Kongen kan, med dei innskrenkingar som fylgjer av avtale med framand stat eller internasjonal organisasjon, gje føresegn om forbod mot eller krav om serskilt løyve for innførsle eller utførsle av varer, medreikna levande planter og dyr. Det kan fastsetjast serskilde vilkår for slikt løyve.
Føresegnen i fyrste leddet gjeld og for innførsle frå og utførsle til Svalbard, Jan Mayen og land underlagd Noreg. Føresegnen om utførsle gjeld og all levering til utlandet av varer som er vunne ved fiske eller fangst frå norsk farty.
Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt, plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsmateriale, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan departementet setja politiet til å granska slikt materiale.
Når departementet har fastsett det, kan offentlege styresmakter som fastset eller krev inn skatt, avgift eller tollavgift, få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningar som vert gjevne etter denne lova.
Så langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teia med det dei fær kjennskap til i yrket sitt etter denne lova. Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og 13 g gjeld ikkje her.