Utgård, Gussgard, Flock, Støle og Gjølstad Saka gjaldt spørsmålet om bruk av samfunnsstraff ved domfelling for lekamskrenking og lekamsskading, jf. straffelova §§ 228 og 229. Domfelte var funnen skuldig i lekamsskading etter at han hadde slege ned ein person, som han meinte hadde "bølla" med seg tidlegare på kvelden på eit samfunnshus. Den krenkte fekk slått ut to framtenner. Domfelte skalla nokre månader seinare til ein person som domfelte egla seg inn på, slik at vedkomande starta å blø naseblod, og vart då dømt for lekamskrenking. I begge tilfella var det tale om hendingar utanfor ein pub og i samband med stort inntak av alkohol. I tingretten var straffa sett til fengsel i 30 dagar, som fleirtalet - meddommarane - meinte burde givast på vilkår. Lagmannsretten fastsette straffa til samfunnsstraff i seksti timar, med ei subsidiær fengselsstraff på 60 dagar. Høgsterett uttala at det må vere eit klårt utgangspunkt at det ikkje blir gitt dom på samfunnsstraff ved lekamsskading. Dette måtte i særleg grad gjelde når domfelte, som her, etter å ha fått forkynt ei sikting for lekamsskading, deretter gjorde seg skuldig i ei ny, nokså lik handling. Opplysningane i saka underbygde at domfelte hadde hatt ein svært vanskeleg oppvekst, sjølv om han dei siste tre åra hadde kome i ordna tilhøve. Høgsterett uttala at ein vanskeleg oppvekst ikkje kan gi grunnlag for samfunnsstraff for handlingar som her. Domfelte mangla få dagar på å vere fylt 19 år ved den første handlinga, og at han var såleis i ein alder der han måtte ta det fulle ansvaret. Høgsterett fann etter dette at det måtte fastsetjast ei straff på fengsel utan vilkår. Det vart uttala at straffa i eit tilfelle som dette til vanleg vil liggje i området 90 til 120 dagar. Dommarane i dei tidlegare rettane har på grunnlag av at domfelte vedgjekk straffeskuld og etter beinveges provføring kome til at straffa burde setjast lågare, sjølv om dette i lagmannsretten var som subsidiær fengselsstraff. Det var i liten grad provføring om straffutmålinga i Høgsterett. Straffa vart i samsvar med påstanden frå aktor sett til fengsel i 60 dagar.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om bruk av samfunnsstraff ved domfelling for lekamskrenking og lekamsskading, jf. straffelova §§ 228 og 229.
(2)Indre Sogn tingrett gav 29. august 2003 dom med slik domsslutning: ”A, f. 00.00.1983, vert dømd for brot på str.l. § 229, 1. straffealternativ, str.l. § 228, 1. leden og drukkenskapslova § 17, alt samanhalde med str. l. § 63, 2. leden. Straffa vert fastsett til fengsel i 30 – tretti – dagar. I medhald av str.l. § 52 flg. vert det gjeve utsetjing med å sone straffa med ei prøvetid på 2 – to – år. Innan 14 dagar frå forkynninga av denne domen betalar A kr 6.264.- – kronersekstusentohundreogsekstifire – til B, X.”
(3)Dommen vart sagt under dissens, i det rettsformannen røysta for at straffa på fengsel i 30 dagar måtte sonast. Statsadvokatane i Møre og Romsdal Sogn og Fjordane anka dommen til Gulating lagmannsrett, og møtande aktor sette der fram påstand om straff av fengsel i 60 dagar. Lagmannsretten sa dom 23. februar 2004 med slik domsslutning: ”I Indre Sogn tingretts dom 29 august 2003 gjøres den endring at straffen fastsettes til 60 – seksti – timers samfunnsstraff med en gjennomføringstid på 120 – ethundreogtyve – dager og med en subsidiær fengselsstraff på 60 – seksti – dager, jf straffeloven § 28a.”
(4)Statsadvokatane i Møre og Romsdal Sogn og Fjordane har anka dommen vidare til Høgsterett. For Høgsterett har hovudspørsmålet vore om reaksjonen skal vere dom på samfunnsstraff.
(5)Eg er komen til at anken fører fram.
(6)Domfellinga for lekamsskading etter straffelova § 229 første straffalternativ gjeld at domfelte utanfor ein pub slo ein person som han meinte hadde ”bølla” med seg tidlegare på kvelden på eit samfunnshus. Domfelte gjekk rett bort og slo eit knyttneveslag i ansiktet på vedkomande, som viste seg å vere ein annan enn den han hadde møtt tidlegare. Vedkomande fekk slått ut to framtenner i overmunnen. Det vart reist tiltale for dette 5. mars 2003. Domfellinga for lekamskrenking etter straffelova § 228 første ledd gjeld ei hending 6. juli 2003, ca. klokka 02.45, utanfor den same puben som ved den første handlinga. Domfelte skalla ein person slik at denne tok til å blø naseblod. Tingretten har lagt til grunn at domfelte egla seg inn på vedkomande, som prøvde å dra seg unna då han skjøna at domfelte ville lage bråk.
(7)Handlingsgangen i denne saka er eigentleg ganske typisk. Det er tale om uprovosert og umotivert vald utanfor ein pub, i samband med stort inntak av alkohol. Ved den siste valdshandlinga vart han også domfelt for brot på lausgjengarlova § 17, men det er ikkje tvilsamt at han var rusa også ved den første.
(8)Eg går over til å sjå på val av reaksjon. Etter straffelova § 28a er det eit vilkår for å nytte samfunnsstraff at ”hensynet til straffens formål ikke taler mot en reaksjon i frihet”. Det må ut frå dette vere eit klårt utgangspunkt at det ikkje blir gitt dom på samfunnsstraff ved domfelling for lekamsskading, slik det også var etter ordninga for samfunnsteneste. Etter mitt syn er det særleg vanskeleg å gjere unntak frå dette utgangspunktet for slik vald som i saka her. Det gjeld ikkje minst når domfelte etter å ha fått forkynt sikting for den første handlinga, gjer seg skuldig i ei ny, nokså lik, handling. Trass i at dette var ei noko mindre alvorleg lekamskrenking som går inn under straffelova § 228, gjer ei slik ny handling det ytterlegare vanskeleg å reagere med anna enn straff av fengsel utan vilkår.
(9)Sjølv om slik reaksjon må vere det klåre utgangspunktet, kan det også ved slike handlingar tenkjast unntak.
(10)Opplysningane i saka underbyggjer at domfelte hadde ein svært vanskeleg oppvekst. Foreldra hadde eit konfliktfylt samliv, og faren flytta ut då domfelte var 5 år. I lagmannsrettsdommen er det lagt til grunn at mor heile tida har misbrukt alkohol. Då han var 16 år, flytta domfelte til far. Dei to siste åra har han gått på skule på Y der han i vekedagane har budd saman med tre andre elevar i felles leilegheit. Etter det opplyste har domfelte i dei seinare åra vore i ordna tilhøve.
(11)Ein vanskeleg oppvekst kan etter mitt syn ikkje gi grunnlag for samfunnsstraff for handlingar som her. Domfelte mangla få dagar på å vere fylt 19 år ved den første handlinga, og han var såleis i ein alder som gjer at han i alle fall må ta det fulle ansvaret.
(12)Det må etter dette fastsetjast straff på fengsel utan vilkår. Til vanleg vil straffa i eit tilfelle som dette måtte liggje i området 90 til 120 dagar. Dommarane i dei tidlegare rettane har på bakgrunn av at domfelte vedgjekk straffeskuld og etter beinveges provføring kome til at straffa bør setjast lågare, sjølv om dette i lagmannsretten rett nok var som subsidiær fengselsstraff. Det har i liten grad vore provføring om straffutmålinga i Høgsterett. Etter dette finn eg at straffa bør setjast til fengsel i 60 dagar utan vilkår, slik også aktor for Høgsterett har sett fram påstand om.
(13)Eg røystar etter dette for slik D O M: I lagmannsrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 60 – seksti – dagar.
(14)Dommer Gussgard: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(15)Dommer Flock: Likeså.
(16)Dommer Støle: Likeså.
(17)Dommer Gjølstad: Likeså.
(18)Etter røystinga sa Høgsterett slik