Kva det kan hevdast odel til. Definisjonar
Odelsrett kan hevdast til fast eigedom som nemnt i § 2. Slik eigedom blir kalla odlingsjord. Den som eig odlingsjord når odelshevdstida går ut, blir kalla odlar.
Eigedom som det kviler odel på, blir kalla odelsjord.
Krav til arealstorleik
Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 35 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er over 500 dekar.
Med til arealgrunnlaget blir rekna eigedomen sin del i realsameige.
Grunn til bergverk, fabrikk og andre industrielle føretak
Odel kan ikkje hevdast på grunn som er teken i bruk til bergverk, fabrikk og andre industrielle føretak, når grunnen er etla til å tene det industrielle føremålet. Her tek ein og omsyn til slik framtidig utviding som det er rimeleg å rekne med.
Må eit industrielt føretak etter sitt slag og sin storleik reknast som tilhøyrsle til ein jordbrukseigedom, følgjer det same reglar som eigedomen elles.
Vatn, foss, elv, bruksrett og sameigepart
Særskilt odelsrett kan ikkje hevdast til eit vatn, ein foss eller ei elv. Det same gjeld bruksrett over framand eigedom.
Odelsrett kan heller ikkje hevdast til sameigepart, med mindre parten ligg til særskilt registrert grunneigedom.
Område med reguleringsplan
Når eit område ved reguleringsplan er lagt ut til utbygging og anlegg, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur eller til forsvaret, kan grunn i området ikkje odlast.
Kongen kan ta avgjerd om at dette og skal gjelde område som ved reguleringsplan er lagt ut til andre føremål enn dei her nemnde, bortsett frå landbruksområde.