Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Mitsem og Lund Lagmannsretten hadde gitt dom for tap av førerett for motorvogn i eit tilfelle der saka var komen inn til tingretten i oktober 2003. Etter overgangsreglane for dei nye reglane om domstolbehandling ved tap av førerett, har domstolane berre domsmynde i saker som "bringes inn" etter 1. januar 2004. Høgsterett oppheva etter dette lagmannsrettsdommen for det punktet som gjaldt tap av førerett.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld eit saksbehandlingsspørsmål ved dom på tap av retten til å føre motorvogn.
(2)Ved tiltalevedtak gjort 17. oktober 2003 vart A sett under tiltale for brot på vegtrafikklova § 31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd – promillekøyring. Saka kom inn til Larvik tingrett 20. oktober 2003.
(3)Ved Larvik tingretts dom av 5. mars 2004 vart A funnen skuldig etter tiltalen og dømd til ei straff av fengsel i 21 dagar med tillegg av ei bot på 8 000 kroner og til å betale sakskostnader med 3 000 kroner.
(4)Domfelte anka dommen til Agder lagmannsrett. Anken gjaldt bevisvurderinga under skuldspørsmålet. Lagmannsretten gav 4. august 2004 dom med slik domsslutning: ”1 A født 00. 00. 1972 dømmes for overtredelse av veitrafikkloven § 31, første til tredje ledd jf § 22, første ledd til straff av fengsel i 21 – enogtyve – dager samt til å betale en bot til statskassen stor kr 3 000 – tretusen – kroner, subsidiært 10 – ti – dagers fengsel. 2 A fradømmes i medhold av veitrafikkloven § 33 nr 1 adgangen til å føre førerkortpliktig motorvogn for et tidsrom av 2 – to – år. Til fradrag går 1 – en – måned for tidsrom førerkortet har vært beslaglagt.”
(5)Domfelte anka til Høgsterett over saksbehandlinga og straffutmålinga. Berre anken over saksbehandlinga er tilvist.
(6)Eg nemner først at saksbehandlingsanken opphavleg var grunna i at spørsmålet om tap av førerett ikkje var framme for tingretten men først vart teke opp under prosedyren i lagmannsretten. Under saksførebuinga for Høgsterett har statsadvokaten vist til at saka kom inn til tingretten 20. oktober 2003, og at dei nye reglane om tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i vegtrafikklova § 33 nr. 1 ikkje kjem til bruk. Forsvararen har slutta seg til dette, og uttala at saksbehandlingsanken no berre byggjer på dette som ny ankegrunn.
(7)Tidlegare vart førarkort inndregne ved administrative vedtak. Ved lov 4. juli 2003 nr. 77 er vegtrafikklova § 33 nr. 1 endra. Der nokon som har førerett blir ”ilagt straff, kan det i samme dom eller forelegg fastsettes tap av retten til å føre førerkortpliktig motorvogn ...”. Lovendringa vart sett i kraft ved Kronprinsregentens resolusjon av 19. desember 2003, som har slik ordlyd: ”Lov av 4. juli 2003 nr. 77 om endringer i vegtrafikkloven mv. (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn mv.) gjelder fra 1. januar 2004, med virkning for saker som bringes inn for tingretten etter 1. januar 2004 for pådømmmelse og for saker som avgjøres ved forelegg som utstedes etter 1. januar 2004.”
(8)Som nemnt kom saka inn til tingretten 20. oktober 2003. Domstolane har, slik det går fram av iverksetjingsvedtaket, berre domsmynde i saker om tap av førerett når sakene ”bringes inn” etter 1. januar 2004. Dette ikraftsetjingsvedtaket går på kva saker som skal avgjerast etter den nye føresegna i § 33 nr. 1, og har då verknad for alle rettsinstansar. Lagmannsretten var såleis ikkje domsmyndig til å seie dom for tap av førerett.
(9)Lagmannsrettsdommen må etter dette opphevast utanom anken når det gjeld avgjerda om tap av førerett, straffeprosesslova § 342 andre ledd nr. 4, jf. § 343 andre ledd nr. 4. Feilen med omsyn til dette spørsmålet har ikkje hatt innverknad på resten av dommen som då bør bli ståande, jf. straffeprosesslova § 347 andre ledd.
(10)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Agder lagmannsretts dom, domsslutninga punkt 2, blir oppheva.
(11)Dommer Oftedal Broch: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(12)Dommer Bruzelius: Likeså.
(13)Dommer Mitsem: Likeså.
(14)Dommer Lund: Likeså.
(15)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Agder lagmannsretts dom, domsslutninga punkt 2, blir oppheva.