Utgård, Coward, Flock, Stabel, Lund A var tiltala ved Oslo tingrett for utbytteheleri, og i den samanhengen også mellom anna for brot på rekneskaps- og likningslovgivingane. Statsautorisert revisor B vart oppnemnd som fagkunnig meddommar. A vart frifunnen, med unntak av postar som gjaldt rekneskapslovgiving og å ha gitt urette opplysningar til offentleg styresmakt. Påtalemakta anka delar av dommen til lagmannsretten, og gjorde då - med grunnlag i nye opplysningar - mellom anna gjeldande at B hadde vore inhabil fordi han sjølv hadde vore mistenkt for strafflagde handlingar. Lagmannsretten tok ut habilitetsspørsmålet til særskild behandling, og kom til at B hadde vore inhabil. A påkjærte avgjerda til Høgsterett, som tok kjæremålet til følgje. B hadde ikkje vore sikta slik at reglane i domstollova § 91 ikkje var til hinder for tenestegjering. Høgsterett kom til at B ikkje hadde vore inhabil etter domstollova § 108. Ved avhøyra var det uklart i kva grad han var behandla som vitne eller som mistenkt. I det tilfellet der han klart var behandla som mistenkt, var saka lagd bort før tingretten behandla A-saka. Høgsterett uttala at det ved vurderinga av habilitet etter domstollova § 108 ikkje kan vere avgjerande om ein medddommar skulle vore forbigått etter § 91 eller ikkje . Ein mistanke kan gi grunnlag for inhabilitet etter § 108 dersom mistanken er skikka til å svekkje tilliten til habiliteten til meddommaran. Det kan han gjere dersom det er nær skyldskap mellom tilhøva i den saka meddommarvervet gjeld og dei spørsmåla mistanken gjeld. Ein mistanke som ikkje er klart konkretisert, vil det i alle tilfelle kunne vere vanskeleg å leggje vekt på. Høgsterett kom til at det her ikkje var slik nær skyldskap. Likskapen avgrensa seg til at det for begge var spørsmål om økonomisk kriminalitet utført av person med profesjonelle kvalifikasjonar.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om ein fagkunnig meddommar i tingretten var inhabil, jf. domstollova § 108.
(2)Oslo tingrett gav 10. april 2003 dom i sak nr. 02-9388 M/37 med slik domsslutning: ”1. A, født 0.0.49 frifinnes for tiltalebeslutningens post I a), I b), I c), IV og V. 2. A, født 0.0.49 dømmes for overtredelse av straffeloven § 286, 1. straffealternativ, jfr. § 288, jf. regnskapsloven § 1, jf. lov om årsregnskap § 8- 5, 1. ledd, jf. §§ 1-2, 9-2, 5, 6, 8 og 9 og straffeloven § 274, 2. ledd, jf. 3. ledd jfr. straffeloven § 63 til en bot på kr. 25.000,- –kronertjuefemtusen– subsidiært fengsel i 25 –tjuefem– dager. Til fradrag i den subsidiære fengselsstraffen kommer 6 –seks– dager for utholdt varetekt. 3. A, født 0.0.49 frifinnes for krav om å tåle inndragning. 4. A, født 0.0.49 frifinnes for krav om å tåle rettighetstap. 5. Erstatningskravet avvises. 6. Saksomkostninger idømmes ikke.”
(3)Dagen etter at det var sagt dom, vart aktor for tingretten – ein politiadvokat ved Oslo politidistrikt – kontakta av ein politiinspektør i Økokrim som uttala at den eine av dei fagkunnige meddommarane i tingretten, statsautorisert revisor B, var avhøyrt som mistenkt i Finance Credit-saka. Det vart samtidig sagt at B ikkje var sikta, men politiadvokaten oppfatta det slik at B hadde hatt ei ”sentral bistand og rådgiverrolle”.
(4)Påtalemakta anka dommen frå tingretten til Borgarting lagmannsrett. Anken gjaldt bevisvurderinga under post 1 c som gjaldt utbyteheleri, lovbruken for to av postane om utbyteheleri, saksbehandlinga for heile saka og straffutmålinga. Ved ankeprøvinga vart anken tilvist berre når det gjaldt lovbruken for ein post om utbyteheleri, straffutmålinga og dessutan den delen av saksbehandlingsanken som gjaldt om meddommar B hadde vore inhabil. Under ankeforhandlinga avgjorde lagmannsretten at det skulle vere særskilt forhandling for saksbehandlingsanken.
(5)Borgarting lagmannsretts orskurd 21. september 2004 i sak nr. 03-012711AST-BORG/02 har slik slutning: ”Oslo tingretts dom i sak 02-09388 M/37 med hovedforhandling oppheves.”
(6)A har anka til Høgsterett.
(7)Eg skal no gjere greie for mitt syn på saka.
(8)Statsautorisert revisor B var som før nemnt fagkunnig meddommar i straffesaka mot A, og spørsmålet er om B var inhabil.
(9)Habilitetsspørsmålet skal avgjerast etter domstollova § 108, som fastset at ingen kan vere dommar der ”særegne omstendigheter foreligger, som er skikket til å svekke tilliten til hans uhildethet”. Ved denne vurderinga må det leggjast vekt både på omsynet til partane og til tilliten i samfunnet i det heile.
(10)Eg viser også til domstollova § 66a som fastset at den som er domfelt til straff av fengsel, ikkje kan veljast til meddommar for nærare fastsett tid. Etter § 81 andre ledd andre punktum skal ein som er vald i strid med § 66a, eller eventuelt seinare er dømd til fengselsstraff, slettast frå lista over meddommarar. Og § 91 første ledd andre punktum fastset at ein uttrekt meddommar ikkje skal gjere teneste dersom han skulle vore sletta av lista etter § 81, eller om han ”er siktet for en straffbar handling som kan antas å medføre frihetsstraff”.
(11)Det er ikkje gjort gjeldande at B hadde hatt noka tilknyting til A eller til dei tilhøva A var tiltala for. Det er vidare på det reine at B då han gjorde teneste i tingretten, ikkje var domfelt eller sikta slik at han av den grunn ikkje skulle vore meddommar. Spørsmålet er om B på dette tidspunktet likevel var i ein situasjon som gjorde han inhabil etter domstollova § 108.
(12)Eg skal derfor sjå litt på det som skjedde før hovudforhandlinga i A-saka starta 10. mars 2003 i Oslo tingrett. Dei siste to månadene før det var B i tre avhøyr hos Økokrim i tilknyting til Finance Credit-saka. Det første avhøyret fann stad 17. januar 2003. I avhøyrsrapporten vart han innleiingsvis gitt status som mistenkt. I avhøyret vart han særleg beden om å forklare seg omkring fakturering og vidarefakturering i tilknyting til X AS, der han var ein av aksjeeigarane. Det neste avhøyret vart halde 3. februar 2003, og i rapporten frå dette var B innleiingsvis gitt status som vitne. I avhøyret vart det stilt ein del spørsmål omkring selskapet Y AS, der B var hovudaksjeeigar. Det tredje avhøyret vart halde 10. februar 2003. Også her vart B innleiingsvis gitt status som vitne. Felles for dei tre avhøyra er at det går fram av rapportane at B innleiingsvis vart gjort kjend med rettane sine, slik det skal gjerast for ein mistenkt. Ved dei to siste avhøyra møtte han også med advokat. Av lydopptak frå avhøyret 3. februar 2003 går det fram at han munnleg vart omtala som mistenkte. I alle dei skriftlege rapportane er nytta førebokstavar eller etternamn for B. Den 7. februar 2003 – mellom det andre og det tredje avhøyret – sende Økokrim ut pressemelding om at firmaet X AS ikkje ville bli straffeforfølgt.
(13)Eg har tidlegare omtala føresegnene i domstollova § 66a, § 81 og § 91 som fører til at personar som er dømde til fengselsstraff, i vid utstrekning ikkje kan vere meddommarar. Desse føresegnene må også gjelde fagkunnige meddommarar, sjølv om tilvisingane ikkje direkte viser til paragrafane om desse.
(14)Det er grunn til å understreke at B ikkje var sikta på det tidspunktet han gjorde teneste som meddommar. Han hadde vore omtale som mistenkt i saka om X AS, men den saka var lagt bort før hovudforhandlinga i A-saka. Ut over dette er det ikkje særleg klart om Økokrim meinte å avhøyre B som vitne eller som mistenkt, og på kva punkt han i tilfelle var mistenkt. Som lagmannsretten skriv, låg det ved starten av hovudforhandlinga i A- saka ikkje føre ein ”klart konkretisert mistanke” mot B for strafflagde tilhøve.
(15)Ved vurderinga av habilitet etter domstollova § 108 kan det ikkje vere avgjerande om ein meddommar skulle vore forbigått etter § 91 eller ikkje. Ein mistanke kan gi grunnlag for inhabilitet etter domstollova § 108 dersom mistanken er skikka til å svekkje tilliten til habiliteten til meddommaren. Det kan han gjere dersom det er nær skyldskap mellom tilhøva i den saka meddommarvervet gjeld, og dei spørsmåla mistanken gjeld. Om personen er gitt formell status som mistenkt eller som vitne, er i så fall ikkje avgjerande, men ein mistanke som ikkje er klart konkretisert, vil det i alle tilfelle kunne vere vanskeleg å leggje vekt på.
(16)Spørsmålet er så om det er slik nær skyldskap mellom dei tilhøva A var tiltala for, og dei som kunne tenkjast å gjelde B. Lagmannsretten uttala at det var ”en klar nærhet mellom poster i tiltalebeslutningen mot advokat A og de mulige straffbare forhold som B relativt kort tid tidligere var gjort kjent med at han selv var mistenkt for å ha begått. Ut fra de opplysninger som den gang forelå, må det ha fremstått som at mistanken knyttet seg til rådgivning, og eventuelt også medvirkning til disposisjoner av betydning for regnskapsføring i selskaper i Finance Credit-saken.”
(17)Her kan eg ikkje følgje lagmannsretten. A var tiltala for utbyteheleri, og det var spørsmål om hans handlemåte som advokat ved klienttransaksjonar. Som del av dette var han også tiltala for brot på mellom anna rekneskaps- og likningslovgivingane. B fekk spørsmål om ganske mange omstende rundt Finance Credit, og der han i alle fall dels må ha oppfatta seg som vitne. Som nemnt var han omtala som mistenkt i den saka som allereie var lagt bort, nemleg i høve til X AS.
(18)I tillegg gjaldt avhøyra mellom anna medverknad til brot på rekneskapslovgivinga ved at det vart utferda ein fiktiv faktura frå Finance Credit Norge AS til Y AS på 4 950 000 kroner, noko som skal ha ført til oppblåst driftsresultat i Finance Credit Norge AS og til eit urettkome krav frå Y AS på refusjon av meirverdiavgift. Slik eg ser det, gjeld dette punktet spørsmål om ein disposisjon var fiktiv, og i tilfelle kven som var ansvarleg for det, og ikkje eit spørsmål om rådgiving. På dette punktet vart det teke ut tiltale mot B 21. januar 2005.
(19)Det er lite konkret å halde seg til når det gjeld rådgiving B skal ha utført i høve til Finance Credit. Men ikkje i noko tilfelle kan eg sjå anna likskap mellom A-saka og Bs tilknyting til Finance Credit-saka enn at det i begge tilfella er spørsmål om økonomisk kriminalitet utført av person med profesjonelle kvalifikasjonar.
(20)Eg er såleis komen til at B ikkje var inhabil ved Oslo tingretts behandling av straffesaka mot A. Lagmannsrettens orskurd må då opphevast slik at den tilviste anken elles kan behandlast i lagmannsretten.
(21)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Lagmannsrettens orskurd blir oppheva.
(22)Dommer Coward: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(23)Dommer Flock: Likeså.
(24)Dommer Stabel: Likeså.
(25)Dommer Lund: Likeså.
(26)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Lagmannsrettens orskurd blir oppheva. Rett utskrift: