Sakleg verkeområde
(1) Lova gjeld for røystingsrådgjevarar. Røystingsrådgjevar tyder i lova her ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med sikte på å gje aksjeeigarar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, gjennom undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett.
(2) Lova gjeld berre for tenester etter første leddet som gjeld aksjar i selskap som har forretningskontoret sitt i ein EØS-stat, og som har aksjar tekne opp til handel på ein regulert marknad i EØS.
(3) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om røystingsrådgjevarar.
Stadleg verkeområde
(1) Lova gjeld verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg.
(2) Lova gjeld òg verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar frå andre land om:
røystingsrådgjevaren har hovudkontor i Noreg, men ikkje forretningskontor innanfor EØS, eller
røystingsrådgjevaren driv verksemd i Noreg utan at røystingsrådgjevaren har forretningskontor eller hovudkontor innanfor EØS.
(3) Kongen kan gje forskrift om bruken av lova på Svalbard og fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.