Føresegnene i denne lova gjeld berre når ikkje anna fylgjer av serlege rettshøve. Avtale om gjerdeskipnad gjeld framfor føresegnene i denne lova, når anna ikkje er serskilt sagt.
Gjerdehald ved offentleg veg og jarnveg går ikkje inn under lova. Lova gjev ikkje rett til å avtala, krevja eller ha gjerde som er i strid med lov eller vedtekter gjevne med heimel i lov.
Når minst 10 år er gått, kan avtale om gjerdeskipnad seiast opp med eit års frist. Det same gjeld etter serlege omskifte i dei tilhøva som låg til grunn for avtala. Lenger tid eller frist kan ikkje avtalast, utan i samband med at del av eigedom vert fråskild til eige eller bruk.
Grannegjerde skal vera såleis laga og vedlikehalde at det ikkje er farleg for folk eller husdyr.
Det må ikkje gjerast såleis at det løyner bort eller skader noko delemerke.
Gjerdeskipnad i strid med denne paragrafen kan ikkje avtalast.
Grannegjerde skal vera såleis laga og vedlikehalde at det ikkje er uturvande eller urimeleg til ulempe eller lyte på granneeigedom.
Det skal setjast i delelina, ikkje lenger inn på grannegrunnen enn på eigen grunn, og ikkje lenger inn enn 0,50 meter. Denne føresegna råkar ikkje steingard som lovleg står lenger inne på grannegrunn når denne lova tek til å gjelda.
Der det fell serleg vanskeleg eller dyrt å ha gjerdet i delelina, kan det setjast ved sida mot skadebot til grunneigaren.
Når grannegjerda ikkje vert halde oppe lenger, skal grannane taka bort gjerde eller gjerderestar som kan vera farlege for folk eller husdyr. Så langt grannane ikkje har ansvar for kvart sitt stykke, skal dei dele kostnadene med å taka gjerdet eller gjerderestane bort i same høve som den skyldnaden dei hadde til å halda gjerde på den tida dette vart lagt ned. Tvist etter denne paragrafen kan avgjerast av jordskifteretten.