Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad, Tjomsland og Schei Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling for kjøp av ca. 180 gram amfetamin, forsøk på erverv av ca. 100 gram heroin og bruk av amfetamin. Straffa var i lagmannsretten sett til fengsel i 3 år. Det alvorlegaste tilhøvet i domfellinga, gjaldt forsøk på erverv av 100 gram heroin. Høgsterett viste til to tidlegare dommar for litt mindre kvantum, der straffa var sett til fengsel i høvesvis tre år og to år og åtte månader. Domfelte måtte reknast som hovudmann. Han hadde gitt pengar til den som skulle gjennomføre sjølve kjøpet, og det var meininga at han seinare skulle ha heroinen for vidaresal med profittmotiv. I utgangspunktet ville eit slikt erverv av 100 gram heroin gitt ei straff av fengsel i bortimot 4 år. Seljaren lurte den som kom med pengane, slik at heroinen ikkje vart levert. Det var dermed tale om forsøk, og utgangspunktet på fengsel i bortimot 4 år måtte dermed reduserast noko. Erverv av 180 gram amfetamin ville åleine ha gitt ei straff av fengsel på om lag eitt år og seks månader. Det skulle skje ei samla vurdering og ikkje ei summering. Høgsterett la til grunn ei samla straff på fengsel i om lag fire år, før konsekvensane av at saka hadde vorte gammal, skulle vurderast. Dei strafflagde handlingane fann stad i januar og februar 2001. Saka var ferdig etterforska hausten 2001. Det var tale om ei forseinking, først og fremst hos politiet men dels også hos statsadvokatane, på godt over to år. Domfelte kunne ikkje tilskrivast noko av denne forseinkinga. Høgsterett kom, slik lagmannsretten hadde gjort, at dette måtte føre til at straffa burde setjast ned til fengsel i tre år. Anken vart etter dette forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling etter domfelling for kjøp av ca.180 gram amfetamin, forsøk på erverv av ca. 100 gram heroin og bruk av amfetamin.
(2)Med grunnlag i tiltalevedtak i saka av 12. februar 2004 som gjaldt A og B, gav Nordmøre tingrett dom 26. april 2004 som for A hadde slik domsslutning: ”2. A, født 00.00.1951 dømmes for overtredelse av - strl. § 162 annet ledd jf første ledd (to tilfeller) - strl. § 162 annet ledd jf første ledd jf § 49 - legemiddell. § 31 annet ledd jf § 24 første ledd sammenholdt med strl. §§ 62, 63 og 64 til en straff av fengsel i 4 år hvorav 2 år gjøres betinget med en prøvetid på 2 år uten særvilkår. Til fradrag i straffen går 90 dager for utholdt varetekt.”
(3)Begge dei domfelte anka til Frostating lagmannsrett over skuldspørsmålet. Det vart ikkje gitt samtykke når det gjaldt domfellinga av A for bruk av amfetamin. Begge dei tiltalte vart funne skuldige i lagmannsretten. Lagmannsretten gav dom 30. september 2004, og domsslutninga hadde slik ordlyd for A: ”2. A, født 00.00.1951, dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 annet ledd, jf. første ledd og straffeloven § 162, annet ledd, jf. første ledd, jf. § 49. For disse forhold og for det forhold han med endelig virkning er domfelt for ved Nordmøre tingretts dom av 26. april 2004, sammenholdt med straffeloven §§ 62, 63 og 64, og inkludert Nordmøre tingretts dom av 21. februar 2003, idømmes han en straff av fengsel i 3 – tre – år. Til fradrag i straffen går 94 – nittifire – dager for utholdt varetekt.”
(4)A anka til Høgsterett over saksbehandlinga og straffutmålinga. Berre anken over straffutmålinga er tillaten fremja.
(5)Eg er komen til at anken må forkastast.
(6)Med unntak for ein dom i 1969 som er utan interesse for vår sak, var A ikkje straffedømd eller bøtelagt før han i mars 2000 vart dømt til fengsel i 90 dagar for brot på straffelova § 162 første ledd jf. femte ledd, og for brot på legemiddellova.
(7)Innleiingsvis vil eg seie litt om dei nærare omstenda ved handlingane. B hadde pengar til gode hos broren sin, som vart fengsla i januar 2001. Broren kunne ikkje betale, men tilbaud B å få 80 gram amfetamin som oppgjer. For å få omsett denne amfetaminen tok B kontakt med A, som var ein kjenning av den fengsla broren. B fekk deretter hand om 80 gram amfetamin, som han selde til A. Etter førespurnad frå A skaffa B neste månad, februar 2001, eit nytt kvantum amfetamin, denne gongen på 100 gram. Saman med dette formidla B også eit tilbod på kjøp av 100 gram heroin. Amfetaminen vart betalt og levert i Kristiansundsområdet. Heroinen måtte derimot skaffast frå Trondheim. For denne betalte A 130 000 kroner til B, som skulle hente heroinen i Trondheim og betale seljaren. B betalte seljaren i Trondheim, men vart lurt. Han hadde dermed ingen heroin å levere til A.
(8)Det er lagt til grunn i dommane frå dei tidlegare rettane at når saka kom opp, var det fordi A seinare øvde sterkt press mot B. Denne gjekk 5. april 2001 til politiet, tilsto for eigen del og bad om å bli sett i varetekt for å få vern mot A. B gav også forklaringar om A sine tilhøve. Denne forklaringa heldt B fast på, heilt til han i samband med spørsmålet om tilståingsdom vart gjort kjend med straffepåstanden frå politiet. A har for sin del ikkje vedgått omstenda i tiltalen.
(9)Som det går fram av dette har saka vorte gammal. Før eg går inn på dette, vil eg sjå på kva som må leggjast til grunn som utgangspunkt for ved straffutmålinga for erverv av 180 gram amfetamin og forsøk på erverv av 100 gram heroin. Eg vil sjå på straffenivået for heroin og amfetamin kvar for seg, og det er då på sin plass først å minne om at det skal skje ei samla vurdering og ikkje ei summering.
(10)Den alvorlegaste posten A er domfelt for, gjeld forsøk på erverv av 100 gram heroin. Dei sakene eg skal gå inn på gjeld erverv, og eg kjem derfor attende til kva det skal ha å seie at det her er tale om forsøk. I Rt. 2003 side 118 vart straffa sett til fengsel i tre år for erverv og oppbevaring av 88 gram. Sjølv om det var opplyst at heroinen var til eigen bruk, vart det lagt vekt på den objektiviserte risikoen for spreiing. Orskurden i Rt. 2003 side 904 gjaldt ei rekke lovbrot, der kjøp, sal og oppbevaring av i alt 65 gram heroin vog tyngst i straffutmålinga. Det vart lagt noko vekt på at det hadde gått lang tid til dom. Straffa vart sett til fengsel i to år og åtte månader.
(11)I vår sak må det leggjast til grunn at A var hovudmann. B fekk pengar av han, og det var A som skulle ha heroinen for vidaresal med profittmotiv.
(12)Med grunnlag i kvantumet og den rolla A hadde, meiner eg at erverv av 100 gram heroin i utgangspunktet ville ha ført til ei straff av fengsel i bortimot 4 år. At det var tale om forsøk, må gjere at dette utgangspunktet må reduserast noko, sjølv om A hadde gjort det han skulle for at handelen skulle kunne gjennomførast.
(13)I tillegg til heroinen var det tale om erverv av i alt 180 gram amfetamin. Dommen i Rt. 1999 side 1008 gjaldt sal av minst 160 gram amfetamin ut frå profittmotiv. Straffa vart sett til fengsel i eitt år og seks månader. I ein nyare dom i Rt. 2003 side 1156 er det uttala at det var denne avgjerda som gav mest rettleiing for den konkrete straffutmålinga. Etter mitt syn ville ervervet av amfetamin i vår sak isolert sett gitt ei straff av fengsel på om lag eitt år og seks månader.
(14)Slik også lagmannsretten kom til, meiner eg det ut frå dette må takast utgangspunkt i ei samla straff på fengsel i om lag fire år, når konsekvensane av at saka har vorte gammal, no skal vurderast.
(15)Dei strafflagde handlingane fann stad i januar og februar 2001. B gjekk til politiet 5. april. I lagmannsrettsdommen er det opplyst at saka var ferdig etterforska hausten 2001. Det er opplyst i skranken at saka først vart oversend frå politiet til statsadvokaten hausten 2003. Som før nemnt vart tiltalevedtak gjort 12. februar 2004. Slik eg ser det er det her tale om ei forseinking, først og fremst hos politiet men dels også hos statsadvokatane, på godt over to år. A kan ikkje tilskrivast noko av denne forseinkinga.
(16)Dette må få følgjer for straffutmålinga. Lagmannsretten kom til at straffa burde setjast ned til fengsel i tre år. Eg er einig i at dette gir ein høveleg reduksjon i straffa, og at straffa samla bør setjast til fengsel i tre år. Straffa omfattar også Nordmøre tingretts dom av 21. februar 2003 der han fekk ei straff på fengsel i 30 dagar på vilkår for heleri og for brot på legemiddel- og alkohollovene.
(17)Anken over straffutmålinga bør såleis forkastast.
(18)Eg røystar for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(19)Dommer Oftedal Broch: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(20)Dommer Gjølstad: Likeså.
(21)Dommer Tjomsland: Likeså.
(22)Justitiarius Schei: Likeså.
(23)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.