Den som gjev eit gjeldsbrev, misser ikkje med det utan avtale nokor motsegn frå det rettshøvet som er grunnlag for gjeldsbrevet.
Gjev fleire ut eit gjeldsbrev, svarar dei ein for alle og alle for ein, om inkje anna er sagt.
Betaler ein av dei, kann han søkja att hjå kvar av dei andre det som skal falle på han etter rettshøvet mellom dei.
Er det visst at ein av dei andre ikkje kann betala, eller er tilhaldsstaden hans ukjend, blir parten hans bytt mellom alle hine. Det same gjeld, om han ikkje betalar innan 14 dagar etter han er kravd eller krav er sendt til han på forsvarleg måte.
Er betalingsstad ikkje avtala, skal eit gjeldsbrev betalast der kravshavaren bur, eller på forretningsstaden, om han driv forretning. Om kravshavaren flytter ut or landet eller kravet går over til ein mann i eit anna land, blir betalingsstaden verande den same som før når inkje anna er avtala.
Kravshavaren kann krevja betaling på ein annan stad i det land der pengane skal greidast, so framt det ikkje blir til nemnande ulempe eller utgift for skyldnaren.
Flytter kravshavaren eller kjem kravet på andre hender og skyldnaren so ikkje får veta kvar han skal betala, er han utan ansvar om han kjem for seint av den grunn. Utgifter og tap som skyldnaren har for di han ikkje kjenner til skiftet, lyt kravshavaren svara.
Ihendehavargjeldsbrev skal betalast i forretningslokalet til skyldnaren når ikkje anna er sagt.
Det same gjeld gjeldsbrev som blir utgjevne mange i samanheng og med sams tekst (mengdegjeldsbrev), og gjeldsbrev som bankar eller samvirkeføretak gjev ut for innlån.
Er det ikkje fastsett noko om betalingstid, har skyldnaren rett til å betala so snart han vil. Han er skyldig til å betala straks kravsmannen seier frå.
Forfell gjeldsbrevet på ein sundag eller annen helgedag eller på ein laurdag eller på den 1 eller 17 mai, blir forfallsdagen utdrygd til yrkedagen etter. Dette gjeld òg når gjeldsbrevet lyder på betaling innen ein serskild nemnd frist som går ut på ein helgedag eller på ein laurdag eller på 1 eller 17 mai.