Verkeområde, formål m.v
Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte
varer av edelt metall,
edelsteinar og perler,
kulturgjenstandar,
kunstverk, samleobjekt og antikvitetar,
motorvogner og tilhengjarar til motorvogner.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar med omsyn til dei stadlege tilhøva.
Krav om løyve frå politiet
Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte varer og gjenstandar som nemnt i § 1 første ledd krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.
Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.