Utgård, Coward, Rieber-Mohn, Øie, Gjølstad Saka gjaldt straffutmåling ved tjuveri for ein fleire gonger tidlegare domfelt. Hovudspørsmålet var om det var grunn til bruk av samfunnsstraff. Domfelte var funnen skuldig i tjuveri av pengekonvoluttar - som inneheldt i alt 44 620 kroner - frå eit kontor i ei daglegvareforretning. Han vart kjend att på opptak frå overvakingskamera. Pengane kom til rette. Tingretten hadde sett straffa til fengsel i 45 dagar utan vilkår, og anken over straffutmålinga vart forkasta av lagmannsretten. Domfelte anka til Høgsterett for å få vilkårsdom eller eventuelt samfunnsstraff. Han hadde 16 dommar frå før - storparten for vinningsbrotsverk. Dei to siste var sona i 2002 og 2003, og desse omfatta domfelling for tjuveri. Føresegna i straffelova § 61 - vedteken i 2003 - om at maksimalstraffa blir dobla for ny strafflagd handling av same art, kom såleis til bruk. Straffenivået for tilbakefallsbrotsverk innanfor meir omfattande vinningskriminalitet var auka av Høgsterett også før denne lovendringa. Og med domfelte sine mange domfellingar - der to av domfellingane var av ny dato - kunne det i alle fall ikkje vere grunnlag for dom på fengsel på vilkår, etter den allment skjerpa haldninga til tilbakefallskriminalitet. Dersom det i seg sjølv skulle hindre bruk av samfunnsstraff at saka gjekk inn under straffelova § 61, ville det vere slik at omfanget av bruk av samfunnsstraff måtte reduserast monaleg. Ei slik løysing burde ikkje veljast når det ikkje kunne byggjast på at lovgivar hadde hatt eit slikt siktemål med den nye føresegna. Det var likevel ikkje grunnlag for samfunnsstraff her. Tjuveriet fann stad etter måten kort tid etter tidlegare domfellingar. Det var ingen rehabiliteringssituasjon. Domfelte hadde heller ikkje sagt frå under personundersøking om at han var under etterforsking for fire andre tjuveri eller at han var domfelt etter at han hadde flytta for å kome vekk frå eit tidlegare uheldig miljø. Også dette siste tala med ei viss vekt mot samfunnsstraff. Høgsterett forkasta etter dette anken.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling ved tjuveri for ein fleire gonger tidlegare domfelt. Hovudspørsmålet er om det er grunn til bruk av samfunnsstraff.
(2)Sandefjord tingrett gav 24. mars 2004 tilståingsdom med slik domsslutning: "A, født 00.00.1960, dømmes for en overtredelse av strl § 257 til en straff av ubetinget fengsel i 45 –førtifem– dager. Forholdene er begått i 31. januar 2004. Det gjøres fradrag i straffen med 1 –en– dag for utholdt varetekt."
(3)Domfelte anka til lagmannsretten over straffutmålinga. Agder lagmannsrett forkasta anken ved orskurd 29. juni 2004.
(4)Domfelte har anka vidare til Høgsterett. Anken gjeld straffutmålinga. I Høgsterett er anken behandla i samanheng med sak HR-2004-01687-A.
(5)Eg er komen til at anken må forkastast.
(6)Domfelte tok laurdag 31. januar 2004 nokre konvoluttar som inneheldt i alt 44 620 kroner frå eit kontor i ei daglegvareforretning i Sandefjord. Tingretten har lagt domfelte si forklaring om dei nærare omstenda ved tjuveriet til grunn. Forklaringa er protokollert slik: "Siktede kjente butikkeieren. Han fikk gå inn på bakrommet i butikken for å vaske hendene. Der fikk han se noen konvolutter på gulvet. Disse inneholdt til sammen kr 44.620. Siktede tok disse pengene i affekt – uten å tenke seg om. Han var på den tiden i økonomiske vanskeligheter og han hadde gjeld. Derfor trengte han pengene. Litt senere ringte en venn av butikkeieren til siktede for å spørre om han hadde tatt pengene. Han innrømmet dette og bestemte seg for å levere pengene tilbake. Han ventet hjemme til politiet kom og leverte alle pengene til politiet."
(7)I tingrettsdommen er det opplyst at domfelte vart kjend att som gjerningsmann på fotografi tekne av overvakingskamera.
(8)Dei tidlegare rettane har funne at straffa kan setjast til fengsel utan vilkår i 45 dagar. Spørsmålet er om det er grunnlag for ei straff av fengsel på vilkår eller for samfunnsstraff.
(9)Ved vurderinga er det sentralt at A er domfelt 16 gonger tidlegare. Han er fødd i 1960, og fekk 5 dommar på 70-talet, 5 på 80-talet og 4 på 90-talet. Storparten av dommane gjaldt vinningsbrotsverk. Dei to siste dommane kom 1. oktober 2001 og 18. februar 2002, og vart sona høvesvis i april til oktober 2002 og i april til mai 2003. Begge dei to siste dommane omfatta domfelling for tjuveri.
(10)Føresegna i straffelova § 61 om at maksimumsstraffa blir dobla for ny strafflagd handling av same art, kjem såleis til bruk. Denne føresegna kom inn ved lov 4. juli 2003 nr. 78, og føremålet var først og fremst å skjerpe straffa for "gjentatte vinnings-, volds- og seksualforbrytelser", jf. særmerknadene til § 61 i Ot.prp. nr. 62 for 2002-2003 side 94.
(11)Som lagmannsretten viser til i dommen i saka her, vart straffenivået for tilbakefallsbrotsverk innanfor meir omfattande vinningskriminalitet auka av Høgsterett også før lovendringa i 2003, jf. til dømes avgjerda i Rt. 1997 side 1976. Sjølv om det her var tale om ei einskild handling, som fann stad på tilfeldig grunnlag, talar mykje for at det heller ikkje før lovendringa hadde vore plass for dom på fengsel på vilkår. Som nemnt har A vore domfelt mange gonger tidlegare. Det var her tale om eit nytt brotsverk etter måten kort tid etter dei to siste dommane og soningane. I lys av dette, og når saka skal vurderast med grunnlag i den allment skjerpa haldninga til tilbakefallskriminalitet, finn eg det klårt at det ikkje kan vere grunnlag for vilkårsdom.
(12)Spørsmålet er så om det kan givast dom på samfunnsstraff. Spørsmålet er ikkje direkte regulert i lova, og er heller ikkje nærare omtala i førearbeida til lovendringa i 2003.
(13)Etter mitt syn kan straffelova § 61 ikkje stengje for at samfunnsstraff også kan nyttast ved tilbakefallskriminalitet. Ordlyden i straffelova § 61 første ledd første punktum er svært vid, og omfattar mange typar strafflagde handlingar. Tilhøva ved vinningsbrotsverk slik det her er tilfelle, syner at det vil vere uheldig om ei einskild handling nær seks år etter fullføringa av straffa for tidlegare handlingar, skulle gjere det uråd å nytte samfunnsstraff. Dersom det i seg sjølv skulle hindre bruk av samfunnsstraff at saka går inn under straffelova § 61, ville det vere slik at omfanget av bruk av samfunnsstraff måtte reduserast monaleg. Ei slik løysing bør ikkje veljast når det ikkje kan byggjast på at lovgivar har hatt eit slikt siktemål med den nye føresegna.
(14)Det kan likevel ikkje vere grunn til dom på samfunnsstraff for A. Som eg før har vore inne på, gjeld domfellinga eit tjuveri som vart utført etter måten kort tid etter dei siste domfellingane og soningane. Det er gjennomført personundersøking, som ikkje gir haldepunkt for at det ligg føre nokon rehabiliteringssituasjon. I tillegg kjem omstenda under arbeidet med personundersøkinga, som eg no skal seie litt om.
(15)Domfelte har gjort gjeldande at det var ein saksbehandlingsfeil under straffutmålinga når lagmannsretten viste til at han "ifølge aktor skal … være under strafforfølgning i et annet politidistrikt". I og med at Høgsterett har full kompetanse under straffutmålinga, går eg ikkje nærare inn på om dette var ein saksbehandlingsfeil. For meg er det tilstrekkeleg å vise til at domfelte ikkje tok opp spørsmålet om etterforsking for nye tilhøve under personundersøkinga. Han var på dette tidspunktet under etterforsking for fire tjuveri.
(16)Domfelte uttala til personundersøkjaren at han flytta frå Bergen for å kome bort frå eit kriminelt miljø, og at han sidan år 2000 ikkje hadde gjort seg skuldig i andre strafflagde handlingar enn det saka her gjeld. I tillegg til dei tilhøva han har vore under etterforsking for, og der det no er reist tiltale, viser eg til at dei to siste domfellingane gjaldt strafflagde handlingar i 2000 og 2001.
(17)Samla sett kan dette tyde på at domfelte ikkje har sett alvoret i situasjonen han er i, og at han heller ikkje er tilstrekkeleg open om omstende han må skjøne er viktige for personundersøkinga. Utan at det er avgjerande for meg i valet mellom dom på fengselsstraff og på samfunnsstraff, talar dette likevel med ei viss vekt mot det siste alternativet.
(18)Dei tidlegare rettane har sett straffa til fengsel i 45 dagar. Etter mitt syn er dette ikkje for strengt. Eg er einig med lagmannsretten i at det då er lagt tilstrekkeleg vekt på at A tilsto straks, og på at pengane er komne til rette.
(19)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(20)Dommer Coward: Jeg er i det vesentlige og i hovedsaken enig med førstvoterende.
(21)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(22)Dommer Øie: Likeså.
(23)Dommer Gjølstad: Likeså.
(24)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.