Verkeområde
Verkeområde
(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Fagskulen Vestland, innanfor rammene av fagskoleloven og sentrale forskrifter frå departementet og NOKUT.
(2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Fagskulen Vestland.
(3) Lov og forskrift gitt av lovgivar eller NOKUT skal ved motstrid gå framfor føresegner gitt i denne forskrifta.
Organisering av studia
Organisering
(1) Ved Fagskulen Vestland er utdanningane bygde opp av emne.
(2) Kvar utdanning skal ha ein studieplan. Studieplanen er ein kontrakt mellom Fagskulen Vestland og studentane, og viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av utdanninga. Studieplanen er grunnlag for grad og vitnemål.
(3) Studieplanen skal informere om opptakskrav, faginnhald, struktur og undervisnings-, lærings- og vurderingsformer, inkludert praksis, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-1 siste ledd.
(4) Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng, jf. fagskoleloven § 17a første ledd.
Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne
(1) Ved Fagskulen Vestland skal saker om oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne behandlast slik:
Dersom fagskulen har akkreditering for fagområde, har styret fullmakt til sjølv å akkreditere nye fagskuleutdanningar og godkjenne vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innan det akkrediterte fagområdet, jf. fagskoleforskriften § 48 tredje ledd.
Dersom fagskulen ikkje har akkreditering for fagområde, skal styret søke NOKUT om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og godkjenning av vesentlege endringar i allereie akkrediterte tilbod, jf. fagskoleforskriften § 47 første ledd.
Styret skal informere NOKUT om nedlegging av utdanningar.
(2) I medhald av fagskoletilsynsforskriften § 5-1 første ledd skal styret melde NOKUT om
nye utdanningar innanfor eit akkreditert fagområde
nye studiestader for ei utdanning
endring av studiestad for ei utdanning
endring av namnet på ei utdanning
endring av det samla læringsutbyttet for ei utdanning
endring av utdanningsform for ei utdanning.
(3) For endringar etter andre ledd bokstav b til f i utdanningar som ikkje inngår i eit akkreditert fagområde, vil NOKUT vurdere om endringane gjer det nødvendig å søke om ny akkreditering, jf. fagskoletilsynsforskriften § 5-1 siste ledd. Endring i totalt antal studiepoeng for ei utdanning vil alltid krevje ny akkreditering.
(4) Øvrige endringar som ikkje er omfatta av reglane i første til tredje ledd, og som ikkje endrar det samla læringsutbyttet for utdanninga, kan gjennomførast av utdanningsleiar utan søknad eller melding til NOKUT.
(5) Ved endring eller nedlegging i utdanningar eller emne, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at studentane får høve til å fullføre utdanninga eller emnet.