Riksteatret har til føremål å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst.
Denne oppgåva skal Riksteatret løysa ved:
å greida med den praktiske tilskipinga av spelferder som Riksteatret ynskjer å senda ut og som går ut frå og blir drivne av dei statsstødde teatra i landet i samsvar med dei plikter som desse teatra har for å få statsstønad,
å stø godtekne spelferder som går ut frå andre faste teater enn dei som er nemnde under bokstav a eller som med eller utan tilskunning frå Riksteatret kjem i stand etter opptak frå einskildpersonar, institusjonar eller grupper av skodespelarar, og som desse sjølve har det økonomiske ansvaret for,
å skipa til spelferder med skodespelarar som er tinga til dette beinveges av Riksteatret for den einskilde spelferda eller for ein heil spelbolk,
å få i stand lokale teaterlag til framhjelp for Riksteatret og det føremålet det har,
å fremja arbeidet med å reisa tidhøvelege teaterbygnader,
å fremja eller stø andre tiltak som er tenlege for føremålet.