Utgård, Coward, Rieber-Mohn, Øie, Gjølstad Domfelte, ein tidlegare ustraffa mann, var frå 1993 sambuar med ei kvinne, som han fekk to barn med i 1996 og 2000. Han vart i lagmannsretten dømt til fengsel i 2 år og 9 månader for forgåingar mot henne, i hovudsak ved grovt aktlause valdtekter, vald og truslar. Det var domfelte som anka til Høgsterett. Han vart av lagmannsretten funnen skuldig i å ha mishandla sambuaren over lang tid. I tida frå august 1996 til sambuarskapet tok slutt i januar 2002 slo han henne minst 15 gonger, stort sett i form av slag med knytt neve. Ved mange høve gav han henne fleire slag, og nokre gonger tok han samstundes strupetak. Handlingane førte til stor smerte og hadde karakteren av mishandling. Han vart etter dette funnen skuldig i eitt vedvarande brot på straffelova § 228 første ledd, jf. andre ledd, jf. § 232. Han vart også funnen skuldig i to tilfelle av grovt aktlaus valdtekt, som begge skjedd i nær tilknyting til valdshandlingar. Valdtektene fann stad i situasjonar der den krenkte var passiv av frykt for meir vald. Domfellinga gjaldt vidare fire tilfelle av truslar. Endeleg var han domfelt for brot på besøksforbod i rusa tilstand. Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga. Det vart vist til dei prinsipielle synsmåtane i ein ny dom - HR-2004-00907-A, der det vart lagt eit nivå for mishandling av sambuar/ektefelle. Høgsterett uttala, i samsvar med den nemnde dommen, at straffutmålinga i saka no burde skje ut frå ei samla vurdering av handlingane. Det var først og fremst dette som viste alvoret, både vurdert ut frå krenkinga i dei om lag fem og eit halvt åra dei fann stad, og ut frå risikoen for skade på lang sikt. Det var ikkje grunn til å prøve å bryte straffutmålinga ned på einskildhandlingar, eller på brot på einskilde straffebod. Anken vart etter dette forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling ved forgåingar mot sambuar, i hovudsak ved grovt aktlause valdtekter, vald og truslar.
(2)Oslo tingrett gav 31. januar 2003 dom med slik domsslutning: "I. A, født 00.00..65, dømmes for overtredelse av strl § 228, 1. ledd jfr 2. ledd jfr § 232, strl § 192, 1. ledd jfr 4. ledd, strl § 227, strl § 342, 1. ledd samt løsgjengerlovens § 17. Straffen fastsettes til fengsel i 2 år. Til fradrag i straffen går 2 dager for varetekt. Straffeloven § 62 og § 63 annet ledd er gitt anvendelse. II. A frifinnes for tiltalens post IV og V III. A dømmes til å betale kr 4.000,- i erstatning til det offentlige i anledning saken IV. A frifinnes for å betale erstatning til B. V. A frifinnes for å betale oppreisning til B"
(3)Frifinninga for krava på skadebot og oppreising var bygd på at domfelte allereie hadde betalt 150 000 kroner til den krenkte.
(4)Domfelte anka til lagmannsretten. For skuldspørsmålet vart berre anken over domfellingane for grovt aktlause valdtekter, jf. straffelova § 192 fjerde ledd, jf. første ledd, viste til behandling. Ankane over straffutmålinga frå domfelte og frå påtalemakta vart også tilviste. Borgarting lagmannsrett gav 22. desember 2003 dom med slik domsslutning: "1. A, født 00.00. 1965, dømmes for overtredelse av straffeloven § 192 fjerde ledd, jf første ledd og de forhold hvor skyldspørsmålet er rettskraftig avgjort ved Oslo tingretts dom av 31. januar 2003, alt sammenholdt med straffeloven § 62 og § 63, til en straff av fengsel i 2 – to – år og 9 – ni – måneder. Til fradrag i straffen går 2 – to – dager for utholdt varetektsfengsel. 2. I saksomkostninger for tingretten betaler A til det offentlige 4000 – firetusen – kroner innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av lagmannsrettens dom. Saksomkostninger idømmes ikke for lagmannsretten."
(5)Domfelte anka til Høgsterett over saksbehandlinga og lovbruken, subsidiært over straffutmålinga. Berre anken over straffutmålinga er vist til behandling i Høgsterett.
(6)Eg er komen til at anken må forkastast.
(7)Innleiingsvis nemner eg at frå 1993 var domfelte sambuar med den krenkte, B. Dei har to barn saman, fødde i juni 1996 og i august 2000. Sambuarskapet tok slutt 23. januar 2002, då ho flytta ut med barna.
(8)Domfellinga omfattar for det første eitt vedvarande valdsbrotsverk frå august 1996 til januar 2002. Den krenkte vart ikkje utsett for vald i perioden då ho var gravid. Men tingretten kom til at ho elles i denne tida vart utsett for valdsbruk minst 15 gonger, stort sett i form av slag med knytt neve. Ved mange høve gav han henne fleire slag. Nokre gonger tok han samstundes strupetak. Tingretten uttala at det ”må … legges vekt på at voldsbruken har foregått over lang tid, og har vært temmelig likeartet. Den har hver gang hatt tilknytning til tiltaltes alkoholmisbruk.” Tingretten kom til at valdsbruken førte til "betydelig smerte", jf. straffelova § 228 andre ledd, og at han hadde karakteren av mishandling, jf. straffelova § 232.
(9)Dei to grovt aktlause valdtektene fann stad i samanheng med to av desse valdshandlingane. Den første av valdtektene skjedde på ein campingplass 9. juli 2001. Han slo sambuaren med knytt hand og tok kvelartak på henne. For at barna ikkje skulle vakne, heldt han over munnen hennar og slo på ny. Lagmannsretten har lagt til grunn at domfelte, etter at eit av barna hadde vakna men sovna etter ei stund, ”gjennomførte samleiet mens fornærmede var helt passiv av frykt for ytterligere vold og av hensyn til barna”. Den andre valdtekta skjedde 4. januar 2002 då sambuarparet var på besøk hos hennar søster og svoger. Etter alkoholbruk og krangel slo domfelte til den krenkte fleire gonger med knytt hand slik at ho tok til å blø naseblod. Han tok også kvelartak på henne. Svogeren kom då til og spurte gjennom døra om alt var i orden. Domfelte heldt den krenkte over munnen og sa ja til svogeren. Sambuaren vart deretter beden om å vaske seg, og så om å gå inn på soverommet. Lagmannsretten uttala her: "Samleiet ble gjennomført ved at fornærmede snudde ryggen til tiltalte, som gjennomførte handlingen mens fornærmede var helt passiv”.
(10)Domfellinga gjeld vidare fire tilfelle av truslar. Det er truslar i 1999 overfor sambuaren om at han skulle drepe den felles sonen deira, og i 2001 truslar om at han skulle drepe henne. I samband med opphøyret av sambuarforholdet i januar 2002 sa han til politiet at han skulle drepe den krenkte og barna, og det same sa han direkte til henne litt seinare same dagen.
(11)Endeleg gjeld domfellinga brot på besøksforbod etter opphøyret av sambuarforholdet, og saman med det brot på lausgjengarlova § 17.
(12)Eg går så over til å sjå på straffutmålinga. I ein ny dom, HR-2004-00907-A, har Høgsterett gitt uttrykk for prinsipielle synsmåtar med omsyn til familievald. Det er i avsnitt 13 vist til at ” [s]entralt i vurderingen av hvor straffverdig forholdet er, blir da ikke bare hvor grove voldshandlingene er, men også mishandlingens varighet over tid, den psykologiske bindingen mellom gjerningsmannen og offeret, og det at handlingene skjer skjult – i hjemmet, som skulle være et trygt sted. Den frykten for vold – følelsen av å leve i et trusselregime – som blir skapt, kan oppleves som langt verre enn de enkelte voldshandlingene”.
(13)Og i avsnitt 18 blir det uttala at ”straffen i vår sak i større grad ... bør avspeile den frykten for vold som konen og barna har levd under i årevis, og med den risikoen for skade på lang sikt som en slik livssituasjon innebærer”.
(14)Straffutmålinga i vår sak bør etter mitt syn skje ut frå ei samla vurdering av handlingane. Det er først og fremst dette som viser alvoret, både vurdert ut frå krenkinga i dei om lag fem og eit halvt åra dei fann stad, og vurdert ut frå risikoen for skade på lang sikt. I tillegg til å bli utsett for dei konkrete strafflagde handlingane måtte den krenkte her heile tida leve i ein situasjon med ei stadig frykt for slike handlingar. I tråd med HR-2004-00907-A meiner eg at det då må skje ei samla vurdering, og at det ikkje er grunn til å prøve å bryte straffutmålinga ned på einskildhandlingar, eller på brot på einskilde straffebod. Slik eg ser det går også dei grovt aktlause valdtektene inn i ein større samanheng av omfattande krenkingar av sambuaren. Brot på besøksforbod i rusa tilstand kort etter opphøyret av sambuarskapet må også sjåast inn under det same.
(15)Lagmannsretten har meint at valdtektene eigentleg skulle vore vurderte som forsettlege valdtekter. På dette punktet er lagmannsrettsdommen uklar. Eg konstaterer at domfelte vart funnen skuldig i grovt aktlause valdtekter, og straffutmålinga må då skje på det grunnlaget.
(16)Samla sett må saka her vurderast som noko meir alvorleg enn tilhøvet i HR-2004-00907- A. Ved vurderinga ligg omsynet til skadeverknadene av slike handlingar inne i det alminnelege straffenivået. Det ligg ikkje føre opplysningar om heilt særlege omstende.
(17)Eg kan heller ikkje sjå at det ligg føre spesielle straffminkande omstende for domfelte. I ei slik sak kan det ikkje ha innverknad at han er tidlegare ustraffa.
(18)Etter mitt syn bør straffutmålinga hos lagmannsretten bli ståande.
(19)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(20)Dommer Coward: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(21)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(22)Dommer Øie: Likeså.
(23)Dommer Gjølstad: Likeså.
(24)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta. Rett utskrift: