Har nokon ei gjeld i pengar eller verdpapir, som han ikkje får oppfylla av ein grunn som ligg hjå kravshavaren, kann han fri seg med å deponera i Noregs bank i samhøve med reglane i denne lov.
Same retten har skyldnaren om kravshavaren ikkje gjer det skyldnaren kann setja til vilkår for å betala, eller det er grunn til å vera i tvil om kven som er kravshavar og skyldnaren ikkje kann klandrast for denne uvissa.