Utgård, Skoghøy, Dolva, Coward og Schei Dei dominerande postane i domfellinga gjaldt erverv og vidaresal av hasj. Domfelte hadde hatt å gjere med i alt ca. 8,2 kg hasj over ein periode på nesten 2 år. Av dette vart om lag 3,2 kg selt vidare, medan politiet beslagla resten hos ein tredjemann som hadde hasjen under transport for domfelte og før det kunne kome i sal. Det var tale om sal ut frå eit reint profittmotiv, frå ein som ikkje sjølv var misbrukar. Høgsterett gjekk inn på ei vurdering av straffenivået for hasj. Fleirtalet, fire dommarar, gjekk inn for ei varsam justering av det straffenivået som har vore gjeldande til no. Det vart vist til at det over tid har skjedd ei viss justering i straffenivået for ulike narkotiske stoff. For små kvantum, og då særleg for kvantum til eige bruk, er dette uttala i mange dommar. Men det har også skjedd for kvantum som nok er store, men som ikkje kan seiast å vere svært store. Dette kjem ikkje av ei endra vurdering av faregraden. Endringa kjem dels av ei viss revurdering av kva reaksjonar som er tenlege, men også av at ei slik justering har vorte nødvendig for å skaffe nødvendig spenn i bruk av strafferammene. Fleirtalet kom til at ei straff på fengsel i 2 år og 9 månader isolert sett ville vere rett for handlingane som gjaldt hasj. Mindretalet meinte at det ikkje hadde skjedd noko som gav grunnlag for endra syn på narkotikabrotsverka og meinte ei straff av fengsel i 3 år ville vore rett for desse. Domfelte var domfelt for å ha hatt ei avsaga hagle. Dette er i seg sjølv alvorleg og spesielt er det tilfelle i miljø som har med narkotika å gjere. I tillegg gjaldt domfelling to mindre vinningsbrotsverk. Fleirtalet uttala at det så langt bygde på ei straff av fengsel i 3 år. Høgsterett var samrøystes i spørsmålet om tilståingsrabatt for hasjen. Domfelte hadde ein hjelpar som transporterte eit parti på nesten 5 kg hasj. Vedkomande vart pågripen på toget med hasjen, og domfelte vart då straks pågripen ut frå tidlegare spaning. Domfelte tilsto straks. Det kunne i ettertid synest som politiet hadde så gode opplysningar at han hadde blitt dømd i alle tilfelle. Det kunne domfelte likevel ikkje vite. I ein slik situasjon må ei atterhaldslaus tilståing ha vekt, sjølv om den sikta er klar over at det kan vere slik at politiet har fellande prov. Også elles kunne det leggjast til grunn at domfelte ved sine forklaringar hadde letta oppklaringa av saka. Høgsterett la til grunn at det i denne saka først og fremst var tilståingar under etterforskinga som burde føre til redusert straff. Men ved si tilståing før saka gjekk til doms, gav Johansen sine forklaringar også grunnlag for tilståingsdom. Også dette var viktig: i narkotikasaker først og fremst av prosessøkonomiske grunnar. I samsvar med fleirtalet sitt syn vart straffa redusert frå fengsel i 3 år til fengsel i 2 år og 6 månader. Mindretalet røysta for 3 år.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld anke over straffutmålinga i sak om erverv og omsetning av i alt 8,2 kg hasj.
(2)Stavanger tingrett gav 21. mai 2003 tilståingsdom med slik domsslutning: ”A, født 00.00.80, dømmes for to overtredelser av strl. § 162, 1. og 2. ledd jfr. 5. ledd, to overtredelser av strl. § 162, 1. ledd jfr. 5. ledd, en overtredelse av strl. § 257 jfr. § 258, en overtredelse av strl. § 317, 1. ledd jfr. 5. ledd, en overtredelse av våpenloven § 33, 1. ledd, 2. pkt. jfr. 3. ledd, jfr. § 7, 1. ledd jfr. § 8, 1. ledd og en overtredelse av våpenloven § 33, 1. ledd, 1. pkt. jfr. 3. ledd, jfr. § 8, 3. ledd til en straff av fengsel i 3 – tre – år. Til fradrag i straffen går 44 – førtifire – dager for utholdt varetektsfengsel. A dømmes i medhold av strl. § 34 til inndragning av vinning med et beløp stort kr 180.000,- –kroneretthundreogåttitusen – . Strl. § 62, 1. ledd og 63, 2. ledd har fått anvendelse.”
(3)Domfelte anka over straffutmålinga og inndraginga. Ved Gulating lagmannsretts orskurd og dom 26. januar 2004 vart anken over straffutmålinga forkasta medan anken over inndraginga vart teken til følgje og inndragingssummen sett ned til 144 000 kroner.
(4)Domfelte anka vidare til Høgsterett. Berre anken over straffutmålinga er vist til behandling.
(5)Eg er komen til at anken bør takast til følgje og straffa setjast noko ned.
(6)Dei dominerande postane i domfellinga gjeld erverv og vidaresal av hasj. Domfelte har hatt å gjere med i alt ca. 8,2 kg hasj over ein periode på nesten 2 år. Av dette vart om lag 3,2 kg selt vidare.
(7)I tida sommaren 2001 til desember 2001 erverva domfelte i alt ca. 2 kg hasj som vart overdrege til fleire personar, mellom dei B. Domfellinga gjeld også seinare sal av nye kvantum, først ca. 600 gram i desember 2002 og deretter ca. 600 gram i tida januar 2003 til mars 2003. Endeleg er det tale om erverv av 4,96 kg hasj i april 2003. Dette siste partiet fekk domfelte ein annan til å kjøpe for seg i Oslo og så transportere til Stavanger. Denne personen vart pågripen på toget og hasjen beslaglagd.
(8)Sommaren 2002 erverva domfelte ei avsaga hagle. Også dette er eit svært alvorleg brotsverk. Eg nemner at domfellinga dessutan omfattar innbrotstjuveri i ei sportsforretning der A tok 1 000 kroner i kontantar og nokre gjenstandar, og endeleg heleri av nokre stolne gjenstandar frå ei fotoforretning.
(9)Som det går fram av det eg har sagt så langt, er det tale om fleire strafflagde handlingar. Straffutmålinga må skje samla. Eg skal likevel innleiingsvis gå inn på kva som ville vore nivået for narkotikabrotsverka dersom desse hadde vore dei einaste, og ser då også i første omgang bort frå det domfelte har gjort gjeldande elles, særleg om krav på tilståingsrabatt.
(10)Dei objektive omstenda ved narkotikabrotsverka har eg alt vore inne på: domfelte hadde med 8,2 kg hasj å gjere, av dette vart 3,2 kg selt vidare medan politiet tok resten før domfelte kom så langt som å få hand om stoffet. Domfelte er fødd i 1980. Om domfelte sine personlege tilhøve elles og om motivet for salet heiter det i lagmannsrettsdommen: ”Tiltalte var ikke selv bruker av narkotika, og var i arbeid med god inntekt i den perioden de straffbare narkotikaforhold ble begått. Almenpreventive hensyn taler med tyngde for en streng reaksjon hvor de straffbare forhold er begått ut fra et rent profittmotiv.”
(11)Korleis Høgsterett har vurdert straffenivået for erverv og sal av større mengder hasj, går fram av to dommar frå siste halvdel av 1990-åra. Den første dommen, Rt. 1997 side 1309, gjaldt medverking til innførsel av nærare 4 kg hasj frå Danmark til Noreg. I dommen er det sagt at medverkinga ”var sentral, og besto i å sørge for at en del av kjøpesummen her i landet ble vekslet om til danske kroner, samt i å motta partiet, som ble sluppet i sjøen, til oppbevaring i sin bolig. Partiet var ment til videresalg”. Straffa vart sett til fengsel i 2 år og 3 månader. Den andre dommen, Rt. 1999 side 5, gjaldt medverking til innførsel av 12,7 kg hasj frå Nederland til Noreg. Domfelte hadde vore kurer. Det var ut frå lagmannsrettsdommen uklart om forsettet omfatta 10 kg eller 12,7 kg, men Høgsterett la til grunn at dette ikkje spela nemnande rolle i den konkrete saka. Her vart straffa sett til fengsel i 3 år og 6 månader.
(12)Etter mitt syn er det grunn til å gjennomføre ei varsam justering av det straffenivået for hasj som har vore gjeldande i praksis til no, og som mellom anna ligg til grunn for dei to høgsterettsdommane eg har vist til. Dette har samanheng med at det over tid har skjedd ei viss justering i straffenivået for ulike narkotiske stoff. At dette er slik for små kvantum, og då særleg for kvantum til eige bruk, er ikkje tvilsamt. Dette er uttala i mange dommar, sjå som døme HR-2004-00263-A. Men dette er etter mitt syn til ein viss grad noko som også har skjedd med kvantum som nok er store, men som ikkje kan seiast å vere svært store. Dette kjem ikkje av eit endra syn på faregraden. I tillegg til at det nok har vore ei viss revurdering av kva straffenivå som har vore tenleg, har eg oppfatta det slik at ei justering for store – men ikkje svært store – mengder har måtte gjennomførast for å skape nødvendig spenn i bruk av strafferammene etter som kvantuma i dei største beslaga har auka. For heroin kan eg vise til dommen i Rt. 2000 side 828, som gjaldt oppbevaring av 1 433 gram heroin. Førstvoterande i den samrøystes dommen uttala under tilvising til andre dommar om heroin at det kunne vere grunn ”til å foreta en mindre tilpasning av straffenivået for befatning med slike kvanta heroin som denne saken gjelder”, og gjekk inn for å setje straffa ned frå fengsel i 9 år til fengsel i 8 år.
(13)Slik tilpassing bør også skje for straffa for dei mengdene hasj som det er tale om i vår sak. Eg er klar over at domfelte i vår sak har stått for ei kynisk utnytting av andre for å skaffe seg sjølv vinning. Også ved ei mindre tilpassing av straffenivået vil reaksjonane etter mitt syn likevel vere slik at straffenivået er avskrekkande – så langt dei kan vere det i saker av dette slaget. Det synest elles som det alt til ein viss grad har skjedd ei slik tilpassing i lagmannsrettspraksis, sjå til dømes Borgarting lagmannsretts dom av 6. februar 2002 (sak LB-2001-02845) og Agder lagmannsretts dom av 18. juni 2003 (sak LA-2003-00138).
(14)Ei isolert vurdering av omstenda som eg har omtala tidlegare, tilseier etter mitt syn ei straff av fengsel i 2 år og 9 månader for hasjbrotsverka. Når eg er så konkret på dette, er det dels for at det skal kunne gi rettleiing om straffenivået for seinare hasjsaker. Men i tillegg er det ønskjeleg med ein slik delkonklusjon av omsyn til vurderinga av straffnedsetjinga som følgje av tilståinga, jf. Ot.prp. nr. 81 for 1999–2000 side 44.
(15)A er også funnen skuldig i å ha hatt ei avsaga hagle. I seg sjølv er dette eit alvorleg lovbrot som det etter rettspraksis blir reagert strengt på. Og det å ha ei avsaga hagle i eit miljø med omfattande erverv og sal av hasj, er ei spesielt alvorleg handling. Domfellingane for tjuveri frå ei sportsforretning og heleri frå ei fotoforretning har ikkje same tyngda i straffutmålinga.
(16)Så langt byggjer eg etter dette på ei straff på fengsel i 3 år ut frå ei totalvurdering av handlingane. Eg nemner då at A ikkje er domfelt tidlegare, bortsett frå ein dom frå 1998 på fengsel på vilkår i 6 månader. Dommen gjaldt ikkje narkotika og har ikkje noko å seie for straffutmålinga no.
(17)Eg går så over til å sjå på kva verknad det skal ha at det her er ei tilståingssak når det gjeld hasjen. Her minner eg om at den personen som domfelte hadde fått til å hente partiet på 4,96 kg hasj i Oslo, vart pågripen på toget på veg til Stavanger. Domfelte var deretter straks pågripen ut frå den spaninga som politiet hadde gjennomført. Han tilsto straks. Oppklaringane av dei andre tilhøva har kome seinare og har kanskje ikkje vore like fullstendige. Dei har likevel gjort det mogeleg å behandle saka som tilståingssak i tingretten.
(18)Etter straffelova § 59 andre ledd skal retten ta omsyn til det ved straffutmålinga dersom den sikta har kome med ei atterhaldslaus tilståing. Om dei generelle spørsmåla viser eg til tidlegare dommar, mellom anna Rt. 2002 side 473 og Rt. 2002 side 1591.
(19)Når det gjeld partiet på toget til Stavanger, må A då han kom med si tilståing, ha forstått eller vore kjend med at politiet hadde fått hand om hasjen og den som stod for transporten. I ettertid kan det synest vere slik at politiet hadde så gode opplysningar ved pågripinga at A hadde vorte dømd for dette partiet i alle tilfelle. For meg står det likevel ikkje som opplagt at A kunne vite det. Han kjende ikkje til kva transportøren hadde forklara, og han kunne ikkje vite kva kunnskapar politiet hadde elles. I ein slik situasjon må ei atterhaldslaus tilståing ha vekt, sjølv om den sikta er klar over at det kan vere slik at politiet har fellande prov.
(20)Domfelte forklara også at han i tida sommaren 2001 til desember 2001 erverva ca. 2 kg hasj som vart overdrege til fleire personar, mellom dei B. Forklaringane frå B gav ikkje grunnlag for eit kvantum på meir enn ca. 1 kg. Bevissituasjonen undervegs i saka er ikkje fullt klarlagt for Høgsterett, men det synest å ha vore slik at domfelte var med på å lette oppklaringa for denne tiltaleposten.
(21)I tingrettsdommen heiter det – med grunnlag i forklaring i retten frå ein av hovudetterforskarane – at ”…siktedes tilståelse i stor grad bidro til en raskere oppklaring av det kompleks av narkotikasaker som siktede var involvert i”.
(22)I denne saka er det først og fremst domfelte sine tilståingar under etterforskinga som bør føre til redusert straff. Men ved si tilståing før saka gjekk til doms, gav A sine forklaringar også grunnlag for tilståingsdom. Også dette siste er viktig; i narkotikasaker først og fremst av prosessøkonomiske grunnar. Ei totalvurdering tilseier etter mitt syn ei nedsetjing av straffa med 6 månader.
(23)Etter mitt syn bør straffa etter dette setjast til fengsel i 2 år og 6 månader.
(24)Eg røystar for slik D O M : I tingrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 2 – to – år og 6 – seks – månader.
(25)Dommer Skoghøy: Jeg er kommet til at anken ikke bør tas til følge.
(26)Det straffutmålingsnivå som er etablert i narkotikasaker, er blitt etablert i samspill mellom lovgiver og domstolene. Narkotikamisbruk utgjør et stort og økende samfunnsproblem, og ved lovendringer i løpet av 1970- og 1980-tallet ble maksimumsstraffen for overtredelse av straffeloven § 162 økt tre ganger – ved lovendring 21. april 1972 nr. 18 fra 6 til 10 års fengsel, ved lovendring 12. juni 1981 nr. 62 til 15 års fengsel og ved lovendring 8. juni 1984 nr. 57 til 21 års fengsel. Lovgiver har ikke ved senere anledninger gitt uttrykk for et noe mildere syn på grove narkotikaforbrytelser, og etter min mening er det heller ikke inntrådt andre forhold som skulle tilsi noen generell reduksjon i straffenivået. Det er mange unge liv som blir ødelagt gjennom narkotikamisbruk, og ved befatning og salg av så store kvanta hasj som det her er tale om, må det av allmennpreventive grunner reageres strengt.
(27)Som førstvoterende har påpekt, er straffenivået for erverv av mindre kvanta narkotika til eget bruk blitt noe redusert i de senere år, men det er etter mitt syn ikke noe grunnlag for å overføre denne reduksjonen i straffenivået til profesjonell omsetning.
(28)Domfelte i vår sak er selv ikke misbruker. Det er således i denne saken tale om kynisk utnyttelse av andres narkotikaavhengighet for å oppnå økonomisk vinning. Ut fra det straffutmålingsnivå som er etablert, mener jeg at straffen for narkotikaforgåelsene isolert bør ligge på rundt tre års fengsel.
(29)Det førstvoterende sier om reduksjon på grunn av tilståelse, er jeg enig i. Men når det tas hensyn til de øvrige forhold domfellelsen omfatter, mener jeg at en straff på tre års fengsel som utmålt av tingretten og lagmannsretten er passende. Jeg legger her vesentlig vekt på ervervet av avsagd hagle. Som førstvoterende har fremholdt, er dette i seg selv en alvorlig forbrytelse, og det at en slik hagle forekommer i et slikt miljø som dette, gjør handlingen særlig alvorlig.
(30)Jeg stemmer etter dette for at anken forkastes.
(31)Dommer Dolva: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Utgård.
(32)Dommer Coward: Likeså.
(33)Justitiarius Schei: Likeså.
(34)Etter røystinga sa Høgsterett slik