkt har i særleg grad støtte i § 12-7 andre ledd tredje punktum der det heiter at det skal takast omsyn til all pensjonsgivande inntekt når inntektsevna blir vurdert.
(18)Praksis i Trygderetten inneber likevel at det kan leggjast til grunn eit snevert unntak for kortvarige arbeidsforsøk der inntekta ikkje er uttrykk for reell arbeidsevne, og der lidinga hadde vore manifest og alvorleg på eit tidlegare tidspunkt. Dette er elles eit unntak som først og fremst tek sikte på unge uføre, jf. særregelen i folketrygdlova § 3-21.
(19)Forståinga av lova er likevel ikkje avgjerande. Det er ikkje dekning i bevisa – opplysningane i saka – for at A si inntektsevne var varig nedsett med minst halvparten i perioden 1994-97.
(20)Staten v/ Rikstrygdeverket har sett fram slik påstand: ”1. Staten v/Rikstrygdeverket frifinnes. 2. Staten v/Rikstrygdeverket tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesterett, med tillegg av lovbestemt rente fra forfall til betaling skjer.”
(21)Ankemotparten, A, har særleg halde fram:
(22)Den faktiske hovudregelen for fastsetjing av uføretidspunktet er at sjukmeldingstidspunktet skal leggjast til grunn. Den rettslege hovudregelen er likevel at uføretidspunktet er tidspunktet der det faktiske funksjonsnivået – inntektsevna – er nedsett med minst halvparten. Føresegna i § 12-7 andre ledd tredje punktum tek sikte på å hindre at sjølvstendig næringsdrivande skal få høg uføretrygd samtidig som dei har andre inntekter, og ho har ikkje relevans for spørsmålet i saka.
(23)Praksisen til Trygderetten om å gå til eit tidlegare tidspunkt enn sjukmeldingstidspunktet, er i samsvar med ei korrekt forståing av folketrygdlova, og er ikkje avgrensa til yngre uføre sjølv om dette er ei gruppe der spørsmålet er praktisk viktig. Rikstrygdeverket har derimot misforstått folketrygdlova § 12-7 andre ledd tredje punktum, og gjeldande rundskriv er her i strid med lova.
(24)Konkret var inntektsevna for A nedsett etter hjerneslaget i 1994. Helsesituasjonen var heile tida vanskeleg. Når han klarte å stå i arbeid fram til 1997, var det berre fordi han fekk hjelp og støtte frå arbeidskollegaer og ikkje minst frå arbeidsgivaren. Han hadde ikkje så mykje som halvparten av vanleg inntektsevne i denne perioden. Om han ikkje hadde hatt stillinga hos X AS, er det ikkje sannsynleg at han hadde fått tilsetjing nokon annan stad. Det som skjedde i 1995-97, var forsøk på bedriftsintern attføring. Om dette hadde skjedd i offentleg regi, var det ingen som hadde meint at inntektsevna var i behald. Det kan ikkje vere noko skilje mellom dei to formene for attføring i høve til reglane om uføretidspunkt i folketrygdlova.
(25)A har sett fram slik påstand: ”1) Lagmannsrettens dom av 16. november 2004 stadfestes. 2) A tilkjennes saksomkostninger for Høyesterett.”
(26)Eg går så over til mitt syn på saka.
(27)Innleiingsvis vil eg seie nokre ord om kva funksjon uføretidspunktet har etter folketrygdlova. Etter folketrygdlova § 12-10 første ledd er uføretidspunktet ”det tidspunkt da et medlem fikk sin inntektsevne/arbeidsevne varig nedsatt med minst halvparten”. I § 12-7 er det nærare fastsett kva som må til for at inntektsevna skal vere nedsett med minst halvparten.
(28)Etter folketrygdlova § 3-18 tredje ledd er uføretidspunktet avgjerande for utrekninga av framtidige pensjonspoeng. Utrekninga skal skje etter eitt av to alternativ, anten etter bokstav a ut frå gjennomsnittet for pensjonspoenga ”for de tre siste årene før vedkommendes inntektsevne/arbeidsevne ble nedsatt” eller etter bokstav b ut frå gjennomsnittet av den beste halvparten av pensjonspoenga for åra etter fylte 17 år og fram til året før inntektsevna/arbeidsevna vart nedsett.
(29)Framtidige pensjonspoeng blir lagde til grunn for åra frå uføretidspunktet og framover. Det inneber at eit høgt poengtal med grunnlag i uføretidspunktet får verknad både for eventuell framtidig uførepensjon og for framtidig alderspensjon. Val av uføretidspunkt har også konsekvensar i nokre andre samanhengar. I høve til argumentasjonen i saka no, er det særleg grunn til å vise til føresegna i folketrygdlova § 3-21 om unge uføre. Dersom uføretidspunktet blir sett til eit tidspunkt før fylte 26 år, får vedkomande, som kanskje ikkje har tent opp nemnande, om nokon, pensjonspoeng, ei særordning. For desse trygda vil det derfor ha særleg mykje å seie om uføretidspunktet blir sett til før fylte 26 år.
(30)Pensjonspoenga er for A rekna ut på grunnlag av gjennomsnittet av pensjonspoenga for den beste halvparten av tidlegare år, jf. folketrygdlova § 3-18 tredje ledd bokstav b. Med september 1997 som uføretidspunkt ville alternativet etter bokstav a – dei tre føregåande åra – gitt eit dårlegare resultat etter som han i 1994, 1995 og 1996 hadde relativt låg pensjonsgivande inntekt. Om uføretidspunktet vert sett til februar 1994, vil han derimot kunne få teke utgangspunkt i åra 1991, 1992 og 1993, som var år der han hadde stillinga som arbeidsformann og også hadde høgare inntekt. Det er opplyst at differansen i utbetalt pensjon vil utgjere om lag 1 300 kroner per månad.
(31)Uføretidspunktet avgjer dei framtidige pensjonspoenga. Frå kva tidspunkt retten til utbetaling av løpande uførepensjon oppstår, må avgjerast etter reglane i folketrygdlova § 22-12. Dette verknadstidspunktet vil i tid kunne liggje etter uføretidspunktet, til dømes fordi det ikkje skal betalast uførepensjon i ein sjukmeldingsperiode, jf. folketrygdlova § 22-12 andre ledd.
(32)Eg går så over til å sjå på forståinga av folketrygdlova § 12-10 første ledd. Som det går fram av lovteksten er det avgjerande når ein medlem i folketrygda får ”inntektsevne/arbeidsevne” varig nedsett med minst halvparten. Etter ordlyden er det evna til å arbeide eller til å skaffe seg inntekt som er det avgjerande. Føresegna står i nær samanheng med reglane i folketrygdlova § 12-7 som gjeld vilkåra for å få uføretrygd. Etter denne er det evna til å utføre inntektsgivande arbeid – inntektsevna – som er det avgjerande.
(33)I § 12-7 andre ledd tredje punktum heiter det så: ”Det skal tas hensyn til all pensjonsgivende inntekt når inntektsevnen vurderes.” Spørsmålet er kva utføretidspunkt som skal leggjast til grunn dersom ein medlem reint faktisk har ei inntekt ut over halvdelen av vedkomande si inntektsevne, men det berre let seg gjere på grunn av støtte frå arbeidsgivar og/ eller arbeidskollegaer. Staten v/ Rikstrygdeverket har gjort gjeldande at det då følgjer av det attgjevne frå § 12-7 andre ledd tredje punktum at den faktiske inntekta er avgjerande i denne situasjonen.
(34)Eg skal starte med å sjå på rettstilstanden før dette tredje punktumet kom inn i lova i 1991. Avdelingsdirektør H. Gulbrandsen i Rikstrygdeverket hadde i 1960 halde eit foredrag på Det femte nordiske sosialforsikringsmøte i Reykjavik. Foredraget er utgitt som særskilt trykk, og i tillegg er det aktuelle avsnittet frå side 16 attgjeve på side 120 i Asbjørn Kjønstad, Folketrygdens uførepensjon, 2. utgåve 1992. Gulbrandsen uttalar om den aktuelle problemstillinga: ”Skadedes lønn etter skaden vil ofte være den beste rettesnor for bedømmelsen av skadedes ervervsevne, men en kan ikke uten videre fastsette invaliditetsgraden til forholdet mellom ny og gammel lønn. Det er bare i den utstrekning lønnen virkelig gir uttrykk for den skadedes arbeidsprestasjon at den har noen verdi som mål for ervervsevnen, og dette kan man ikke alltid være sikker på. Arbeidsgiveren vil ofte av velvillighet overfor en arbeidstaker som er skadet i hans bedrift betale full lønn selv om den skadede ikke har den samme effektivitet som tidligere, eller han betaler full lønn selv om arbeidstiden er forkortet. I andre tilfelle oppnår den skadede normal betaling fordi hans arbeidskamerater hjelper ham med de tyngste løftene, overlater ham de letteste oppdragene, lar ham få sin fulle andel av akkorden osv.”
(35)Folketrygdlova av 17. juni 1966 nr. 12 § 8-3 fekk ein regel om rett til uførepensjon, der ervervsevna var det sentrale. I rundskriv frå Rikstrygdeverket av 25. april 1990 til § 8-3 var det i samsvar med synsmåtane frå avdelingsdirektør Gulbrandsen lagt til grunn under punktet ”Misforhold mellom faktisk arbeidsinnsats og ervervsevne”: ”Det forhold at den trygdede på grunn av uførhet har valgt å slutte i arbeid eller redusere sitt arbeidsforhold, gir ham ikke uten videre rett til uførepensjon. Det må foretas en konkret vurdering av hva som kan ventes av fortsatt arbeidsinnsats. … I andre tilfelle kan arbeidsinnsatsen bli redusert som følge av uførhet, men på grunn av velvilje fra arbeidsgiveren eller hjelp fra arbeidskamerater reduseres ikke inntekten i tilsvarende grad. I disse tilfellene må uførheten også vurderes konkret, uavhengig av den faktiske inntekten.”
(36)I Ot.prp. nr. 41 for 1990-91, som inneheldt framlegg til endringar i folketrygdlova av 1966, er det på side 10 vist til eit brev frå Rikstrygdeverket til departementet om dei særlege problema med uføretrygd til næringsdrivande. Det heitte mellom anna i brevet: ”Folketrygdens bestemmelser om uførepensjon tar først og fremst sikte på å gi erstatning for faktisk bortfalt ervervsinntekt, jamfør at folketrygdelovens § 8-3 gir anvisning på at en ved uføregradsvurderingen skal sammenligne søkerens mulighet for ervervsinntekt før og etter at uførheten inntrådte. Sett på denne bakgrunn vil innføring av en alternativ uføregradsvurdering som beskrevet, være i samsvar med folketrygdens intensjoner. Rikstrygdeverket er prinsipielt av den mening at en person ikke bør gis kompensasjon for bortfalt ervervsevne i form av uførepensjon samtidig som han oppebærer en betydelig næringsinntekt, noe som mange vil oppfatte som urimelig.”
(37)Departementet gjorde ut frå dette framlegg om at ”all pensjonsgivende næringsinntekt som nevnt i lovens § 6-4 nr 2 blir sidestilt med arbeidsinntekt ved vurderingen av uføregraden”, sjå proposisjonen på side 43. Proposisjonen vart sendt attende til departementet for nærare vurdering. Departementet kom tilbake til framlegget i Ot.prp. nr. 5 for 1991-92 under punktet ”Justering av uføregraden for selvstendige næringsdrivende med fortsatt pensjonsgivende inntekt – folketrygdloven §§ 8-3 og § 8- 5”. Stortingskomiteen drøfta spørsmålet i eit punkt med same overskrift i Innst. O. nr. 15 for 1991-92, der det på side 8 vart uttala: ”K o m i t e e n er enig i prinsippet om at det ved fastsetting av uføregraden, skal tas hensyn til all pensjonsgivende inntekt som for arbeidstakere.”
(38)Det vart etter dette ved lov 20. desember 1991 nr. 90 gitt eit nytt andre punktum i § 8-3 andre ledd med slik ordlyd: ”Det skal tas hensyn til all inntekt som nevnt i § 6-4, jf skatteloven § 55 første ledd nr 1 bokstav a, b og c og nr 3, 4 og 5.”
(39)Sjølv om ordlyden som før nemnt ikkje direkte peikar på at dette er ein regel som gjeld berre for personlege næringsdrivande, er det etter mitt syn likevel ut frå førearbeida ikkje tvil om at det berre er desse som er meint å vere omfatta. Det er såleis ikkje på noko punkt vist til at dette skulle endre rettstilstanden for arbeidstakarar. Om det hadde vore meininga, er det grunn til å vente at det hadde vore omtala i førearbeida.
(40)Asbjørn Kjønstad drøftar spørsmålet i Folketrygdens uførepensjon som kom i 1992 – etter den omtala lovendringa. Han har ikkje lagt til grunn at det skjedde noka endring i innhaldet i vilkåra for uføretrygd på det aktuelle punktet. Eg nøyer meg med å vise til det han skriv på side 114: ”Den ervervsmessige uførheten blir undertiden kalt ”økonomisk invaliditet”. Den trygdedes arbeidsinntekt før og etter at vedkommende ble ufør, vil oftest være den beste rettesnor for bedømmelsen av ervervsevnen. Men man har også tatt hensyn til at inntekten ikke alltid har gitt uttrykk for den enkeltes funksjonsevne. Det kan være at arbeidskamerater hjelper, og det kan være at den trygdede ikke fullt ut utnytter sine muligheter.”
(41)Ved rundskriv om folketrygdlova § 8-3, datert 15. desember 1992, uttala så Rikstrygdeverket at det skal takast omsyn til all pensjonsgivande inntekt der ein ufør berre har klart å halde oppe løna grunna velvilje frå arbeidsgivaren eller hjelp frå arbeidskameratar. Det synest å ha vore ved dette rundskrivet at Rikstrygdeverket endra standpunkt. Denne endringa hadde etter mitt syn ikkje dekning i lovarbeidet.
(42)Det er ikkje noko som tyder på at lovgivar har teke sikte på å endre innhaldet i lova på dette punktet ved den nye folketrygdlova. I Ot.prp. nr. 29 for 1995-96 på side 124 er det såleis uttala at § 12-7 andre ledd tredje punktum er ”tilnærmet identisk” med føresegnene i folketrygdlova av 1966 § 8-3 fjerde ledd andre punktum.
(43)Partane har gått gjennom ein del avgjerder frå Trygderetten. Eg oppfattar denne praksisen til å vere i samsvar med det eg her har lagt til grunn. Eg finn det tilstrekkeleg å vise til tre avgjerder som også har vidare tilvisingar til anna praksis, nemleg orskurdar av 21. mars 2003 i sak 2002/03658, av 5. mars 2004 i sak 2003-04745 og av 15. oktober 2004 i sak 2004-00218. I alle desse sakene er uføretidspunktet sett tilbake, over periodar med arbeid. I avgjerdene frå Trygderetten er det ikkje spor av den rettsforståinga at §12-7 andre ledd tredje punktum skulle gjelde for arbeidstakarar.
(44)Etter mitt syn må såleis folketrygdlova § 12-10, jf. § 12-7, forståast slik at det avgjerande er når inntektsevna er nedsett med minst halvparten, og utan at føresegna i folketrygdlova § 12-7 andre ledd tredje punktum kjem inn i vurderinga for ein arbeidstakar. For arbeidstakarar vil det likevel til vanleg vere slik at sjukmeldingstidspunktet er avgjerande.
(45)Eg går så over til å sjå på den konkrete vurderinga for A. Spørsmålet er då når inntektsevna var nedsett med minst ein halvpart. Først peikar eg på at A var overført frå formannsstillinga til arbeid som truckførar, før han fekk slag i februar 1994. Uførevurderinga skal såleis skje opp mot inntektsevna i den siste stillinga. Eg har innleiingsvis gått nøye inn på sjukehistoria til A for 1994 og 1995. Det går fram av denne at A vart rekna for frisk nok til å gå tilbake til arbeidet i oktober 1995. Som det også vart nemnt gjekk han då inn i ein ordinær arbeidssituasjon. Det er ikkje tvilsamt at arbeidsgivaren også i denne tida følgde A opp på ein god måte. Ut frå fråsegner i saka må det leggjast til grunn at han hadde støtte frå arbeidskameratane. Eg kan likevel ikkje sjå at det er dekning i bevisa for at A, etter at han kom tilbake i arbeidet, ikkje kunne yte minst halvparten av arbeidsinnsatsen jamført med situasjonen før han vart sjuk i februar 1994. Når dei vurderingane av A sin helsetilstand som vart gjorde hausten 1995 blir sette i samanheng med det faktum at han var i ordinært arbeid i ein så lang periode, må det føre til at vilkåra for uføretrygd ikkje vart oppfylte før han på ny vart sjuk i 1997. Eg minner også om at lege Svendsen i 1998 hadde omtala forverring av helseplagene frå 1997.
(46)Anken fører etter dette fram. Sjølv om A ikkje har fått medhald i den konkrete vurderinga, har anken reist slike prinsipielle rettsspørsmål at eg finn at partane bør dekkje eigne sakskostnader for både lagmannsrett og Høgsterett.
(47)Eg røystar etter dette for slik D O M : 1. Staten v/Rikstrygdeverket blir å frifinne. 2. Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.
(48)Dommer Tjomsland: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(49)Dommer Stang Lund: Likeså.
(50)Dommer Øie: Likeså.
(51)Dommer Gjølstad: Likeså.
(52)Etter røystinga sa Høgsterett slik