Verkeområde og definisjonar
Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje kringkasting slik dette er definert i kringkastingsloven.
Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.
Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.
Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.