Formål
Formålet med lova er å medverke til at kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt som er omfatta av lova er helsemessig sikre for menneske og dyr.
Lova skal òg fremje forbrukarinteresser, ærlegdom, dyrevelferd, etikk, miljø, mattryggleik og kvalitet.
Sakleg verkeområde
Lova omfattar alle forhold i samband med utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon, eksport og omsetning av
kosmetikk og kroppspleieprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til menneske, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei i god stand
kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til dyr, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei i god stand
lækjemiddelnære kroppspleieprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til menneske eller dyr, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å førebyggje, lindre eller behandle helseplager som ikkje kjem av sjukdom
tatoveringsprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å bli førte inn i huda til menneske eller dyr for å oppnå permanente eller langvarige mønster, teikningar, strekar, felt eller fargar på huda, medrekna tatoveringsvæske og permanent sminke
injeksjonsprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å bli førte inn i huda til menneske eller dyr for å endre utsjånaden til huda på andre måtar enn dei som er nemnde i bokstav d.
Lova omfattar også alle forhold i samband med produksjon av materiale og gjenstandar som er bestemte til å kome i kontakt med eller kan ha innverknad på produkta, jf. § 4 bokstav a.
Lova omfattar ikkje stoff, blandingar av stoff eller utstyr som kjem inn under lov om legemidler mv. eller lov om medisinsk utstyr. Lova omfattar ikkje næringsmiddel som kjem inn under lov om matproduksjon og mattrygghet mv.
Stadleg verkeområde
Lova gjeld for norsk land- og sjøterritorium, norske luft- og sjøfartøy og innretningar på norsk kontinentalsokkel.
Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard, på Jan Mayen, i bilanda, i norsk økonomisk sone og på utanlandsregistrerte skip i rute på norske hamner. Kongen kan fastsetje særlege reglar med omsyn til forholda på staden.