Fyremålet med lova er gjennom samyrke å fremja umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær.
For å fremja fyremålet etter § 1 skal det vera eit omsetningsråd med 11 medlemer.
Departementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Landbrukssamvirke
Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Norske Felleskjøp SA
Nortura SA
Tine SA
Hovedorganisasjonen Virke og Coop Norge SA (fellesrepresentant)
Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, NHO Mat og Drikke og Norkorn (fellesrepresentant).
Oppnemninga skjer etter framlegg frå dei overnemnde organisasjonane og institusjonane. Medlemene med personlege varamedlemer vert oppnemnde for fire år. Annakvart år går halve rådet ut, fyrste gongen etter loddtrekking.
Departementet oppnemner leiar og nestleiar. Rådet er vedtaksført når 6 medlemer møter. Millom dei må vera leiaren eller nestleiaren.
Alle vedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Står røystene likt, er røysta til leiaren avgjerande.
Rådet sender kvart år rekneskap og melding um arbeidet sitt til departementet og til dei samskipnader som har nemnt upp medlemer.
Departementet kan gjeva nærare fyresegner um rekneskapsuppsetjinga, um emnet for meldinga og um kunngjering av rekneskap og melding. Departementet oppnemner revisor, som skal føre tilsyn med rekneskapa.
Oppgåvene med å førebu sakene for rådet, følgje opp vedtaka og krevje inn og administrere avgiftsmidlane vert lagt til det organet som departementet fastset. Til dette organet kan rådet delegere myndigheit til å treffe vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell karakter.
Løn, skyss- og kostpengar til dei som er med i rådet, vert fastsett av departementet.
Utgiftene som staten har i samband med rekneskapsrevisjon og dei oppgåvene som nemnde i § 3 siste ledd, skal greidast ut av dei avgiftene som vert pålagde med heimel i denne lova. Departementet kan fastsetja korleis utgiftene skal bytast på dei ymse avgiftene.