Det beste for barnet
I alle avgjerder og handlingar etter denne lova skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.
Barnet sin rett til medverknad
Barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, har rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova. Barn skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og skal få ytre meiningane sine fritt. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning.
Barnet sin rett til omsorg, utvikling og vern mot vald
Barn har rett til omsorg og skal få så gode utviklingsvilkår som mogleg.
Barn har rett til vern mot vald, overgrep og anna omsynslaus åtferd. Dei skal ikkje utsetjast for noko som dei kan ta fysisk eller psykisk skade av, verken i oppdraginga eller i andre samanhengar.
Barnet sin rett til ikkje å bli diskriminert
Alle barn har like og uavhendelege rettar.
Ingen barn skal bli diskriminerte i avgjerder eller handlingar etter denne lova på grunn av sitt eige eller nærståande sitt nasjonale, etniske eller sosiale opphav, fødsel, hudfarge, kjønn, språk, religion, livssyn, politisk oppfatning, eigedomsforhold, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller anna stilling.
Barnet sin rett til familieliv
Barn har rett til respekt for familielivet sitt.
Barnet sin rett til kontakt med begge foreldra skal ivaretakast, så langt det er til det beste for barnet.