Utgård, Stang Lund, Tjomsland, Coward og Gjølstad A var funnen skuldig for brot på vegtrafikklova § 31, 1. ledd, jf. § 5,1. ledd, jf. 2. ledd, jf. skiltforskriftene § 8 ved å ha køyrt bil med ei fart på 170 km/t på ei strekning som var skilta med fartsgrense 80 km/t. A vedgjekk å ha køyrt i 110 km/t. Saka for Høgsterett gjaldt anke frå domfelte over bevisvurderinga under straffeutmålinga. Domfelte hadde fleire innvendingar mot måten lasermålinga var gjennomført på. Høgsterett tok utgangspunkt i tidlegare avgjerder i Rt. 1998 side 21, Rt. 2001 side 1467 og Rt. 2001 side 1476. Etter desse er utgangspunktet - slik det vart uttala i 1998 - at eit måleresultat skal leggjast til grunn dersom "laserapparatet i enhver henseende er riktig brukt og kontrollert, og det heller ikke foreligger andre omstendigheter som kan reise tvil om målingens pålitelighet". Samtidig er det understreka at det er strenge krav til rettssikker behandling, og at det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om at måleresultatet er rett. Ut frå dei konkrete omstenda i saka, hadde det ikkje skjedd nokon feil ved bruken av lasermålaren. Det var ikkje tvil om at laserapparatet var halde i ro under målinga, og det kunne også leggjast til grunn at målinga skjedde frå eit punkt nær vegbanen slik at målinga skjedde tilnærma rett bakfrå. Etter instruksen for bruken av lasermålaren skal teiknruta - displayet - kontrollerast kvar halve time. I dette tilfellet måtte det leggjast til grunn at kontroll hadde skjedd oftare enn dette. Sjølv om det då var uheldig at det i loggen var oppført kontroll kvar halve time, var dette ei feilføring som ikkje kunne ha noko å seie for målingane. Hovudinnvendinga frå domfelte var likevel at det ikkje hadde vore siktekontroll av lasermålaren i samsvar med regelverket. Etter dette skulle kontroll skje med målaren støtta på fast underlag eller på eit stødig stativ, og der kontroll skjedde mot eit smalt mål av typen lysmast eller flaggstong. Apparatet var her halde i handa, og vedkomande polititenestemann kunne ikkje sjå bort frå at det hadde vorte målt mot ein grantopp eller liknande. Dette var ein mangelfull kontroll. Høgsterett fann at dette likevel ikkje kunne ha noko å seie for det aktuelle kontrollresultatet. Grunnen var at siktet var kontrollert av Justervesenet ved årlege kontrollar både før og etter målinga utan å ha feil. At siktet i mellomtida skulle ha kome i feil stilling for så å kome tilbake i rett stilling, var så lite sannsynleg at dette kunne neglisjerast. Det vart også vist til at lasermålaren i tida mellom dei årlege kontrollane var brukt mange gonger med tilknytte siktekontrollar, utan at det var varsla nokon feil. Det var også feil ved innføring i loggen for andre bilar. Dette kunne ikkje ha noko å seie for den aktuelle målinga. Det var ikkje omtvista eller tvilsamt kva som hadde stått i teiknruta etter målinga av A sin bil. Anken vart etter dette forkasta.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmålinga ved fartsoverskriding med bil der farten vart målt ved laser. Spørsmålet er om det var slike feil ved gjennomføringa av lasermålinga at ho ikkje kan nyttast ved straffutmålinga.
(2)Hedemarken tingrett sa 6. juni 2003 dom med slik domsslutning: ”1. A, født 00.00.1978, dømmes for overtredelse av vegtrafikkloven § 31, 1 ledd, jf § 5, 1 ledd, jf 2 ledd, jf skiltforskriftens § 8, til fengsel i 36 – trettiseks – dager. 2. A, født 00.00.1978, betaler saksomkostninger med kr 3.000 – kronertretusen.”
(3)I dommen vart A funnen skuldig i samsvar med tiltalevedtaket i å ha køyrt bil med ei fart på 170 km/t på E-6 i Stange på ei strekning som var skilta med fartsgrense 80 km/t. Den domfelte vedgjekk at han ved dette høvet hadde køyrt i 110 km/t.
(4)Den domfelte anka til lagmannsretten over saksbehandlinga, lovbruken og bevisvurderinga under straffutmålinga. Berre anken over bevisvurderinga under straffutmålinga vart vist til behandling i lagmannsretten.
(5)Eidsivating lagmannsrett gav 1. desember 2003 orskurd med slik slutning: ”1. Anken forkastes. 2. A, født 00.00.1978 dømmes til å betale saksomkostninger for lagmannsretten, til det offentlige med 5.000 – femtusen – kroner, innen 2 – to – uker fra forkynnelse av lagmannsrettens dom.”
(6)Ein av lagdommarane meinte at det hefta slike feil ved gjennomføringa av lasermålinga at ho ikkje kunne brukast.
(7)Den domfelte anka til Høgsterett over saksbehandlinga i lagmannsretten og over bevisvurderinga under straffutmålinga. Anken over saksbehandlinga er fråfallen i Høgsterett slik at temaet for ankebehandlinga er bevisvurderinga under straffeutmålinga. Det har vore oppnemnt to sakkunnige for Høgsterett, professor dr. ing. Börje Forssell og dr. scient Jan Tore Malmo. Dr. scient Malmo møtte i Høgsterett og gav forklaring.
(8)Eg er komen til at anken ikkje kan føre fram.
(9)Politiet hadde 19. februar 2003 stasjonær trafikkontroll med laser fartsmålar, type LTI 20.20 TS/KM-S, på E-6 ved ein rasteplass på Kleverud i Stange. Kontrollen retta seg mot sørgåande trafikk. A kom køyrande nordover i ein Porsche med registreringsnummer XX 00000. Politibetjent Ola Grønvold, som styrte lasermålaren, retta då målaren mot Porschen. Farten vart målt til 170 km/t i ein avstand på 248,6 meter. Politibetjent Grønvold køyrde etter Porschen og fekk stoppa denne nokre kilometer lengre nord. Det er uomtvista at lasermålaren vart vist til A og at teiknruta – displayet – på målaren då viste ei fart på 170 km/t og ein avstand på 248,6 meter. Politibetjent Grønvold var åleine på kontrollposten. På stopposten i sørgåande retning var det tre polititenestemenn. Ein av dei leia trafikkontrollen og førte også loggen.
(10)Den domfelte har hatt fleire innvendingar mot måten laserkontrollen vart utført på. Før eg går inn på desse, finn eg det naturleg å seie litt om det rettslege grunnlaget for vurderinga. Det er her tre avgjerder som må nemnast. I den første av desse, dommen innteken i Rt. 1998 side 21, er det først gitt eit allment utgangspunkt for bruk av lasermålingar: "Utgangspunktet må være at måleresultatet legges til grunn hvis laserapparatet i enhver henseende er riktig brukt og kontrollert, og det heller ikke foreligger andre omstendigheter som kan reise tvil om målingens pålitelighet."
(11)Seinare i dommen heiter det om følgjene av feil ved bruken: "Selv om det foreligger et instruksbrudd, innebærer dette ikke at målingen må settes til side hvis det kan utelukkes at det instruksstridige forhold har hatt betydning for måleresultatet. Det betyr heller ikke at enhver usikkerhet som er knyttet til et måleresultat, uansett hvor ubetydelig den måtte være, medfører at målingen skal forkastes. Men ved vurderingen av hvilken usikkerhet som kan aksepteres, må det tillegges vesentlig vekt at de begrensninger som instruksen fastsetter for bruk av slike apparater, må anses som rettssikkerhetsgarantier og at instruksbrudd som ikke er bagatellmessige, normalt bør føre til at målingen ikke kan benyttes. Dette må være utgangspunktet når måleapparatet ikke er holdt i ro under målingen."
(12)Denne saka gjaldt i særleg grad spørsmålet om måleapparatet var halde i ro. Dette var også hovudspørsmålet i sakene i Rt. 2001 side 1467 og Rt. 2001 side 1476 som vart behandla saman. I den siste av sakene tok førstvoterande som talsmann for fleirtalet i Høgsterett, opp att utsegna i dommen frå 1998 om at eit måleresultat som utgangspunkt kan leggjast til grunn. Samtidig vart det understreka at det er strenge krav til rettssikker behandling, og at det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om at måleresultatet er rett.
(13)Eg finn det tilstrekkeleg å vise til desse avgjerdene. Som førstvoterande i den siste dommen uttala, blir det stilt krav som må reknast å gå ut over kravet om at rimeleg tvil skal kome den tiltalte til gode. Dette er eit synspunkt som eg er einig i, og som må sjåast i samanheng med at instruksen for laserkontrollane fører til at målingar i ein del tilfelle blir ugyldige utan omsyn til om dei aktuelle feila kan ha verka inn på resultatet. Likskapsomsyn tilseier derfor at også domstolane har ei streng vurdering av kravet til rettssikre målingar. Som Høgsterett har vist til i dei tidlegare avgjerdene, fører også omsynet til at bruk av laser til fartsmåling skal ha allmenn tillit, til at det må gjerast ei streng vurdering av tilrettelegging og gjennomføring av slike målingar.
(14)Med dette som bakgrunn går eg over til å sjå på dei konkrete omstenda i saka. Først vil eg sjå på om det vart gjort nokon feil under sjølve fartsmålinga. I dei tidlegare avgjerdene frå Høgsterett som eg har vist til, har hovudspørsmålet vore om laserapparatet vart halde i ro. På dette punktet er det ikkje tvil i saka her. Det kan her også leggjast til grunn at målinga skjedde frå eit punkt nær vegbanen slik at målinga skjedde tilnærma rett bakfrå, jf. instruks om bruk av laser fartsmåler av 1. august 2001 punkt 3.2. Eg sluttar meg elles til lagmannsretten si nærare grunngiving om desse spørsmåla.
(15)Det er på det reine at domfelte sin bil var åleine på vegen då målinga skjedde, slik at det ikkje var noka mistyding om kva for ein bil målinga gjaldt. Som før nemnt er det også uomtvista at lasermålaren rett etter målinga vart vist til A, som fekk sjå at teiknruta viste ei måling av farten til 170 km/t og av avstanden til 248,6 meter.
(16)Min konklusjon så langt er såleis at det ikkje var nokon feil ved bruken av lasermålaren. Eg går så til to spørsmål som gjeld kontrollen av lasermålaren.
(17)Etter brukarinstruksen skal det vere teiknrutekontroll ved tenestestart og ved kontrollstart, deretter kvar halve time og endeleg kontroll ved kontrollslutt og ved tenesteslutt. Det er ført inn i loggen at slik kontroll skjedde kvar halve time. Dei tidlegare rettane har med grunnlag i vitneforklaringar kome til at kontrollane under bruken mest truleg ikkje har skjedd nøyaktig på dei oppgitte tidspunkta, men at dei vart gjorde oftare. Melding til stopposten – som førte loggen – om at kontroll av teiknruta var gjennomført, vart derimot gitt berre ca. kvar halve time. På same måte som lagmannsretten finn eg det uheldig at loggen ikkje gir uttrykk for nøyaktig når kontrollane skjedde, men at sjølve feilføringa av loggen ikkje kan ha noko å seie i og med at det må leggjast til grunn at kontrollane skjedde oftare enn det som var kravet etter brukarinstruksen.
(18)Hovudsynsmåten frå domfelte når det gjeld manglande kontroll av lasermålaren, har likevel vore at det ikkje var gjennomført siktekontroll av målaren i samsvar med det som er fastsett i instruks og brukarrettleiing. Det følgjer av instruksen punkt 3.1 at målaren skal klargjerast og brukast i samsvar med brukarrettleiinga for vedkomande apparattype. Og etter brukarrettleiinga skal det gjennomførast siktekontroll ved kontrollstart og ved kontrollslutt. Føremålet med siktekontrollen er å sikre at treffpunktet for laserstrålen stemmer med siktepunktet – raudpunktet i siktet – både i sideretninga og i høgda. Om gjennomføringa heiter det i punkt 5.5 i brukarrettleiinga: "Apparatet støttes med anlegg mot fast underlag eller settes på et stødig stativ. Velg et smalt mål (antennemast, lysmast, flaggstang e.l. med skarp sideavgrensning) i en avstand på ca. 200 meter, med himmelen som bakgrunn. ... .”
(19)Kontrollen av lasermålaren i vår sak skjedde etter det fleirtalet i lagmannsretten legg til grunn, med handhalde apparat og ikkje med apparatet mot fast underlag eller på stødig stativ. Vedkomande polititenestemann kunne ikkje hugse kva som vart brukt til å sikte på ved kontrollen, men han kunne "ikke utelukke at det ble siktet mot en grantopp med himmelen som bakgrunn". Begge dei sakkunnige har vore einige om at ein grantopp ikkje er eit eigna mål for siktekontroll. Siktekontrollen var heller ikkje gjennomført på kontrollposten, men på stopposten ca. 800 meter unna, med mogeleg risiko for skipling av siktet under transport.
(20)Eg går ikkje vidare inn på siktekontrollen av målaren. Det er på det reine at denne vart mangelfullt gjennomført. Etter mitt syn kan dette likevel ikkje ha innverknad på vurderinga av det aktuelle kontrollresultatet. Grunnen er at eg meiner at andre opplysningar viser at det ikkje var nokon feil ved siktet på det aktuelle tidspunktet. Den aktuelle lasermålaren var til årleg kontroll hos Justervesenet både i august 2002 og i august 2003, og vart begge gongene funnen i orden. Det er ikkje lett å tenkje seg at siktet, etter å ha kome i feil stilling, skulle kome attende til rett stilling av seg sjølv. Eg er her einig med professor Forssell når han uttalar at "sannsynligheten for at siktet skal komme tilbake til korrekt posisjon av seg selv, etter å ha vært brakt ut av stilling ved ytre påvirkning, kan neglisjeres". Her legg eg til at lasermålaren i tida mellom dei to årlege kontrollane vart brukt mange gonger med tilknytte siktekontrollar, utan at det er varsla nokon feil.
(21)Spørsmålet er så om ei samla vurdering av omstenda ved kontrollen gjer at måleresultatet må setjast til sides. Ved sida av manglane ved siktekontrollen og ved loggføringa av kontrollen av tekstruta har domfelte også vist til andre tilhøve.
(22)Loggen for den aktuelle kontrollen viser 13 innføringar som alle gjaldt fartsoverskridingar. I eitt tilfelle var det ein bil der målinga viste 112 km/t, men der måleavstanden var meir enn den godkjende maksimale avstanden på 400 meter. Kontrollposten bad om at bilen vart stoppa og føraren gitt ei munnleg åtvaring. Ved ei mistyding mellom kontrollpost og stoppost fekk vedkomande eit forenkla førelegg, som i ettertid er oppheva av politiet. Ein annan feil skjedde der to bilar kom med kort mellomrom. Begge vart målte til 95 km/t, og avstanden er for begge oppgitt til 251,0 meter i loggen. Det er på det reine at det berre er for den siste bilen avstanden i tekstruta vart avlesen.
(23)Det er såleis på det reine at det vart gjort visse feil ved loggføringa når det gjaldt eit par av dei andre bilane som vart målte ved den aktuelle fartsmålinga. Men desse feila kan ikkje ha hatt noko å seie når det gjaldt målinga av A sin bil. Sjølve avlesinga av målinga for denne er som før nemnt ikkje omtvista eller tvilsam.
(24)Etter det som ligg føre, er min konklusjon at dei feila som har skjedd ikkje har gjort det usikkert om den aktuelle målinga er rett. Ut frå dette må anken forkastast.
(25)Eg røystar for slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.
(26)Dommer Stang Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(27)Dommer Tjomsland: Likeså.
(28)Dommer Coward: Likeså.
(29)Dommer Gjølstad: Likeså.
(30)Etter røystinga sa Høgsterett slik O R S K U R D : Anken blir forkasta.