Utgård, Gussgard, Rieber-Mohn, Støle og Aasland A innførte 699 gram heroinblanding med fly frå Amsterdam til Torp. Han tok dette stoffet med seg skjult i ei dokumentmappe. Innhaldet av heroin vart fastsett til å vere minst 5 prosent. A var ein rein kurer. Både tingretten og lagmannsretten fann A skuldig i innførsel, og straffa vart av begge rettane sett til fengsel i 4 år og 6 månader. Høgsterett viste til at kvantumet var så stort som 699 gram. Det måtte likevel verke inn på straffeutmålinga at heroinblandinga ikkje hadde høgare styrkegrad enn 5 prosent, jf. Rt. 2003 side 1082 og tilsvarande dom for amfetamin i Rt. 2003 side 1156. Kvantumet på 699 gram måtte sjåast i lys av den låge styrkegraden. Høgsterett minte om at det er mange moment i straffutmålinga i ei slik sak, og at det på ingen måte er tale om eit reknestykke over mengda rein heroin. Det vart likevel gjort ei omrekning, i dette tilfellet til 35 gram rein heroin, alternativt 70 gram heroinblanding med styrkegrad 50 prosent. Med dette utgangspunktet vart det vist til to dommar som gjaldt oppbevaring, som rett nok må vurderast mildare enn innførsel. Dommane var Rt. 2002 side 1065 som gjaldt omrekna 60 prosent rein heroin med ei straff for narkotikabrotsverket vurdert til "i overkant av fengsel i 4 år" og Rt. 2003 side 118 som gjaldt omrekna 51 gram rein heroin med ei straff av fengsel i tre år. Straffa for A kunne synest noko streng samanlikna med desse dommane, også når det vart teke omsyn til samla mengde. Høgsterett tok også noko omsyn til at domfelt snart er 76 år. Når det ikkje vart lagt særleg stor vekt på det, var det særleg fordi A i 1998 var dømt til fengsel i 4 år i Tyskland for innførsel av heroin. Omstende som gjeld domfelte si helse, må vurderast av kriminalomsorga under fullføringa av straffa. Høgsterett sette etter dette straffa til fengsel i 4 år.
(1)Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmåling for innførsel av 699 gram heroinblanding.
(2)Etter fullstendig anke frå domfelte gav Agder lagmannsrett 14. januar 2004 dom med slik domsslutning: "1. A, født 00.00.1928, dømmes for en overtredelse av straffeloven § 162, 1. og 2. ledd jf. 5. ledd til en straff av fengsel i 4 – fire – år og 6 – seks – måneder. I straffen fragår 219 – tohundreognitten – dager for utholdt varetektsfengsel. 2. I medhold av straffeloven § 35, 2. ledd jf § 37d, 1. ledd inndras en brun dokumentmappe til statskassen. 3. Saksomkostninger ilegges ikke."
(3)Både domfellinga og straffutmålinga var i samsvar med dom 8. oktober 2003 frå Sandefjord tingrett. A har anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett. Anken gjeld straffutmålinga.
(4)Eg er komen til at anken bør takast til følgje ved at straffa blir sett noko ned.
(5)Lagmannsretten slutta seg til tingretten sine domsgrunnar når det gjaldt hendingsgangen og styrken på heroinblandinga. I tingrettsdommen heiter det om dette: "Onsdag 25 juni 2003 ankom tiltalte A Torp flyplass. Han kom med KLM's fly fra Amsterdam og landet litt etter kl 1600. A ble tatt ut for rutinemessig tollkontroll av tollinspektør Wendy Gusland. A hadde en brun dokumentmappe med seg, denne inneholdt noen skriveark, en kulepenn, og en avis. Tollinspektør Gusland syntes dokumentmappen virket veldig tykk og tung, og foretok derfor en nærmere kontroll av mappen. Det viste seg da, at det på begge sider av mappen på innsiden, var skjult en pose med hvitt pulver. Posene med pulver var teipet på innsiden av foret. Posenes innhold ble senere analysert av Kriminalpolitisentralen. Det ble konstatert at de inneholdt til sammen 699,0 gram med heroinholdig stoffblanding. I blandingen ble det påvist stoffet paracetamol. Innholdet av heroinet ble bestemt til å være minimum 5 %."
(6)Lagmannsretten la – som tingretten – til grunn at A var ein rein kurer.
(7)I straffutmålinga må det etter mitt syn leggjast særleg vekt på domfelte si rolle innanfor kjeda fram til sluttbrukar, og på den objektive faregraden ved handlinga. Når det gjeld rolla, kan det kort visast til at domfelte har handla som kurer med økonomisk vinning som mål.
(8)At heroin er eit svært skadeleg narkotikum, er det ikkje nødvendig å grunngi nærare. I dette tilfellet var kvantumet så stort som 699 gram. Det må likevel verke inn på straffutmålinga at heroinblandinga ikkje hadde høgare styrkegrad enn 5 prosent, jf. dommen i Rt. 2003 side 1082. Eg viser også til dommen i Rt. 2003 side 1156 som gjaldt tilsvarande problemstillingar i høve til amfetamin. Både talet på brukardosar og risikoen for overdosedødsfall blir redusert ved ei såpass svak blanding som i vår sak, samanlikna med situasjonen ved blandingar med meir vanleg styrkegrad, ofte sagt å vere i området frå 30 til 50 prosent. Kvantumet på 699 gram må såleis vurderast i lys av den låge styrkegraden.
(9)Eg finn grunn til å understreke at det er mange moment i straffutmålinga i ei slik sak, og at det på ingen måte er tale om eit reknestykke over mengda rein heroin. Når eg likevel no gjer ei slik omrekning, er det for å kunne samanlikne med to andre saker. I vår sak var det tale om 35 gram rein heroin, dersom innhaldet i blandinga blir omrekna. Ved ein styrkegrad på blandinga på 50 prosent, ville denne mengda heroin vore tilstrekkeleg til 70 gram heroinblanding. Den første dommen eg skal samanlikne med, står i Rt. 2002 side 1065 og gjaldt oppbevaring av 99,5 gram heroin med ein styrkegrad på 60 prosent, eller omrekna 60 gram rein heroin. Sjølv om oppbevaring må vurderast mildare enn innførsel, også når dette er ein rein kurerfunksjon, gir det etter mitt syn ei viss rettleiing når førstvoterande som fekk tilslutning av to andre dommarar, vurderte straffenivået for narkotikabrotsverket til "i overkant av fengsel i 4 år". Dommen i Rt. 2003 side 118 gjaldt ca 88 gram heroin med ein styrkegrad på 58 prosent, eller omrekna ca 51 gram rein heroin. Dei domfelte hadde finansiert kjøp, gjennomført kjøp, og transportert heroinen frå Oslo til Trondheim. Straffa vart sett til fengsel i 3 år. Heroinmengda var ikkje einaste momentet i straffutmålinga i desse sakene. Straffa i vår sak kan likevel synest noko streng samanlikna med desse dommane, også når det blir teke omsyn til samla mengde.
(10)I denne saka er det dessutan grunn til å vurdere den personlege situasjonen for domfelte. Domfelte er fødd i 1928 og er dermed snart 76 år gammal. Når eg vik attende frå å leggje særleg stor vekt på det, har det samanheng med tidlegare domfellingar. Særleg viser eg då til at A 28. april 1998 vart domfelt i Tyskland for innførsel av ca 2 kg heroin. Straffa vart sett til fengsel i 4 år. Han vart sett fri 7. april 1999, med ei reststraff på 811 dagar. Sjølv om denne dommen skulle vise alvoret ved innførsel av narkotika, har han ikkje fått A frå å gjere ei tilsvarande handling. Det går også fram av den tyske dommen at A tidlegare var domfelt 10 gonger i Spania i åra 1974 til 1987, og at han etter eigne opplysningar hadde sete ca 10 år i fengsel der.
(11)Det er også opplyst at domfelte har helseproblem. Tilsynslegen ved fengselet har uttala at domfelte "har en rekke lidelser og plager, og framtrer skrøpelig rent kroppslig, men med god psyke". Etter mitt syn må kriminalomsorga vurdere helsetilstanden til domfelte under soninga.
(12)Forsvararen har vist til at domfelte vil kunne bli svært isolert i fengselet fordi han berre snakkar spansk. Ein slik situasjon er ikkje noko særsyn, og er vel ikkje spesielt uvanleg i kurertilfelle. Det er her praksis for at særleg tung gjennomføring for utlendingar ved manglande besøk og ved språkproblem kan gi grunnlag for tidlegare lauslating på prøve, jf. straffegjennomføringslova § 42. Etter mitt syn ligg det ikkje føre særleg omstende i saka her som gir grunnlag for også å ta omsyn til dette ved Høgsterett si straffutmåling.
(13)Dei tidlegare rettane kom til ei straff på fengsel i 4 år og 6 månader. Som før nemnt kan dette synest noko strengt samanlikna med praksis i andre saker. Det må dessutan takast noko omsyn til domfelte sin alder. Ut frå dette er eg komen til at straffa bør setjast til fengsel i 4 år.
(14)Etter det opplyste har domfelte gått over på fullføring av straffa.
(15)Eg røystar etter dette for slik D O M : I lagmannsrettsdommen blir gjort den endringa at straffa blir sett til fengsel i 4 - fire - år.
(16)Dommer Gussgard: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
(17)Dommer Rieber-Mohn: Likeså.
(18)Dommer Støle: Likeså.
(19)Dommer Aasland: Likeså.
(20)Etter røystinga sa Høgsterett slik