(Formål)
Denne lova skal leggje til rette for utnytting av fornybare energiressursar til havs i samsvar med samfunnsmessige målsetjingar, og for at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser blir tekne vare på.
(Verkeområde)
Lova gjeld fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs.
Lova gjeld på norsk sjøterritorium utanfor grunnlinjene og på kontinentalsokkelen.
Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten.
Kongen kan bestemme at føresegner i lova skal gjelde i jurisdiksjonsområder oppretta i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomisk soneloven).
Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve bestemme at føresegner i lova skal gjelde for sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen, og kan fastsetje særlege reglar av omsyn til tilhøve der.
Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve avgrense bruken av heile eller delar av denne lova når det gjeld innretningar, formål eller verksemder til havs omfatta av anna lov.
Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve utvide verkeområdet for einskilde føresegner i denne lova til indre farvatn.
Kongen kan bestemme at lova skal gjerast gjeldande på andre produksjonsanlegg enn dei som er omfatta av § 1-4 andre ledd.
(Retten til energiproduksjon til havs)
Retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.
(Definisjonar)
Med fornybar energiproduksjon er meint produksjon av elektrisk energi ved utnytting av fornybare energiressursar, til dømes vind, bølgjer og tidvatn.
Med produksjonsanlegg er meint utrusting og tilhøyrande bygningstekniske konstruksjonar for utnytting av fornybare energiressursar til produksjon av elektrisk energi.
Med nettanlegg er meint elektrisk utrusting og tilhøyrande bygningstekniske konstruksjonar for omforming og overføring av elektrisk energi.
Med energianlegg er meint både produksjonsanlegg og nettanlegg.
Med konsesjonær er meint den som er gjeven konsesjon eller andre rettar i eller i medhald av denne lova. Er konsesjon eller andre rettar gjeven til fleire slike personar saman, kan omgrepet konsesjonær omfatte både personane samla og den einskilde.