Utgård, Øie, Støle, Oftedal Broch og Tjomsland Saka gjeld narkotika, innførsel og overdraging av 600 kg khat. Grensa for grovt narkotikabrotsverk når det gjeld khat og straffutmåling. A var domfelt for innførsel av 600 kg khat. Av dette vart 129 kg beslaglagt av tollen, medan resten vart overdrege vidare. Høgsterett la til grunn at innførsel og overdraging av 600 kg khat til vanleg må vere tilstrekkeleg til at brotsverket må reknast som grovt, jf. straffelova § 162 andre ledd. Ei slik mengde er då sett i samanheng med karakteren på stoffet, og at 250 gram khat må reknast som ein brukardose. Også omstenda ved handlinga må kome inn i vurderinga av om narkotikabrotsverket er grovt. I eit tilfelle der handlinga hadde eit profesjonelt preg og der det var profittmotiv, var det ikkje nokon feil ved rettsutgreiinga i lagmannsretten at innførsel og overdraging av 500 kg var sagt å kunne vere ei grense. Innførsel og omsetning hadde skjedd ved at A hadde reist til Nairobi i alt 15 gonger over ein periode på 16 månader. Det var tale om store økonomiske interesser. Aktiviteten hadde ein profesjonell karakter. Det må også leggjast til grunn at det er spreiingsrisiko innanfor i alle fall ein del grupper i vårt land. Straffa vart særleg vurdert i samanheng med avgjerda i Rt. 1994 side 1332 som gjaldt eit kvantum på 200 kg og der straffa var sett til fengsel i fem månader. Høgsterett kom til at det ut frå dette og ut frå det som var lagt til grunn i saka no, i alle fall ikkje var for strengt når lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i sju månader. Domfelte si anke vart derfor forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om innførsel og overdraging av 600 kg khat er grovt narkotikabrotsverk, jf. straffelova § 162 andre ledd og dessutan straffutmålinga for brotsverket.
(2)Gulating lagmannsrett sa 11. mai 2004 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1962, dømmes for overtredelse av straffeloven § 162 første jf annet jf femte ledd til en straff av fengsel i 7 – sju – måneder. Til fradrag i straffen går 46 – førtiseks – dager for utholdt varetekt. 2. A dømmes til å tåle inndragning av utbytte med kr 200 000 – tohundretusen – kroner, jf straffeloven § 37 d og § 34.”
(3)Domfelte hadde gitt inn fullstendig anke til lagmannsretten over Jæren tingretts dom av 13. oktober 2003. Tingretten hadde kome til same resultatet når det gjaldt så vel skuldspørsmålet som straffutmålinga og inndraginga.
(4)Domfelte har anka til Høgsterett over lovbruken når det gjeld spørsmålet om det låg føre grovt narkotikabrotsverk og dessutan over straffutmålinga.
(5)Eg er komen til at anken ikkje kan føre fram.
(6)A vart i lagmannsretten funnen skuldig i å ha innført minst 600 kg khat. Av dette vart 129 kg teke ved tollundersøking på flyplassane på Sola og Gardermoen. Resten var selt vidare.
(7)Om dei nærare omstenda heiter det i lagmannsrettsdommen: ”Saken gjelder innførsel og overdragelse av planten khat til Norge. Tiltalte har erkjent at hun 22 mars samt 17 april 2002 innførte til sammen ca 129 kg med khat til Norge. Ved disse anledningene ble hun avslørt ved tollundersøkelse under ankomst til flyplassene på henholdsvis Gardermoen og Sola. Men lagmannsretten legger til grunn at hun har foretatt innførsel utover dette. Tiltalte har i tiden januar 2001 til 17 april 2002 foretatt til sammen 15 flyreiser tur-retur Norge, Amsterdam, Nairobi. Få dager etter ankomst til Norge har hun innsatt et større kontantbeløp på sin bankkonto. Beløpene har variert fra kr 11 500 til 80 045. Samlet innsatt beløp i perioden er på ca kr 600 000. Lagmannsretten legger til grunn at innførselen og overdragelsen av khat hadde et kvantum på minst 600 kg. Basert på den beslaglagte mengde khat sammenholdt med inntektene fra salget, finner lagmannsretten at et slikt kvantum er et forsiktig anslag. Lagmannsretten legger videre til grunn at tiltalte har hatt en sentral rolle ved at det er hun som selv har hentet stoffet i Afrika og innført det til Norge hvor hun har hatt avtale med et omsetningsapparat som raskt har kunnet bringe stoffet videre til brukerne. Dette er gjort utfra et rent profittmotiv. Hun har selv forklart at hun ble forespeilet en fortjeneste på ca kr 100 000 pr reise.”
(8)I anken over lovbruken er det gjort gjeldande at domfellinga for innførsel og overdraging av khat med urette er ført inn under føresegna om grovt narkotikabrotsverk, jf. straffelova § 162 andre ledd. Anken knyter seg til rettsutgreiinga frå rettsformannen i lagmannsretten. I den protokollerte rettsutgreiinga heiter det mellom anna: ”… Vi har ikke praksis hvor det uttales hvor grensen mellom simpel og grov narkotikaforbrytelse går for khat. Etter min oppfatning bør grensen settes til ca 500 kg i dette tilfellet, og jeg tilrår at dere legger dette til grunn. Omregnet i brukerdoser utgjør 500 kg khat ca 2000. I vurderingen av om dette er en grov narkotikaforbrytelse er det også av betydning tiltaltes rolle – hvor sentral har den vært og motivet – har det vært profittmotiv. …”
(9)Straffelova § 162 andre ledd har slik ordlyd: ”Grov narkotikaforbrytelse straffes med fengsel inntil 10 år. Ved avgjørelsen av om overtredelsen er grov, skal det særlig legges vekt på hva slags stoff den gjelder, kvantumet og overtredelsens karakter.”
(10)Det er såleis tre moment som særleg har vekt når det skal avgjerast om eit narkotikabrotsverk er grovt.
(11)Kvantumet må sjåast i samanheng med kva slags stoff det gjeld. På dette punktet viser eg til Høgsteretts dom i Rt. 1994 side 1332 der det heiter: ”… De virksomme stoffene i khat er særlig catinon og catin. Disse stoffene er sentralstimulerende, og virker farmakologisk svært likt amfetamin. Men det er bare lavdosevirkningen av amfetamin som det er aktuelt å sammenlikne med. Khat har flere trekk som skiller det ganske sterkt fra andre narkotiske stoffer som er kjent i Norge: Khat er en grønn plante, rusvirkningen oppnås vanligvis ved at man tygger den, og det må relativt betydelige mengder til for å få rusvirkningen – en brukerdose anslås gjerne til 250 g. I praksis er det umulig å få i seg så mye av planten khat at rusvirkningen blir sterk. Et særtrekk er også at khat er meget lett bedervelig, slik at det få dager etter høstingen har mistet store deler av sin virkning. …”
(12)Det er i saka lagt fram ei fråsegn frå avdelingsdirektør, professor Asbjørg S. Christophersen om khat. Ut frå denne, og i samsvar med det som er uttala i 1994- dommen, legg eg til grunn at rusverknadene kan samanliknast med lavdoseverknaden av amfetamin. Professor Christophersen har utdjupa skadeverknadene ved bruk av khat. På dette punktet viser utgreiinga at bruk av khat har monalege skadeverknader, særleg ved meir omfattande bruk. Det er tale om verknader på sinnet, der langvarig bruk er opplyst mellom anna å kunne utvikle psykosar og i særlege tilfelle også føre til suicidale handlingar. Omfattande bruk kan også føre til skade på ulike organ og funksjonar.
(13)I utgreiinga har Christophersen gitt uttrykk for eit mindre kvantum per brukardose enn det Høgsterett nytta i 1994-dommen. Ho har altså lagt til grunn eit lågare kvantum enn 250 gram for å gi ein rusdose. Men ho har då teke utgangspunkt i prøver gjennomførte på ikkje tilvende personar, og det er også andre premissar for vurderinga – og det er partane einige i – som gjer at kvantumet ikkje kan nyttast i vår samanheng. Forsvarar og aktor har vist til at det i det praktiske rettslivet, som i 1994-dommen, blir lagt til grunn at 250 gram utgjer ein brukardose. Eg legg dette til grunn. Det inneber at 500 kg, som var grensa rettsformannen nytta i rettsutgreiinga, utgjer om lag 2 000 rusdosar, medan det innførte kvantumet på 600 kg vil gi om lag 2 400 rusdosar.
(14)Det er etter lova også spørsmålet om karakteren av brotsverket. I rettsutgreiinga er med rette uttala at dette må kome inn i vurderinga, både tiltalte si rolle og om det har vore profittmotiv.
(15)Innførsel og overdraging av 600 kg khat må etter mi meining til vanleg vere tilstrekkeleg til at brotsverket må karakteriserast som grovt. Men som det vart gitt uttrykk for i rettsutgreiinga, er det også slik at omstenda ved brotsverket må kome inn i vurderinga. I eit tilfelle som dette, som har profesjonelt preg og med klart profittmotiv, er eg einig i at 500 kg vil vere ei grense. Eg kan ut frå dette ikkje sjå at det heftar nokon feil ved rettsutgreiinga i høve til kva som i denne saka må reknast som grovt narkotikabrotsverk.
(16)Eg går så over til å sjå på straffutmålinga. Også her er det naturleg å ta utgangspunkt i dommen i Rt. 1994 side 1332. Straffa for innførsel av minst 200 kg vart der sett til fengsel i fem månader. Etter den tid har det skjedd ei varsam nedjustering av straffenivået for ein del narkotikabrotsverk, jf. HR-2004-00815-A. Dette må gjelde tilsvarande for innførsel og overdraging av khat i det omfanget som er aktuelt i vår sak.
(17)Ved straffutmålinga er utgangspunktet at ein står overfor eit grovt narkotikabrotsverk, jf. straffelova § 162 andre ledd. I ein periode på 16 månader frå januar 2001 til 17. april 2002 reiste domfelte 15 gonger med fly frå Noreg via Amsterdam til Nairobi, der ho kjøpte khaten. Ho hadde ei sentral rolle ved at ho henta stoffet i Nairobi og raskt frakta det til Noreg der ho hadde eit omsetningsapparat. Aktiviteten hadde såleis ein profesjonell karakter. Om summen på 600 000 kroner som vart sett inn på bankkontoen hennar i perioden berre kom frå sal av 600 kg khat, kan vere uklart. Lagmannsretten har uttala at eit slikt kvantum er ”et forsiktig anslag”. Saka viser i alle tilfelle at profesjonell innførsel og sal av khat, kan gi relativt stor profitt. Eg peiker her på at det i Noreg i dag er ganske mange som kjem frå særleg afrikanske land der det tradisjonelt har vore vanleg å bruke khat. Saka syner at det er ein marknad for omsetning av khat i Noreg. Etter mitt syn er det realistisk å leggje til grunn at det er ein spreiingsrisiko for stoffet innan ein del grupper i vårt land.
(18)Forsvararen har i høve til straffutmålinga vist til den tida som har gått sidan det strafflagde tilhøvet vart klarlagt. Ho vart gripen i samband med innførsel andre og siste gong 17. april 2002. Under etterforskinga tilsto ho innførsel av dei to partia på i alt 129 kg ved dei to høva då ho vart teken på flyplassen under innførselen. Etter 17. april 2002 tok det ein del tid før politiet hadde etterforska saka, mellom anna ved å gå inn på domfelte sine økonomiske tilhøve. Som eg har nemnt tidlegare førte etterforskinga til tiltale og seinare domfelling for eit samla kvantum på minst 600 kg. Tiltale vart teken ut 16. april 2003. Frå tiltale til pådømming i Høgsterett har det gått vel 1 år og 4 månader. Eg kan ikkje sjå at det her ligg føre tilhøve som i ei sak av denne karakteren kan ha innverknad på straffutmålinga.
(19)Som før nemnt tek eg utgangspunkt i straffenivået i Rt. 1994 side 1332, med ei varsam nedjustering. Ut frå dette, og ut frå det eg har sagt om omstenda ved handlinga, kan eg ikkje sjå at straffa har vorte for streng.
(20)Eg røystar etter dette for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(21)Dommer Øie: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(22)Dommer Støle: Likeså.
(23)Dommer Oftedal Broch: Likeså.
(24)Dommer Tjomsland: Likeså.
(25)Etter røystinga sa Høgsterett denne O R S K U R D : Anken blir forkasta.