Føresegnene i lova her gjeld for statsallmenningane.
Kongen kan ta avgjerd om at lova heilt eller delvis skal gjelde også for andre område som tilhøyrer staten.
For skogsdrift og hogstrettar i skog gjeld lova ikkje.
Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova.
Rett til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Retten skal kunne nyttast på ein måte som til kvar tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturleg etter tida og tilhøva.
Rett som er knytta til jordbrukseigedom kan berre utnyttast så langt det skjer i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk, og så lenge eigedomen vert driven som jordbruk. Med dei unntak som går fram av lova her, kan slik rett ikkje avhendast, leigast bort eller krevjast avløyst mot vederlag. Vert gardsdrifta nedlagd og jorda teken i bruk til føremål utanom jordbruksnæringa, fell retten bort. Det same gjeld om ein eigedom ved sal eller oreigning misser så mykje av jorda at den ikkje lenger er å rekna som ei jordbruksmessig eining, eller vert delt på ein slik måte at ingen av jordpartane etter delinga er å rekna som jordbruk.
Tvist etter siste punktum i andre stykket vert avgjort ved skjøn.
I kvar kommune der det er statsallmenning skal det være fjellstyre.
Fjellstyret skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenningen så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Det skal arbeide for å sikre at allmenningen vert brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.
Fjellstyret skal ha fem medlemer med personlege varamedlemer. Dei vert valde av kommunestyret, eitt medlem som leiar og eitt som nestleiar.
Fleirtalet av medlemene med varamedlemer skal veljast blant personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg – og som Kongen fastset grensene for – eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.
Funksjonstida er fire år og følgjer kommunevalperioden.
Kommunestyret skal syte for at jakt-, fiske- og friluftsinteressene vert representerte i fjellstyret og at minst to medlemer med varamedlemer vert valde blant dei som har rett til allmenningsbruk i allmenningen som jordbrukarar. Kongen kan, for område som er eller vert lagt under lova, fastsetje at reindriftsnæringa skal vere representert i fjellstyret og at den eine eller begge av dei to som skal ha allmenningsrett som jordbrukarar i staden skal vere reineigarar. Elles gjeld reglane i kommunelova om kven som kan veljast som medlem av kommunale nemnder tilsvarande ved val av fjellstyre.