Iverksetjing og avslutting av tilbod om statleg varekrigsforsikring
Kongen kan fastsetje at staten skal tilby varetransportforsikring mot krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold i Noreg eller utlandet («varekrigsforsikring») for så vidt det får følgjer for norske interesser og slike omstende kan hindre forsyning og varetransport dersom det private forsikringstilbodet opphøyrer, kan kome til å opphøyre eller ikkje dekkjer ein slik situasjon.
Kongen kan avslutte tilbodet om statleg varekrigsforsikring dersom dei vilkår som er fastlagde i første ledd ikkje lenger er til stades.
Verkeområde
Staten kan tilby varetransportforsikring ved krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold av:
varer som blir sende til, frå eller innafor norsk område, og når det er norske interesser som blir dekte, også av varer som blir sende mellom stader i utlandet.
norske reiarar og tidsbefraktarar si frakt på reisebasis, befraktingskommisjon og havaripengar i risiko for norske forsikringstakarar.
Kongen eller den han gir mynde kan fastsetje at også andre interesser kan bli dekte.