Føremål
Føremålet er å sikre innbyggjarar i distrikta tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken, med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og kjem innbyggjarane og lokalsamfunnet til gode.
Kva forskrifta gjeld
Forskrifta gjeld desse tilskotsordningane:
Investeringstilskot til daglegvarebutikkar (kapittel 2)
Servicetilskot (kapittel 3)
Investeringstilskot til drivstoffanlegg ved daglegvarebutikkar (kapittel 4)
Utviklingstilskot til bokhandlar (kapittel 5).
Ein søkjar kan berre få tilskot til tiltak som ikkje er starta før søknaden er ferdig handsama.
Kven ordningane gjeld for
Ein butikk vert rekna som Merkur-butikk når den har fått oppfølging frå sin regionale Merkur-konsulent i løpet av dei siste fem åra og har delteke på aktivitetar i Merkur-programmet og/eller har motteke tilskot dei siste fem åra.
Tilskotsordningane gjeld Merkur-butikkar i område med få innbyggjarar, som har eit varetilbod som dekkjer det alminnelege ernæringsbehovet og andre grunnleggjande behov for daglegvarer i eit hushald, og er opne heile året. For kapittel 3 om servicetilskot gjeld eigne opningstider, jf. § 22 bokstav e. Ytterlegare krav står under kapitla for dei ulike ordningane.
Distriktssenteret kan etter ei særskild vurdering godkjenne butikkar som ikkje oppfyller tildelingsreglane for den enkelte ordninga.
Tilskot kan også bli gitt til bokhandlar i distrikta, sjå kapittel 5, for nærare informasjon om kva krav som gjeld.
Krav til søknad om tilskot
Ein søknad skal innehalde desse opplysningane:
Organisasjonsnummer og namn på ansvarleg prosjekteigar.
Avstand til næraste innkjøpsalternativ, og omsetnad (sjå tildelingsreglar under kvar ordning).
Ein omtale av tiltaket og forventa effekt av tiltaket.
Ein framdriftsplan for gjennomføringa av aktivitetane i tiltaket.
Årsrekneskap og driftsbudsjett for søkaren.
Ein kostnads- og finansieringsplan for tiltaket.
Ei stadfesting av at søkjaren på søknadstidspunktet ikkje har fått anna bagatellmessig støtte til same tiltak.
For støtte til bokhandlarar er det mindre avvik frå desse krava.